JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Numedølar er ikkje nordmenn

KRAVIK: Fleire av langlofta og kyrkjene er frå tida før svartedauden. I Numedal ligg mellomalderbygningane tett som perler på ei snor. Snora er Lågen. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ryttarar på sundagstur ved Nordre Frygne, der Fjordvegen går rakt gjennom tunet.

Alle foto: Håvard Rem

10685
20210312

Numedal

Del 4 – Mellomalderdalen

Håvard Rem skriv frå dalen i fortid og notid

Flatemål: 3513 km2

Folketal, 2020: 6517

Folketalsframskriving, 2050

- Låg: 6191

- Middels: 6826

- Høg: 7583

Kommunar: Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal (Viken tidlegare Buskerud)

12. februar: Jarndalen

19. februar: Numedalsbanen

5. mars: Dialektdalen

12. mars: Mellomalderdalen

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Kvar endar, eller byrjar, Nume­dalslågen? Som no nedlagde Numedalsbanen endar han i Rødberg, øvst i Nore, staden som aldri vart ein stasjon på Bergensbanen. Men historisk har ikkje Rødberg vore endestasjon i ein sekkedal. Heilt nord i Numedal kom vegen over vidda frå Hardangerfjorden, frå Eidberg og Ullensvang: Nordmannsslepene.

Vassdraget strekkjer seg frå Hardanger­vidda til Skagerrak, frå innsjøar på vidda til utlaupet i Larviksfjorden. Numedalslågen er Noregs tredje lengste elv, etter Glomma og Pasvikelva, 35 mil, som vegen frå Oslo til Røros. 

Vegen til lia

Sist veke kom me til Rollag prestegard og stavkyrkje. Mindre enn ei mil i nord, framleis i Rollag kommune, ligg Veggli. Der er dei stolte av heimstaden. Ein fastbuande fortel:

– Her har me fått til mykje. Berre sjå på Vegglisenteret, kjøpesenteret. Eg arbeider i dei nye omsorgsbustadene for funksjonshemma. Me har omsorgsbustader for eldre òg. Og no skal me byggja nytt helsehus.

– Kvar kjem inntektene frå? 

– Dugnadsånda er sterk her i Rollag. Leikeplassen ved Vegglisenteret er bygd på dugnad. Maskinentreprenørane vart med. Miljøgata har me bygd på dugnad. Sjølvsagt har kommunen spytta i midlar òg. Mot omverda har me hatt slagordet: «Den lille kommunen med det store hjertet.» I kommunen seier me til kvarandre: Look to Rollag

Topografiske stadnamn er dei vanlegaste. Veggli er eit ferdslenamn: Vegen til lia. Her enda fleire av slepene over Hardangvidda. Med trivelege Veggli Vertshus, ein av dei få opne serveringsstadene i Numedal ein sundag føremiddag, er Veggli framleis ein god stad for farande. 

Det gjekk ikkje hjulveg over vidda. Kløvveg, ja, for klovdyr med last, men vanleg var å slepa lasten på to drag etter hesten. Ein ferdsleåre over vidda vart kalla ei slepe, som den søre, den nordre og den store Nordmannsslepa. 

Dei var hovudveg mellom aust og vest frå steinalderen til Bergensbanen vart lagd kring 1900, diverre for numedølane ikkje gjennom Numedal, men Hallingdal. Så opptrakka er slepene at fell skuggen rett, kan ein sjå dei når ein flyg austfrå til Stavanger og Bergen. Frå slike stader kom dei over vidda i tusen år, fyrst med båt til inst i Hardangerfjorden, til Ullensvang og Eidfjord, og derfrå på føtene til Numedal og Veggli. 

Bispevegar vart dei òg. I mellomalderen var ferdsla stor, mindre etter svartedauden, større att frå 1600-talet med sylvverket på Kongsberg, største byen etter Bergen. 

Søre Kravik

Frå Veggli er det ei dryg mil til Kravik, ein gard så gamal at han har gjeve fjorden namn. No kjem me til dei tre fjordane som ligg i Lågen som safirar på rad: Kravikfjorden, Frygnefjorden og Norefjorden – om lag som Aurdalsfjorden, Strondafjorden og Slidrefjorden i Valdres. 

I jarnalderen var Kravik ein storgard, og han vart ikkje øydegard etter svartedauden. Sørfrå kjem me fyrst til Søre Kravik. Sist på 1600-talet, med sylvverk, oppgangstider og folketalsauke, vart garden delt, og det då 400 år gamle gildeloftet på Mellom-Kravik, den opphavlege garden, vart flytta hit.

Anita Eriksen, sylvsmed med verkstad på Søre, tek imot. 

– Eg har budd her ti år. Men han eg bur i lag med, er herfrå, og dei har budd her...

Ho tek ein pause og ler godt: ...alltid.  

Gildeloftet vart bygd kring 1300. Det har open svalgang nede, men oppe er svalgangen kledd, noko somme meiner er ein byggjeskikk frå vikingtida. 

– De må sjå ulvemaska på baksida, seier ho og peiker på eit rovdyrandlet skore inn i ein av stavane på vestsida.

Ho tek oss med inn i det meir enn 700 år gamle loftet, til gildesalen nede og soveromma oppe. Kvifor vart ei slik råflott finstove bygd? For finfolk? Ved Rollag prestegard, bygd i 1624, reiste dei i oppgangstidene hundre år etter ei eiga stove for biskopen når han kom på vitjing. 

– Loftet vart reist på den tida kong Håkon V Magnusson kom forbi her medan han flytta hovudstaden frå Bergen til Oslo. 

Mellom-Kravik

Me dreg vidare til Mellom-Kravik der gildeloftet opphavleg stod. Me møter Inger Lassegård, svigerdottera på garden. Gardskona bur i hovudhuset, Noregs eldste hus som nokon bur i, bygd i 1296, få år før gildeloftet. Eit lite påbygg på vestsida er bad, fortel ho.

– Mannen min er jo fødd her. Foreldra hans fekk løv til å ordna eit bad i sjølve huset, i ein krok på kjøkenet der det hadde ste’e ein peis som var så dårleg at han vart rivi. Men det enda med fuktskadar i 700 år gamalt treverk, og etter kvart fekk me løv til å reisa eit lite påbygg med bad.

Svigerdottera fortel:

– Me har hatt forskarar her som meiner at kong Håkon V og fylgjet hans nytta loftet. Dei reid forbi her då dei kom ned frå Hardangervidda. Andletet som er skore ut på ein av portalane, kan vera hans. Her heldt han gilde.

Kraviklyra, no på Norsk Folkemuseum, vart funnen her tidleg på 1800-talet – den einaste mellomalderlyra som er teken vare på i Norden, fyrst datert til 1300-talet, sidan rekna som yngre. Om ho er frå 1400-talet, som Rollag stavkyrkje, gjer det henne ikkje mindre unik, for frå hundreåret etter svartedauden er minna få.

Lassegård seier:

– Eg vil at dei skal køyra ein georadar over heile området. No ser det ut til at det kan skje. Undersøkingar syner at det har vore folk her sedan 600-talet.  

Frygne

Kravik ligg aust for fjorden. Vidare nordover fylgjer me vestsida av Frygnefjorden, der me får me sjå spor frå 600-talet. Ved Søre Frygne ligg eit gravfelt, truleg frå folkevandringstida. Fleire stader ved enden av Nordmannsslepene ligg gamle gravfelt. Kjent og stort er det i Eidfjord. Ein del av Frygnefeltet forsvann i mellomkrigstida då ein bygde bedehuset Betel midt i gravhaugane. Etter krigen fekk ein lokal sokneprest stogga vidare rasering, men framleis er ikkje feltet undersøkt.

«Dit har innvandrarflokkar kome over fjellet frå Telemark og Vestlandet og nedover dalen», skriv T.K. Loftsgard i Nore–Uvdal i forn og nye (del 1, 1973). Han nemner at namnet kan «ha opphavet sitt i gammal kultus og gudsdyrking ved Juvsåa, der dei ‘frega’ elva om guden sin vilje og deira eigen lagnad. Det kan tenkjast at det var guden Frøy som soleis vart dyrka og rådspurd der ved elva med ymse seremoniar og kultusformer».

Nett som etter svartedauden på 1300-talet var dei språklege og demografiske endringane store etter dei vonde pestane og fimbulvintrane på 500-talet. 

På Frygne er me berre eit par kilometer frå Norefjorden og Nore stavkyrkje. På vegen dit går fylkesvegen tvers gjennom tunet til Nordre Frygne, med gamle, fagre og velvølte hus på båe sider, og midt i vegen to ryttarar. Dei kjem ikkje ned Nordmannsslepene frå Hardangervidda. Dei er på sundagstur attmed Fjordvegen. Livet er langsamt og godt i Nore. 

Rødberg

Ferda, jarnbanen og elva endar øvst i dalen, i tettstaden Rødberg. Eg veit ikkje om det fortel mest om Numedal eller Noreg, men det er nær naturstridig at det inst i ein sekkedal finst ein tettstad med alt av institusjonar og infrastruktur.

Her midt i det aude vert me møtte av lensmannskontor (etter kvart døypt om til politiavdelingsleiarkontor), kjøpesenter (lite), lækjarkontor, brannstasjon, jarnbanestasjon (nedlagd), kraftstasjon, veterinær, turistkontor, næringskontor, advokatkontor, Statens naturoppsyn, sparebank, bensinstasjon, postkontor, apotek, skule, kino, hotell, fysioterapeut, treningssenter, symjehall og bibliotek.

Men ikkje menneske. I alle fall ikkje nordmenn. Dei er heime, ikkje ute og yter tenester på ein sundag, så dei einaste folka me møter, er utlendingar – syraren på bensinstasjonen, bosniaren i restauranten og den svenske hotellstyraren. 

Rødberg har ikkje alltid vore endestasjon. Ein gong var det her ho gjekk, hovudferdsleåra mellom vest og aust, som i den travle tida kring 1300, då hovudstaden vart flytta frå Bergen til Oslo.

Elvenamn

Snora er Lågen. Elva har definert dalen. Frå ho byrja å renna då brearmen smelta, har ho vore livgjevande i dalen som blod i kroppen. Som ferdsleåre for menneske og materialar, like viktig som fylkesvegen og jarnbanen. Ho forsynte folk med mat, like viktig som gardane og kjøpesentera. 

Stadnamn er tidskapslar, lasta med soge, men dei eldste namna er ikkje stadnamn. Namna på elvane kjem frå tida før me vart stadbundne og fastbuande. Etymologien stangar mot ein vegg av tid og gløymsle. Stadnamn finn ein ofte opphavet til, men om opphavet til eit elvenamn står det gjerne: usikkert.

Elva var det fyrste som fekk namn. For samlarane og jegerane, nomadane og vandrarane var den fløymande elva det fastaste punktet i regionen. Ho var veg, leirplass og spiskammer. Røtene til namnet forsvann med dei ikkje rotfaste folka som fyrst formulerte det.

Av di elva definerte dalen, fekk dalen gjerne namn etter henne. Nume gav namn til Numedal, som gav elva det moderne namnet Numedalslågen, elvedalselva. Ingen har eigenleg aning om kva Nume tyder. 

Nordmannsslepene

Kva er i eit namn? Men om me ikkje veit kvar elvenamnet kjem frå, veit me kvar elva kjem frå: Nordmannslågen, vatnet øvst og inst på vidda, ved vasskiljet som skil aust og vest. Og kven slepte seg og lasta over vidda til Numedal? Nordmennene. Difor fekk slepene deira namnet Nordmannsslepene. 

Kva er ein nordmann? Eg er ikkje ein svenske eller ein danske, ja, ikkje eingong ein norske. Eg er ein nordmann, til liks med reisefylgjet – ho er nordmann, ho òg.

Di meir me finn ut om Nordmanns­slepene, di meir skjønar me at me ikkje kan skjøna Numedal utan dei. Og di flauare vert det at me aldri har visst kva nordmann tyder.

For dei som er opptekne av Nordmanns­slepene, og det er mange, er det sjølvsagt: Ein nordmann er ein vestmann, ein vestlending. 

I Numedal tykte dei at Telemark låg i vest og Vestlandet i nord. Teledølar var vestmenn, sjølve var dei austmenn og vestlendingane var nordmenn.

Dei fyrste geografane som drog inn i Numedal, kalla det med eit smil for «det uvdalske kompasset».

Korrigeringa kom tidleg på 1800-talet, før Ivar Aasen skreiv «Nordmannen». Ein kan difor ikkje mistenkja han for fyrst og fremst å ha hatt vestlendingane og Vestlandet i tankane då han skreiv «Millom bakkar og berg» – orda songen no er kjend som – «heve nordmannen fengje sin heim». 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Numedal tykte dei at Telemark låg i vest og Vestlandet i nord.

Veggli er eit ferdslenamn: Vegen til lia.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis