JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Øybuspråka

KIRKWALL: Dikt møter ein overalt på Orknøyane. Dei fyrste kjem i den skotske lufthamna der eg ventar på flyet. Veggane i ventehallen i Inverness er dominerte av dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: Mirjam Clement

Teikning: Mirjam Clement

13117
20220401

Øyrike
i vest

Del 4 – Orknøyane 2

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.

4. mars: Del 1.
Ytre Hebridane 1

11. mars: Del 2.
Ytre Hebridane 2

25. mars: Del 3. Orknøyane 1

havard@dagogtid.no

Band som uvêr ikkje slit

og strengar løynt samanfletta

bind meg, den farande, i lag

med landet til heltane våre

Og sterkare i år enn i fjor

– lyder eitt av dei. Og kva for band kan vel erstatta sams språk? Kva er fedreland utan morsmål? Diktet skreiv ytre Hebridane-barden Murchhadh Macphàrlain (1901­–1982) på gælisk, eit truga morsmål no, eit keltisk språk som i tusen år rådde på det skotske fastlandet, slik norrønt rådde på øyane. Båe språka fortrengde i si tid eit opphavleg, før-indoeuropeisk språk, piktisk, då gælisk fyrst kom frå Irland med kristentrua og norrønt så kom frå Vestlandet med langskipa.

Forsvarskrigen

Kvifor kom vestlendingane? Alt i 787 gjekk hordalendingar til åtak i Sør-England, men 793 er rekna som byrjinga på vikingtida, med åtaket på Lindisfarne-klosteret, ein då 150 år gamal misjonsstasjon, sentrum for kristninga av Nord-England og Skottland.

Kvifor kryssa vikingane Vesterhavet for å øydeleggja kloster og kyrkjer? Var vestlendingane vonde og ville vandalar?

For å sjå eit større bilete lyt me flytta oss over kanalen, til Niedersachsen, eit område me kan kalla Sør-Norden. Då eit kristna Romarrike braut saman kring 400, vart eit romerskkatolsk England erobra av folk derfrå, anglarar og saksarar ­– opphav til ord som England og angelsaksisk språk og kultur.

Dei kom frå eit Sør-Norden romarane aldri hadde klart å erobra. Dei freista i år 9, 60 år etter at dei hadde erobra England, men då romarane tapte det store slaget i Niedersachsen, heldt Norden fram som heidensk i kring 800 år.

Men så rykte den nye trua brutalt nordover. Kva keisarane i Det fyrste riket aldri makta, makta keisaren i Det andre riket, Karl den Store (747–814), frå år 800 romersk keisar.

Han fór hardt fram. Hundre år før hadde det vanka bøter for kristne som tok del i heidenske ritual. No vart heilagdomar brende og folk slakta. I Niedersachsen, få mil frå slaget i år 9, vart 4500 menneske avretta i saksarbyen Verden i 782. Kvifor? Av di dei motsette seg dei nye lovane og skikkane. Men før dei vart drepne, vart dei tvangsdøypte.

I Skandinavia høyrde ein sjølvsagt om den nya trua som rykte nordover. Berre fem år etter Verden-massakren kjem det fyrste kjende vikingåtaket. I The Hammer and the Cross (2016) utelukkar ikkje historikaren Robert Ferguson at vestlendingane drukna Lindisfarne-munkar for å hemna tvangsdøypinga. Nordiske åtak på dei nyleg kristna øyrika kan rett og slett ha vore ein forsvarskrig.

I dei tre øyrika vart norrønt snøgt hovudspråket. Så kvifor er då diktet i lufthamna i Inverness på gælisk? Kvifor heldt norrønt seg på Orknøyane og Shetland, men forsvann på Hebridane?

Orknøysk

Møter ein dikt i Kirkwall? Å ja, jamvel i delikatessebutikken. Med hamna, smaua, vêret og vinden liknar byen ei sjarmerande småutgåve av Bergen, og inst i eit trongt smau ligg Kirkness & Gorie, skipa som vinutsal i 1859, i dag eigd av forfattaren og indieforleggjaren Duncan McLean.

Nett no vitjar han London, og Lauren Gilmour styrer butikken, som har spesialisert seg på nett det eg er glad i. Det uvanleg rike utvalet av regional ost, whisky og lyrikk saumfer eg til ljoden av mjuk pianojazz og låtten til Lauren.

På den tida ho vart fødd, dreiv Duncan McLean Edinburgh-forlaget Clocktower, som gav ut dei fyrste tekstane av det som vart romanen Trainspotting (1993, filmatisert i 1996). No driv han diktforlaget Abersee Press i Kirkwall under mottoet «The sound o yung Orkney», ikkje of young. Abersee gjev ut dikt på øy- og minoritetsspråket orknøysk. Orknøysk? Ja, eit munnleg og litterært skotskengelsk med norrøne innslag.

Uvêrsnatta

Så då tek me opp att spørsmålet: Kvifor orknøysk på Orknøyane og gælisk på ytre Hebridane? Om vestlendingane tok alle dei tre øyrika kring 800, kvifor vart då norrøne norn hovud- og med kvart minoritetsspråk på Orknøyane og Shetland, medan keltiske gælisk vart hovud- og med kvart minoritetsspråk på ytre Hebridane?

Jau, ei uvêrsnatt i 1263 er grunnen til at ytre Hebridane vart gælisk, og til dels er det framleis, medan Orknøyane og Shetland vart norrønt. Av di dei tre norske øyrika låg som ein krans kring Skottland, gjorde skottekongen Aleksander 3. krav på dei. For å forsvare Hebridane – og ta Skottland, for alt me veit – mønstra då norskekongen Håkon 4 ein enorm leidangsflåte. Han hadde nyleg lagt under seg Grønland og Island.

Men eit uvêr øydela flåten, og ein slagen konge døydde i Kirkwall og vart gravlagd i St. Magnus-katedralen i bysentrum. Med han nådde Noregsveldet si største utstrekning.

Tre år seinare inngjekk den meir fredsæle sonen, Magnus 5 Lagabøte, ein fredsavtale med Aleksander 3. Skottane tok over Hebridane mot å anerkjenna Orknøyane og Shetland som norske.

Og slik vart det – i 200 år. Då mista Noreg dei to siste øyrika òg. Den soga kjem ei anna veke.

Norn

Av di norrønt fekk 200 fleire år på Orknøyane og Shetland enn på Hebridane, utvikla nordøyrika si form for gamalnorsk, norn – der «gjev oss i dag vårt daglege brød» vart «ga vus da on da dalight brow vora» på Orknøyane og «gav vus dagh u dagloght brau» på Shetland.

Vart? Ja, norn døydde ut kring 1850, tusen år etter at språket kom med vestlendingane til nordøyane. Men som dikta i delikatessebutikken syner, har norske ord overlevd i orknøysk.

På ostedisken har Lauren stilt ut den ferske debutsamlinga Rammo in Stenness (2022) av Ingrid Leonard frå Stenness, ein landsby med 5000 år gamle steinsirklar, to mil frå Kirkwall på vegen til Stromness. For at engelskspråklege lesarar skal skjøna Leonard, har dikta ordforklåringar nordmenn ikkje treng: for spring skriv ho voar (vår), for seaweed skriv ho tang (tang), for gleaming skriv ho skriming (skimring), for rain skriv ho driv (driv) og for seagull skriv ho whitemaas (kvitmåse).

I den førre Abersee-samlinga, Toonie Void (2021) av Kirkwall-fødde London-busette Kevin Cormack, finn ein ordforklåringar, der òg: for enquire og ask skriv han speer (spør), for snorting skriv han snushan (snusa), for crying skriv han greetan (gråta) og for tickle skriv han kittle (kitla).

Folketonar

Teksten eg vel å omsetja, kjem frå Dark Island (2017), ei Abersee-samling av forleggjaren sjølv, Duncan McLean. «Folketonar» har han lagd til Broad Street her i Kirkwall, gata framom St. Magnus-katedralen, der Håkon 4 ikkje lenger kviler – han vart flytta til Bergen der grava og leivingane forsvann.

Som vanleg utløyste basstromma i sekkepipeorkesteret alle bilalarmane. Under marsjen gjennom Broad Street kjempa eit kor av elektronisk hyling og piping med gnålet frå sekkepipene og støyen frå trommene.

Ingen såg ut til å ensa det, og gjorde dei det, var det for pinleg å gjera noko med det. Trass alt gjorde dei norske folkedansarane gode miner til slett spel. Eller hopp, sprang og kast, for å vera presis.

Og når dei var like nøgde med å dansa til ein Audi 800 som til ekte Highlands-sekkepiper ...

Og turistane var godt nøgde med å sjå og lytta ...

... kven var då me til å øydeleggja dagen?

Ser eg eit norsk flagg på tannpirkaren som står planta i gardsosten i disken til Lauren? Nei, «Made in Orkney» er skrive ved sida av flagget, og ser ein etter, ser ein at den blå krossen ikkje har kvite, men gule kantar. Lauren kan by på dei fleste Abersee-samlingane, men eit par av utgjevingane finn eg ikkje. Ho fortel:

– Prøv bokhandelen i Stromness. Det er den beste på Orknøyane.

Det lovar godt, tenkjer eg på veg til Stromness, for bokhandelen her i Kirkwall er særs god, med eit imponerande utval av både sakprosa og skjønnlitteratur om og frå Orknøyane.

Eg dreg forbi steinsirklane i Stenness og vert reint rørt når eg kjem til Stromness Books & Prints. På hjørnet av eit gamalt steinhus i hovudgata stig du inn i noko som liknar eit hundre år gamalt overfylt og lett kaotisk antikvariat. Med eit folketal på 2000 har Stromness færre innbyggjarar enn Tomter i Indre Østfold, men er kulturhovudstaden på Orknøyane, med den beste bokhandelen og dei fleste litteraturkveldane. Det er hit Ingrid Leonard kjem for å lesa frå debutsamlinga. Og dei Abersee-utgjevingane eg ikkje fann i Kirkwall, finn eg her.

Røysta frå Orknøyane

Øyrika er kjende for vêr, så eg tok med ei av setesdalskoftene mor mi strikka til meg. Ho kjem til nytte. Strikking er stort og vinden kald her ute, og mønsteret identifiserer meg som norsk. Ho som serverer hotellfrukosten i Kirkwall, presenterer seg som Heidi frå Bergen. Ho fortel:

– Eg kom hit som utvekslingsstudent i 1995, og likar meg så godt at eg har vore her sidan.

– Har me heime noko å læra av Orknøyane?

– Livet er rolegare her. Det tok tid å venja seg til at når einkvan seier at noko skal henda på det og det klokkeslettet, er det fyrst eit par timar seinare.

Somme kjem før tida. Inn i frukostsalen kjem «Røysta frå Orknøyane», Dave Gray, som eg har avtalt å møta eit kvarter seinare. I tjue år, fram til i fjor, leidde han BBC-drivne Radio Orkney. Røysta hans er elles kjend frå fjernsynsreklame for orknøywhiskyen Highland Park. Men han var bilmekanikar oppi gata her før han vart journalist. Han og Heidi helsar på kvarandre. Ho forklårar:

–?Eg kom hit som utviklingsstudent gjennom eit samarbeid mellom dåverande Hordaland fylke og Orknøyane. Held dei framleis på med utvekslingsprogrammet?

– Eg trur diverre ikkje det. Det var eit framifrå opplegg, svarar Dave, og spør:

– Kvifor drog du ikkje heim?

– Eg var heldig. Før drog ein hit i andre klasse i vidaregåande. Eg var den fyrste som fekk gjera det i tredje året. Eg tok artium på Kirkwall Grammar School og måtte ikkje heim att, men kunne gje etter for eventyrlysta. No har eg budd lenger på Orknøyane enn i Noreg. Mor mi kjem for å vera her eit bel, så no øver eg meg i norsk og høyrer norske podkastar. Eg kan ikkje diskutera økonomi og politikk med eit vokabular frå 1990-åra. Morsmålet mitt har vorte gamalt.

Heidi lyt arbeida. Dave tek meg med på stamkafeen. Rett nok er han kjend frå radio, men alle kjenner han att i hovudgata. Eg spør:

– Kva er identiteten din som orknøying? Er du brite?

– Njei. Eg tenkjer ikkje på meg sjølv som brite. For meg er Bergen nærare enn London.

– Er du europear?

– Eg kjenner meg meir som europear enn som brite. Brexit var flautt.

­– Er du skotte?

– På papiret er eg det, men nja, primært er eg orknøying. Slekta mi har vore her sidan 1600-talet.

– Då var det nok mykje skandinavisk i målet deira?

– Å ja, og det er mykje skandinavisk i meg òg. Eg kjenner meg meir som skandinav enn som skotte.

Eg ynskjer han velkomen når den tidlegare bilmekanikaren og ferske pensjonisten med eigen bubil og fire no vaksne born fortel at han førebur ei bubilferd gjennom Skandinavia.

Øyspråk og porno

Utfordringa vert å få bubilen over Vesterhavet. Sjølv har eg plass på eit propellfly til Lerwick. No går ferda vidare til Shetland. Så på attersyn, Orknøyane, og takk for diktinga. Men det er enno ikkje slutt. Jamvel drosjeferda til Kirkwall lufthamn vert litterær. Sjåføren spør:

– Kva førte deg hit?

– Eg skriv heim om kulturen her. Språk og dikting står sterkt på Orknøyane, svarar eg.

Sjåføren vert oppglødd og seier:

­– Eg har ein forfar som skreiv dikt og songar på sardisk, ein dialekt som ligg nær latin. Peppino Mereu, heitte han.

Jau, Peppino Mereu (1872­–1901), finn eg sidan ut, var ein av dei store poetane på Sardinia, sentral i den sardiskspråklege vekkinga på øya sist på 1800-talet, ein italiensk Murchhadh Macphàrlain eller Ingrid Leonard.

Etterkomaren presenterer seg som Valeria Mereu og fortel at ho har budd seks år på Orknøyane.

– Kva førte deg hit? Kjærleiken?

– Det er alltid ein kar involvert, men nei, det var motsett. Dårleg kjærleik fekk meg til å flykta hit.

Orknøyane som ein tilfluktsstad høyrde eg om i går òg, under hotellmiddagen, då kvinna på grannebordet fortalde at ho hadde gått i dekning ei veke i Kirkwall på grunn av den vonde sambuaren i Inverness. Valeria held fram:

– Eg skriv, eg òg.

– På italiensk?

– Heime er namnet mitt framleis kjent. Då eg var ung, vart eg namngjeten for nokre bøker.

– Dikt?

– Nei, historiske romanar. Eg fekk ei streng, katolsk oppseding, og i puberteten byrja eg å granska tida kring inkvisisjonen, som eg så nytta som historisk ramme når eg skreiv porno.

– Pornografiske romanar?

Ho nikkar. Det vert ei pause.

– Vart dei filmatiserte, spør eg.

– Takk Gud, nei!, kjem det kjapt, før ho ler så høgt at eg høyrer låtten i Logan Air-flyet nordover til Shetland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Var vestlendingane vonde, ville vandalar?

– Eg kjenner meg meir som skandinav enn som skotte.

Dave Gray, «Røysta frå Orknøyane»

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis