JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

13700
20240628

Bakgrunn

Manu Dibango (1933–2020)

Musikar, songar, komponist frå Kamerun

Fekk internasjonal suksess med låten «Soul Makossa» i 1973

Gav ut meir enn 70 album

Var ein sentral figur i moderne afrikansk musikk, som han blanda med funk, jazz og annan afrikansk-amerikansk musikk

Samarbeidde med mellom andre Fela Kuti, Herbie Hancock, Don Cherry og Ladysmith Black Mambazo

Kjelde: Store norske leksikon

redaksjonen@dagogtid.no

Bussen stoppar i Douala, den nest størst byen i Kamerun. Det var varmt i hovudstaden Yaoundé. Her er det varmare. Vi blir møtte av Deko Ebongué, som er vår kjentmann. Vi skal overlevere ein brukt Roland synthesizer frå Vakoté, den sams venen vår på Kolbotn heime i Noreg. Gleda over gåva er til å ta og føle på der vi sit på eit lite ølutsal i ei sidegate.

Etter eit par flasker med Guinness Export, blir vi følgde til leilegheita vår. Ho såg bra ut på bileta og er heller ikkje så verst då vi kjem inn. Det vi ikkje veit, er at det eine rommet ikkje har vindauge, og at dette soverommet, med vegg tynnare enn papp, har nattklubben Paradis som nærmaste nabo. Å prøve å sove der er som å skulle sovne midt på dansegolvet. Men vi fell i svevn i kvar vår sofa i TV-stova, med musikken dundrande rundt i draumane våre.

Den største saksofonisten

Dagen etter har det stilna, og vi kan konsentrere oss om hovudgrunnen til at vi er i millionbyen Douala. Manu Dibango var den mest namngjetne innbyggjaren og den største jazz- og funksaksofonisten frå Kamerun, kanskje i heile Afrika. Som multiinstrumentalist og orkesterleiar sette han seg stadig nye mål gjennom heile sin lange karriere med afrikanske musikktradisjonar som utgangspunkt.

«Manu Dibango trong ikkje gå rettens veg. Han vende seg direkte til Michael Jackson og fekk klekkeleg kompensasjon.»

Foreldra var strenge protestantisk kristne. Faren var frå yabassifolket, som blei sett ned på av doualastamma mora tilhøyrde. Dei spanderte utdanninga på den skoleflinke Manu, som fekk reise til Frankrike som 15-åring for å utdanne seg. Dei vona at han skulle kome heim som lege, advokat eller arkitekt, men då faren fekk vite at guten var blitt jazzsaksofonist, var det slutt på pengane heimanfrå.

Manu greidde seg. Han gifta seg med belgiske Coco, fotograf og fotomodell med stort nettverk. Sjølv blei han leiar for husbandet på Anges Noires, den hippaste nattklubben i Brussel.

Diasporaen i Brussel

Svarte stjernemusikarar frå Afrika, Nord-Amerika, Karibia og Sør-Amerika hadde ståande invitasjon til jamsession der etter konsertar. Dibango har i ettertid omtalt desse sesjonane som eit slags laboratorium for «pseudoafrikansk blandingsmusikk».

I 1960 spelte kongolesaren Joseph Kabéle og bandet African Jazz saman med Dibango på Anges Noires. Han blei tilbydd hyre som saksofonist og pianist i African Jazz på flekken. Det var eit tilbod han ikkje kunne seie nei til, så han blei i Kongo i to år.

Kongo var blitt sjølvstendig i 1960 og musikken ein del av nasjonsbygginga. Det same skjedde i mesteparten av dei andre franske og britiske koloniane sør for Sahara. Manu skulle kome til å spele den store African Jazz-hiten «L’Indépendance Cha-Cha», mange, mange gonger. Songen er den dag i dag ein uoffisiell sjølvstendesong i heile Afrika.

Det blei turnear og plateinnspelingar, også under eige namn. Med «Twist à Leo» introduserte Dibango den vestlege farsotta i Kongo. Han opna Club Tam-Tam i Léopoldville (Kinshasa), der han såg at dei afroamerikanske røtene til twist ikkje var langt unna rumba, biguine og merengue, den vanlege kongolesiske dansemusikken.

Nasjonsbyggande musikk

Med jazz- og dansebandbakgrunn fusjonerte Dibango dei afrikanske tradisjonane og blei med på å vidareutvikle den kongolesiske rumbaen som blei spreidd over heile Afrika, takk vere Radio Congo, den kraftigaste radiostasjonen sør for Sahara, etablert av dei belgiske koloniherrane like før dei måtte trekke seg ut.

Musikken blei ein del av det musikalske uttrykket når dei ville styrke den nasjonale identiteten sin med eigne musikalske røter. Så også i Kamerun. Spesielt i Douala, fødebyen til Dibango, blei den urbane hybridmusikken uttrykk for den kamerunske nasjonalkjensla etter sjølvstendet i1961.

Den kongolesiske rumbaen blei rørt saman med dei rike kulturelle tradisjonane til doualafolket. Nokre av desse tradisjonane var gravferdsmusikk, anna var dansemusikken assem-bey, spela på gitar, rammetromme og perkusjon med trepinnar. Doualamusikken pluss High Life frå Ghana og Nigeria i tillegg til dei kongolesiske ingrediensane blei til den kamerunske hybriden makossa.

I 1963 stengde Dibango Tam-Tam-klubben i Kinshasa og reiste tilbake til Douala og bidrog til utviklinga av makossa. Han ville forsone seg med faren og vise at han kunne leve av musikken i Kamerun. Han opna Tam-Tam Club både i Douala og i Yaoundé, og publikum strøymde til, men alliansen av lokale nattklubbar som frykta konkurranse, og kyrkja som skulda musikken hans for å spreie umoral, øydela for han. Han måtte stenge og flytta til Paris for å starte på nytt, og det var der han skulle bygge seg opp til eit verdsnamn som plateartist med makossamusikk.

– Revolusjonerte musikken

Ei av dei største makossastjernene i kjølvatnet til Dibango var Sam Fan Thomas, gitarist, låtskrivar og produsent. Vi treffer han fleire gonger i Douala, der han dei seinare åra har vore mest opptatt med produksjon av andre artistar. Han underviser oss om makossa:

– Makossa revolusjonerte musikken i Afrika. Gitaristen Nelle Eyoum frå Douala hadde spelt i Kongo i mange år, men ein dag gjekk han over til å spele sin eigen musikk og synge på sitt eige språk. «Makossa» betyr å bøye seg, det vil seie «la oss danse», la oss falle inn i dansen.

Han ropte «kossa, kossa» for å oppelde musikarane og dansarane.

– Etter kvart blei musikken kalla makossa. Eg starta i kortradisjonane i kyrkja, så høyrde eg på James Brown, Otis Redding og Beatles. Men det nådde ikkje fram i Kamerun. Eg ville lage danserytmar. Så eg utvikla ein makossarytme eg kallar makassi.

Heimen til mora

Husværet vårt ligg på gateplan i Rue de la Joie, sjølve forlystingsgata i Douala. Kjentmannen vår bur i same strøket, er musikar med eige studio og gift med Nadia, tremenningen til Manu Dibango. Deko hentar oss ein søndag morgon for å treffe slektningar i huset etter mora.

Vi går forbi den raude murbygningen til Hotel Sun City, som husar nattklubben «Three Seven 777» – open frå sju til sju – og i glas og ramme i vindauga og skjerma av smijarnsornament heng store idolbilete av makossastjerner. Mest prominent er biletet av Manu Dibango med saksofonen. På gatehjørnet står den kvite luksus-SUV-en til Ben Decca, ein stødig leverandør av salbar kristen-makossa. Han har også idolbilete i eige vindauge.

Far til Manu hadde ein son frå eit tidlegare ekteskap, men for foreldra, som ikkje fekk fleire barn, var han den einborne. Mora hadde mange tilsette i syverksemda si og leia kvinnekoret i den protestantiske kyrkja, mens faren var statstenestemann.

Synthesizeren har overlevd transporten frå Oslo til Douala. Kjentmann Deko Ebongué til høgre.

Foto: Asbjørn Øverås

Huset til mora ligg på høgda ovanfor den firefeltbreie rundkøyringa Rond-Point. Midt i den marerittaktige trafikken står det tolv meter høge landemerket av ein skrapjarnskulptur som kunstnaren døypte «La Nouvelle Liberté», men som på folkemunne heiter «Monsteret», «Le Njou Njou de Deido».

Rett før vi kjem til Dibango-heimen, høyrer vi kraftige kvinnerøyster i rytmisk fleirstemd gospelsong strøyme ut frå eit lite trehus med bølgeblekkframspring. Gata er folketom, klokka er ti søndag morgon, og det er alt 30 plussgrader.

Kvinnene sit på kvite plaststolar i døropninga inn til det knøttlitle bedehuset, og vi kan skimte dei som syng inne i stova. Under framspringet står ein stor høgtalar. Vi tenker oss at det var slik gospelsong Dibango høyrde saman med mora. Innimellom bryt ein kvinneleg predikant inn. Vi treng ikkje forstå douala for å skjøne at det er glødande forkynning.

Biten av basillen

I barndomen til Dibango var det religionsundervisning og korsong kvar einaste kveld. Kyrkjedirigenten som arrangerte dei ulike stemmene, gjorde at Manu blei biten av musikkviruset. I hovudet begynte han å komponere, og snart arrangerte han fleirstemt song med kameratar og familie.

Det er ikkje annan lyd i gata enn gudstenesta. Vel framme går Deko inn på den overbygde verandaen. Ei kvinne ønsker oss velkomne inn i stova, der ein eldre kar i kvit singlet og arbeidsbukse sit og kviler seg. Han reiser seg og handhelsar med ein diger neve. Han er fetter av Manu. Heile stova er full av Manu Dibango-memorabilia, til dømes eit målarstykke av eit kjent pressebilete.

Sollyset gjer det vanskeleg å fotografere bileta. Vi ser det kjende fotografiet av den dresskledde 15-åringen Manu før han går om bord i dampskipet som tok han på ein tre veker lang seglas frå Dakar til Marseille. Eit fotografi av familietreet til mora understrekar den stolte etniske identiteten til doualaslekta. På eit bord står ein symaskin som kanskje tilhøyrde mora.

Eit alvorsprega fotografi av foreldra som unge heng også i stova. Utanfor helsar vi på Dibangos 22 år yngre syskenbarn Moukori Elong. Han hugsar at han fekk lov til å bere saksofonkofferten til Dibango då han kom heim til Douala i 1963. Då var Moukori åtte år.

Moukori fortel at han spelte orgel, og at han også budde i Paris i nokre år. Han kunne fortelje at president Paul Biya hadde plukka han ut til presidentkandidat når han ein gong trekker seg. Nokre veloppdregne jenter i fnisealderen sit saman med oss på verandaen og høyrer på. Det gjorde inntrykk å ha sett denne heimen som var som eit museum for den verdsberømte onkelen og fetteren som budde i Frankrike, men aldri reiv seg laus frå røtene i Douala.

«Soul Makossa»

Utover på 1960-talet blei soulmusikken med James Brown og Booker T. and the M.G.’s uhorveleg populær i Frankrike, og i 1972 spelte Dibango inn genistreken «Soul Makossa» i Paris med supermusikarar frå Kongo, Kamerun og Guadeloupe. Ein eksplosiv saksofoninstrumental som fusjonerte afromusikk og funk og med eit hypnotisk omkved som Dibango resiterte på doualaspråket til mora: «Mama-Ko, Mama-Sa, Ma-Ma-kossa».

På same frekvens kom dei afroamerikanske slagorda om Black Power og Black Is Beautiful som dyrka afrikansk identitet. Soul var høgste mote. Mens dei fleste amerikanske soulartistane hadde afrofrisyre til dei afrikanske draktene sine, såg Dibango med solbriller og glattraka hovud presis ut som ikonet Isaac Hayes, som laga musikken til blaxploitation-filmen Shaft.

På språket til mor til Dibango tyder ko falle og sa tyder danse. Makossa tyder ikkje skal vi danse? Det er imperativ. Dans!

Det oppdaga DJ-en David Mascuso då han la den franske Decca-utgivinga av «Soul Makossa» på platespelaren i leilegheita si The Loft på Manhattan, som var den eksklusive arnestaden for den gryande diskokulturen på byrjinga av 1970-talet. Eit alternativ til dei kommersielle diskoteka, rasemessig og sosialt inkluderande og open for skeive.

For å bli invitert måtte ein vere ihuga dansar. Dansarane på The Loft gjekk bananas, og snart gav radio-DJ-ane i New York, med Frankie Crocker på den svarte stasjonen WLBS i spissen, tung rotasjon. Plata gjekk til topps på listene i New York før ho vart lisensert til det store plateselskapet Atlantic. I mellomtida fekk Kool & the Gang hit med halvplagiatet «Jungle Boogie», og eit tjuetas ulike piratversjonar verserte. Likevel kom Manu Dibango høgt opp på R&B-listene, og ikkje minst kom han inn på Top 40 Pop som første diskoplate. Løva frå Douala blei gudfar for disko.

Klekkeleg kompensasjon

Opningssporet til Michael Jacksons Thriller-LP, det mest selde albumet gjennom alle tider, heiter «I Wanna Be Startin’ Something». I avslutninga av denne låta sampla han det berømte refrenget frå «Soul Makossa» utan å spørje Manu Dibango om lov.

Dibango trong ikkje gå rettens veg. Han vende seg direkte til Jackson og fekk klekkeleg kompensasjon. Den eksakte summen er ukjend, og faktum er at Michael Jackson gav «Soul Makossa» forlengt liv.

Rihanna og The Fugees har gjort det same. Saman med tallause andre har dei gjort Manu Dibango til den mest sampla av alle afrikanske artistar, og det er slett ikkje berre «Soul Makossa» som er kjelda. Den enorme skaparkrafta hans resulterte i over 50 samplingvennlege LP- og CD-utgivingar.

I mars 2020 døydde Manu Dibango av covid-19. Han var aktiv heilt til det siste. I august 2019 opplevde vi 86-åringen gi jernet på Rådhusplassen i Oslo under Melafestivalen.

Profet i eige land?

Vi spør Sam Fan Thomas om kvifor det ikkje er gjort meir for å heidre han i Kamerun.

– Han blei ikkje gravlagd i eige land på grunn av covid-19. Musikarane her prøvde å samle seg for å markere noko, men familien meinte dei måtte vente til pandemien var over. Familien skulle gi grønt lys. Vi har venta, og ingenting har skjedd.

Thomas seier at Dibango innførte profesjonalitet i musikken.

– Han var ein av dei mest skolerte musikarane i heile Kamerun og blei eit førebilete ved å ta musikk på alvor. Alle kamerunske musikarar står i gjeld til han. Dersom ein kamerunsk saksofonist spelar noko som helst, så spelar han Manu Dibango.

Då han døydde, prøvde fleire å gå saman om å få han gravlagd i Douala.

– Det lét seg ikkje gjere. Mange av oss har også prøvd å få til ein måte minnast han her i Douala på.

Det hadde ikkje vore unaturleg om flyplassen i fødebyen blir kalla Manu Dibango International Airport Douala, slik som John Lennon har gitt namn til flyplassen i Liverpool og Louis Armstrong i New Orleans. Eller om han stod på sokkel i rundkjøringa i Rond-Point i Deido.

Manu Dibangos tid i Kamerun vil kome. Det er berre å spørje taxisjåførane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis