JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Med éin fot i fortida og éin i framtida

DOHA: Kva gjer eg i Qatar? Jo, eg vitjar endå eit land i Midtausten, det niande for min del, møter eit samfunn som vil prega nyhenda i 2022, og vert meir kjend med eit land som i mangt liknar Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Perlemonumentet på den sju kilometer lange strandpromenaden La Corniche i Qatars hovudstad Doha. I bakgrunnen ser ein skyskraparane i den nordlege enden av promenaden.

Begge foto: Håvard Rem

10734
20220121

Qatar – del 1

Håvard Rem skriv frå Qatar, det vesle oljelandet som vert sterkt kritisert for brot på menneskerettane, men som i fjor var vertskap for samtalar mellom Taliban og USA og som i år er vertskap for fotball-VM.

havard@dagogtid.no

Liknar Qatar Noreg? Ved fyrste augnekast er dei to samfunna særs ulike. Qatar er ikkje av landa me likar å samanlikna oss med. Qatar ligg i Midtausten, Noreg i Norden. Qatar er eit diktatur, Noreg eit demokrati. Qatar har organisasjonsforbod, Noreg sterke fagforeningar. Qatar nyttar sharia i lovverket, Noreg er ein liberal rettsstat. Qatar er muslimsk, Noreg sekulært. Qatar har store kjønnsskilnadar, Noreg nær ingen. 

Ved neste augnekast har dei to landa mykje sams. Båe er av dei rikaste i verda, båe har rikdomen frå olje- og gassverksemd, og båe har ein innfødd folkesetnad som har gjort seg avhengige av utlendingar i tenesteyrka. Utlendingar som kjem til Qatar og Noreg, får gjerne eit betre liv enn landsmennene sine, men eit dårlegare enn dei innfødde.

Qatar spøka i kulissane då Språkrådet i desember kåra fjorårets nyord: sportsvaske. Som vertsland for fotball-VM om ti månader vil qatararane imponera verda. Skal ein tru Amnesty, har meir enn 15.000 gjestearbeidarar mista livet i arbeidet med å byggja fotballstadion og infrastruktur.

Sams soge

Kva har Noreg og Qatar av sams soge? Ein gullalder med ekspansjon og imperialisme hadde båe landa i sein jarnalder. Etter Romarrikets fall og folkevandringstida laut Karl den store forsvara seg mot åtak frå både sør og nord, frå Arabia og Norden. Medan den norske ekspansjonen kulminerte med Noregsveldet før Svartedauden, har språk og tru frå den arabiske halvøya lagt under seg område frå Atlanterhavet til Stillehavet. 

Endå ein norsk-qatarsk parallell er det at båe landa, etter den krigerske stordomstida, hamna i skuggen av mektigare granneland. Saudi-Arabia og Bahrain gjorde krav på Qatar, Danmark og Sverige gjorde krav på Noreg. At både Qatar og Noreg vart svake koloniar, fremja ein likskap som har prega dei to landa i moderne tid.

Dei fekk seint sjølvstende, høvesvis i 1871 og 1905. Fyrst då fekk dei eigen monark, og i båe landa er det framleis den same familien som utgjer kongehuset.

At sjølvstendekampen enno sit friskt i minnet, kan forklara at båe landa har halde på sjølvstendet og difor har vorte ståande utanfor føderasjonar som grannelanda har slutta seg til. Medan Qatar i 1971 valde å stå utanfor Dei sameinte arabiske emirata, ein føderasjon av sju sjeikedøme, valde Noreg i 1972 å stå utanfor EU. 

At dei to landa har så mykje sams i sogene sine, har nok medverka til endå ein likskap: Båe landa har ambisjonar om å spela ei geopolitisk rolle som meklar i internasjonale konfliktar.

Vesle Noreg er fredsprislandet som har freista å iverksetja fredsprosessar i mange regionar, mellom andre Midtausten. Vesle Qatar ynskjer òg å vera ei diplomatisk stormakt, stolt av å stå med eitt bein i fortida og eitt i framtida, med si særeigne blanding av salafisme og science fiction-urbanisme. Det siste halvåret har Qatar vore vertskap for Afghanistan-samtalar mellom Taliban og USA. 

Stengt luftrom

Av di eg trivst i Midtausten, har eg vitja Egypt, Jordan, Israel, Palestina, Tyrkia, Dei sameinte arabiske emirata, Libanon og Syria. Regionen er uroleg. Somme av landa i Midtausten har eg ikkje vitja på grunn av krig. 

Det gjeld ikkje Qatar, men uro har det vore der òg, og difor hamna eg ein gong i landet, sumaren 2017, om berre på ei mellomlanding. Eg var då på veg til Kuala Lumpur, hovudstaden i Malaysia, frå London, med plass på eit direktefly som eg mista av di flyet frå Noreg var forseinka og Heathrow var i kaos. Luftrom i Midtausten hadde brått vorte stengde. Lufthamnhotella var fulle. Motviljug planla eg å dra inn til London sentrum, men ein kar i innsjekkingsskranken spurde:

– Reiser du med berre handbagasje?

– Ja.

– Kan henda du då når eit fly til Qatar. Det går om tre kvarter. Frå Doha går det fly vidare til Kuala Lumpur. 

– Er det plassar att?

– Plassar? Flyet er tomt.

Same dag hadde Saudi-Arabia, Emirata, Bahrain og Egypt brote dei diplomatiske banda til Qatar av di dei meinte landet ikkje dreiv med diplomati og fredsmekling, men stønad til terrororganisasjonar. Grannelanda stengde luftromma sine for qatarske fly. Andre fly laut søkja om løyve til å kryssa luftromma dersom Doha var destinasjon. Fornuftige og forsiktige passasjerar avbestilte reisa. 

– Du rekk det om du spring, sa han og skreiv ut eit ombordstigingskort. 

Rike qatararar

Med fleire tilsette enn passasjerar om bord vart det ei uvanleg nattflyging, med god plass til å strekkja på seg. Eg hadde floge i eit tomt fly før, men det var eit vanleg passasjerfly, ikkje ein jumbojet som no. Ferda gjekk til Midtausten, då òg. Sumaren 2016 drog eg frå Athen til Istanbul. Nyhenda om ein kuppfreistnad i Tyrkia hadde tømt flyet. På telefonen hadde eg fotografi av sundskotne lik i gatene i Istanbul, sende til meg av ein tyrkar som hadde våga seg ut.

Men om flyet var tomt, var Atatürk lufthamn overfylt. Kven flaug inn til ein hovudstad i unntakstilstand? Av di tryggleikstiltaka i lufthamna var skjerpa, stod eg i kø i timevis – i lag med rikfolk frå Qatar og Saudi-Arabia, nikabkledde kvinner og beduinkledde karar. For dei er Istanbul ein shoppingby, om lag som London, men muslimsk. Seinare på dagen møtte eg qatararane att i lobbyen på Pera Palace. Nett som nordmannen hadde dei høve til å bu på eit historisk hotell, bygt for dei som ein gong kom til Istanbul med Orientekspressen. 

Det næraste eg til då hadde vore qatararar, var då eit par av dei låg i Pollen i Arendal og sprengde ljodmuren når dei rusa dei tusen hestekreftene på båtane sine. Med ei toppfart på 250 km/t tevla dei med Røkke og Gjelsten om å køyra snøggast kring Tromøya. I 2011 vann «Spirit of Qatar 96». Bak rattet sat Hassan bin Jabor Al Thani, soneson av emiren som tok Qatar inn i oljealderen, fetter av emiren i dag, sjølv ein kunstsamlar som har bygd opp verdas største samling av arabisk biletkunst.

Fetteren Tamim bin Hamar Al Thani tok over som emir i Qatar i 2013, 33 år gamal. Under krisa i 2017 vart han eit nasjonalt samlingssymbol. Portrettet av han ser ein overalt, i hotellobbyar, på skyskraparar, attmed motorvegane. Qatar kom seg greitt gjennom grannelandsblokaden. Då butikkane byrja å gå tomme for meieriprodukt, sytte Al Thani for å flyga inn store mengder mjølkekyr. 

Perlefiske

Dei historiske Qatar-Noreg-parallellane går langt attende. Båe landa er stolte sjøfartsnasjonar, med kysten som transportveg, levebrød og skattkammer, før og no. Slik me i Norden hadde rav som eit verdfullt bytemiddel, hadde qatararane ein annan organisk edelstein – perler.

Perlene symboliserer Qatar før oljealderen. Eit muslingmonument dominerer eit sentralt og populært område i hamna i hovudstaden. Same motivet, ei perle i eit skjel, med Dohas futuristiske silhuett i bakgrunnen, prydar omslaget til ein qatarsk novelleantologi som eg kom over i kulturlandsbyen Katara. Perla er ein tilbakevendande metafor i dikta til den qatarske lyrikaren og avisredaktøren Senan al-Muslamani. Dikt 83 i samlinga Nimbus (Doha, 2011) lyder slik:

Dei spreidde perlene gøymde i krukker frå oldtida

låg der som soger som enno ikkje hadde lært seg å gå

som sjeler som enno ikkje hadde tatt steg

mot havet

Og kva er namnet på den kunstige luksusøya Qatar byggjer nord for Doha, som eit svar på Dubais Palmen? Perla. 

Land som stig fram

På ei halvøy har kysten alt å seia. Slik Noreg, som vertsland for dei olympiske vinterleikane i 1994, bygde ein idrettsstadion som eit vikingskip, byggjer no Qatar, som vertsland for fotball-VM i november, ein idrettsstadion, sjølve finalearenaen, som ein Noahs ark.

Noah? Kjem ikkje han frå Bibelen og kristendomen? Vel, for det fyrste var Qatar eit kriste område i fleire hundreår før islam tok over. For det andre kjem ikkje Noah frå den kristne, men den hebraiske bibelen, og han kom derfrå inn i islam og Koranen, der han er rekna som ein av dei fremste profetane. For det tredje henta jødane vassflaumforteljinga si frå ein eldre kultur, den sumerisk-mesopotamiske, som òg omfatta den qatarske halvøya.

Med vassflaumforteljinga syner det seg nok ein norsk-qatarsk parallell, som går heilt attende til mesolittisk og mytologisk tid. Dei fleste landområda på jorda låg synlege for titusen år sidan – men ikkje Noreg og Qatar. At Noreg låg under is, er for oss meir kjent enn at Qatar låg under vatn. 

Om lag samstundes som Noreg «stiger frem, furet, værbitt» frå isen, stig Qatar-halvøya fram «over vannet». Dei to hendingane heng saman. Då vatnet la seg som is over Noreg, sokk verdshava og berrla ikkje berre Doggerlandet i Nordsjøen, men Persiabukta òg. Den frodige golfbotnen låg lenge som ein Edens hage, men då isen smelta og havet steig, vart han overflødd.

Då Persiabukta voks, til om lag der kystlina går i dag, stod det éi halvøy att i det overflødde området: Qatar overlevde flaumen, slik flaumen overlevde som soge i dei eldste midtaustenmytane, om me skal tru forskarane. Flaumsoga i det sumeriske Gilgamesh-eposet vandra vidare i hebraiske, greske og arabiske tekstar. 

Den rike kysten

Men den mest slåande likskapen i soga til Qatar og Noreg finn me i moderne tid. Og no som før finn hendingane stad attmed kysten, offshore. Kysten synte seg å vera rik ikkje berre på rav og perler, samferdsle og fiske, men på olje og gass. Qatar vart ein oljenasjon i 1950-åra, Noreg i 1960-åra. I 2020-åra er ingen av dei størst i oljebransjen, men store er dei båe, faktisk jamstore, på høvesvis 13. og 15. plass på lista over oljeproduserande land, med Noreg eit halvt kamelhovud framfor Qatar. 

Men i gass er Qatar størst av dei to. Landet har den fjerde største produksjonen av naturgass i verda, med Noreg hakk i hæl som den sjuande største produsenten.  

Forvaltinga av dei enorme inntektene er heller ikkje utan likskap. Rett nok har dei to landa høgst ulik styreform, men båe har halde på statleg eigarskap til naturressursane. Båe ligg òg i verdstoppen i levestandard. Om skilnadane mellom fattig og rik aukar i Noreg, er tilhøvet mellom innfødde og gjestearbeidarar i Qatar som mellom herskap og tenarar. For å avslutta med å peika på ein stor skilnad mellom dei to landa: Medan du i Noreg må bu i landet i sju–åtte år for å få statsborgarskap, må du i Qatar tena i eit kvart hundreår før du kan søkja om å verta medborgar. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Qatar lyt du tena i eit kvart hundreår før du kan søkja om å verta medborgar.

Qatar vart ein oljenasjon i 1950-åra, Noreg i 1960-åra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis