Reportasje

Mjølkeleverandøren

Dag og Tid gjev ikkje berre ut avis, no leverer vi òg mjølk til meieriet.

Fyrste mjølka er levert til Tine. Mjølkebilsjåfør Leif Gunnar Ure og stølsdrengen Anders Møn Mjelde poserer for fotografen for å dokumentera storhendinga.
Fyrste mjølka er levert til Tine. Mjølkebilsjåfør Leif Gunnar Ure og stølsdrengen Anders Møn Mjelde poserer for fotografen for å dokumentera storhendinga.
Publisert

Etter sju år med ysting på Dag og Tid-stølen skal vi no levera mjølk til meieriet. Osten har ikkje slått til dei siste åra og er for syrleg. Eg skjønar ikkje kvifor og må få hjelp av ein eller annan ystekjennar til neste år.

Men det er ei spanande utfordring å levera mjølk frå eit fjøs frå 1800-talet, med moderne krav til mjølkekvalitet og hygiene for å unngå bakteriar og sur mjølk.

At vi kan levera mjølk frå stølen, kan vi takka bøndene som lét seg inspirera av samvirkeideen og fekk til henteplikta. Om fjøset ditt ligg ytst på Senja, ved Mjøsstranda eller på flataste Jæren, hentar Tine i dag mjølka di til same pris –om du produserer minst 45 liter om dagen. Henteplikta er guds gåve til små mjølkebruk og stølar som ligg avsides til.

45 liter dagen, det høyrest lite ut når ei NRF-ku åleine lett mjølkar over 30 liter om du gjev henne nok kraftfôr. Men våre vestlandsk fjordfe-kyr mjølkar mindre. Ameline knappe 18 liter dagen og Symra rundt 15. Då manglar vi tolv liter for å innfri kravet. Berginga vert Tønlill, som Anders, stølsdrengen, har med seg frå heimegarden.

I tillegg til mange nok kyr treng vi mjølkekvote. Kvotesystemet er ei forteljing for seg. For å hindra overproduksjon fekk kvar gard i 1983 levera ei viss mengd mjølk til meieriet. Men ibuande lover fører til at byråkratiske ordningar utviklar uheldige sider, som at bønder som har slutta med mjølk, kan tena gode pengar på å leiga ut eller selja kvoten til andre bønder. Slik er kvotane no vortne ei eiga forretning. Høgst salspris får du for tida i Rogaland med over 20 kroner literen.

Vi får derimot leigd ein liten mjølkekvote av Gunnlaug Røthe. Ho driv gard på Voss med sju mjølkekyr i tillegg til arbeid i Norsk landbruksrådgjeving. Mjølkekvoten hennar er på 40.000 liter, og ho har i år kvote til overs sidan ei kvige mista kalven og ei ku døydde på fjellbeite i fjor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement