Reportasje
Noreg er ikkje eit nullsumspel
TOLGA: Sidan 1960 og byrjinga på flukta frå landsbygda har me vorte to millionar fleire nordmenn. I Tolga trur dei straumen kan gå båe vegar.
Sunniva Strypet frå Tolga har det siste året vore engasjert av heimkommunen for å arbeida for å få unge vaksne til å flytta til bygda. I bakgrunnen Tolgas nye kulturhus og sparkparken.
Alle foto: Håvard Rem
Demografiske noregskart ser ein no oftare og oftare i fjernsyn og aviser. Med fargenyansar syner dei folketalsutviklinga i kommunane. Di lenger nord eg kjem i Østerdalen, di mørkare vert fargane for nedgang i folketalet.
Sentripetalkrafta
På ein kafé ved kommunehuset i Tynset les eg regionavisa i Nord-Østerdalen, som presenterer dei demografiske tala for 2020. Dei sju kommunane har gått i minus, med fleire døde enn fødde. I Røros, den største byen i Fjellregionen, vart det i fjor fødd 43 menneske, medan 67 døydde. Større enn fødselsunderskotet på 24 er den samla folketalsnedgangen. Slik det er fleire døde enn fødde, er det fleire utflyttarar enn tilflyttarar. I år er det 31 færre rørosingar enn i fjor – 40 om det ikkje hadde vore for ei sjubarnsmor.
I dei andre kommunane er tala dei same, med eitt unnatak. Tolga er einaste kommune i Nord-Østerdalen med fødselsoverskot og folketalsvekst i 2020: 16 tolgingar døydde, og 21 vart fødde.
Kva held dei på med i Tolga? Eg ringjer Sunniva Strypet som har vorte engasjert av kommunen for å snu folketalsutviklinga. Me avtalar å møtast på kommunehuset i Tolga, to mil frå kommunehuset i Tynset.
Av dei få bustadhusa attmed vegen er påfallande mange utstyrte med Til sals-skilt. Samstundes klagar folk med flytteplanar over at få hus kjem på marknaden i bygdesenteret eg er på veg til. Ei sentripetalkraft har teke tak i den norske folkevandringa, frå den avsides garden til grenda, frå grenda til bygdesenteret, frå bygdesenteret til småbyen, frå småbyen til regionhovudstaden. Mann er manns gaman, heiter det i Håvamål-attdiktinga til nordøsterdølen Ivar Mortensson-Egnund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.