Ord frå nordland
Ann-Iren Hansen på scenen på Kulturpuben i Lillestrøm i april 2019, med abstrakte og nordnorske motiv.
DANSKETIDDIKTET «Aldri finar syn æ så»
Det vart skrive songtekstar på dialekt i heile Noreg i hundreåra før nynorsk og bokmål fann si form.
Det finst få kjende dikt og songtekstar frå dansketida på nordnorske dialektar. Men i ei vise frå før 1780, «Alra fægra Siun æg Saae», finst eit nordnorsk spor: dokkers. I avskrifter har songteksten vore særs forvanska, og det er ikkje lenger råd å avgjera kva for landsdel ho kjem frå. Trøndarar har freista å gjera krav på ho. Me vel å følgja det nordnorske sporet, og Ann-Iren Hansen gjer som Ivar Aasen stundom gjorde når han fann ei forvanska visa: Han attdikta ho attende til ein dialekt som visa kan henda var dikta på.
Og ho finn fleire nordnorske spor i viseteksten: beinveges tale, og sjølve symbolet på torsk, tørrfesk og lofotfeske: hjellen.
Aldri finar syn æ så
einn då første sola rainn
Dugga sto på kvært et strå.
Åsen sto som i en brainn.
Sauen bræka, fuggeln sang.
Geiten mekra, bukken sprang.
Guten som va gådd på hjellen
låg einnu og tok i famn.
Men æ trudde æ fekk dem opp
då æ ropte: «Siri! Per!
Røys på dåkkers late kropp.»
Svarte de: «Nu e vi her.»
«Hør mæ,» sa æ, «Per, du må
aldri meir på hjellen gå.»
Straks han svarte: «Å, Gud nåde mæ!
Kor ska æ då kvinnfolk få?»
DIALEKTDIKTING Nordaførr
Frå seint 1600-tal er det nokre døme på helgelandske dialektstrofer av Petter Dass; fleire stader i landet fulgte freistnader på dikting på norsk i åra etter Dass, inspirert av han, men lite er kjent nordfrå. Frå 1698 finst ein versjon av visa om Bendik og Årolilja på finnmarksmål.
Kjend frå 1700- og 1800-talet er eitt og anna dialektvers, mellom andre av L. M Sindberg (1716) og Jonas Rist (1717). Frå tidleg 1900-tal var nordnorsk mål nytta litterært av Regine Normann og Hans Lind.
I ytterkanten av den omfattande nordnorske dialektbylgja frå 1970, som for det meste kom i form av viser og viserock, finn ein midt i 1980-åra songtekstar på dialekt av SæksSæksSæks, eit Tromsø-band som markerte ein overgang frå sein pønk til tidleg svartmetall.
AASEN-ORDET 1 «Ein hjell»
I «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» (1873) samla Aasen 45.000 oppslagsord.
Ein Hjell: 1) Stillads. Række af jævnsides liggende Stænger eller Stokke paa et høit Underlag. Gamalnorsk: hjallr. I Nordland især om de store Stilladser, hvorpaa Fisken ophænges til Tørring. Jf. Tjørehjell.
AASEN-ORDET 2 «Ein hjellgang»
Ein Hjellgang: natlig Besøg paa Staldloftet, eller hos en Kjæreste. (Ogsaa kaldet Nattelaup).
AASEN-ORDET 3 «Ein gjøik»
Ein Gjøik: En særegen Art Sang, som bruges av Finnerne. Nordland.
KOMMENTARVISA Leif Olsen: Edvards vise
I visetidsskriftet «Vis-a-visa» i februar 1977 publiserte Leif Olsen frå Melbu ei nyskriving av «Bygdevise (Kor e hammaren, Edvard?)», «i et forsøk på å la Edvard sjøl komme til orde». Fyrste og siste strofe:
Æ kajlles for Edvard på Skjæret.
En feskar og småbrukarkajll.
I Utbygda bor æ, dessverre,
og matveien e hejller skrajll.
Om sommarn med sollyse daga
da trives vi og har det bra.
Nei, då e det ingen som klaga,
då vil ingen dra herifra.
Nei, la mæ få hammar’n telbake
så ska æ vel sjøl slå et slag,
for de som e oppvokst på kake
veit intet om min arbeidsdag.
Men det e jo lærde folks vesen,
de veit mykje bedre enn oss.
Førr de har jo lært teorian,
mens vi mot naturkreftan slåss.
I ei større viseundersøkjing av forskingsbibliotekar Liv Kreken ved Nasjonalbibliteket går det fram at dei politiske 1970-tals-visene sørpå tok føre seg ideologiske og utanrikske tema, medan visene i nord handla om politiske spørsmål i landsdelen.
SONGTEKSTEN Ann-Iren Hansen: Ensomheta og æ
Æ va ung då æ inngjekk ei pakt
Æ hadde ingen å prate med
Det va teltrengt å skap en allianse
og æ angra aldri på det
Utti blåsten på kantate steina
Der satt ensomheta og æ.
På vårt faste sted, langt fra folk og hus,
der vi ropte mot bølgebrus:
Vi to treng ikkje nån andre!
Vi to har kverandre!
Vi to ska alltid vær ilag, vær ilag, vær ilag!
Kvær en dag æ trengte å prat
og kvær en gång det gjekk mæ galt
sprang æ lettbeint og velkjent mot lukt av salt
og sang ifra mæ alt!
Vi satt der på kantate steina
Vesste ikkje ka vi skulle si
Men vinden huska og bløste førbi
ord fra ei anna tid:
Vi to treng ikkje nån andre!
Vi to har kverandre!
Vi to ska alltid vær ilag, vær ilag, vær ilag!
Det du gav mæ då æ va aleina
og lita og heilt uten rot
blei en hardfør vækst som tålt nordavind
og alt som kom imot
Men nu blomstra den væksten i lyset
fra folk med gode ord
Æ treng ikkje dæ, som æ gjorde før
Men æ veit kor du bor.
Vi to treng ikkje nån andre!
Vi to har kverandre!
Vi to ska alltid vær ilag
Tekst og melodi: Ann-Iren Hansen. Frå albumet «Ikkje lukk hjertet igjen», 2019.
DIALEKTRIMET «uinner / huinner»
Skriftrim som «hjerte/smerte» vert slitne. Dialektrim er friske. Få har høyrt dei.
Ann-Iren Hansen: «uinner huinner» («under hundre»).
Framhald
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«E du fostra opp på kokfesk sånn som æ?»
Tore Hansen, Unit Five, 1978
«Nordlændingens (...) fantasi er opdragen af fare og ensomhed og har slægtskab med naturen.»
Bjørnstjerne Bjørnson, «En ny feriefart», 1869
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.