JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Oransje kruttønne

– Or er meir enn berre dårleg ved, sa den røynde snikkarmeisteren Eystein Hjelme. Eg bestemte meg for å ta han på ordet og starta jakta på alternativ nytteverdi.

Emnet av svartor som skulle nyttast til hoggestabbe, dreia Ståle Aklestad til to vakre bollar. Dette er eit av dei best likte treslaga til kunstnaren.

Foto: Ståle Aklestad

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11133
20231222
11133
20231222

hustad.jakob@gmail.com

Lukta av eksos frå totaktsbensin har fylt nasen min mykje av livet. Eg driv nemleg eit hogstføretak og dyrkar ein spesiell kjærleik til hardtre: bøk, eik, alm og så bortetter. Dersom kunden ynskjer å fjerne eit tre som ikkje høyrer til kategorien, er eg rask med å finne meg eit anna oppdrag.

For motorsagene mine har vorte større med åra. Det er eit nederlag kvar gong den gode venninna mi Stihl 500i vert ståande ubrukt. Eg kan ikkje nytte ho på småkratt. Det vert som å skyte sporv med kanon. Dessutan er handtaket oppvarma – ein funksjon dei eldre sagene mine manglar. Eg har vorte vand med denne luksusen. For helvete er ein kald plass og ikkje ein varm. Tvilar du, kan du spørje hogstmennene frå Finnskogen.

Det er derfor ikkje rart at or, eller «åre», som vi seier på Sunnmøre, ikkje er nokon favoritt hjå meg. Brennverdien er låg, veden billig. Gråor veg berre 360 kg per kubikkmeter i absolutt tørr tilstand. Svartora har noko betre tettleik, men heller ikkje ho er noko å skrive heim om. Kjøper du blandingsved, kan du vere sikker på at sekken er full av or. Er du ekstra heldig, er han fuktig og freser i det du prøver å setje fyr på skiten.

I samband med ein reportasje som stod på trykk i Dag og Tid, besøkte eg snikkarmeister Eystein Hjelme. Vi vart sitjande og prate. Det spesielle var at auga mine stadig vekk vart trekte mot panelet i kjellarstova, lik ein magnet som klistrar seg fast på kjøleskapsdøra. Veggene regelrett glinsa og var eit imponerande syn. Hjelme forstod at eg var nyfiken, og sa:

– Or er meir enn dårleg ved, Jakob.

Han heldt fram med å fortelje at dei eldre kalla or for det nordiske svaret på mahogni. Særleg viktig var oren i krigsåra, då tilgangen på eksotiske treslag var knapp. For å syne dei unike eigenskapane til treslaget fjerna Hjelme eit bilete som hang på veggen. Slik fekk eg sjå at fargen på treverket ikkje var påverka av lyset, og at veggen derfor var like lysekte førti år etter at han vart bygd.

Dessutan kunne Hjelme fortelje at spon av or kan nyttast til å røykje mat, særleg i kombinasjon med eine. Det er derfor eit paradoks at mykje av norsk matindustri nyttar dyr bøkespon frå Danmark når ein kan nytte lokale råvarer med like godt resultat. Ikkje minst er treverk av or stabilt og held derfor forma under tørking. I møbelbransjen har det derfor vore vanleg å nytte han i skuffesider.

Ferske snitt av or vert oransje. Dette skjer når spesielle kjemiske stoff i cellevæska kjem i kontakt med lufta og endrar fasong, forklarer professor Line Nybakken.

Foto: Ole Husby / Wikimedia Commons

Med utgangspunkt i kunnskapen til Hjelme bestemte eg meg for å undersøkje saka nærmare. Eg sende ein førespurnad til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og bad om å få snakke med den fremste treeksperten på fakultet for naturforvaltning. Slik kom eg i kontakt med professor Line Nybakken. Ho var beskjeden på eigne vegner, men lista over publiserte fagartiklar lyg ikkje – professoren er kvalifisert. Eg går rett på sak, og spør: Er or meir enn dårleg ved?

– Or har absolutt dårlegare densitet og brennverdi enn den populære bjørka. Men sidan han ikkje gjev særleg med røyk eller gneistar, og heller ikkje den intense varmen, kan han ha sine fordelar. Særleg på dei første kjølige dagane om hausten.

– Kva med skilnadene på grå- og svartor. Er desse nemneverdige?

– Svartor (Alnus glutinosa) er ein varmekjær art. Gråor (Alnus incana) toler mykje lågare temperaturar og er derfor meir utbreidd i landet vårt. Svartor toler derimot å stå i stilleståande vatn og er dermed hardfør på sitt vis. Dessutan er oren særleg populær til bruk som panel hos treentusiastar.

Det som kom som ei overrasking på skribenten, er med andre ord sjølvsagt for professoren. Som eit siste spørsmål ynskjer eg svar på mysteriet alle som driv hogst, lurar på.

– Kvifor vert ferske snitt av or oransje?

– Dette skjer når spesielle kjemiske stoff i cellevæska kjem i kontakt med oksygenet i lufta. Dei endrar rett og slett form og får farge.

Eg avsluttar samtalen og set meg i bilen. Ein ny idé har teke form i hovudet mitt, og den krev feltarbeid på garden der eg er oppvaksen. Far min er mjølkebonde og eig nokre hundre mål med skog. Noko av skogen står på «vassjuk mark». Sjølv om eg skyr staden, trivst gråora godt der.

Det er dit eg er på veg. Eg ifører meg arbeidstøy og syter for å impregnere verneskorne mine. Dei fekk eg som bonus for godt uført arbeid i det første «profesjonelle» hogstoppdraget mitt. Ti år går fort, men skorne er framleis brukande. Det er berre modellane i Felleskjøp-katalogen som går i nytt vernetøy. Eg seier «modellar» fordi det openbert ikkje er verkelege hogstfolk. Som ein vismann sa: «Syn meg hendene dine, og eg skal seie kven du er.»

Det høyrer med å nemne at or er det einaste treslaget vårt som samarbeider med bakteriar for å fiksere nitrogen direkte frå lufta. Desse bakteriane sit i knollar på rotsystemet. Fordi oretrea har eit overskot av ressursar, slepp dei å trekkje inn næringsstoffa frå lauvet om hausten. Det er derfor blada ikkje endrar farge, men fell av medan dei framleis er grøne. Symbiosen med nitrogenfikserande bakteriar gjer or til ein naturleg jordforbetrar. Skogen til far min er kanskje vassjuk, men næringsfattig er han ikkje.

Vedskier av or er lagde i bålpanna og skal varmast opp til over 400 grader celsius.

Foto: Knut Hustad

Eg feller ein mellomstor gråor og kappar han opp i korte emne. Så tek eg i bruk den kjære kløyveøksa mi. Ho kjem frå Hultafors, som ved sida av Gränsfors er den beste kommersielle øksesmia.

Kjøper du ei simpel Fiskars med skaft i kompositt, kjem du til å angre deg når reiskapen har vorte sprø eller skadd og du legg ekstra kraft i svingslaget ditt. Då er det betre å ha lagt meir pengar i ei øks du kan erstatte skaftet på. Dessutan gjer det svenske stålet med tydeleg herdesone det enklare å skjerpe eggen etter eit dårleg treff.

Det er likevel urovekkjande kor fort eg får blemmer i handflata etter ei økt med kløyving. Eg høyrer vel heime i Felleskjøp-katalogen, eg òg. Dessutan er det sant som dei seier: «Veden varmar fleire gonger.» Eg må lette på antrekket før stabelen med kubbar er ferdig oppkløyvd.

Or er det fremste treslaget ein kan nytte til trekol. I Venezia på 1300-talet spesialiserte ein seg på denne tilverkinga, og det gjorde regionen til ei stor militærmakt. Ikkje berre fordi ein kunne nytte trekolet til å smelte jarn og slik støype kanonar, men fordi kol av svartor òg er det gjævaste ein kan nytte til framstilling av krut. Eg bestemmer meg derfor for å gjere som dei gamle venetianarane og riggar meg til for å starte eigen produksjon.

Prinsippet med å lage trekol er å varme opp treverk i eit oksygenfattig miljø. På denne måten fordampar vatnet utan at treverket tek fyr. Prosessen vert kalla tørrdestillasjon og er ekstremvarianten av vedtørking. Fordi sluttresultatet er eit brensel utan fukt, kan ein nytte det i smier og smelteverk. Gjennom tørrdestillasjon vert det òg skapt andre produkt: metanol (tresprit), tjøre og eddiksyre. Særleg metanol må handterast med stor varsemd, ettersom det kan brytast ned til gift i kroppen.

Vatn, metanol, eddiksyre og tjøre har fordampa og vorte frigjort. Det som ligg att er eit brensel utan fukt. Trekol som dette har vorte nytta til krutproduksjon.

I staden for å lage ei tradisjonell kolmile, slik ein gjorde frå mellomalderen av, nyttar eg ei bålpanne. Eg legg emna av or ned i botnen på panna og syter for at ho vert så full som råd. Deretter legg eg på lokket og tenner eit bål på undersida. Eg får assosiasjonar til slaget om Stalingrad, der soldatar fyrte med ved under stridsvognene for å få start på motoren i den russiske kulda. Heldigvis står det ikkje om liv i dette tilfellet, men eg er uansett spent på resultatet.

Ventilen på loket står på full opning slik at vatn, eddiksyre og metanol kan frigjerast i gassform. Likevel vert det raskt tydeleg at ventilen er flaskehalsen i konstruksjonen, og at bålpanna står i fare for å verte ein trykkokar. Eg lèt derfor loket stå på gløtt, men det er ein balansegang. Dersom for mykje luft slepp til, tek treverket fyr.

Innhaldet må varmast opp til over 400 grader. Det går med nokre kilo ved, men dampen vert stadig mindre. Tjøra tek til å koke over kantane på panna og minner mest om råolje. Etter nokre timar kontrollerer eg sluttresultatet. Veden har utvilsamt vorte til trekol, utan at eg skal påstå at han held venetiansk kvalitet. Det kan minne om kolbitar som ligg att i peisen etter fyring, men med den forskjellen at den opphavlege fasongen på vedskiene er bevart.

Tjøre kan nyttast til behandling av tre og har historisk sett vore ein svært viktig ressurs. Far min vert djupt krenkt når eg foreslår å smørje tjøre på låvedøra. Eg vert ikkje nett rik på denne produksjonen og konkluderer med at det ikkje er først og fremst som kol or har den største nytteverdien i dag. Likevel kan eg ikkje gje meg utan å sjå om trekolet mitt brenn. Eg set derfor fyr på innhaldet og vert ikkje skuffa. Varmen er intens og på grensa til det ubehagelege.

Her om dagen vart eg konfrontert med at Amsterdam ikkje vart bygd på norsk eik, slik eg hadde skrive i ein tidlegare reportasje. Eg stod heldigvis på trygg grunn og kunne halde på mitt. Vedkomande var likevel inne på noko vesentleg, men hadde teke feil by. For dei same venetianarane som nytta or til krutproduksjon, hadde òg oppdaga at treslaget var ekstremt haldbart i vatn. På same måte som ein nytta eik i Amsterdam, nytta ein derfor svartor som grunnpilarar i Italia.

Heldigvis slepp ein å nytte or til dette føremålet i Noreg. Då er truleg betre å gjere som Ståle Aklestad og nytte emna til tredreiing. Han er mellom dei fremste trekunstnarane i landet, men avviser den påstanden sjølv. Lidenskapen formidlar han gjennom nettstaden treogtind.no, der folk kan kjøpe dei eksklusive varene. Kontrastane er mildt sagt store mellom dei svarte kolbitane mine og dei svært vakre skålene og skulpturane denne mannen lagar.

– Er or meir enn dårleg ved, Ståle?

– Eg har jobba litt med or. Det er definitivt dårleg ved. For fyrer du med den, får du knapt gjort anna enn å passe omnen. Til trearbeid unngår eg gråor nesten heilt. Mest fordi han er litt kjedeleg. Unntaket er knutar, som kan bli veldig fine.

Aklestad vert engasjert når han tek til å snakke om svartor.

– Når det gjeld svartor, er saka ei heilt anna. Svartor er faktisk eit av favorittreslaga mine. Han er lett å jobbe med, og eg opplever han som tettare i veden enn gråor. Svartoren får etter kvart ein varm, gyllen farge, i motsetning til gråor, som nesten vert oransje eller gul. Her på Nordvestlandet er svartor sjeldan, men andre stader i landet, til dømes på Sørlandet, finst han overalt.

Aklestad held fram:

– Eit par av favorittbollane som eg har i privat eige, er laga av svartor. Eg laga dei for over 15 år sidan av ein stokk som var tenkt til hoggestabbe, og som eg heldigvis fekk redda. Bollane er like fine framleis.

Etter mykje grubling, samtalar med ekspertar og lokal trekolproduksjon kjem eg fram til ei overraskande erkjenning. Or er ikkje «ugras». Dette smålåtne treet, som aldri vert nemnt i same setning som eik, bøk og alm, har ein verdi utover å vere «dårleg ved». Spørsmålet bør heller vere kvifor ein skal nytte or som ved, når treslaget utvilsamt gjer betre nytte for seg andre stader enn i peisen.

Det er ikkje appelsin alt som er oransje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis