Ord frå Stavanger
Songtekstane til Gunnar Roalkvam er nytta av mellom andre Stavangerensemblet, Vamp, Sigvart Dagsland, Svein Tang Wa, Ragnar Bjerkrheim og Vigdis Eidsvåg.
Foto: Håvard Rem
Utvalde kjelder:
Ivar Aasen, Prøver af Landsmaalet i Norge, 1853. 3. utgåve ved Johannes Gjerdåker, 1985.
Ivar Aasen, Reise-erindinger og reise-indberetninger 1842–47, 1917, 1990.
Ivar Aasen, Brev og dagbøker. Band 1–3. Ved Reidar Djupedal, 1957–60.
Ola Hansson, Gamle bygdemålprent føre 1800, 1939.
Mandius Berntsen, Stedsnavn i Stavanger by og nærmeste omegn, 1939.
Sigurd Kolsrud, «Eldste nynorske bibeltekst. Jacob Rasch c. 1700», Syn og segn, 1950.
Gustav Indrebø, Norsk målsoga, 1951.
Didrik Arup Seip, «Reis deg Britha, gak aad Straannaa», Stavanger Museum, Årbok, 1956, s. 58–81.
Jacob Rasch, Norsk ordsamling. Stavanger 1698. Skrifter frå Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud, 1957.
Eyvin Dahl, «Et ’organist-dynasti’ i Stavanger omkring år 1700», Ætt og heim, Rogaland historie- og ættesogelag, redaktør: Sigurd Refheim, 1960, s. 20–26.
Sigleif Engen, «Reis dæg, Britha», Stavanger Museum, Årbok 1968, s. 20–46.
Kåre Dreyer Dybdahl, «Romarbrevet på jærmål», Maal og minne, 1989, s. 140–148.
Kjell Venås, Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida (1564–1814), 1990.
Jan Gjerde, «Gatenavn kan fortelle byhistorie», Stavangeren, medlemsblad for Byhistorisk Forening Stavanger, nr. 1, april 1996, s. 14–18.
Ottar Grepstad, Viljen til språk, 2006
Gunnar A. Skadberg, «Menneskene på Bergene», Museum Stavanger, årbok, red. Harald Hamre, 2010.
Inge Særheim, «Nokre kjelder som gjev opplysningar om sørvestlandsk mål i eldre nynorsk tid», Helge Sandøy og Ernst Håkon Jahr (red.), Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814), 2011.
Jon Grepstad, «Jacob Rasch», Allkunne, 2011, 2017.
Hans Eyvind Næss, «Jens Zetlitz’ fødested – Øvre Holmegate 22», Stavangeren. Medlemsblad for Byhistorisk Forening Stavanger, nr. 2, 2011, s. 45–59.
Anne Berit Klungsøyr, «Kristina Lund», Allkunne, 2013.
Laila Aase, «Jacob Rasch», NBL, 2014.
Livar Kvalbein, Grip dagen. Om garden Kvalbein, 2017.

DIALEKTRIMET 1 «veggen / reggen»
Skriftrim som «hjerte/smerte» vert slitne. Dialektrim lyder stundom friskare, av di få har høyrt dei før.
Frå sistestrofa i Arnt Birkedals attdikting (Balladen om hålet i dørå, 1983) av songen «Isis» (Desire, 1976) av Bob Dylan og Jacques Levy, framført i Martin Scorseses ferske dokumentarfilm Rolling Thunder Revue. Birkedal er fødd i Stavanger i 1959 og har utmerkt seg som boklyrikar, attdiktar og songpoet for mellom anna Vamp, Løgnaslaget og Ryfylke Visegruppe. Han nyttar både dialekt og nynorsk.
Isis, oh, Isis, you mystical child
What drives me to you is what drives me insane
I still can remember the way that you smiled
On the fifth day of May in the drizzlin’ rain
Isis, du e nå ein mystiske ein
Det så drar meg mod deg, det drar meg mod veggen
Ennå så hosske eg kossen du skein
den femte i mai i dryssane reggen
DIALEKTRIMET 2 «mydlå / fydlå»
På stavangersk rimar preposisjonen mellom med bunden eintalsform av substantivet fylla.
LOKALORDET 1 «fydde»
Lokale ord og uttrykk kan verta landskjende.
Ordet, fødd, er kjent frå «Eg e’ fydde på Straen eg» (1933), Stavangers uoffisielle «nasjonalsong», til melodien «Let’s all Sing Like the Birdies Sing» (1932) av Tolchard Evans. Teksten er skriven av Laurits Torssen (1901/08 – 1982), revyvisediktar og husdiktar på Samvirke i Stavanger.
LOKALORDET 2 «sjynt»
Ordet, skjønt, er godt kjent frå songen «Det e sjynt å kjøra buss» av Andreas Jacobsen (1909–1995), med kunstnarnamnet Ajax, som nok meir enn nokon andre har sytt for å nytta stavangermålet i både song og skrift. «I dag er det knapt eit pensjonisttreff i byen utan at det vert lese ein stubb av Ajax», fortel Gunnar Roalkvam.
DIALEKTDIKTAREN Gunnar Roalkvam
Lyrikaren og songpoeten, lektoren og samvirke-forkjemparen Gunnar Roalkvam (f. 1951) sit med mykje historisk kjennskap til stavangermål i songtekstar, heilt attende til «Reis dæg, Brita»-visa frå 1600- eller 1700-talet. Roalkvam er sjølv ein viktig del av dialekthistoria i byen. Då det tidlegare engelskspråklege Stavangerensemblet i 1980 trassa gode råd og gav ut eit rockealbum på dialekt, var Roalkvam med på songtekstsida, mellom anna med gjennombrotssongen «Blyge Harry», som i dag har gitt namn til ein utestad i sentrum. Me møtest på Sølvberget kulturhus. Eg spør:
– Kvifor var stavangerfolk så skeptiske til at Stavangerensemblet ville oppnå suksess på dialekt i 1980? Då hadde jo Vømmøl, Åge Aleksandersen og Terje Tysland hatt stor suksess med rock på trøndsk? Handla skepsisen meir om stavangerdialekt enn dialekt i seg sjølv?
– Heilt klart. Her var dialekt berre løye og lokalt. Ein kunne ikkje vera alvorleg på stavangersk. Då Julie Ege gjorde filmreplikkar på sandnesmål, vart det mislikt. Når Pia Tjelta gjer det same i dag, er det greitt.
Stavangerensemblet og Roalkvam medverka til å endra dette synet. Den fyrste hiten, «Blyge Harry», som han skreiv teksten til alt i 1974, då han vart prenta i ei studentavis, var skriven som ein trist og alvorleg tekst, inspirert av skotske og amerikanske folkeviser. Trist og alvorleg, nett som «Tore Tang» året etter.
Hans eiga dialekthistorie er spanande.
– På folkeskulen nytta eg dialekt i stilane, i direkte tale, og læraren godtok det. På realskulen brevveksla eg med ein fetter som skreiv så god nynorsk at eg høyrde røysta hans når eg las breva. Men når eg freista å svara på nynorsk eller bokmål, høyrte eg inga røyst, så eg byrja å svara på dialekt. På gymnaset skreiv eg dikt på bokmål, «Min gråt kan fylle en sjø / Det er nok bedre å dø», mest for å imponera ei jente som skreiv dikt. Men då eg som student på ein einsam hybel i Bergen byrja å skriva forteljingar frå arbeidaroppveksten min på vers, då var det ingen veg utanom. Dialekten var lydsporet til oppveksten min, med ein far som jobba på Rosenberg Mekaniske Verksted. Så kom «Blyge Harry», og så sette Svein Tang Wa meg i kontakt med Stavangerensemblet, og så var det i gang.
DIALEKTDIKTET Gunnar Roalkvam «Blyge Harry», 1974/80
Frå albumet Ta ein tjangs (1980) av Stavangerensemblet. Melodi: Anders Bru
Eg e’kje a di rige eller pene
så sige ront å får det te
Å sjøl om eg løybe å trene
Eg har det liga vont for det
Aldri me jenter eg fyge
Gjønå håret diras aldri eg stryge
Eg e Blyge Harry, Blyge Harry
Eg får ikkje sjangs på hu eg vil ha
Eg e Blyge Harry, Blyge Harry
Nå har hu fonne seg ein aen kar
Eg e så på knenå forelska
Men eg har roda, todla å vast
Å helste såde å sitt på
Mens di andre har flørta å mast
Eg e for det mesta heilt syge
For du e så varme å myge
Mens eg ... eg e allt for blyge
Dårr e visst ikkje någe tag i meg
Å du vil aldri bli mi
For når de andre e raske å udom’ seg
e eg allt for seine te smi
For di skrøyd, potle å lyge
smiske, logre å smyge
Mens eg ... eg bare snofle å e blyge
Neste veke: «Soga om Stine og Jacob. Del 2»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når han går, adle snur å ser på han
’kje løye det, så stygge som han e
Han forstår, di kan’kje akseptera han
Har ingen fortid å se tebage på
Han seie det, i døden får eg fre
Då ska ingen plaga meg igjen
Eg ska ha ro, der kor eg å Jesus ska bo
Morten Abel, «Tore Tang», 1981
Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB