JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ritz-Carlton

Eg sneik meg inn i den berykta presidentsuiten i Moskva, åstaden for soga om honningfeller og gylne dusjar. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trump til sengs i presidentsuiten.

Trump til sengs i presidentsuiten.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Trump til sengs i presidentsuiten.

Trump til sengs i presidentsuiten.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

14846
20200131

Den russiske dokka

Ida Lødemel Tvedt leitar etter røyndommen (og løgnene) om trekantdramaet mellom Russland, Ukraina og USA, i gatebiletet og på luksushotell i Moskva. Del 2

Lytt til artikkelen:

ida@dagogtid.no

Folkefesten var ferdig sjette januar, dagen då eg sjekka inn på Ritz-Carlton-hotellet midt i Moskva. På gata utanfor feia folk i kjeledress saman glitter og søppel, og vegen som heile veka hadde vore vigd nyttårsfeiringa, var no bilveg att, med undergangar heller enn overgangsfelt.  

Det var tidleg om morgonen, men i resepsjonen baud kvinner i marineblå drakt på velkomstchampagne. 

Eg sokk ned i ein djup stol i lobbyen. Stemninga var annleis her enn på Hotel Ukraina. Lufta var ikkje like tjukk av parfyme, luksusbutikkane var få og tilbaketrekte, og jentene som sat til pynt, hadde konservative kjolar og hælar. Her selde ein smak og klasse, ikkje bling og gangstermakt. Hotellvertar i skreddarsydd uniformskjole stod servilt på faste plassar rundt om i lokalet og sende små innforståtte smil til gjestene – smil som fortalde oss at vi var både sett, varetekne og frie til å gjere som vi ville. Smil som sa: «De kan lite på vår diskresjon.»

Eg var komen til åstaden for det berykta videoopptaket. Tissekassetten. «The Pee Tape». Det var her Trump ifølge ryktet betalte prostituerte for å tisse på senga som Obamaene ein gong hadde lege i, noko Putin skal ha på film. 

 Scenarioet var ein ny twist på ein alt underleg kink, for det var ikkje Trump som skulle under ein såkalla golden shower, men senga. Ideen var visstnok ein symbolsk harselas med og fornedring av Barack og Michelle Obama.

«Eg har bakteriefobi», sa Trump då han avviste skuldingane. «Eg ville aldri latt folk tisse på kvarandre i nærleiken av meg.»

Kvifor var eg her? Eg visste ikkje heilt. Men det hadde noko å gjere med at forteljinga om kassetten var så dramaturgisk perfekt at det kjendest som om ho måtte vere viktig, uavhengig av om ho var sann eller ikkje. For slike sensasjonelle forteljingar formar måten vi ser på dei involverte på, dei skaper bilete med vide konsekvensar, idet dei møblerer førestillingane våre om kva liv dei mektige lever.  

Her hadde ein altså tre verdsleiarar med kvar si rolle i eit kammerdrama som utspelte seg på eitt og same hotellrom. Ei perfekt forteljing om kor lita og teit verda kan vere på toppen. I tillegg hadde soga om tissekassetten alle ingrediensane til ein klassisk tragedie om korleis makt korrumperer: perversjon, spegling, oppløysing av røyndomskjensle, hybris, vondskapens glamour. Menneske utan sjølvinnsikt, blinde i barndomens uvisse vald. Her utspelte det seg, dette latterlege og låge som ligg som ei forbanning over dei som føler at dei fortener alt. 

 Rommet mitt hadde gule vegger, blå teppe, møbel i blankpolert tre, glasoverflater og gullamper og gullgardiner i tre ulike lag, frå tynne slør til tjukke mørkleggande, som eg kunne trekke for frå ein knapp ved senga. 

Kva skal ein tenke om desse glinsande overflatene som er som flugepapir for dei maktsvoltne? Kanskje ein skal lengte etter Platon, den greske filosofen som meinte at verda ideelt sett burde vere styrt av filosofkongar: leiarar som regjerte ut frå kjærleik til visdom, truverde og vilje til å leve enkelt, utan attrå etter luksus. Men sjølv Platon såg nok at ideen var ein utopi, for dei som burde regjere, ville ikkje – dei ville vere i fred. Sett på spissen: som om viljen til makt kravde eit platt indre liv, vege opp for med ei maksimalistisk innreiing av det eksterne. Noko sånt. 

 Eg pakka ut reisefølget mitt, den russiske Trump-dokka, og la henne under dyna – litt fordi det var morosamt å ta bilete av Trump inntulla i ei Ritz-Carlton-seng, og litt fordi ei paranoid kjensle av å vere overvakt hadde byrja breie seg i meg. For å lette på stemninga sette eg opp eit lite dokketeater på rommet, om ikkje anna enn for å underhalde dei som kom for å vaske. 

Ritz-Carlton-hotellet ligg rett ved revolusjonsplassen, dumaen og Kreml, og har lenge vore kjent som ein stad der mektige utlendingar vert plasserte og av og til avlytta. Det finst mange forteljingar om politikarar som har blitt ståande med skjegget i postkassa etter å ha blitt filma med prostituerte på Kreml-overvakte hotellrom. Ofte sender ein dei prostituerte inn med koffertar fulle av pinlege sexleiker, slik at utpressingsmaterialet vert ekstra audmjukande. 

Den meir stovereine versjonen av det same er KGBs legendariske honningfelleteknikk, som går ut på at vakre menneske vert sende inn for å forføre fienden, for så å hauste informasjon av han.

Om kassetten eksisterer, er han altså eit klassisk døme på teknikkar frå både Putins judokarriere og Putins KGB-playbook: Det handlar om å nytte motstandarens veikskap mot han, slik at han skyt seg sjølv i foten. 

Det var den same logikken som låg bak russarane si innblanding i det amerikanske valet: Dei utnytta USAs akilleshæl: openheit og polemisk tribalisme.

Vi veit at Trump budde på Ritz-Carlton i Moskva i november 2013, då han var der som eigar av Miss Universe-kåringa.  

Han hadde gledd seg lenge. «Miss Universe-kåringa vert send live frå MOSKVA i RUSSLAND, 9. november», tvitra han i forkant. «Ein big deal som kjem til å føre landa våre nærare kvarandre!» 

Og seinare same dag: «Trur de Putin kjem til Miss Universe-kåringa? Om han gjer det, kjem han til å bli min nye besteven?» 

«Eg veit at han har svært lyst til å komme», sa han til journalistar, «men vi får sjå. Vi har ikkje høyrt frå han enno, men vi har invitert han.»

Kvelden vart eksepsjonelt vellukka, syntest Trump, og han skrytte seinare av at alle dei mektigaste oligarkane hadde møtt opp. Dette er det vi veit han gjorde den dagen: Han var med i ein musikkvideo, såg på Miss Universe-kåringa og gjekk på festen etterpå, der han var til klokka var rundt eitt. Om han så hadde overskot til å dra tilbake til hotellet for ein iscenesett golden shower, veit ein ikkje. Særleg sannsynleg verkar det kanskje ikkje. 

Då han kom heim att til USA, tvitra han at han hadde hatt ei strålande helg. «TRUMP TOWER MOSKVA er neste», skreiv han. Men planane om å bygge eit enormt Trump Tower i byen vart skrinlagde då han stilte til val.  

Ved fleire høve påstod han å ha møtt Putin på turen, men då ein under valkampen byrja snakke om russisk innblanding, endra han forteljing. Då sa han brått: «Eg har aldri møtt Putin. Eg veit ikkje kven Putin er.»

No veit vi at Putin aldri kom den kvelden i 2013, trass i at Trump hadde spurt etter han mange gonger. I staden sende han ei gåve.

«Putin sende meg til og med ein presang, ein nydeleg presang. Han sendte meg til og med eit brev», sa Trump. 

Ved fleire høve har han uttrykt beundring for Putin, «ein sterk leiar for landet sitt», i motsetning til dandyen Obama. I tida før valet såg ein ofte slike samanlikningar av Obama og Putin på Fox News, der bilete av ein syklande Obama med hjelm vart sidestilte med Putin i bar overkropp på hesterygg, medan kommentatorane klaga over kor pinleg det var for USA å ha ein slik pinglete president.

«Eg ville hatt eit flott forhold til Putin», sa Trump i eit intervju med Bill O’Reilly. «Eg møtte Putin, som ikkje kunne ha vore hyggelegare». 

Det som var slåande med Trumps Putin-kjærleik, var at han ikkje gav noka politisk meining. Ikkje nokon stad i det politiske spektrumet i USA var samarbeid med Putin ei greie. Det var berre Trumps greie. Men likevel skadde det han ikkje.

Forteljinga om kassetten stammar frå Steele-dossieren, eit diskreditert dokument skrive av den tidlegare britiske spionen Christopher Steele, leke av Buzzfeed. Det viste seg etter kvart at dokumentet var bestilt av Fusion GPS, eit byrå starta av to tidlegare Wall Street Journal-journalistar, finansiert av Clinton-kampanjen.  

Den dåverande leiaren av FBI, James Comey, fortalde Trump om kassetten i januar 2017. Han nemnde ikkje tissinga, men sa berre at det vart hevda at russarane hadde opptak av at Trump den natta i 2013 hadde hatt med seg prostituerte på hotellrommet. 

Trump nekta blankt. «Ser eg ut som ein kar som treng å kjøpe horer?» spurte han retorisk, ifølge Comey. 

«Eg har ei svært vakker kone», skal han ha sagt til Comey seinare. «Dette har vore vanskeleg for henne. Er det noko vi kan gjere for å løfte denne skya?» Ifølge Comey sa Trump at han var uroa for at kona kunne tru at det var éin prosent sjanse for at forteljinga var sann. «Eg ville blitt svært flau om ein slik kassett faktisk dukka opp», sa Trump til media. «Det ville vore dobbelt flautt, sidan eg jo seier at det ikkje finst nokon kassett.»

Comey sjølv har ved fleire seinare høve sagt at han trur det er mogleg at opptaket eksisterer. 

Trump påstod at FBI-etterforskinga av Trump-administrasjonens band til Russland byrja med Steele-dossieren, og peika på Clinton, slik han ofte gjer når han blir skulda for noko. Dette er Trumps bukkane Bruse-strategi: «Å nei, ta ikkje meg, men bi litt, så kjem den store bukken Bruse, han er mykje, mykje større.»

Trump tvitra: «No får vi sjå at det faktisk var den ikkje-verifiserte og falske, skitne dossieren, betalt for av skurkete Hillary Clinton og Det demokratiske partiet, medvite og bedragersk overrekt til overvakingsretten, som sette i gang den heilt sjølvmotseiande og diskrediterte Mueller-heksejakta!»

Sjølv sa Steele til etterforskarane at heile ideen om at han skulle ha eigeninteresse av å sverte Trump, var latterleg. Om noko var han positivt innstilt til familien Trump, sa han, fordi han var ven med ein av familiemedlemmene – seinare identifisert som Ivanka. 

«Vi har verdas beste horer», sa Vladimir Putin ein gong til Donald Trump, ifølge Trump.

Putin såg ut til å godte seg i kjølvatnet av lekkasjen. Ved nokre høve nekta han for at kassetten fanst, ved andre hinta han om at det heile var sant. 

Eg ville inn dit. Eg trudde ikkje det skulle gå, men eg ville gjere eit forsøk, så eg kledde meg ut som rik, gjekk ned i resepsjonen og spurde om eg kunne få sjå presidentsuiten. Eg laug. Eg fortalde at eg og han eg var trulova med, vurderte å leige suiten til den komande bryllaupsreisa vår. Eg såg for meg brudgommen som ein sjeik frå Saudi-Arabia, men då eg kom på at eg ikkje var sikker på kva stoda var mellom russarane og saudiane, beit eg det i meg. 

Resepsjonisten ringde nokon. Eg venta nervøst. 

Ei kvinne på min eigen alder dukka opp frå ingenstad og sa at ho med glede ville vise meg suiten. Eg likte henne. Ho lo hjarteleg av vitsane mine. Og innan vi gjekk ut av heisen i øvste etasje, var det som om vi kjende kvarandre. Ho sa ho dessverre ikkje hadde lov å fortelje noko om kva som gjekk føre seg på hotellet når verdsleiarar vitja, men at ho uansett ikkje kom nær dei. Berre utvalde tilsette fekk arbeide når dei mektigaste sjekka inn. 

Suiten var enorm. I den eine stova stod eit flygel, der var eit eige konferanserom med storskjerm, eit gigantisk bad med boblebad og badstove, eit kontor, eit kjøken og ei storstove med oversyn over heile Kreml. 

Eg såg ned på bygningane innanfor den raude borga, som då eg var på innsida, kjendest heilt hole. Det kjendest ikkje som om noko viktig hende der lenger. Men likevel, om eg såg heile Kreml herifrå, betydde ikkje det at heile Kreml òg kunne sjå meg, om dei retta ein kikkert i retning Ritz-Carlton? Kven såg på kven, i eit rom som dette? 

«Vindauga, veggene og døra – alt er skotsikkert», sa ho som viste meg rundt. 

Eg ville ta bilete. Det var ho ikkje sikker på om ho kunne tillate. Eg laug igjen – no med dårleg samvit – og sa at eg og kjærasten min hadde ein vits gåande, om Trump i Russland, eg skulle lage eit fotoalbum til han i gåve, med bilete av Trump-dokka i ulike morosame situasjonar rundt omkring i landet. Ho lo og lét meg halde fram. 

Senga var smalare enn ein skulle tru, og hadde ein fotskammel trekt i dyremønster. 

Det var noko antiklimaksaktig ved det heile. Rommet var ikkje spesielt fint, det vekte ikkje rikmannsaspirasjonar i meg. Igjen kjende eg berre ein slags medynk med det stusslege som heftar ved det overdådige. 

Då Access Hollywood-tapen – lydopptaket frå ein busstur der Trump skryter til Billy Bush av at han, fordi han var kjendis, kunne forgripe seg på folk utan at det fekk konsekvensar – lak i oktober 2016, var dei fleste sikre på at kandidaturet hans gjekk i vasken. Det var trass alt snakk om det republikanske partiet, eit parti der ein tradisjonelt sett umogleg kunne få ein høg post om ein ikkje var ein nærast parodisk representant for kristenkonservative familieverdiar, som visepresident Michael Pence, mannen som nektar å vere åleine i eit rom med andre kvinner enn kona si.

Så uskyldsrein var 2016 at ein framleis hadde ei førestilling om at sømd og skamkjensle var avgjerande inngangskriterium til det ovale kontoret.

Sidan den gong har ein mellom anna måtta fortrenge Stormy Daniels-skandalen. For det er ikkje til å fatte kva slags nivå av narsissistisk personlegdomsforstyrring ein må opp på for å få ei pornostjerne til å daske seg på rumpa med eit bilete av sitt eige andlet, slik Daniels påstår at Trump gjorde.

Men ser ein nærmare etter, ser ein at det ikkje finst noka motsetning mellom Pences puritanisme og Trumps perversitet. Dei to fenomena spring frå same kjelde: eit engsteleg forhold til kvinner, som kjem til uttrykk i ei avvising av likestillingstenkinga som i aukande grad pregar storsamfunnet. Tospannet Pence–Trump er ikkje eit paradoks. Først om ein forstår det, kan ein byrje å forstå kvifor Trump får halde fram med sitt, og kvifor ei eventuell offentleggjering av kassetten ikkje ville fått politiske konsekvensar. Han er uansett ikkje anna enn ei avleiing frå alt ein faktisk veit om kor avhengig Trump har vore av russiske pengar. Som son hans, Eric Trump, ein gong sa: «Vi får alt vi treng frå Russland.»

Eg ser for meg at Putin ikkje treng utpressingsmateriale på Trump, fordi makta han har over han, handlar om kjensler, ikkje fakta. Trump har sett opp til Putin frå byrjinga. Og om kassetten finst, og han vert offentleggjord, vil det ikkje få andre konsekvensar for Trump enn at han vert flau og sint – og vonbroten. Eg trur at han søker Putins aksept, slik at han med overtyding kan verte meir som han: ein sterk leiar, macho og mafios, heva over lova. 

Det tragikomiske ved heile soga om Trump på Ritz-Carlton er at det ikkje har noko å seie om kassetten eksisterer eller ikkje. Det var alt eg var komen fram til då eg siste kvelden stod i det store vindauget på hotellrommet mitt, medan eg høyrde ei kvinne simulere ein orgasme på andre sida av veggen. Nede på gata var rennesteinen framleis tett av konfetti. 

Neste veke: Familien Trump i lys av den russiske skulpturen «Children Are the
Victims of Adult Vices»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Trur de Putin kjem til Miss Universe-kåringa? Om han gjer det, kjem han til å bli min nye
besteven?»

Donald Trump

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis