Reportasje
Ostar i Belgia
ARDENNANE: Belgia er like mykje eit osteland som Frankrike, Nederland og Sveits.
Daniel Cloots – ein stolt ystar.
Alle foto: Harald Stokkeland
I 40 år har Daniel Cloots vore ein entusiastisk osteprodusent. Han og kona, som seinare omkom i ei bilulukke, kjøpte ein gard i Condroz i Ardennane søraust i Belgia i 1978. Daniel var 20 år og medisinstudent. Men dei hadde lite pengar og flytta i staden på landsbygda, kjøpte seg ein gard og nokre geiter og tok til å laga ost.
Ikkje rart dei ville hit. Det meste av Belgia er paddeflatt, men ikkje Ardennane. Mykje av området her høver dårleg for jordbruk, men der Daniel bur, er det eit flott kulturlandskap med åsar og skogar som bryt opp landskapet. Ikkje er det for tett med folk heller, men fleire små, fine landsbyar like i nærleiken.
Ardennane er mest kjent frå andre verdskrigen som åstaden for den siste tyske offensiven på vestfronten. Eit overraskingsåtak som påførte dei amerikanske styrkane dei største tapa under heile krigen, og som var det nest blodigaste i amerikansk historie, med 19.000 drepne amerikanarar. Battle of the Bulge, med Henry Fonda, Charles Bronson og Telly Savalas, er ein av fleire spelefilmar som handlar om dette slaget.
Heile operasjonen involverte 450.000 tyske soldatar. Kort fortalt var det tyske målet å ta Antwerpen, splitta dei britiske og amerikanske styrkane, kutta forsyningslinene og forhandla fram ein fredsavtale.
Slik skulle det ikkje gå. Det var i dette slaget den amerikanske kommandanten Anthony McAuliffe vart omringa av tyske troppar ved Bastogne, ein halvtime frå ysteriet til Daniel, og den tyske motkommandanten gav han to timar til å overgje seg.
Svaret frå McAuliffe er legendarisk: – To the German Commander. NUTS! The American Commander.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.