JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ord frå Vennesla

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Homevassevja, Vennesla, i 1929. Personane på biletet er John Nateland, Ragnvald Gåseflå, Tellef Dalane og Bertin Båsland.

Bommen Elvemuseums samling.

5625
20190426
5625
20190426

DANSKETIDDIKTAREN: Hans i Hagen

Det vart skrive songtekstar på dialekt i heile Noreg i hundreåra før nynorsk og bokmål fann si form.

Ein visediktar som på 1700-talet nytta venneslamål, ved sida av dansk, var klokkaren og fossekaren Hans i Hagen, òg kjend som Hans i Grovan og Hans Jensson. Kjende slekts- og stadnamn frå Vennesla går att i visene, som elva Rugåa eller Vorelandselva, men nedskrivaren var frå ei bygd fire mil unna, Laudal i Marnardal, og dialekten er forvanska i det handskrivne manuskriptet frå 1794. Når Ivar Aasen fann eit målføredikt som var forvanska av slett overlevering og avskriving, freista han stundom å rekonstruera dialekten i teksten.

Her er ei strofe frå ei Hans i Hagen-vise om tømmerfløyting, ei av dei viktigaste næringane i bygda i hundreåra før industrialiseringa og ei kjelde til uvenskap med kristiansandarane som nekta venndølane å selja tømmer i kjøpstaden.

Nå vil me te Rugåna renna

Å sjå me fær fram

Sjur Børrusen han setter stenge

Sjur Rasmessen stikker av land

Jens Ruenes står på sin post

Jon Jeppestøl står der som sprøyda

Men sjel må han holla sæ kost

Songpoetane Hans i Hagen (1740–1796) og Carl Michael Bellman (1740–1795) levde samstundes. Bellman dikta i ein skrifttradisjon frå dei svenske bibelomsetjingane på 1500-talet, medan tilsvarande norske fyrst kom i 1904 (bokmål) og 1921 (nynorsk).

DIALEKTRIMET: «kykken og dykken»

Skriftrim som «hjerte/smerte» vert slitne. Dialektrim er friske. Få har høyrt dei.

Kjent er grenlandsrimet «De har jo instinkt; – de føler, som sant er, / det er farlig å leke med elefanter. – –». (Henrik Ibsen, Peer Gynt, 1867). Frå venndølsk finn Erlend Ropstad to ord som ikkje rimar på nynorsk eller bokmål: substantivet kjøken og pronomenet de : kykken og dykken. Rett nok tek venndølane vare på målet sitt, men mange unge frå bygda nyttar ikkje dykken lenger.

Rimet kjenner Ropstad frå eit Vennesla-vers:

He dykken kykken

heime hos dykken?

Nei, mi he bare

eit skåb i ein krog

LOKALORDET: «harli konsti»

Lokale uttrykk kan verta landskjende.

«Harli tyder veldig, og konsti sa eg for søt», forklarer Erlend Ropstad og resonnerer: «Dei mange svenske rallarane i bygda kan ha påverka venndølsken. Eg er gift svensk, og på svensk tyder søt rar. Rar på norsk er merkeleg. Merkeleg på svensk er konstig. Veldig søt på venndølsk er harli konsti.»

I Ordliste for venneslamålet vert tydinga stadfesta: «Konsti: småpen og nusseleg, barnsleg og nydeleg, fin og god.» Døme: «Lille Pedår æ allså konsti mæ ny matrosdræss og ny lue!» Merknad: «Når venneslafolk bruker kunstig med allment innhald, er uttalen kunsti: Sånn kunsti oppførsel ser bare dommt ud!»

AASEN-ORDET: «dabbe»

I «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» (1873) samla Aasen 40.000 oppslagsord.

I Vest-Agder fann han ord som nauten (dum), skofte (gå ledig), skrata (dårleg) og dabbe (vasspytt) med tilvising til dap (sludd, våt snø) og dape («Vandpyt; Masse af spildt Vand eller anden Vædske, f. Ex. paa et Gulv»).

I Ordliste for venneslamålet er dabbe forklart som «grunn liten pytt eller dam som t.d. dannar seg i vegen når det regner – eller ved at ein søler vatn eller ei anna væske på eit golv», med følgjande døme: «Ongane lig’ å plaske i dabbane nå de ringne/reine.»

Kristiansand-diktaren Vilhelm Krag nyttar ordet i Min barndoms have (1926): «Plumper uforvarende ut i en seig vassdabbe; nei, det er nok ingen dabbe; det er en innsjø av sørpe.»

SONGTEKSTEN: «Brenn siste brevet»

Fyrste strofe og refreng av tittelsongen «Brenn siste brevet» frå Erlend Ropstad-albumet som kom i februar.

Her æ ein te di som sang i koret

Her æ ein te di som elva tok

Her æ ein te di som holdt igjen ta°re

Ein te di som fikk nok

Ein te di som aldri ringte politiet

Her æ ein te di som aldri dro

Han som sprengte julegrana

Og ho som skreiv det brevet – her æ ein te ho

Han kjæme snart

Na° kjæme han snart

Kast siste steinen

Knus det siste vinduet – han kjæme snart

«På ein tidleg demo song eg Han kommer snart», fortel Erlend Ropstad, «men det vart feil. Songen er eit djupdykk i Vennesla-kulturen. Då måtte eg til med setesdalsslengen for å setja låta i bygda. Til dagleg sa eg jo kjæme. Kav venndølsk. Men eg snakka ikkje så breitt som Jorun Stiansen. Ho seier ryme (rømme). Eg sa løbe. Graden av dialekt er avhengig av kor breitt foreldra snakkar.»

Han held fram: «Teksten er fragmentert og desperat. Kvar line er ei eiga forteljing, som Bob Dylans ’A Hard Rain’s A-Gonna Fall’ (1963), men teksten min er meir påverka av Joakim Thåströms ’Kort biografi med litet testamente’ (2009). Ei forteljing på éi line er ’Han som sprengte julegrana’. Det var ein tradisjon på Vennesla. I fleire år vart julegrana sprengd. Robert, ein musikarven, sprengte ho to år på rad.»

Som Ivar Aasen og Alf Prøysen har Ropstad vore fascinert av svenske songtekstar. I 1985, som songar i Imperiet, tolka Joakim Thåström Carl Michael Bellmans «Fredmans Epistel nr. 81», ein song frå 1790, med opningsorda Märk hur vår skugga. Ivar Aasen sette den svenske visediktaren høgt. «Bellman-songane kunne han i mengder», fortel Ottar Grepstad i biografien Historia om Ivar Aasen (2013).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Ein del bygdemål er i ferd med å verte utviska under påverknad av bymålet i nærleiken. Dette meiner eg ikkje er tilfellet med Vennesla-målet.»

Astri Jortveit Horn, hovudoppgåva «Venneslamålet i eit dialektgeografisk og sosiolingvistisk perspektiv» (1994).

«Kven kan fyrst kome med ein skikkeleg hit på ’venneslask’, som me kallar det. Vert det Jorun, Maria Arredondo, eller kanskje tungrockgruppa Trail of tears?»

Aslak T. Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag, då Jorun Stiansen fekk Dialektprisen i 2005.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sørkoreanske Han Kang.

Sørkoreanske Han Kang.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kultur

Den sørkoreanske forfattaren Han Kang er vinnar av Nobelprisen i litteratur. Les intervjuet Dag og Tid gjorde med ho i 2017.

Ronny Spaans

Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.

Meldingar
Sjur Haga Bringeland

Nordisk tone

Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Kvinner i Det republikanske partiet i USA koser seg kring kortbordet.

Foto: Nina Leen

Frå bridgeverdaKunnskap

Nevrosexisme

«Er det ikkje noko grunnleggjande problematisk ved å ha ein eigen dame­klasse i ein sport som ikkje dreier seg om fysiske eigenskapar, men om logisk tenking?»

Erlend Skjetne

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis