JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Med utsyn austover

Ser ein Fiskarhalvøya frå Kiberg om vêret er klårt? Iallfall er ein aust for Istanbul.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flyttebussen, som i mange tiår førte vardøværingar vekk, er parkert for godt på fastlandssida av Vardøtunnelen. Kunstverk ved gatekunstnaren Pøbel.

Alle foto: Erlend Skjetne

13883
20211210

Aust-Finnmark

I ein serie på fire delar reiser Erlend Skjetne og fire kameratar langs kysten av Aust-Finnmark, med ein draum om å koma seg til Sværholtklubben.

I andre etappe går ferda frå Nesseby til Vadsø, Kiberg, Vardø og Hamningberg.

Erlend Skjetne (f. 1988) er lærar og forfattar, busett i Trondheim. To av bøkene hans, diktsamlinga Skare (2019) og den Bragepris-vinnande ungdomsromanen Eit anna blikk (2021), er inspirerte av ei tid då han budde i Finnmark.

gamaldans@hotmail.com

Varangerfjorden vidar seg ut. Langt der framme går himmel og hav i eitt. Barentshavet strekkjer seg heilt til Novaja Semlja, Frans Josefs land og Svalbard, vestgrensa går gjennom Bjørnøya ned til Nordkapp. Den delen som ligg nærast Finnmark, blir kalla Austhavet.

Byen med tre byar

Køyrer ein vestfrå inn i Vadsø by, kjem ein fyrst til Indre Kvenby. Alt på 1500-talet syner folketeljingar at det fanst nokre kvenar i Vadsø, eller Vesisaari, som byen heiter på kvensk. Men det var frå 1830- og 1840-åra innvandringa frå Finland for alvor auka på. Fisket var godt, og det viste seg at ein òg kunne drive jordbruk i desse områda.

Sentrum av Vadsø blir kalla Nordmannbyen, men ingen stader er det lettare å få kjøpt seg eit glas Qvænbrygg, det lokalproduserte ølet. Dimed kan dei fire venene mine – som elles er ivrige på å koma fram til Vardø – tole at vi dryger litt lenger i kvenhovudstaden.

Gjennom heile krigen vart Finnmark utsett for bombing frå alliert side, noko som ikkje minst ramma Vardø og Vadsø. Men ettersom desse områda låg nær fronten og sovjetarane rykte hurtig framover, trekte tyskarane seg attende herifrå før ordren om nedbrenning kom. Dette er årsaka til at Vadsø enno i dag rommar mange gamle trehus, og fortonar seg – orsak til dei som måtte føle seg fornærma – som penare enn andre byar i Finnmark, der arkitekturen gjerne verkar vilkårleg. Mange i Vadsø har finskklingande etternamn, og byen har rikeleg med saunaer.

Etter krigen stilna soga om den kvenske arven i Vadsø. Fornorskingspolitikken hadde nok ein del med dette å gjera. Så skjedde noko vesentleg i 1977, med avdukinga av eit stort monument til ære for innvandrarane, altså kvenane. Den finske president Urho Kekkonen, svenskekongen og kong Olav var alle til stades – og kanskje var vinden i ferd med å snu? Med åra har kvenbyen Vesisaari igjen fått luft under vengene. Seinast i august i år vart det arrangert ein stor kvenfestival her, mellom anna med opning av eit nytt kvensk museum.

Innvandrarmonumentet ligg forresten i trappa rett nedom statens hus. Den gamle fylkeshovudstaden i Finnmark er no hovudsete for statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Nokon storby er Vadsø likevel ikkje; totalt har kommunen under 6000 innbyggjarar. Til samanlikning har Alta kommune nærare 21.000, og der har ikkje haldninga til fylkessamanslåinga vore like negativ som i Finnmark elles.

Kommunestyret i Alta har no vedteke ei folkerøysting for å avgjera om kommunen skal bli med i det nye Finnmark, eller melde overgang til Troms. Skjer det siste, vil det nye Finnmark byrja tilværet med kring 55.000 innbyggjarar, vel 20 prosent færre enn det gamle fylket hadde. Troms vil auke til kring 190.000 sjeler, og likevel vera fylket i Noreg med det nest lægste innbyggjartalet.

Isbjørn og superkjendis

Gjennom Ytre Kvenby held vegen fram så å seia i vasskanten utover mot Vardø. Då innvandringa fekk Vadsø og Vardø til å vekse kraftig, voks også fleire kvenske bygder fram langs kysten av Varangerhalvøya. Vestre Jakobselv vest for Vadsø var éi, og austover ligg dei som perler på ei snor: Salttjern, Golnes, Skallelv, Komagvær.

Ekstra årvakne må vi vera under avstikkaren til Ekkerøy, som ikkje er meir av ei øy enn at ein kan køyre ut dit. Mange vil no tru at eg skal skrive om fuglar, for Ekkerøy er eit eldorado for fuglekikarar, men ei vitjing her kan òg handle om heilt andre skapningar.

For det fyrste må vi halde utkik etter Renée Zellweger. Mor til den verdskjende skodespelaren kom nemleg frå Ekkerøy. Så møtte ho ein sveitsar på Hurtigruta. Det eine førte til det andre, og plutseleg budde dei i Texas, der vesle Renée skal ha vorte mobba for den norske aksenten sin. Heldigvis greidde ho snart å leggje om til brei Texas-dialekt.

Frå den landfaste Ekkerøya kan ein speide vidare mot Lille Ekkerøy. Der vart den siste observasjonen av isbjørn i Finnmark gjord i 1953. På dette tidspunktet fanst det berre éin fastbuande familie på øya, enkja Signe Bogdanoff og sønene Ingvald og Daniel. Det var brørne som til slutt tok affære, med ein maskinpistol dei hadde fått av Heimevernet. I dag kan vi gle oss over eit bilete av enkja som poserer oppå kadaveret.

Dei som drog

Landskapet her ute er gjennomgåande flatt og trelaust, men grønt til alle sider. Sauer beitar, raudsildra blømer. Eg blir alltid glad for å sjå denne spede planten, som veks lenger nord enn nokon annan blomeart i verda, heilt opp til Nord-Grønland.

Mot aust verkar havet like konturlaust som før – inntil eg dreg fram kikerten: Det eg anar langt der framme, ei veik, blå stripe, kan vel ikkje vera anna enn Russland?

Det er ikkje meir enn fem–seks mil i luftline over til Fiskarhalvøya, som i dag er fullt og heilt militært område. Gjennom den vestlegaste landsbyen, Vajda-Guba, gjekk grensa mellom Finland og Sovjet frå 1920 til 1940. Landsbyen Tsypnavolok på austsida var i si tid den viktigaste busetjinga av såkalla kolanordmenn, utvandrarar frå Finnmark. I 1929 budde 114 nordmenn i landsbyen. Men så kom krigen, og nordmennene vart fordrivne til Arkhangelsk-området og Karelen, dei vart avretta eller døydde av naud og svolt. Ingen av dei fekk i ettertid vende attende til Fiskarhalvøya.

Eit fiskevær der sambandet austover har vore svært sterkt, er Kiberg, populært kalla «Litle-Moskva». Mange herifrå melde seg til teneste for sovjetarane under andre verdskrigen. Nokre av dei fekk opplæring og seinare partisanoppdrag i Sovjetunionen, medan andre vende attende til Noreg på etterretningsoppdrag. Av dei sistnemnde miste mange livet. Men innsatsen deira medverka mellom anna til at sovjetarane greidde å senke kring 80 tyske lasteskip.

Etter krigen vart mange kibergværingar høgt dekorerte av Sovjetunionen for innsatsen sin. Same aksept frå norske styresmakter måtte dei derimot sjå langt etter, og så seint som i 1968 gjennomførte det norske overvakingspolitiet avhøyr av tidlegare partisanar frå Kiberg.

Men i 1983 la kong Olav ned ein krans ved minnesmerket over Kiberg-partisanane, og i 1992 kom ei formell rehabilitering frå kong Harald, då han heldt ei tale ved same minnesmerket. Han opna med orda: «Det kan være smertelig å måtte se historien i et nytt lys.»

Under kuppelen

Så kjem Vardø til syne. Som namnet røper – på ei øy.

Særleg tydelege er dei to kvite kuplane på Vårberget, Globus-systemet, drifta av den norske etterretningstenesta i samarbeid med USA. Russarane er ikkje særleg glade for framand militær aktivitet så nær Kolahalvøya, og ein del innbyggjarar i Vardø liker dårleg å vera mål for eventuelle åtak.

Kanskje anar ein uråd idet ein køyrer ned i tunnelen, offisielt opna i 1983 som den fyrste undersjøiske tunnelen i Noreg: Ved innslaget på fastlandssida står ein flyttebuss på høgkant, bardunert til bakken.

«Den glade by ved Bussesund» har unekteleg opplevd stor fråflytting. Ifylgje ein vondsinna vits skal fyrstepremien i det lokale julelotteriet ha vore ei fruktkorg, andrepremien eit hus. Sjølv i hjarta av byen står mange hus tomme. I tillegg er Vardø den einaste delen av Noreg sør for Svalbard som tilhøyrer den arktiske klimatiske sona, definert av at middeltemperaturen, jamvel i den varmaste månaden, juli, ikkje er over 10 gradar.

Samstundes er det ein stemningsfull by, der ein anar historia overalt. Vardøhus festning vart bygd på initiativ av Håkon V Magnusson alt rundt år 1300, til forsvar mot karelske plyndringstokt. Gjennom hundreåra har folketalet gått mykje opp og ned i takt med skiftande hell i fiskeria, men bystatus fekk Vardø alt i 1789, samstundes som Hammerfest.

Pomorhandelen var høgst levande fram til den russiske revolusjonen. Utgangspunktet var bytehandel, kornprodukt mot fisk, men seinare dreidde det seg i større og større grad om pengehandel, og rubelen vart nytta som valuta mange stader i Nord-Noreg. At ein ved byrjinga av førre hundreår kunne ta rutebåt frå Vardø til Arkhangelsk, er i dag ein forbløffande tanke.

Eit anna særtrekk ved Vardø er kunsten. I utkanten av byen kan ein sjå den storslegne «Drakkar Leviathan», ei krysning mellom kvalskjelett og vikingskip, laga av kunstnarar frå Arkhangelsk og Severodvinsk som ei «hymne» til menneska og naturen i Arktis.

Elles er det særleg gatekunstnarar som har fått lov til å utfalde seg, ikkje minst på fasadane av meir eller mindre forlatne bygg. «Eternal light, eternal night», seier éin vegg. «Cod is great», påstår ein annan, «Everything is a story» hevdar ein tredje. Min personlege favoritt er ein einsleg svart sjøfugl måla utover heile den raude kortsida på eit vêrbite, fråflytt bustadhus. Han er i floget, midt i eit vindkast – og det same kan ein kanskje tenkje om heile denne byen?

Verdas ende?

Som kjent er Hornøya austom Vardø det austlegaste punktet i Noreg, om ein då ikkje reknar med Kvitøya austom Svalbard. Men frå Vardø går òg ein veg litt nordvestover, til Hamningberg.

Langs denne vegstubben, som er stengd om vinteren, kan ein ana korleis førestillingar om hekseri og kontakt med djevelen kunne få fotfeste i den offentlege forvaltninga her oppe. Overalt er berget kvast og bratt, søyler av stein liknar svarte katedralar, bylgjene bryt. Hyttene som ligg hist og her i landskapet, ser stundom ut til å gå i eitt med berget. Det er eit såpass spesielt område at fleire og fleire får augo opp for det, og no kan ein risikere å møte mange bubilar her ute – elles ikkje eit stort problem i Finnmark. Vegen er ikkje just proporsjonert for slik trafikk, og sikta er jamt over dårleg.

Noko anna som fort kan skremme ein i grøfta, er synet av draugen når han stig opp frå djupet. Meir spesifikt er dette kameraten min Feiten, storvaksen og hårete, og sanneleg kjem fire litt mindre draugar tumlande opp på sida av han: Sjølvsagt måtte vi prøve eit bad i Barentshavet når vi no fyrst hadde det tilgjengeleg. Innimellom dei steile klippene ligg lange, kvite sandstrender.

Også Hamningberg slapp unna flammane i 1944, så husa er gode og gamle. Då eit nytt fiskebruk stod ferdig i 1953, rådde optimismen. Men hamna var dårleg, det trongst nye moloar, og noko slikt kom aldri i stand. I 1965 vart det avgjort at Hamningberg skulle fråflyttast, og ingen bur her fast no. Men mykje er gjort for å ta vare på bygningane, og sumars tid kan ein til og med få kjøpt seg middag her.

Nordpolen

Sjølve tek vi derimot middagen i Vardø, trygge på at det må vera mogleg å finne god fiskemat i pomorhovudstaden. Men er det kulinariske opplevingar ein søkjer, risikerer ein å bli skuffa i Finnmark. Til vederlag finn vi ein thairestaurant, høveleg nok i desse orientalske omgjevnadene, aust for Istanbul. Den norske ektemannen til den thailandske kokken fungerer som servitør, og i selskapet vårt blir han snart populær, ikkje minst fordi han har ein kjellar full av merkverdige ølsortar.

Vi spør:

– Ville det ikkje ha vore fint om vegen vart forlengd frå Hamningberg, så han gjekk saman med vegen i Syltefjord nokre mil lenger vest? Det ville jo ha forkorta turen til Båtsfjord med temmeleg mange mil.

– Kring tjue, seier restauranteigaren.

– Men eg trur ikkje folk her ute ynskjer dette. For om ein gjer ei slik utbygging, vil ikkje Hamningberg lenger vera verdas ende.

Mette og salige spaserer vi vidare til Nordpol kro, som kallar seg Nord-Noregs eldste serveringsstad – «Anno 1864». Her drakk Fridtjof Nansen sin siste øl før han la ut på Fram 2-ekspedisjonen mot Nordpolen i 1889.

Vindsveipte fiskevær på Finnmarkskysten er generelt ikkje stader ein reiser til om ein er på jakt etter damer. Det er jo gjerne damene som fer, mennene som blir verande. Men i Vardø har dei skote gullfuglen ved at politieininga for vandelskontroll og politiattestar er plassert her, og dessutan kontoret for valdsoffererstatning. Ein laurdag kveld på Nordpol kro kan grannebordet plutseleg vera fullt av unge damer frå desse kontora, mange av dei tilflyttarar frå Sør-Noreg.

Flammen og stolen

Medan dei einslege i reisefylgjet tek på seg vide spanderbukser og dreg sine beste trønderskrøner opp av hatten, blir eg sjølv snart ør av hurlumheien. Eg går heller ut for å nyte den råe, iskalde sumarnatta.

Beina ber meg til Steilneset, minnesmerket over hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Den døgnopne minnehallen er utforma av den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Gjennom ein halvmørk gang vandrar ein langs 91 plakettar, ein for kvar av dei dødsdømde, med tekstar utarbeidde av historieprofessor Liv Helene Willumsen på grunnlag av rettsprotokollane.

Nokre av dei inneheld vanvitige skildringar av trolldom, andre er meir nøkterne i tonen. Om Anne, Laurits Pedersens hustru, står det til dømes: «Gjennomgikk vannprøven og kunne slett ikke synke/ Dette ble ansett som et tegn fra Gud og et vitnesbyrd om trollfolk/ Kjent skyldig i bruk av trolldom/ Halvparten av hennes og hennes manns felles bo skulle tilfalle Kongen/ All lovlig kunngjort gjeld av felles bo skulle betales før Kongens rett ble tatt ut». Slutten er sams for Anne og mange andre: «Dømt til ild og bål».

Den andre delen av minnestaden er ein installasjon laga av franske Louise Bourgeois, som døydde før ho rakk å sjå det siste store verket sitt fullført. Opp frå ein stol står ein loge som ikkje sloknar. Svære speglar mangedoblar den visuelle effekten, men elden gjev likevel ingen varme.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ifylgje ein vondsinna vits skal fyrste­premien i det lokale julelotteriet ha vore ei fruktkorg, andrepremien eit hus.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis