JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Skifer, villsvin og blankpolert stål

Med staur under armen og slegga i andre handa prøver eg å stavre meg oppover den stupbratte lia. Korleis skal det gå å plukke druer her?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Monorail er til god hjelp i stupbratte Trabener Gaispfad.

8621
20191206

Riesling-realitetar

«Pappa elskar vin», proklamerte dottera til Håvard Flatland då ho gjekk i barnehagen. No har han vore dreng hjå ein vinbonde i Moseldalen for å finne ut korleis vinen blir til. Og det krev meir enn berre kjærleik, skal det vise seg. Del 1 av 3

hflatland@gmail.com

I 15 år har eg sysla med vin. Lese om vin, kjøpt vin, drukke, samla, smakt og spytta, formidla og skrive om vin. Det var på høg tid at eg fekk fingrane i den konkrete prosessen, ikkje berre feitta til tastaturet med svulstige smaksnotat. Denne hausten har eg difor vore dreng hjå vinbøndene Alexandra og Konstantin i Mosel. For å kjenne på kroppen kva som må til, frå druene enno ikkje er ferdigmogna, til dei slanke, grøne flaskene med vin står i polhylla framfor deg.

I to månader skal eg og familien bu i Traben-Trarbach, ein by med 6000 innbyggjarar, midt i Moseldalen. I dag er det turistane som florerer her, men for godt og vel hundre år sidan var det handelsmenn, vin og pengar. Mykje pengar. Byen var verdas nest største handelsstad for vin, etter Bordeaux. Mosel-vin var populært og lukrativt. Dei bratte skråningane i dalen vart rydda og planta med riesling. Meandersvingane i Mosel-elva er gravne ned i skiferen, 200 meter ned frå platået rundt. Opp frå elva er steile bakkar dekte med rieslingplanter i rette rader. Dette kulturlandskapet lokkar 2,6 millionar turistar i året.

Og det er difor eg er her. Bratte vinmarker som vender mot sør, sørvest eller søraust får rikeleg sol gjennom ein lang vekstsesong. 100 til 130 dagar tek det frå bløming til hausting. Dei gamle rieslingstokkane står med røtene i djupe lag av forvitra og oppflaka skifer. Somme stader er det eit tynt lag med jord som berre ugraset kan nytte. Vinen frå desse skråningane er intens og med ei vibrerande syre. Han har gjerne låg alkoholprosent, ein dash restsukker og lys farge. Han er konsentrert, men lett. Slik vin kan berre lagast her. Konstantin Weiser og Alexandra Künstler har laga slik vin under namnet Weiser-Künstler sidan 2005. Ulikt andre vinbønder i området har dei ikkje røtene sine i Mosel-skiferen. Dei kjem frå Bayern, møttest i Traben-Trarbach og vart forelska i Mosel og kvarandre.

Dei har ein kjellar frå 1500-talet, og huset oppå er frå 1854. Traktoren er femti år gamal. Det same er eikefata på 1000 liter som vinen gjærar i. Ståltankane er nye, men metoden for vingardsdrifta er uttenkt før. Godt gamaldags jordbruk, frå tida før kunstgjødsel og ugrasmiddel. Dei bind opp vinstokken til enkeltstaur i dei fleste vinmarkene, fordi det er for bratt til å nytte vaier i rekkjer. Etter innhaustinga får to greiner stå att. Desse vert bøygde ned i to bogar så dei liknar eit hjarte. Utpå våren kjem det fire til seks skot som vert festa i toppen av stauren. Dette gjev ei moderat mengd drueklasar og meir smakskonsentrasjon i kvar drue. Graset får vekse mellom vinstokkane, for det held på jorda og hindrar erosjon. Når graset vert for langt, vert det slått. Alexandra og Konstantin likar vingardsarbeidet betre enn kontorjobbing og gjer mesteparten sjølve. Nokre periodar i året har dei hjelp frå to karar frå Romania. Når innhaustinga skal ta til, vil vi vere 14 personar i alt.

Men før den tid er det fleire oppgåver som eg ikkje visste var ein del av vinproduksjonen. I den fyrste arbeidsveka mi har eg vore med Konstantin på ein trefrontskrig. Traubenwikler, vinmøllen, kan haldast i sjakk om alle vinbøndene er med. Det vert nytta feromonkapslar som vert plasserte ut i vinmarkene for at ho- og hannmøllen ikkje skal finne kvarandre og skape nye generasjonar. Møllen legg egg i blomane om våren, og dette gjev grobotn for sopp, som igjen er skadeleg for planten. Dersom eit stort areal er dekt med dei forvirrande signalstoffa, vil det vere effektivt. Difor går vinbøndene i kvar by saman om å plassere ut feromonkapslar i eigne vinmarker.

Skogen på toppen av åsen over vinmarkene er ein god tilhaldsstad for villsvin, og om natta forsyner dei seg grådig av fruktfatet. Dei går etter dei mest mogne og søtaste druene. Vi har difor sett opp elektrisk gjerde for å halde dei ute. Men å setje opp gjerdestolpar i ulendt og bratt terreng, der bakken plutseleg vert til ein tre meter høg skrent, er både tidkrevjande og farleg. I vinmarka Ellergrub, som strekkjer seg frå rett over elva og 185 høgdemeter opp, har Konstantin installert ein monorail. Han vert brukt til å frakte utstyr nede frå vegen og opp i vinmarka. Og til å få kassane med druer ned igjen. Ei skjene med tenner på undersida er bolta fast litt over bakken. Ho går rett opp skråninga, og når Konstantin set den motoriserte sleden i gang, er det berre å halde seg fast.

I karmen bak setet ligg staur og gjerdestolpar i plast. Vi plasserer dei ut med jamne mellomrom. Så går vi i gang. Konstantin går fyrst med den motoriserte ugrasfjernaren. Dei minste villsvina prøver å grave og kome seg under straumgjerdet. Difor må den nedste tråden vere nær bakken. Dersom tråden kjem i kontakt med gras, vil batteriet som driv gjerdet, fort gå tomt. Med sleggje slår eg ned stolpane og nokre staurar for å få ekstra stabilitet innimellom. Når gjerdestolpane er på plass, trekkjer vi tre elektriske trådar som vi hektar på stolpane. Batteriet vert kopla på, og straumstyrken kontrollert. Det hender svina prøver seg om natta, og vi må opp kvar dag for å sjå til at det er straum i gjerdet, og at det ikkje er velta over ende. Småfuglane er også glade i riesling. Vi har difor sett opp ein høgtalar som ropar ut rovfugllydar. Vonleg er dette nok til at det blir druer å hauste i år òg.

Heime i produksjonslokalet har vi nokre oppgåver som må gjerast før vi kan byrje med innhaustinga. Rommet må ryddast for andre ting enn presse og ståltankar. Det står pallar med kartongar ut over golvet. Dette er sendingar som skal til USA, England, Russland, Sveits og Noreg. Ein del flasker frå 2018-årgangen manglar kapsel og etikett, og dei skal vi gjere ferdige og få i kartongar. 2018 var ein sjenerøs årgang, og det er enno nokre flasker som ikkje er selde. Godt vêr under bløminga gav mange klasar med druer. Gjennom sommaren var det varmt og tørt, men druene klarte seg.

Når ein driv økologisk, er det mindre utval av middel for å kjempe imot sopp og rote i vinmarka. Alexandra og Konstantin mista mykje druer til bladskimmel i 2016 og 2017. Då var det ei økonomisk berging å få ein årgang som 2018. Diverre ser ikkje 2019 like lovande ut. Dei fleste vinane Weiser-Künstler lagar, vert tappa i april, medan dei to gjævaste tørre vinane får liggje til slutten av august. Flaskene ligg i store bur med plass til fleire hundre.

Vi set flaskene ut over to store bord og tørkar av dei med ein klut. Eg set på kapslane og fører flaskehalsen inn i ei maskin som valsar kapselen inntil flaska. Konstantin styrer etikettmaskina som legg på fram- og baketikett. Så er det å leggje flaskene i kartongar, teipe att og stable dei på pallane.

To rumenarar, Ioan og Duma, som har vore tilsette i fleire år, er komne for å vere med på førebuing og innhausting. Dei er her òg nokre periodar om våren og sommaren. Medan Konstantin og Ioan er ute for å setje opp fuglenetting, får Duma og eg jobben med å vaske ståltankane. Det er tolv stykke totalt, med kapasitet frå 250 til 2100 liter. Fyrste dag går med til å skure dei utvendig med eit mildt reingjeringsmiddel. Neste dag er det innvendig vask. Då må vi gå grundigare til verks. Det ligg ein del krystallisert vinsyre på innerveggane, og dette krev både spyling og skuring for å få vekk. Reingjeringa er ein tretrinnsprosess. Fyrst lut, så nøytralisering med mild syre og til slutt vatn. Med ei pumpe sprutar vi inn luten gjennom ei opning på toppen av tanken. Så vaskar vi opningar og lok med ein børste. Etterpå gjer vi det same med syre. Tankane som er 1000 og 2000 liter har eit ovalt lok som kan takast av. Duma er slank og smidig og får jobben med å åle seg inn gjennom opninga og skure vekk det som sit fast innvendig. Til slutt må alt spylast med vatn. No er alt klart for å ta imot årets fyrste druer.

Konstantin er litt uroa for at vi kjem for seint i gang med innhaustinga. Vêret er ganske varmt, og det er spådd temperaturar opp mot 25 grader ein av dagane. Då vil syrenivået i druene byrje å falle for fort. Men han har tinga innhaustingshjelpa til 30. september. Vi må berre gjere det beste ut av det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I den fyrste arbeidsveka mi har eg vore med Konstantin på ein trefrontskrig.

Vi har sett opp ein høgtalar som ropar ut rovfugllydar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis