JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ro-ro til fiskeskjer

LERWICK: På avsides Shetland har dei ikkje våte draumar om undersjøisk tunell og bru. Dei er nøgde med fiber og ferjer – ro-ro-ferjer som vart til overs i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ferja kryssar Bressay-sundet på veg frå Maryfield på Bressay til hamna i Shetland-hovudstaden Lerwick. I staden for bru eller undersjøisk tunell er det ei ro-ro-ferje frå Noreg som syter for sambandet.

Alle foto: Håvard Rem

13876
20220408

Øyrike
i vest

Del 4 – Orknøyane 2

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.

4. mars: Del 1.
Ytre Hebridane 1

11. mars: Del 2.
Ytre Hebridane 2

25. mars: Del 3.

Orknøyane 1

1. april: Del 4.

Orknøyane 2

havard@dagogtid.no

Ferda mi har nådd det siste av dei tre øyrika, Shetland, som ligg nær midtveges mellom Skottland og Noreg, 17 landmil frå Storbritannia og – på same breiddegrad – 23 frå Bergen.

Kulturelt, språkleg og historisk er det Shetland og Orknøyane som har mest sams, medan ytre Hebridane skil seg ut. Men på eit springande punkt er det Shetland som skil seg ut – øyriket ligg så langt til havs. Kommunikasjon og transport er avgjerande for den demografiske utviklinga. Småbarnsfamiliar og turistar vil helst koma seg fram i eigen bil. Ytre Hebridane og Orknøyane ligg så nær fastlandet at undersjøisk tunell vert diskutert. Shetlendingane veit at dei aldri vert landfaste med sivilisasjonen.

Fair Isle

I flyet frå Orknøyane augnar ein berre hav, sett bort frå midtveges. Fair Isle ligg åleine i sjøen som eit Shetland i miniatyr, mindre enn Utsira i flatemål, og med berre femti fastbuande, mot 400 i 1900.

Frå Fair Isle er det fire landmil til sørspissen av Shetland og lufthamna. Ved utgangen set eg meg i ein taxi.

– Er det di fyrste ferd til øyrika, spør sjåføren og fortel:

– Orknøyane har rotfesta og stabile jordbrukssamfunn, medan livet på Shetland er meir risikabelt, med fiskarar og oljearbeidarar som lever på grensa. Sjølv voks eg opp på Fair Isle.

Den vesle øya er knytt til det shetlandske ferjesambandet, men berre med tre avgangar i veka i sumarhalvåret og éin no i vinterhalvåret.

– Får du tid til å ta turen, lyt du helsa frå meg til han som driv ferja på Fair Isle, Kenny Stout, bror min. Hels frå Michael. Sjølv flytta eg med familien til Lerwick for mange år sidan.

Men øya er ikkje knytt til det nasjonale straumnettet. Ho er sjølvforsynt med straum frå vindmylner, dieselaggregat og solcellepanel. Sjåføren fortel:

– Nett no er det høgtid på Fair Isle. Me har fått fiber.

– Du seier framleis me?

– Det vil eg alltid gjera. Og ungane har ikkje tilgjeve meg at me flytta frå øya. Men me gjorde det for deira skuld.

– Kvifor?

– På Fair Isle er det ikkje ungdomsskule, berre barneskule. Ungane måtte ha flytta same kva.

Heimanfølgja

Granne til lufthamna er Jarlshof, eit område med bronsealderhus og jarnalderborger nemnde av romerske sogeskrivarar. Men fyrst og fremst er Jarlshof prega av eit halvt tusenår med norrøn busetjing. Her finn ein langhus, uthus og badstove.

Ein shetlandsk taxisjåfør veit meir enn ein norsk kollega om norsk soge. Og meir enn eg veit om shetlandsk. Kvifor har eg fare vide kring på jorda, i fleire land enn levde år, utan å vitja dei ein gong norske, no skotske øyrika? Truleg har eg umedvite freista å fortrengja eksistensen av dei. Ein vert glad av å sjå vene Orknøyane og ressursrike Shetland, men som nordmann vert ein nedstemd òg, ja, forbanna.

Førre veke fortalde eg om freden i Perth i 1266, då Noreg overlét Hebridane til Skottland mot at skottane godtok Orknøyane og Shetland som norske. Då var det nøyaktig på året to sekel sidan Noreg for siste gong freista å erobra England, ein freistnad som enda i nederlag og slutten på vikingtida.

Dei norske nederlaga er enkle å hugsa: I 1066 gav me opp England, i 1266 gav me opp Hebridane, og etter 200 nye år gav me opp Orknøyane (1468) og Shetland (1469).

Korleis? Det veit taxisjåføren. Via svartedauden kring 1350 vart Noregsveldet ein del av den skandinaviske Kalmarunionen. Då unionen sprakk, reiv Sverige seg laus for å vera herre i eige hus med eigen konge. Og Noreg? I Bergen i 1450 sa det norske riksrådet ja til å gå i union med Danmark. Landa var likestilte på papiret, eller pergamentet, sett bort frå at Danmark fekk kongen, Kristian I (1426–81), ein 24-åring.

Atten år etter at det verdlause skinnet vart underteikna, ville Kristian I gifta bort dotter si til skottekongen Jakob 3. Men tretten år gamle Margrete laut koma med ei heimanfølgje, ei medgift – verdiar som far hennar ikkje åtte. Kva gjorde han då? Bak ryggen på det norske riksrådet pantsette han perlene i Noregsveldet, fyrst Orknøyane, året etter Shetland.

Michael ler like godt som orknøyingane av at prisen ikkje vart sett likt. Dei grøne, grøderike Orknøyane vart verdsette til 50.000 gylden, og eit barskare Shetland, med då ukjende olje- og gassressursar, til berre 8000 gylden.

– Er du med på at Noreg no løyser inn pantet, spør eg sjåføren.

– Gjerne for meg. Oljefondet dykkar skulle vel rekka, ler Michael.

Rett skal vera rett. Fleire dansknorske kongar freista å kjøpa øyrika attende. Prisen vart sett til verdien av 210 kilo gull, i dag om lag 125 millionar kroner. Men Edinburgh ville ikkje.

Og slik mista me på ymse vis alt: Island, Grønland, Newfoundland, Færøyane, Hebridane, Orknøyane og Shetland. Dei einaste oversjøiske område me sit att med, er ugjestmilde Jan Mayen, Bouvetøya, Svalbard og Dronning Mauds land.

Til Lerwick

Det er mørkt når me køyrer inn i Lerwick.

– Kven skal du møta her i byen, spør sjåføren.

Eg forklårar at eg i alle øyrika møter MSP-en, medlemen av det skotske parlamentet, Alasdair Allen på ytre Hebridane, Liam McArthur på Orknøyane og Beatrice Wishart på Shetland. Ho vart MSP ved valet i 2019, og som McArthur representerer ho Liberaldemokratane.

­– Eg stilte mot Beatrice, fortel Michael.

Han legg til:

– Og eg tapte så det suste.

Dette er Shetland, tenkjer eg. Alle kjenner alle. Kva er sjansane for at Erna Solberg hentar deg i drosje på Gardermoen? Samanlikninga er for dryg, øyrika vel ikkje statsleiarar, men representantar til forsamlinga i Edinburgh. Av dei 129 medlemene kjem i alt tre frå øyrika, éin frå kvart. Øyrika er ikkje heilt som fylke heller. Nordland, det minste norske fylket, har ti gonger så mange innbyggjarar som kvart øyrike. Nei, Shetland kan ein samanlikna med Vesterålen. Men likevel – hadde ein tapande stortingskandidat frå Nordland køyrt meg i taxi frå Storkmarknes lufthamn til Sortland? Shetland er lite.

Sentralisering og aldring

Kor lite? Folketalet i Skottland har dobla seg frå 1850 til i dag. Med nasjonal vekst ville Shetland i dag hatt 62.000 innbyggjarar. I staden har øyriket hatt ein folketalsnedgang på 30 prosent, frå drygt 31.000 i 1851 til knappe 23.000 i dag. Shetlendingane er få og vert færre.

Rett nok auka folketalet på Shetland ein del i 1970-åra og ser sidan ut til å ha stabilisert seg, men under den tilsynelatande stabiliteten rører to trugsmål på seg. Båe kjenner me frå Utkant-Noreg.

Bygdesentraliseringa er det eine. Om folketalet held seg i eit område, skjer likevel ei avfolking i utkantane av området. Folk flyttar mot kommunesentera. På den tida folketalet i Skottland har dobla seg, har folketalet på Unst, den nordlegaste øya, gått ned med 80 prosent, frå 3000 i 1850 til 600 i dag.

Nedgangen kjem på meir sentralt plasserte øyar òg – og då dels av di dei ligg sentralt. Bressay er like stor som den største øya på Sørlandet, Tromøya utanfor Arendal, og ligg om lag like nær «byen», berre 700 meter og nokre ferjeminutt frå Lerwick, men på Bressay har folketalet gått ned frå kring tusen i 1850 til kring 300 i dag.

At det var endå lågare kring 1960, med kring 250 innbyggjarar, er ei fattig trøyst. For auken som kom for 40–50 år sidan, peikar på den andre grunnen til avfolking, ved sida av sentralisering: aldring.

Bressay

I Commercial Street, handle- og hovudgata i Lerwick, møter eg Maureen Burke og Chris Bunyan, på utestaden No 88 Kitchen and Bar, eit namn så ungdomleg at staden er open berre nokre dagar i veka, om lag som ein ungdomsklubb, for fleire unge bur ikkje i Lerwick.

Maureen og Chris bur over sundet, på Bressay, der folk har livnært seg av fiske, jordbruk og strikking. Dei busette seg på øya som ein del av folketalsauken for nokre tiår sidan. Bilen deira står parkert nedi hamna, der ro-ro-ferja til Bressay går i skyttel. Ro-ro er ei kortform for roll-on/roll-off.

Maureen er pensjonert lærar. Ho voks opp i Lerwick, hjå ei bestemor fødd på 1800-talet, og har elska skuleverket heile livet. Læraren hennar på Lerwick Central School var diktaren og folkeminnesamlaren Vagaland (1909–73), sentral i skipinga av Shetland Folk Society etter krigen. Over kafébordet deklamerer ho dikt Vagaland skreiv på shetlandsk, med nordisk preg på både uttale og ordtilfang. Som lærar på Bressay førte Maureen arven vidare. Men no er dette tapte tider.

– Skulen på Bressay vart lagd ned for fire år sidan, fortel ho med sorg i røysta.

Chris er pensjonert journalist og datautviklar. Han fortel:

– Fast ferjesamband var eit framsteg i si tid. Men krava er annleis no. I dag vil ein småbarnsfamilie nytta eigen bil, ikkje ferje, når dei gjer storinnkjøp til helga. I Noreg ville ei øy som Bressay fått bru, ja, kan henda undersjøisk tunell. Oppgraderinga me fekk, var ei betre ferje, ei ro-ro-ferje kjøpt frå ein eller annan stad i Noreg som ikkje trong ho lenger av di dei hadde fått bru eller undersjøisk tunell.

Vekeavisa

I handlegata i Lerwick finn eg parlamentskontoret òg. På fortauet ventar skarpe og sjarmerande Beatrice Wishart. Ho var 64 år då ho for fyrste gong vart vald inn i det skotske parlamentet i 2019. Distriktsutvikling og utdanning er to av hennar Shetland-relevante felt, men andsynes veljarar og journalistar har eit viktig salspunkt vore den lokale forankringa hennar. Der me står i den regnvåte, folketomme handlegata, fortel ho:

–?Her vart eg fødd, og her voks eg opp, og her har eg budd det meste av livet. Far min var bladstyrar i lokalavisa.

– Shetland Times?

Bokhandelen med same namn og i same gate var eg innom på veg til parlamentskontoret. I granneøyriket Orknøyane, i Kirkwall, som har fleire bokhandlar, unnlét dei ikkje å nemna at den einaste bokhandelen i Lerwick er driven av eit bladhus. Shetland Times, skipa i 1872, er både papiravis, bokhandel, forlag og prenteverk. Vekeavisa har eit opplag på 11.500, imponerande nok helvta av folketalet på Shetland.

– Ja, han åtte og redigerte Shetland Times. Eg kom som det fjerde av seks born, så eg voks opp i ein livleg heim. Avisa kom kvar fredag, og vekesyklusen styrte familielivet.

Attenåringane

– I kva alder flytta du?

–?Eg flytta aldri. Etter skulegang i Lerwick oppheldt eg meg ei tid i Edinburgh som student, og i vaksen alder arbeidde eg ein periode på Orknøyane, men elles har eg budd heile livet i Lerwick.

–?I kva alder er det vanleg at unge forlèt Shetland?

–?Når dei er atten, etter det sjette året.

Som Noreg har Shetland treårig ungdomsskule og treårig vidaregåande skule. Der går elevane frå dei er tolv til dei er atten år.

– Rett nok har me ein høgskule i Lerwick, men dei fleste lyt fara om dei ynskjer vidare utdanning. Slik er det. Dei ynskjer røynslene òg. Studentliv og vengjespenn. Det me politikarar må syta for, er å tilby dei noko å venda heim til.

–?I øyrika har eg møtt ein del foreldre som fortel at dei berre kan gjera seg von om å få borna heim att dersom borna vel å arbeida i servicenæringa?

–?Diverre har dei rett. Mi yngste dotter drog til universitetet i Edinburgh, der ho tok mastergrad, før ho drog vidare til Liverpool der ho tek doktorgrad. Ho kjem ikkje heim att.

Tolvåringane

– I kva alder lyt born i utkantane flytta heimanfrå?

– Det kjem an på. Shetland har to vidaregåande skular, båe på hovudøya, og bur familien der, i Lerwick eller i Brae, kan borna bu heime til dei er atten. Og så har me i alt fire ungdomsskular, mellom anna på Unst og Yell. Der kan borna bu heime til dei er femten, før dei flyttar på internat i Lerwick eller Brae.

– Kva med stader og øyar utan ungdomsskule? Her ein dag prata eg med ein mangebarnsfar og taxisjåfør frå Fair Isle.

– Born frå Fair Isle og Foula kjem tidlegare. Dei flyttar til Lerwick det fyrste året, etter barneskulen.

– Kor gamle er dei då?

– Tolv.

– Det vert færre barneskular òg?

– Diverre.

– Ein tidlegare lærar frå Bressay fortalde at barneskulen der nyleg vart stengd?

– Ja, då både folketalet og elevtalet gjekk ned, byrja Bressay-buarar å melda borna inn på skulen i Lerwick, der foreldra likevel arbeidde.

– Når barneskulen forsvinn, vert det uråd å snu straumen?

– Ja.

Meir og meir får eg ei kjensle eg stundom får på ferdene i norske distrikt, der dei siste bufaste kjempar ein fåfengd kamp for å halda på barneskulen, bussen, butikken.

Det kjem aldri bru til Bressay. Somme stader går ikkje ferja lenger. Fysisk kommunikasjon kostar meir enn digital kommunikasjon, og realpolitikk vert kalla die Kunst des Möglichen. Orknøyane-MSP McArthur og Shetland-MSP Wishart er difor opptekne av fiber.

– Då eg diskuterte offentleg kommunikasjon med McArthur, meinte han at digital kommunikasjon er ...

– ... heilt avgjerande. Som nemnt arbeidde eg nokre år på Orknøyane, og den gongen diskuterte me utruleg nok om det var mogeleg å arbeida bortanfrå. Skal Shetland trekkja til seg folk, kan me ikkje liggja etter på teknologi.

– Taxisjåføren frå Fair Isle feira at øya no har fått fiber.

– Fiber gjev von. No kan datafolk bu der.

– Han fortalde elles at han stilte mot deg i det siste valet.

– Michael?

MSP-en ler godt.

– Ja, han var ein av motstandarane mine. Alle kjenner kvarandre på desse øyane. Alle har eit eller anna band, eit vensamt band, vel å merka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Shetland har fire ungdomsskular og to vidaregåande skular.

Medan folketalet i Skottland er dobla sidan 1850, har det gått ned 30 prosent på Shetland.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis