Noko om brannen i Karlstad
Karlstad etter brannen i 1865: Kvartalet ved Västra bron ligg i ruinar.
Foto: Värmlands Museum
Klokka ti søndag morgon den 2. juli 1865 gjekk den 20 år gamle læreguten Olof Nilsson inn i Ericsons Bageri i Skepparegatan i Karlstad. Saman med bakarsveinane Jörgen og Carl August skulle han rake ut to famnar ved som hadde lege til tørk i bakaromnen over natta. Carl August drog ut vedskiene og la dei på golvet. Han såg at nokre av dei var brunsvidde, men som han sa under rettssaken: «Jag betraktade noga den uttagna veden og forsäkrade mig om at det inte var någon fara för eld».
Dei to sveinane hadde gjort sitt, klokka var halv elleve, sola skein frå klår himmel, dei sa:
– Fan! Det är söndag. Nu går vi.
Olof blei verande igjen for å vaske over, men etter ein halvtime gjekk også han. Kva som så hendte er uklart, men klokka 11.20 gjorde nokon varselskrik:
– Elden är lös i bageriet!
Bakeriet i Skeppargatan var alt overtent, og brannen spreidde seg raskt mellom dei knuskturre trehusa i den tettbygde staden. Kyrkjeklokkene larma. Forfattaren Gustaf Fröding, som var fem år gamal, skulle mange år seinare minnest denne dagen:
«Vart jag ser är det eld – eld i husen, eld i luften, eld överallt. Hela världen brinner. Det dånar, det knakar, det väser och viner.»
Under brannherjingane fekk læreguten Olof panikk, han kom over nokre vinflasker og drakk seg full. Søndag kveld var nær på heile Karlstad brentd ned. Berre kyrkja, biskopgarden, gymnasiet og sju private bygardar stod att. Av fem tusen innbyggjarar mista 4500 heimen sin.
Alt dagen etter byrja politietterforskinga, og sidan blei det rettssak. Bakarmeister Per Johan Ericson blei frikjend, bakarsveinen Carl August fekk 100 riksdalar i bot, mens læreguten Olof Nilsson slapp med 20 riksdalar för fylleri under branden.
Alle tre reiste frå Karlstad, og Olof Nilsson emigrerte til Amerika, der han døydde i 1907.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.