JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Magne på Sylvarnes

Bli med til det veglause Sogn for å kjøpa oksekalvar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magne tek ein av dei fem oksekalvane til transportkassa.

Alle foto: Svein Gjerdåker

12583
20221125

Bakgrunn

Sylvarnes ligg ved Sognefjorden, vest for Vik.

Magne Sylvarnes driv gard med mjølkekyr og sauer.

Dag og Tid mjølkar og ystar kvar sommar på stølen til Bjørn Mjølsnes på Remlo i Vossefjella og har kyrne på garden Selheim om vinteren.

svein@dagogtid.no

Klokka to presis legg båten frå kai i Vik i Sogn med ni passasjerar, to bilar, ein tilhengar, ein kveil med plastrøyr, ein pall med kraftfôr, ein mjølketank, post og to vêrar.

På denne tida av året kan det vera ruskete på Sognefjorden, men i dag er det stille. Katamaranen «Tansøy» har 2600 hestekrefter og skjer vassflata i 22 knop. Den 29 meter lange båten vart bygd i Mandal i 2007 og har eit mannskap på tre.

Blant passasjerane denne fredagen er bøndene Hilde og Lars Selheim frå Voss. Dei skal ut fjorden til Sylvarnes for å henta fem oksekalvar, og eg får vera med. Grenda ligg på sørsida av Sognefjorden, like vest for innlaupet til Finnafjorden med utsyn rett over til Nessane, knappe tre mil ut fjorden frå Balestrand.

På turen skal vi innom fleire veglause grender langs strendene: Otterskred, Geithus, Finden og Vollevik – før Sylvarnes. Sylvarnes – for eit namn! Tenk å heita Svein Sylvarnes!

Det har vore mange planar om køyreveg til dei som bur mellom Vik og Ortnevik. Både veg i dagen langs fjorden og ulike tunnelløysingar, men det vart for dyrt, og planane er no lagde bort for godt. Dei få som bur her enno, er avhengige av båtruta, som er ei av dei få mjølkerutene som er att i landet.

Magne Sylvarnes står på kaien og tek imot oss. Mannskapet på «Tansøy» heiser over mjølketanken. Kvar tredje dag sender Magne mjølka med båten til meieriet i Vik, der ho vert til gamalost. No er tanken tilbake og skal fyllast på ny, men fyrst skal han fraktast dei 90 høgdemeterane opp til gardstunet. Eg får sitja på i førarhuset på den nye Caron Transporter-en, ein to år gamal italiensk traktor bygd for gardsdrift i Alpane og perfekt for dei bratte bøane på Sylvarnes.

I dag bur det fire menneske her: Magne på det eine bruket og pensjonistane Borghild og Reidar Hjortland på det andre. Dei to har i dag 20 sauer og har drive garden sidan 1974. I tillegg bur Marek på garden til Magne, tilsett som gardsmedarbeidar åtte–ni månadar i året.

Magne inviterer oss inn på kjøkenet og serverer kaffi og tjukke heimelaga franske vaflar med moltesyltety. Frå ein gamal Bremykt-pakke byr han på eige smør. Praten går om dyrehald, jordbruk og ulike driftsformer.

– Slit du med celletalet, spør eg, med problema på Dag og Tid-stølen ferskt i minnet, altså at ein spene kan ha ein bakterieinfeksjon, med fare for jurbetennelse.

– Eg har hatt ti i celletal dei siste leveringane, seier Magne.

Eg vert imponert. Ti i celletal er ikkje for amatørar og fortel om god jurhelse og friske og stressfrie kyr.

Kyrne til Magne får høy til kvelds.

Kyrne til Magne får høy til kvelds.

På Sylvarnes har folk levd av fiske og jordbruk sidan 1300-talet. Grenda fekk postopneri i 1890. På same tid fekk dei dampskipsstopp, men måtte borda skipa med robåt til kaien stod ferdig i 1895. Eigen telefonstasjon kom i 1916. I 1921 var det 200 personar som høyrde til Sylvarnes postopneri, som vart lagt ned i 1972.

Eigen skule kom i 1901. Han vart lagt ned i 1985 og er i dag ei ubetent turisthytte med ni sengeplassar. Mellom Ortnevik og Sylvarnes har den gamle ferdslevegen vorte opparbeidd att til ein flott merkt tursti som tek fire–fem timar å gå. Då Noregs beste turrute skulle kårast, var denne ruta med som ein av hundre finalistar.

Stordomstida til Sylvarnes var frå tidleg 1900-talet til ut på 1960-talet. Eit nytt oppsving kom på 70-talet, då den økologisk foreininga Alternativ Jordbruk skipa eit kollektiv på nabogarden til Magne. Målet var å gje ein sjanse til folk som ville ut av byen for å driva gard.

Våren 1972 kom så ein anarkist frå Sunndalsøra, ein buddhist frå Nederland, ein trubadur frå California og ein moldtræl frå Sveio med båten til Sylvarnes for å driva nabobruket til foreldra til Magne. Moldtrælen, Olav Vandeskog, fortel på telefon frå Lindesnes at tida på Sylvarnes var ei oppleving for livet.

– Det kom ofte besøk av hippieinspirerte unge menneske utan røynsle med praktisk arbeid og med fablar om det pengelause samfunnet. Men folket på Sylvarnes var opne og fordomsfrie.

Etter to år vart kollektivet avvikla. Det var då Borghild og Reidar kom tilbake og overtok garden.

Grenda Sylvarnes i skumringa.

Grenda Sylvarnes i skumringa.

Magne har drive garden sidan 1980. Han var då 26 år og hadde før det gått på Stend jordbrukskule i gamle Fana utanfor Bergen og arbeidd på gard på Byrkjelo og på slakteri i Norheimsund og Bergen. Garden er på 32 mål innmark, i tillegg slår han 15 mål på det nedlagde bruket på Hanekam like ved Sylvarnes.

Magne er mjølkebonde med ein kvote på 32.000 liter og ni vestlandsk fjordfe-kyr, ei kvige og ein gardsokse. Han har òg 22 vinterfôra gamalnorsk spelsau, ein fjordhest, fire fjøskattar og ein flokk islandske høner i alle slags fargar. Hønene og hanen er hardføre og livskraftige og finn seg mykje mat ute. Det er lite rovfugl og rev rundt garden, og så langt har han berre mista éi høne.

Vi går inn i den trivelege floren der kyrne står på rekkje. Han har ei bok frå 1919 der besteforeldra, foreldra og han sjølv har skrive inn namna, parings- og kalvingsdatoen til alle kyrne dei siste 103 åra. Til saman står 120 kyr oppførte i boka.

– Det kjekkaste eg visste som liten, var å lesa i denne boka, seier han.

Eg helsar på Knøti, eit gamalt namn på litt småvaksne kyr, Gullrei, Kvitros og Kongrei, som mjølkar mest, Myrkrei, fødd mørkebrun, men skifta brått farge og er no heilt svart, Dokka, sjefkua som er eldst og klok og gjer det Magne vil ho skal gjera, Kopprei, Roselin og Bianca. Det var ei jente frå Italia som kom med det namnet. Ho arbeidde på garden ein sommar. Men no skal Bianca slaktast. Ho er for uroleg og vil ikkje la seg handmjølka på stølen om sommaren.

Gardsoksen, frå garden til nestoren i fjordfemiljøet, Nils Drabløs på Sunnmøre, har det lite mandige namnet Noddi. Men namnet skjemmer han ikkje, oksen er fin og frisk og funkar.

– At han funkar, veit vi, sidan kviga han para i vår, er drektig. Det er godt å vita når oksen i desember skal i gang med kyrne, seier Magne.

Dei 22 sauene går enno ute og er som kyrne og hønene i all slags fargar. Namna til sauene er òg førte inn i ei eiga bok. Der finn vi Punka, som har ei stripe på hovudet som ser ut som ein hanekam. Flinka, Storekvita og NN, fordi Magne mangla øyremerke då ho vart fødd. Mor til Flaks hadde ein hard fødsel, og lammet var heldig som kom ut i live.

På bøen ned mot fjorden går den 20 år gamle fjordhesten Lilly. Magne kjøpte mora i Gulen i Ytre Sogn i 1997. I 2002 vart ho para på eit hingsteslepp på Voss. Hingsten var Lunnar, fødd i 1994, som fekk 1. premie på ei utstilling i Nordfjordeid med omtalen «harmonisk hingst med meget godt preg». Magne heldt på følet og selde mora. No nyttar han Lilly til å køyra høy frå utløene, harva møka på bøane, kløvja til stølen og dra tømmer ned til saga. Merra likar å gå saman med sauene på beitet, og om vinteren står ho i stallen saman med vêren.

Dei to bruka utgjer eit lite klyngjetun med 12–13 bygningar. Øvst står saghuset. Før hadde Magne ei sirkelsag, men for to år sidan kjøpte han bandsag som er lettare å skjera fint med, og som treng mindre vedlikehald. Han byggjer for tida ny innreiing i smalefloren og treng mykje materiale. Rundt ein halvtime tek det å skjera opp ein stokk til panel eller bordkledning.

I grønsakhagen dyrkar han gulrot, kål, raudbete, kålrot, jordskokk, squash og persille. I drivhuset har han tomat og agurk og i åkeren potet. I frukthagen står pæretre, plommetre og epletre – blant anna den gamle sorten kaupangereple. Og han har rips, solbær, stikkelsbær, bringebær og jordbær. I fjellet plukkar han molter og i skogen tytebær og bøttevis med blåbær.

Med åtte fellingsløyve har han tilgang til nok hjortekjøt, men sjølv likar han best sauekjøt. Kvar haust slaktar han to vaksne sauer.

– Pinnekjøtet vert saftigare og betre frå sau enn frå lam. Ein må berre koka det litt meir. Dessutan får eg så dårleg betalt for sauekjøtet at det er fornuftig å nytta det sjølv.

Kassa med oksekalvane vert lyfta over på båten.

Ja, det er bratt her og utan vegsamband. Så det er lett å tru at dette er ein plass «ingen skulle tru at nokon kunne bu». Med det er feil, sjølv om NRK har vore her og laga program. Magne klarer seg fint med låge utgifter og lågt forbruk. Og sjølv om han er veglaus, har han båten «Tansøy» tre gonger for veka. Over fjorden ser han ljosa frå bygda Nessane, og han kjenner seg ikkje isolert.

Å ro over fjorden tek ein time i godt vêr, men med den 17 fot lange båten «Silver Viking» med 25 hestar brukar han berre ti minutt. Klart ein kan bu her. Det er mange som kunne budd som Magne. Det er sjølvsagt ein fordel å ha vakse opp på staden, men det gjeld om du skal flytta til Bergen eller Berlin òg. Ein må berre ikkje ha naive førestillingar om livet på bygda.

– Og du må lika å arbeida, seier Magne.

Sjølv står han opp kvar morgon klokka fem og går rett i fjøset før halv seks.

– Eg må tidleg i gang med mjølkinga, for kvar tredje dag skal mjølka vera i tanken, nedkjølt og på kaien til klokka ni når båten kjem.

Dagsrytmen er fast. Frukost et han når han er ferdig med fyrste fjøsstellet halv åtte. Det viser seg at han er Dag og Tid-abonnent.

– Eg les ei side kvar morgon når eg et frukost, fortel han.

Så er det middag halv tolv. Middagskvil ein time frå tolv til eitt. Nonsmat klokka fire, og i fjøset att frå halv seks til halv åtte.

Gjennom årsrytmen er dagen fylt med våronn – rydda kvist, lauv og småstein som er komen på bøen gjennom vinteren, møkakøyring og spreiing med greip, reinekøyring frå potetåkeren, altså få opp att jorda som har sige ned frå åkeren etter siste pløying, potesetjing og gjerding.

Når sommaren kjem, er det slått med både slåmaskin og lang- og stuttorv – og hesjing. Deretter lauvinga av ask- og seljetre etter sisteslåtten.

– Det vert ikkje så mykje fôr av lauvinga, men sauene er særs glade i det. Julaftan får dei alltid turka lauv, fortel Magne.

Så er det å plukka poteter og frukt om hausten. På seinhausten, og i mars, er det klipping av sauene. Om vinteren er det vedlikehald, tømmerdrift og vedhogst.

Om sommaren søv han på stølen, handmjølkar eit par kyr som sommarmjølkar, før han går ned til garden kvar dag for å arbeida. Å gå opp att tek fort ein og ein halv time.

– Det kjekkaste er arbeidet med dyra, seier Magne.

– Dyra er alltid takksame når eg kjem i fjøset. Eg likar sauene godt, men får eit nærare tilhøve til hesten og kyrne.

– Fører driftsmåten din til mykje tungt arbeid?

– Eigenleg ikkje.

– Ikkje?

– Vel, silolegginga kan vera tung, med rakinga av graset i render på bøen og spreiinga i siloen til slutt. Men hesjing når graset er vått, tek òg på.

– Det vil eg tru.

– Ja, og møkaspreiinga med greip om våren og bering av mjølkespanna frå fjøset til mjølketanken.

– Og saueklippinga?

– Sant nok. Enkelte sauer kan vera tunge å halda og få klipt samstundes. Slakting er òg tungt arbeid. Jau, det vert nokre tunge tak innimellom. Men det er likevel ikkje tungvint. Det er noko anna.

I fjorden er det laks, torsk, sei, lyr, brosme, lange, makrell og sild. Men Magne er ingen ivrig fiskar og har ordna seg ein avtale der han byter frukt mot fisk.

– Men far og bestefar fiska, ikkje minst laks som kom i store stimar som vart leia inn i kilenota.

I boka Laks i sikte skriv Terje Eggum om laksefiske i Sognefjorden. I nabobygda Ortnevik kunne fangsten på eit lakseverp på 1930-talet vera opp mot 100 laks for dagen. No har lakseoppdrett vore med på å øydeleggja for den typen fiske. For å understreka det rømde 40.000 oppdrettslaks nyleg frå eit anlegg i Vadheim litt lenger ut i fjorden.

Det nærmar seg tida då rutebåten kjem tilbake til Sylvarnes. Magne hentar kalvane frå fjøset. Dei er milde, men likevel spretne når dei vert førte ein og ein til transportkassa på traktoren. Klokka seks kjem båten mot kaien i det halvmørke ljoset, og kassa med kalvane vert lyfta om bord. Ein god time seinare er dei i bilhengaren på veg over Vikafjellet til Voss.

To av kalvane skal verta dei neste gardsoksane hjå Hilde og Lars på Selheim. Dag og Tid er medeigar i kalven som Magne har mest tru på – nr. 253 – son til Gullrei. Far er Arne, frå buskapen til Arne Bekkevold i Vadheim, som er kjend for gode fjordfekyr. Mor til Gullrei var Bufrid. Ho vart 13 år og er den beste mjølkekua Magne har hatt på Sylvarnes.

Det lovar bra for kvaliteten på oksen vår – Sivle, som han no heiter. Sivle frå Sylvarnes. Neste haust er han klar til å para Symra og kalven ho fekk i vår – Odesa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis