Ord frå Hallingdal
På lafteveggen i Hugnadheim heng fana til ungdomslaget, skipa i 1902.
Foto: Liv Kreken
DIALEKTDIKTET
Henrik Wergeland:
«Tel den venast Gjente i Hallingdal», 1842
Frå Langeleiken, En Krands af Digtninger i Dølemaal, 1842. «Tel den venast Gjente i Hallingdal» er opningsdiktet. Wergeland nytta studentar frå Hallingdal som korrekturlesarar på Langeleiken. Metaforbruken kan den tidlegare teologistudenten ha funne inspirasjon til i den bibelske Høgsongen: «Dine tenner er som ein flokk med nyklypte sauer, nett komne or lauget; tvillingar hev dei alle, og ingen av dei er utan lamb.» (4,2). Songteksten er sjølvsagt utstyrt med meloditilvising: «Mel.: Markje grønas, snjogen bråne»:
Ho, e meine, har no augu
like markjis klukku blå
glemande ti morgoduggi,
tenna just som mjølk å sjå,
smiledækka som dæ håle
ti eit rosebla, og mål
klingande som nær ein gullring
ringla ti ein sylverskål.
Om ei Wergeland-vise på dialekt skriv Torleiv Hanaas i nyutgåva av Langeleiken i 1922: «På gata trefte han to valdresgutar som han bad heim. Ein av dei var trulova med lensmannsdottera i heimbygda. Wergeland reiv av seg ei vise om dette, og som Vinje kommenterte i Dølen, det ’gjekk reint burt i Veggjerne med guta for visa skuld. Folk trudde han var vorden galen, som ‘foor med slik Vass’ og ’lensmann og dotter, som trudde at, Guten vilde hava dem til spe og spott, gjorde det heile friarskap ut om inkje. Det fekk han for kjennskapet med Wergeland.’»
DANSKETIDDIKTET
«Hallingdalens ynskje», 1727
Det vart skrive songtekstar på dialekt i heile Noreg i hundreåra før nynorsk og bokmål fann si form.
I eit danskspråkleg bryllaupsdikt frå 1727, til Christian Michelsen Palludan, sorenskrivar i Ringerike og Hallingdal, då han gifta seg med Anna Magdalena Ramm, dukkar det opp ei strofe på hallingmål. Merknader i handskriftet kan tyda på at ho er skriven av ein ungdom, Iver Wiel (1711–1756), seinare fut.
Gud signa ho skrivarn å kjæring
Gid lykkjas til bodna å bjæring
Gud lætta dikko trivas
å livas
Gutar kjemar mouv
Gjentur likje souv
Signa væna bruur
Inkje nokon stuur
Kjema oppå færa
men æra
hovaleg mæ dikko væra
Strofa er «laga av ein som ikkje kan hallingmålet», skriv Geir Venås i Den fyrste morgonblånen (1990). Rettskrivinga er her endra etter framlegga hans. Line 2: «Gjev at de får lukke med born og berging.» Line 3: «lata dykk». Line 5 og 6: «Gutar koma må, jenter likeså.»
AASEN-ORDET 1
«svalla»
I «Norsk Ordbog med dansk Forklaring» (1873) samla Aasen 45.000 oppslagsord.
Svalla, verbum neutrum, snakke, prate, tale om ubetydelige Ting, Nordre Berg, Valdres, Hallingdal og flere. Afvig: svælle og svelle. Buskerud, Telemark. Paa Søndmøre svalle, om langvarig og høirøstet Snak; jf. solla. Svallar, m., en Snakker. Svalling, f., lang Snak.
DIALEKTRIMET 1
«bjødn / jødn»
Skriftrim som «hjerte/smerte» vert slitne. Dialektrim lyder stundom friskare, av di få har høyrt dei før.
Deltakar på kvedarkvelden på Hugnadheim: «bjødn / jødn» («bjørn / jern»). At det norrøne konsonantparet –rn– har vorte –dn– i hallingmål, syner eit av dei vestnorske trekka i den austnorske dialekten. «Så faste som klingande jødn» lyder ei line i Langeleiken av Henrik Wergeland.
DIALEKTRIMET 2
«heisjilie / strije»
Henrik Wergeland: «heisjilie / strije». Frå «Thor Hallings aa ho Bergits Attekomst frå Kristiân. Hallingvise om Bymoderne. Mel. Aa kjøre Ve aa kjøre Vatn», Langeleiken, 1842. Wergelands ordforklåring: «striji, tapeter». Thor syng:
«Dæ va som om førbi us gjik
dei gammaldagse heisjilie
belætudn måla po gammal skjik
po prestgarsvæggjen tå strije.»
LOKALORDET
«krasafaren»
Lokale ord og uttrykk kan verta landskjende.
Krasafaren – nedslite av ytre påverknader over lang tid. Norsk Ordbog: «krasa, knuse, støde i Smuler. Ogsaa lyde som naar noget bliver knust.» Romarbrevet 16, 20: «Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føtene dykkar. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!»
SONGTEKSTEN
Mick Hanly/
Arne Moslåtten
«Ei krasafaren steinbu»
Frå albumet Pela stein (1993). Fritt etter Mick Hanly, «Past the Point of Rescue». Fyrste og andre strofe og refreng:
Eg skull’ te fjells for å jakte rein
Bussen va ganske sein, eg skulde gå te Hein
Været va ruskut og tungt og grått
Lendet va sleipt og vått
Sjøl vart eg redd so smått
Hadde hverken kart ell kompass
Burde jaddi hugst på sopass
Jævlig dumt syns væl du?
Måse og stein dæ va allt eg såg
Skodda kom sigande tjukk, so tung og grå
Jeger’n va liten og Vidda stor
Hadde ‘kji leger ror
Trengde ein storebror
Eg tok te miste true
På at eg skull’ finne bue
Klukka gjikk, huttetu, va snart sju!
Men då kom eg te ei krasafaren steinbu
Eine veggen sigji ut, men taket nokolein
Sette meg og fann fram nista
Våt og kald so kroppen rista
Likevæl va eg glad!
Framhald til hausten
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Brukte sea
den tid den sorg.
Brukte hengji rundt
Sundre torg.
Stein Torleif Bjella,
«Redningsmann», 2009
Åh la meg reise heim att,
heim att te Skrindo
Ut or Oslo-gryta
på jakt etter sinnsro
Tove Bøygard,
«Heim att te Skrindo», 2010
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.