JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

13319
20240419
13319
20240419

«180, 181, 182 – selt for 182.» Det beste lammet gjekk for 182 pund, 2499 kroner. Det er saueauksjon i landsbyen Machynlleth (uttale: mackunthleth) i Nordvest-Wales. Wales, med det grøne kulturlandskapet ut mot Irskesjøen, har nok sauer å ta av. Overalt ser du dei kvite dottane ute på beita.

Det skal handla om sauer. Litt i Wales, men mest i Noreg. Artikkelen burde stått på trykk i bladet Bondevennen eller medlemsbladet Sau og Geit. Men no kjem han i Dag og Tid – avisa òg for spesielt interesserte. Eg har ikkje stor autoritet på området, men heilt blank er eg ikkje. I to månader i 1980-åra stod eg på ei slakteline og drog ut nyrene på nyslakta lam.

Før meg på lina vart dyret avliva, hovudet skore av, skrotten flådd og festa med krok i bakbeina og hengd opp på lina, endetarmen løyst, buken opna og vomma teken ut, hjartet, lunge og lever skoren av før veterinæren sjekka skrotten og innvolane for sjukdom.

Så var det min tur. Eg drog ut nyrene, nyrefeittet og pussa vekk det som måtte vera forureining på det nyslakta lammet. No var skrotten klar for veging og klassifisering. Eg hadde valet mellom nyrejobben og skinnsalting, altså strekkja ut skinnet og salta det for å hindra at det surnar og rotnar. Lukta i skinnrommet gjorde at eg valde nyrene.

Machynlleth ligg ein halvtime nordover med tog frå Aberystwyth (uttale: aberistvith). Det var til Aberystwyth den blyge og litt hjelpelause prins Charles vart send i 1969 for å læra walisisk språk og historie før han formelt skulle kronast som prins av Wales. Det heile er skildra i serien The Crown, rett nok ispedd oppdikta historier for å skapa spaning og konflikt.

Ifan Jones er sauebonde og driv garden saman med kona og foreldra. Garden ligg i åssida over den vesle kystlandsbyen Aberdyfi (uttale: aberdive) med knappe 900 innbyggjarar og utsyn mot havet. Ifan arbeider nokre dagar i veka i kafeen til golfklubben nede i landsbyen. Det var der eg møtte han kvelden før, og etter ei øl inviterte han meg heim for å syna meg garden.

Og det er eit godt reisetips: Vil du verta kjend med bygdefolk på Dei britiske øyane, skal du gå til den lokale golfklubben. Golf er ein folkesport – og klubbhuset er ofte ein populær møtestad i små landsbyar som Aberdyfi.

Ifan og familien har 250 vaksne såkalla walisiske mulesauer, og det er ein blandingsrase. Vêren er Bluefaced Leicester, søya walisisk fjellsau. Blåfjesleicesteren er stor, og den blåtona huda er lett synleg gjennom den fine ulla. Den walisiske fjellsauen er kjend for godt morsinstinkt, ei relativt problemfri lamming og gode beiteeigenskapar, og dei er hardføre og lette å handtera. Og kombinasjonen skal vera ideell.

– Dei er gode mødrer og får gode lam, seier Ifan.

«15 bønder har kome med sauer og lam til auksjonen i Machynlleth denne føremiddagen.»

Denne walisiske vêren har gjort ein stor innsats i fleire år. No skal han slaktast – og gjekk for 75 pund.

Medan eg skriv denne teksten, er eg på heimegarden på Voss, der eg har teke på meg ansvaret for fjøsstellet i tre dagar. Bror min og kona har ein saueflokk på 80 vinterfôra sauer. Det er ein månad til lamminga, så stemninga i fjøset er roleg.

Besteforeldra mine hadde både kyr og sauer. I smalfloren var det plass til 20 vinterfôra sauer. Dei fekk høy, silo, askelauv og litt kraftfôr. Men om det røyner på, kan sauer eta det meste. «Eg var i åsen etter sprake til smalen i dag», skreiv bestefar i dagboka jola 1941. Sprake er det same som einebusker.

Høgdepunktet var buføringa til støls. Sauene i midten av juni, kyrne 14 dagar seinare. Vi var oppe tidleg, helst før bilane kom på vegen, men mest fordi bestefar ville ha bølingen over jernbaneovergangen før nattoget frå Oslo passerte i halv seks-tida. Så galdt det å unngå at sauene øydela den fine hagen til veninna til bestemor.

– Pass på blomane til Hillbjørg, var det siste vi høyrde før vi la i veg.

Fremst gjekk sauen Dokka, ho visste kvar dei skulle: knappe 15 km oppover Raundalen til Urdland og vidare opp til stølen. Fire timars gonge for ein saueflokk. Saft fekk vi halvvegs hjå ei småbrukarkone på Klyve.

Tre månader seinare var det same vegen tilbake. Ikkje visste eg då at den komande kona mi buførte sauene deira på same ruta. Men vi møttest aldri. Like greitt – det ville vorte kluss med flokkane og varig ugreie mellom gjetarane.

Litt over klokka sju om morgonen opnar eg døra til fjøset. Dei 80 vinterfôra sauene pluss to vêrar står meir enn klare til å eta. Alle er av rasen norsk kvit sau, avla fram frå 1970-åra og ei kryssing av dalasauen, steigarsauen og rygjasauen. Det er ein likandes sau, som får fine lam med god kjøtfylde.

Sauebønder flest har klare synspunkt på kva rase som er best. Spør ein bonde som har spelsau eller gamalnorsk sau, kva han meier om kvitsauen, og du får til svar kor vanskeleg lamminga er, og at dei på fjellbeitet hamnar på rygg og ikkje kjem seg opp att.

Kvelden før las eg ei lærebok om saueavl frå 1918 av Noregs ivrigaste saueentusiast gjennom tidene, Jon Sæland. Han var sauegjetar som ung, gjekk Vinterlandbruksskulen i Kristiania og Landbrukshøgskulen på Ås og vart vår fyrste statskonsulent i sau- og geital.

Kampsaka hans var at sauen, med så vide utmarksbeite som vi har i Noreg, skulle verta det viktigaste kjøtdyret i landet. Han var såleis ingen ulveven: «Det verste ubeistet for sauen hev vore – vargen – er heilt burtkomen yver over storparten av landet, til vinning og glæde for alle som minnest kor fælt han herja.» Jon Sæland hadde klare meiningar om det meste som galdt sau. Gode søyer skal «leva minst til framtennerne ryk». Er sauen feit etter beitesesongen, kan han godt magrast litt om vinteren. Godt høy er det beste. Elles kan sauen om vinteren eta turka lauv, reinmose, raspa rotvokster og ymse slag skogsavfall. Kraftfôr trengst ikkje. «Gje sauen kålrot og næpeblad – han et upp rubbel og bast!»

Eg kostar bort det vesle som ligg att etter fôringa i går kveld. Då fekk dei silo, no får dei høy. Det er kjekkast å gje høy. Det luktar godt og skapar ei anna stemning i fjøset. Kraftfôr får dei ikkje før 14 dagar før lamminga, og éi veke etter. Bror min meiner han har kasta bort nok pengar på kraftfôr. Berre grovfôret er godt nok og kjem frå ei allsidig og artsrik eng, vert lamma store nok likevel. 25 kg var snittet på slaktevekta til lamma i fjor.

Gardsdrifta i 2023 fekk eit overskot på 255.000 kroner. Inntektene var på 505.500 kroner, der slakteinntektene frå sau og lam gav 195.000 kroner, ulla 15.500 og tilskotet frå staten 295.000 kroner.

Utgiftene var på 250.500: kraftfôr 4200 kroner, veterinær 8600, innleigd rundballing 14.400, klipping og skanning av sauene 9500, radiobjøller til sauene på fjellbeitet 15.000, forsikring 22.000, diesel til traktor 10.400, avskrivingar maskiner 47.000, avskrivingar bygningar 39.000, kunstgjødning null, sprøytemiddel null, vedlikehald av bygningar 30.000 – pluss ein drøss med småutgifter.

Eg gjev årslamma høy fyrst. Fire–fem kilo et dei for døgeret. Dei er fødde i mai i fjor og skal parast fyrst til hausten. Det er i tråd med det Sæland tilrådde: Som toårslam er dei meir livskraftige og vil vonleg leva lenger som alssauer enn om dei vert para, slik det er vanleg, alt fyrste året.

Dei vaksne sauene er godt drektige no tre veker før lamminga. Alle sauene er skanna med ultralyd for å sjekka kor mange lam kvar har. Det tok den omreisande skannaren ein halvtime, kosta 3000 kroner og letta arbeidet med lamminga.

Dei fleste har to lam, nokre eitt og tre. Eit par har fire lam. Det vert såleis viktig å få dei med eitt lam til å ta til seg eit lam frå sauene som får tre. Den vanlege metoden har vore å ta det framande lammet og gni det inn med slim frå det nyfødde lammet til sauen med eitt lam. Då kjenner ho att lukta og smaken, trur det er hennar eige og tek det som oftast til seg.

Etter tips skal bror min no prøva å turka både lammet som skal adopterast og det nyfødde einelammet inn med ei organisk såpe slik at dei luktar og smakar det same. Metoden skal visst fungera godt.

Men skal du få ein sau som har mista eit fleire veker gamalt lam til å ta til seg eit nytt, vert det vanskelegare. Men Sæland visste råd. Flå skinnet av det nyss daude lammet og fest det rundt magen på lammet som skal adopterast. Lukta frå skinnet kan då lura sauen til å tru at det er hennar eige gamle lam.

Men lukta på hovudet og beina – og mælet – er annleis, så sauen kan like godt avvisa det. Då kjem Sæland med eit meir tvilsamt råd. Få hunden til å gøy mot sauen og lammet, slik at morsinstinktet slår inn og sauen vil verna lammet.

Det er korkje ulv, bjørn eller jerv på stølen der sauene går. Tapstala er såleis låge. Tre lam forsvann på fjellbeitet i fjor. Det er uvisst kva som skjedde med dei. Dei kan ha falle i ei stri elv eller utfor eit stup.

Ifan miste fem lam i fjor på beitet. Heller ikkje han er plaga med rovdyr anna enn rev og ramn når lamma er heilt små. Garden til Ifan på 500 mål har vore i slekta i fem generasjonar og ligg i ytterkanten av Snowdonia nasjonalpark. Går du vidare nordover frå garden til Ifan, kjem du inn i store ås- og fjellområde med fine beitevidder der det har vore sauedrift i hundevis av år.

I dag er det sett i gang skogplanting og tilbakeføring av myr- og våtmarksområde i nasjonalparken for å sikra ein betre balanse mellom sauedrift, dyreliv og biologisk mangfald. Det er eit arbeid som òg må inkludera andre delar av landet.

Det er knapt snø ved Wales-kysten, så sauene er ute mesteparten av året. Men vinden frå havet vinterstid kan vera kald, hard og bitande, og det stadige regnet frå havet gjer ulla vasstung. Då har sauene det best innomhus når dei er på det mest drektige. Frå februar til lamminga er over i april, er sauene til Ifan under tak i to store hallar.

Krimforfattaren Kjell Ola Dahl skriv godt om lamminga i boka Mitt liv som sauebonde. Boka skildrar arbeidsrytmen og gjeremåla på ein gard, med sidesprang og hugskot frå historia til slektsgarden hans i Eidsvoll. Han kan skriva, har praktisk innsikt og driv ikkje med romantisering.

I opninga har krimforfattaren bytt ut mordet med lamminga: «Når en sau føder, er det lammets snute som først viser seg, sammen med forlabbens to klover, som ligger i kryss under den same snuten. For at fødselen skal skje riktig, må forbena være fremoverrettet. Jeg tar en steril hanske og kjenner etter. Får fingrene inn noen centimeter og møter en snute og noe som må være en klov. Bare én. Dette er ikke bra. Noe må være feil.»

Engelskmannen James Rebanks har òg skrive godt om sauedrift i boka Sauebondens liv. Sauene hans lammar ute på fjellgarden som ligg i nasjonalparken i Lake District i Nord-England. Det var den store engelske 1800-talspoeten William Wordsworth som tok initiativet til den no vidkjende nasjonalparken.

Eit viktig skilje for Rebanks’ eiga sjølvforståing som bonde er når han oppdagar at Wordsworth ikkje var bonderomantikar, men meinte at vernet om landskapet og jordbruket i Lake District, var viktig for at folk skulle få innsikt i og respekt for kulturen på bygda.

Rebanks siterer nokre strofer som Wordsworth ikkje tok med i diktet «Michael». Dette gripande diktet på 15 sider og 483 liner om sauegjetaren Michael kjenner eg godt. Farbror Johannes omsette det og siterte frå det ofte. Michael måtte senda sonen bort på arbeid for å berga sauegarden frå oppkjøp. Det gjekk likevel ikkje. «Der, attmed sauekvia vart han sedd/ ein gong iblant i lag med hunden sin/ som òg var gamal vorten der han låg./ Sju heile år stod han der frå tid til tid/ og mura på den sauekvia der,/ og han forlét ho halvgjord då han fór.»

Men Ifan og familien klarer seg. Ikkje av saudrifta og subsidiane åleine, men med inntekter frå saueklipping og leigeoppdrag med å setja opp sauegjerde. Skal du i Wales leva av berre sauedrifta, må du ha over 1000 sauer. Brexit har ført til lægre statsstøtte til sauebøndene, men Ifan er likevel optimistisk, for prisane på lam har stige med 20 prosent dei siste åra.

Femten bønder har kome med sauer og lam til auksjonen i Machynlleth denne føremiddagen. 250 sauer og lam er til sals. Oppkjøparane går rundt og vurderer utsjånaden, kroppsvekta, muskelmassen, ryggen, brystet, låra og ulla.

Auksjonariusen går så opp på ein bjelke over sauebåsane og går frå bås til bås medan han messar ut tal. Oppkjøparane gjer berre små teikn tilbake. Eg skjønar lite før det heile er over etter ein time og dei fleste dyra er selde. Eg prøver å få svar på nokre spørsmål frå auksjonariusen, men får ikkje mykje ut av han anna enn at prisane no er gode. Sauer som ikkje hadde vorte drektige, gjekk for rundt 70 pund, lamma mellom 80 og 180 pund. Ein gamal vêr klar for slakting gjekk for 75 pund. Ifan sel kvart år alle lamma sine på auksjon. 1300 kroner fekk han i snitt for lamma i fjor.

Om ettermiddagen køyrer eg gjennom Snowdonia nasjonalpark mot Caernarfon (uttale: karinarvon) heilt nordvest i landet. Eg må sjå det store slottet, symbolet på Englands herredøme over Wales. Og eg må vitja byen der dei aller fleste talar walisisk, og som er sentrum for den walisiske nasjonalismen.

På vegen stoggar eg og kjøper meg ein tallerken med cawl, den walisiske nasjonalretten. Det enkle er ofte det beste. Lauk, poteter, gulrøter, kål – og sauekjøt. Og nesten like godt som fårikål.

Svein Gjerdåker

Svein Gjerdåker er ansvarleg
redaktør i Dag og Tid.

Tittelen på denne artikkelen er ei heidring av kinofilmen Sau. Ein god film.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis