Paradiset
BORACAY: Omstridde president Duterte vitjar
den vesle øya som øko- og urfolkforkjempar.
Borte er motoriserte køyretøy på vatnet, stranda og sandstigen: vasscooterar, bananbåtar og speedbåtar med fallskjerm.
Alle foto: Håvard Rem
Filippinane ?Del 4 av 4
Ferda gjennom Aust-Asia har ført Håvard Rem til Filippinane, til nauda i millionbyane, ferdslevegane på havet, venleiken på verdskjende strender og kvardagslivet på jordgolv i distrikta.

havard@dagogtid.no
Boracay, ei 7000 meter lang øy, har endra seg sidan sist. Kvitstranda er ikkje til å kjenna att. Når National Geographic skriv at ei strand er verdas venaste, kjem så mange at ho etter kvart ikkje er det lenger. Kva politikar vågar å snu ei utvikling som på lang sikt bergar lokale arbeidsplassar, men som råkar dei på kort sikt? I 2014 rydda Thailands militærstyre dei kommersialiserte strendene i Phuket, og på Boracay tok i fjor den filippinske presidenten Rodrigo Duterte hardare grep – overgrep, vil somme meina – og stengde øya i eit halvt år. Kvifor? For å kvila korallreva og gje øya ein økologisk pause, for å ta løyva frå hotell og restaurantar utan ordna kloakk og avlaup, for å setja i verk ei landreform og avgrensa talet på årlege gjester, og mest synleg: for å rydja Kvitstranda. Fastbuande som brått vart arbeidslause, fekk ei låg månadstrygd frå styresmaktene.
Atiane
No er Kvitstranda fri for parasollar, solsenger, seljarar og uteservering som fylte ho sist eg var her. Som ein Robinson Crusoe kjem eg dit i soloppgangen og ser berre kvit sand og turkis vatn. Borte er motoriserte køyretøy på vatnet, stranda og sandstien: vasscooterar, speedbåtar med fallskjerm, bananbåtar og motorsyklar. Drivstofforbodet er veker unna. I landsbyen vert dei støyande trehjulsmopedane bytte ut med stillegåande elmodellar.
Duterte kom ikkje til den høgtidsame opninga, omtalt verda over, men éin dag høyrest helikopter. Seremonien han kjem til, får nasjonal merksemd. Det vert folksamt kring rådhuset i kommunesenteret Manoc-Manoc – filippinarane elskar dobla namn: nasjonalhelten (og -drinken) heiter Lapu-Lapu, hovudstaden på granneøya heiter Iloilo, og han som sel sjølvisstenger på marknaden, ropar sjølvsagt «selfie-selfie».
Til vitjinga er skilt på daglegvarebutikkar endra til Duterte. Mange vil sjå presidenten. Somme vil sjå han daud òg, så tryggleikstiltaka er strenge og SWAT-styrkane tel mange. Etter å ha gjeve frå meg kulepennen av stål slepp eg gjennom sperringane.
Før presidenten talar, får me sjå tradisjonell dans av dei som fyrst kom til Boracay, før filippinarane og spanjolane, før japanarane, som i 1940-åra nytta øya som militær lufthamn, før hippiane i 1970-åra og backpackerane i 1990-åra, før koreanarane som har dominert dei siste åra, og kinesarane som vert fleire for kvar vinter.
Atiane dansar i glede over at presidenten gjev dei land. Medan eigedomsprisane på øya har skote i vêret, har dei vorte ein fattig underklasse. Ein ung atiaktivist som kjempa for slike rettar, vart for få år sidan skoten og drepen på Boracay.
Stranda
Urheimen er ei strand. White beach i barndomen var Hvittensand ved Larvik. På ei strand kan viltre småborn fordjupa seg roleg i små syslar, som i ein sandkasse der éi side er hav. Du er framme ved vatnet du kjem frå.
Men stranda er òg staden der ferda byrjar, der knyttnevesmå havskjelpadder bryt ut av egga og sym mot nattljoset over synsranda.
Kystfolk vandra ut i vatnet, som hebrearane i Raudehavet, då havet sokk, tidleg i menneskesoga, lenge før dei havgåande fartøya. Ei strand er alltid i rørsle, og på Maldivane, der havet no stig, har eg sett det søkka.
Ein sandbanke voks fram i tidevatnet, og me kunne gå på havet, på Kuredu, ei øy som alt i 1940-åra gav Astrid Lindgren namn til folket som krona Efraim Langstrømpe til sørhavskonge, kurreduttane, i tidlege Pippi-utgåver med dobla namn: kurrekurreduttane.
Som tenåring budde eg eit år på ei strand på ei middelhavsøy. Frå Île du Levant vest av Cannes flytta eg til Vestre Sandøya sør for Tvedestrand. Ei strand på ei øy er riven laus frå verda, som om stranda er månen og havet verdsrommet, som Negril på Jamaica, som Trincomalee nordaust på Sri Lanka, som Feniglia sørvest i Toscana, utanfor Porto Ercole, der Caravaggio døydde, og ein familiedriven trattoria framleis lagar best pasta.
Landreforma
At Duterte kjem til Boracay som øko- og urfolkforkjempar, er uvant for ein vestleg. Han er elles kjend som Aust-Asias Donald Trump frå helvete. I krigen hans mot narkotika har 5000 menneske mist livet, og den kriminelle lågalderen er vorten tolv år.
Mishaget med han er stort blant vestlege som driv verksemd på øya, som stamgjestene hjå sveitsaren som har ått Swiss Inn Bar & Restaurant i 35 år. Dei meiner atiseremonien er søt glasur på ei landreform som trugar rettane deira. Kvar veg og stig på øya vert no eit tretti meter breitt belte som høyrer til styresmaktene, og som på papiret et seg inn i hus og hagar. Dei som ikkje skriv under, mistar løyvet til å driva verksemd.
Misnøgde filippinarar meiner atiane ikkje har røter her, men var ein nomadisk røvarbande som fór frå øy til øy.
Leksikon fortel at dei kom hit for lenge sidan – ikkje med havgåande fartøy, men til fots. Same soga om tidleg migrasjon er kjend frå Australia og Nord-Amerika, og ho byrjar alltid – om ein skal tru Encyclopaedia Britannica, og det vil ein jo – med Jostedalsbreen.
Breen i Sogn og Fjordane, framleis den største på det europeiske fastlandet, voks til det største av isskjolda under den siste istida, og då han var som størst, stod havet som lågast, 120 meter under nivået i dag. Vatnet var samla i isskjold store som verdsdelar. Til syne kom landtunger som opna for dei truleg største migrasjonane av menneske mellom i dag og Ut av Afrika II-vandringa for hundre tusen år sidan, då istida tok til. Og då Jostedalsbreen for om lag 20.000 år sidan hadde vakse seg like stor som Australia, kunne forfedrane til atiane gå tørrskodde i land på Kvitstranda.
Stranda ligg vestvend som grunnlina i ein likebeint trekant der solnedgangen er høgdepunkt – kvar kveld. Skumringstimen er heilag. Folk samlar seg på stranda der togna senkar seg med sola, før nattelivet bryt laus. Når månen kjem opp, liknar Kvitstranda snø. I ei sørleg bibelutgåve vart «kvit som snø» omsett med «kvit som nyutsprunge myrull». Namnet på øya kjem truleg av borac, eit lokalt ord for bomull.
Masarap
Vil du setja djupare avtrykk i klimaet enn i den kvite sanden, kjem du deg hit på atten timar. Tek du eit dagleg Thai Air-fly frå Oslo lufthamn til Bangkok (elleve timar), rekk du Thai Air-avgangen vidare til Manila (tre timar) og eit innanriksfly til den vesle lufthamna i Caticlan (éin time), der ein liten båt tek deg til Boracay. For å sleppa over det vesle sundet må du på førehand ha tinga stad å bu.
I 1977 fór bror min til India, kvifor drog eg ikkje hit i staden for å bu på ei øy i Middelhavet? Ferja frå Manila til Palawan gjekk innom Boracay, fortel dei som kom hit då. Europa var synsranda mi. Men framleis er det eit eventyr å vandra mellom stranda og bambushusa, på ein stig av kvit sand, timar lang, aude eller folksam, med filippinarar i fleirtal, med gjester frå heila verda, mellom ljoden av bylgjeslag og gitarspelet frå ein indiebar.
Bak klippene i nord, der Kvitstranda endar, ligg Diniwid-stranda, med fiskarbåtar og fastbuande, vestlege som filippinske, og derfrå går ein smal veg innover øya. Mellom skur og småkioskar ligg det næraste eg har kome den toscanske familietrattoriaen i Porto Ercole, der eg ein gong skjøna at mat er meir enn drivstoff. Trattoria Stella er kalla opp etter ho som serverer rettene, som den italienske ektemannen lagar frå botnen av på kjøkenet: tagliatelle alle vongole og ravioli all’arrabiata, med ost og vin han har tinga frå heimlandet, med kaffi og grappa servert på eit brett etter bestemor hans frå Genova. Dei tospråklege borna deira verdset at nydeleg og fager på tagalog, masarap og maganda, om høvesvis maten og mora, etter måltidet vert bøygde som italiensk: masarapissimo og magandissima.
Ein heilaftan for to på Stella kostar det same som eit heilt slektstreff i grannelaget. Lyt noko feirast, som bryllaup og jol, skeiar filippinarane ut på spansk vis med lechon, heilsteikt gris trædt på eit to meter langt spidd. All verdas mat vert eten på Boracay. Med kolonial påverknad frå Spania og USA er det filippinske kjøkenet langt tyngre enn det ein elles kjenner frå Aust-Asia, frå Thailand og Vietnam, Korea og Japan. Av den kraftige husmannskosten vert eg glad i den billegaste retten: grilla blekksprut, hakka i bitar, med steikt egg og majones.
Kinesarane
Landreforma til presidenten vert baksnakka på Swiss Inn, men eigaren har ei større otte som Duterte ikkje kan gjera noko med, same kor øko- og urfolkvenleg han vert. Sveitsaren har i ein mannsalder vore vand med at sola skin frå november til mars, men no regnar det mest kvar dag. Slik har det aldri vore før, meiner han, vêret endrar seg. Han trur det er ein løynsk samanheng mellom høgtrykket som har bite seg fast over Afrikas horn, og lågtrykket over Filippinane.
Utlendingane undrar seg. Dag etter dag ligg strand og symjebasseng aude – sett bort frå dei som kjem hit frå Manila i helgane. Filippinarane er åleine om å bada i overskya vêr, ja, i regn òg. Men dei sym ikkje for å kjøla seg ned, for dei er vande med varmen, og dei dreg ikkje til stranda for å verta brune, for det er dei alt.
Det fuktige vêret tærer på lêret i mobilfutteralet. Ein dag fell telefonen ut. Må eg til Manila for å byta skjerm? I eit skur sit ein gutegjeng med rett glas som dei byter på ein time for ein hundrelapp. Dei er framleis høge etter Dutertes vitjing. Ein av dei, med tatoveringar og langt hår, seier: «Den førre presidenten var gay. Om det var lov, ville eg ha drepe han.»
Heilt motsett, men ikkje mindre presidentvenleg, er den pyntesjuke og velvørdsla kelneren i frukostsalen, som oppglødd fortel ei folkeleg soge om etterkrigstida: «Ein gong var Filippinane rikare enn Japan. Då Marcos styrte, hadde me jarnbane. Men så vart landet øydelagt av korrupsjon. Duterte vil fjerna korrupsjonen. Han er ein ven av Marcos-familien. He will make Philippines great again.»
Når eg spør kvifor han har meir tru på ein diktator enn på demokratiet, svarar han med å syna til kaoset i det britiske parlamentet og opprydjinga på Boracay. Som vestleg høyrer eg snart til fortida på øya. Over hotellet heng eit nytt, stort skilt på mandarin. På Boracay høyrer satsinga og framtida til kinesarane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Duterte kjem hit på grunn av atiane. Dei kom hit på grunn av Jostedalsbreen.
Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement