JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Månesjuke, tweed og gin

CALLANISH: Når månen heng stor over 5000 år gamle steinsirklar, og politimannen på øya skottar skeptisk mot fullmånen, kjem den trolske ytre Hebridane-stemninga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På kalleneset Callanish står den største av dei 5000 år gamle steinsirklane inst i Roag-fjorden vest på Lewis, den største øya på ytre Hebridane. Sentrumssteinen til venstre er fem meter høg. Til venstre på biletet ser ein Vestre Roag-fjord og øya Great Barnera, til høgre Austre Roag-fjord.

Alle foto: Håvard Rem

11621
20220311

Øyrike i vest

Del 2 – Ytre Hebridane 2

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.
4. mars: Del 1. Ytre Hebridane 1

havard@dagogtid.no

Kva tenkjar du på med ytre Hebridane? Vêrmeldinga og Rockall? Vel, vêret var betre enn venta den veka eg var her, soldagane fleire og fargane sterke. Handvoven tweed? Jau, tweed er handverk, men utsala liknar turistbutikkane med lusekufter i Bergen. Whisky med torvsmak, då? Nei, då må ein nærare fastlandet, til indre Hebridane. Men eg fekk framifrå gin her.

Gin veit eg lite om, men utvalet i hotellbaren i Stornoway er omfattande, og av di dei ikkje har lokal whisky, ber eg om lokal gin, utan å vita at Isle of Harris-gin er prislønt og lovprisa. Eg ber om å få han slik eg får whisky, utan vatn, is eller anna. Smakane som strålar ut i munnhola, skal syna seg å peika mot morgondagen.

Månesjuke

Eller tenkjer du med ytre Hebridane på trolske landskap og Lewis-trilogien til Peter May? Den skotske forfattaren fekk eit internasjonalt gjennombrot med ytre Hebridane-romanane Svarthuset, Lewismannen og Lewisbrikkene (2011–13; på norsk 2017–18), der etterforskaren Fin får hjelp av den lokale politimannen George Gunn. Når Fin kjem frå fastlandet til Stornoway lufthamn for å oppklara drap på øya, er det Gunn som hentar han i folkevogna si.

George køyrer i røynda Range Rover og heiter ikkje Gunn, med Murray til etternamn. I passasjersetet er det ikkje etterforskaren, men eg som sit.

– Eg har vore politimann her på Lewis i tretti år, så Peter nytta meg som modell for Gunn. Eg kjenner alle her. Det var difor eg tok kontakt med den framande som gjekk og fotograferte i hamna – deg, seier George bak rattet, der me køyrer attmed austkysten frå Stornoway nordover på Lewis. Mellom tuftene med ruinar av gamle blackhouses – svarthus, steinhytter, krasafarne steinbuer som no forsvinn i skumringa – lyser kvite, moderne, påkosta villaar.

– Oljearbeidarar. På Shetland tener dei godt, kommenterer George.

Eg vil til å seia noko om Olje-Noreg, men den årvakne politimannen har observert eitkvart på kveldshimmelen.

– Sjå, peikar han.

Fullmånen heng gigantisk og gul over dei grøne, flate markene mot havet.

– Han gjer noko med folk, legg han til.

– Pratar du av røynsle, spør eg.

– I tretti år lærte eg at fullmånen, stundom i lag med sprit, kan pressa sindige folk ut i lunacy, månesjuke.

Callanish

For nokre timar sidan var han glasaktig og mjølkekvit. Då kom fullmånen opp over Roag-fjorden heilt vest på Lewis, dit eg drog på eiga hand i dag tidleg. Ytre Hebridane har fjordar, og somme skjer djupt inn i Lewis. Frå inst i Roag-fjorden, ein arm av Atlanterhavet, er det berre ei dryg mil til fjordbotnane på austkysten.

Inst i Roag-fjorden ligg øya Great Bernera – Store Bjørnøya eller Bjarnars øy, på norrønt Bjarnarey Mikla, herma i det gæliske namnet Beàrnaraigh Mor. Så stor – som Hidra ved Flekkefjord eller Eigerøya ved Egersund – at det framleis bur 250 menneske der.

Kring Bernera og Roag-fjorden har folk late etter seg eldre merke enn betongbrua frå 1953. Grava til ei vikingkvinne. Restar etter ti–tolv meter høge rundhus av stein, brochs, særeigne for Nord-Skottland og øyrika, som bygdeborger i eit landskap utan fjell, somme av dei 2000 år gamle.

Men sjølv dei vert unge samanlikna med steinsirklane som kransar høgdene kring fjordbotnen. Den største av dei står på neset der ein kalla på ferja frå Bernera, før brua kom. Det norrøne namnet på kalleneset heng att i dag, i gæliske Calanais, engelske Callanish.

Inst i fjorden

I norrøn tid var steinsirkelen knapt synleg. Over staden låg eit nær to meter høgt lag av torv. Då det vart rydda i 1857, synte det seg at sentrumssteinen var fem meter høg.

Når vart han reist? Gløym i kronologisk rekkefylgje bronsealder og romarar, keltarar og vikingar. Steinsirkelen i Callanish er eldre enn Giza-pyramiden i Egypt og Stonehenge i Sør-England.

Diverre har me ein refleks som heilt feilaktig får oss til å tenkja at folk spreidde seg frå innlandet til den ytste, nakne øya – som greinene på eit stamtre. Men di lenger ut i øyrika eg kjem, di eldre vert oldtidsminna. Stonehenge er 4500 år gamalt, Calanais 5000 år, og på den ytste øya i Orknøyane skal eg gå inn i det eldste huset i Nordvest-Europa, 6000 år gamalt.

Huset vart reist berre om lag 1500 år etter at Dei britiske øyane vart øyar, skilde frå kontinentet av Den engelske kanalen, etter Storegga-raset på vestlandskysten, meiner somme, men same kva – steinsirkelbyggjarane kom ikkje landevegen til Calanais, men sjøvegen inn fjorden, der ein var tryggare for åtak, til neset ved vegs ende, ved vassvegs ende, til fjordbotnen der ein i Skottland som i Skandinavia har reist tingstad, heilagstad, astronomisk anlegg eller kva det er.

Måneuret

Som så mange oldtidsminne har dei tidlegare vore forstått religiøst. Det er steinstøtter av menneske som ikkje ville la seg kristna, meinte somme, det var eit tempel for druidar, meinte andre.

– Kva tenkjer du om steinsirkelen, spør eg George.

Det har mørkna, og me køyrer attende til Stornoway.

– Eg trur det er ein månekalender, ein almanakk, eit måneur, svarar han, om lag slik forskarane svarar.

Når eg spør kor mange drap han har etterforska på Lewis, svarar han om lag slik Gunn svara då Fin spurde om det same:

– Vi hadde berre eitt på heile nittenhundretalet.

Han legg til:

– Men i april skal eg assistera nokre franske etterforskarar som kjem hit for å sjå på ei sak. Ein franskmann drog på segltur med kona og dei to ungane. Fyrst forsvann kona på uklart vis. Sidan vart seglbåten observert her på ytre Hebridane. Så vart borna funne drukna. Om mannen er i live, veit me ikkje. Men elles er kona og eg pensjonerte no. Me har ein draum om å vitja Noreg ein dag. Eg likar nordic noir. Kor dreg du i morgon?

– Til sørspissen av Harris, til Tarbert, svarar eg.

Han seier:

– Då er du i tweedland. Då lyt du vitja det kjende utsalet der. Hels frå meg.

Ein australiar i Tarbert

Neste morgon dreg eg til Tarbert, etter å ha sendt George ei melding: Loket til den dyre vidvinkellinsa mi ligg truleg på golvet i Range Rover-en. Loket er funne og vert lagt i resepsjonen på hotellet, melder han når eg nærmar meg Harris.

Namna Lewis og Harris krev ei forklaring: Den nordlege delen av hovudøya på ytre Hebridane heiter Lewis, og den sørlege delen Harris ­– som i Harris-tweed og Harris-gin. Frå Stornoway går vegen fyrst gjennom Lewis, som somme stader er flat, brun og torvkledd, andre stader grøn med sauer på beite. Når eg nærmar meg Harris-delen av øya, kjem dalane og dei snødekte fjella.

Om det er langt mellom kvart hus på Lewis, er det lenger her. Om den største staden på Lewis, Stornoway, har 8000 innbyggjarar, har den største staden på Harris, tettstaden Tarbert, berre 1000. Om det meste er sundagsstengt i Stornoway, er nok alt sundagsstengt i Tarbert, for her er det meste onsdagsstengt òg. Midt på dagen er både hotellet og kafeen stengde. Mat får ein utandørs, frå campingvogna Island Bites som sel hamburgarar på torget. I ein garasje nokre kilometer utanfor sentrum finn eg bryggjeriet Loomshed. Det er stengt, det òg. I Tarbert er det meste stengt heile veka. Men ikkje heile året.

– Bryggjeriet opnar til våren, fortel Pete i grannehuset, og han legg til:

– Om vinteren er det heilt roleg her. Det var difor kona og eg flytta hit.

Han voks opp i Sydney i Australia og budde mange år i London før han og kona flytta til hamnebyen Bristol.

–?For fire månader sidan kjøpte me huset her.

Frå kjøkenet har han havutsyn. Skjergarden liknar den sørlandske. Han likar betre å sjå hav enn folk. Men kva lever han av?

– Eg er hovudjeger med heimekontor, men berre på deltid. Bustaden i London går no for 2 millionar pund, og me tente greitt på huset i Bristol òg. Huset her kosta 100.000 pund. For ti år sidan hadde me fått det for 10.000.

Skal dei skotske øyrika overleva, demografisk og transportmessig, treng dei folk som Pete og kona. Som i norske distrikt med negativ demografi er det avgjerande for dei lokale butikkane og handverkarane at det finst «hyttefolk» – tidlegpensjonistar, heimekontorgründerar, rentenistar og kunstnarar.

Sukkertare

Om det frå fjordbotn til fjordbotn er halvanna mil frå Atlanterhavet til The Minch, sundet mellom Lewis og fastlandet, er det i Tarbert berre 600 meter, ei lita landtunge, eit eid som bind Harris og nestenøya Sør-Harris saman. Slik fekk staden namn. Om opphavet er gælisk eller norrønt, er dei lærde usamde om, men dei er samde om tydinga: «Staden der ein ber båten over.»

I den eine enden av eidet ligg Tarbert hamn med ferje til fastlandet og Uig på Isle of Skye. I den andre enden ligg tweedutsalet. Men så langt kjem eg aldri.

Midt på eidet, mellom hamna og utsalet, ligg eit stort, nytt bygg som liknar ei kyrkje, men på veggen les eg ikkje Free Church of Scotland, men Isle of Harris Distillery. Eg har kome til staden der dei produserer nåleputer av månestrålar å leggja i munnhola.

Harris-smaksdomaren går i Harris-tweed, heiter Harrison Wood og byr på blank Harris-gin på blanke føremiddagen. Eg kjenner att dei brennande strålane frå hotellbaren. Med glaset i handa fylgjer eg Wood inn i laboratoriet. Der er det som om han tek ein av strålane og køyrer han gjennom eit prisme, så han vert spalta i dei ulike smakane og ingrediensane, i form av 15 glaskrukker som står i ein reol. Einerbær, korianderfrø, kassiakanel, skal av bitterappelsin, indonesisk pepar, rot av lakris, fiol og kvann.

– Men den mest definerande ingrediensen er heilt lokal, henta ute i fjorden av dykkaren vår, Donnie, ein tidlegare kamskjeldykkar, fortel Wood og held fram glaset med tørka sukkertare, heilt vanleg tare som veks attmed noregskysten òg.

Me går vidare til det aller heilagaste, der whiskyen godgjer seg. Det seks år gamle destilleriet reknar med å lansera Harris maltwhisky neste år.

Songhuset

Nøgd set eg kursen mot Lewis att. Kva tyder namnet? Engelske Lewis kjem av franske Louis og tyske Ludwig, er det eit spor? Nei. I område som har vorte erobra og atterobra, lever mange stadnamn vidare hjå erobrarane fyrst og fremst som ljod. Eit nytt mål hermar ljoden av namnet, men då utan opphavleg tyding og etymologi. Eit par døme: Med Jorsalir herma vikingane ljoden, ikkje tydinga, av Jerusalem, «fredsbyen». Med i og for seg meiningslause Kirkwall, «kyrkjemuren», den største byen på Orknøyane, herma skottane norrøne Kirkjuvágr, «kyrkjevika».

Sameleis er Lewis ei herming av det skotsk-gæliske namnet Leòdhas, som truleg er ei herming av det norrøne namnet på øya, Ljodahús – ljodhus, song- eller diktarhuset.

Det er kveld når eg kjem attende til hotellet i Stornoway. Eg lyt opp klokka fem for å rekka flyet vidare til Kirkwall og Orknøyane. Ferda til Tarbert var fin, men eg kom meg aldri til tekstilutsalet. Gin synte seg meir spanande enn tweed.

Når eg skal henta linseloket i resepsjonen, får eg ein stor pakke. I lag med loket ligg ei Harris-tweedjakke av beste merke, handvoven og nummerert, og med ei melding: «Eg har teke av nokre kilo etter hjarteinfarktet, så jakka høver nok betre på deg.»

Jakka sit som eit skot gin. Kjem det folk frå ytre Hebridane til Oslo, skal det ikkje stå på gjestfridomen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Destilleriet lanserer Harris maltwhisky neste år.

Steinsirkelen er eldre enn Stonehenge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis