JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Limbolandet

Då USA tok Puerto Rico frå Spania i 1898, fekk øya status som «uorganisert territorium». I praksis er ho USAs 51. stat. Eller ein koloni, spør mange når naturkatastrofane råkar og Trump snur ryggen til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I San Juan ser ein mykje politisk gatekunst. Dette måleriet set fingeren på det mange meiner var ein katastrofe etter katastrofen: Fleire tusen døydde som følge av mangelen på hjelp etter at Maria knuste store delar av øya i september 2017.

Alle foto: Marita Liabø

11713
20200313

Bakgrunn

Puerto Rico

Puerto Rico ligg i Dei store Antillane i Karibia og er kontrollert av USA.

Offisielle språk er spansk og engelsk, men rundt 90 prosent har spansk som morsmål.

Kystlinja er nesten 500 kilometer lang og består i stor grad av strender.

Delar av hovudstaden, San Juan, står på verdsarvlista.

Den einaste regnskogen i USA og verdas største romdestilleri, Casa Bacardí, ligg her.

marita@dagogtid.no

Her heime fekk vi det knapt med oss: I januar blei sørsida av Puerto Rico råka av ei rekke jordskjelv – det sterkaste målte 6,4 på Richters skala. Talet på dødsfall var lågt, men mange tusen blei huslause. Samtidig demonstrerte innbyggarane mot korrupte politikarar. Det toppa seg då nokon fann eit 4000 kvadratmeter stort lager fullt av naudhjelpsmateriell som skulle vore delt ut etter orkanen Maria i 2017. Demonstrasjonane var fredelege; politiet svarte med peparspray.

Puerto Rico består – som Noreg – av kyst, skog, god jord og relativt få, fredelege menneske. Frå naturens side er øya eit paradis. I fjor kom tre millionar turistar hit. Tsunamifareskilta skremmer dei visst ikkje. Særleg ferierande frå USA trivst. Dei får snøggmat nok, motorvegen er stinn av bilar, for her går det verken tog eller buss, og dei får informasjon på engelsk. Øya er nemleg deira – til glede og til plage, særleg for Trump, som har kalla øya «ein av dei mest korrupte stadene i verda».

Uorganisert territorium

I 1917 fekk puertoricanarane statsborgarskap i USA, og i 1950 fekk dei lage si eiga grunnlov, men USA tok seg til rette. Blant anna tok dei over sukkerproduksjonen. Frå 1920-åra var 80 prosent av jorda eigd av nokre få, og puertoricanarane blei utsette for overgrep. Det er blant anna dokumentert at for å bremse folkeveksten og utvandringa til fastlandet blei ein tredjedel av alle mødrer mellom 20 og 49 år steriliserte.

I 70-åra, for å skape økonomisk vekst, fekk amerikanske selskap etablere seg nærmast skattefritt på øya, og ho blomstra. Men ettersom skattefritaket blei fasa ut, avvikla dei, og fabrikkane blei ståande igjen og ruste og forfalle.

Så kom uvêret: I 1989 herja Hugo, i 1998 Georges, og i 2015 klarte ikkje puertoricanarane lenger å betale avdrag på den enorme gjelda dei hadde opparbeidd seg. USA, under Obama, tok kontroll over økonomien, og i mai 2017, midt i ein zikaepidemi, var Puerto Rico konkurs – den største konkursen i USAs historie.

Få månader etterpå kom Maria. «Berre» 64 menneske døydde i orkanen, men så mange som 4645 skal ha døydd som følge av han. (Wikipedia har ei side berre om usemja rundt talet: «Hurricane Maria death toll controversy».) Folk mangla vatn og elektrisitet i månad etter månad.

No, etter jordskjelva, står mange utan straum igjen. Det er varsla at det kan ta eit år før det største elverket på øya, Costa Sur, er tilbake i drift.

Pedro Reina-Pérez, professor ved Harvard og universitetet på Puerto Rico, meiner at øya er meir koloni no enn ho var under Spania. I The Atlantic 16. januar skreiv han blant anna dette: «Det er vanleg at USA neglisjerer øya dei kontrollerer, men når øya treng hjelp, er presidenten beint fram fiendtleg innstilt.»

Den 51. staten

Puertoricanarane har fleire gonger stemt for eller mot å bli USAs 51. stat, seinast i juni 2019. Fleirtalet stemte for, men valdeltakinga var for låg. Alternativa er uklare, ja, heile det politiske bildet er uklart, og uansett er det Kongressen og Trump som trekker det siste strået.

Jenniffer González-Colón, Puerto Ricos representant i Kongressen, har levert lovforslag om at øya blir ein stat innan 2021.

– Det vil jo skje, sa ho på talarstolen sommaren 2018. – Det handlar om borgarrettar.

Til CNN sa ho:

– I visse saker blir vi sett på som ein del av USA, i andre som eit land utanfor USA. Puerto Rico kjem seg ikkje på fote før det blir slutt på forskjellsbehandlinga.

Og her må det seiast: Den eine delegaten øya får ha i Kongressen, har ikkje stemmerett, slik puertoricanarane generelt ikkje har stemmerett, sjølv om dei betaler 3,5 milliardar dollar året i skatt til USA. Ser vi på Puerto Rico som ein 51. stat, ligg han på 39. plass – med 101 milliardar dollar – på BNP-lista, ifølge Verdsbankens 2018-tal.

Rekna som land ligg Puerto Rico framfor Marokko og Sri Lanka, blant andre, og langt framfor naboland som Cuba og Haiti. BNP per innbyggar er 27.341 dollar, mot 54.541 i USA, 8822 i Cuba og 730 i Haiti.

Ser vi på handelsbalansen, er han positiv; puertoricanarane eksporterer meir enn dei importerer: i hovudsak farmasøytiske produkt og organiske kjemikaliar mot bensin og mat – mat som kan koste mykje meir på øya enn på fastlandet.

Trumps løgner

Ifølge US Census Bureau lever 44 prosent av puertoricanarane under fattigdomsgrensa, mot 21 prosent i dei fattigaste statane på fastlandet – Mississippi og Louisiana. Arbeidsløysa er på 10 prosent, mot 4,4 i USA som heilskap. Verre er det, meiner mange, at medan Florida skal ha fått 691 milliardar dollar i bistand etter Irma, og Texas 323 etter Harvey, fekk Puerto Rico 35 etter Maria, ifølge Federal Emergency Management Agency (FEMA), sjølv om Maria gjorde størst skade. Likevel sa Trump: «Det er fælt å seie det, Puerto Rico, men de har sprengt budsjettet vårt.»

I august i fjor, då eit nytt uvêr nærma seg øya, tvitra presidenten: «Wow! Endå ein storm på veg mot Puerto Rico. Tar det nokon gong slutt? Kongressen løyvde 92 milliardar dollar til Puerto Rico i fjor, noko som er rekord når det gjeld slike midlar ‘kor som helst’.» Same dag skreiv han: «FEMA og alle andre står klare og vil gjere ein kjempejobb. Når dei gjer det (...) gi dei ein stor takk – ikkje som sist, inkludert frå den inkompetente borgarmeisteren i San Juan!»

Sanninga er at beløpet som blei sett av til naudhjelp etter Maria, var 41 milliardar – ikkje 92. Samtidig stilte Trump krav. Blant anna skulle ein ikkje reparere leidningsnett. Ifølge Center for Investigative Journalism tilbaud han etter kvart å fjerne restriksjonar, mot at dei som arbeidde med gjenoppbygging, gjekk ned i lønn, til under minstelønna på 15 dollar.

Trump hevda òg at talet på døde blei skrudd opp – for å stille han i dårleg lys, rett og slett. Dessutan var redningsarbeidet vanskeleg på grunn av elendig infrastruktur, tvitra han. Samtidig avslørte The US Government Accountability Office (som tilsvarer Riksrevisjonen i Noreg) at FEMA var opptatt med anna uvêr, og at halvparten av redningsarbeidarane var ukvalifiserte.

Stengde skular

Medan Trump og borgarmeisteren i San Juan, Carmen Yulín Cruz, kastar skit på kvarandre, har også folket liten tillit til leiarane sine. Ved val stemmer mange ut frå dette eine spørsmålet: Delstat eller status quo? Det eine partiet er for, det andre er mot, og så finst det eit par mindre parti og uavhengige kandidatar. For tida lyttar mange til Alexandra Lúgaro, ein advokat med skatt og utdanning som kjernesaker. Ho vil ha puertoricanarane i USA – nesten 6 millionar – heim.

Folketalet har rast – frå 3,7 millionar i 2000 til rundt 2,7 i dag. Særleg etter Maria forlét mange med utdanning øya, blant anna hundrevis av legar. Det hjelpte ikkje at styresmaktene, leia av Ricardo Rosseló, tok upopulære val, som å privatisere straumforsyning og skuledrift. I februar 2017 tilsette han Julia Keleher, ein rådgivar kjend for å vere god til å skaffe pengar, som utdanningsminister, og ho la ned heile 283 skular.

– Dette er ein massakre mot utdanninga på Puerto Rico, sa leiaren i lærarforbundet, Aida Díaz, til NBC News.

Sidan talet på barn gjekk kraftig ned, måtte dei sentralisere, sa Keleher, og bruke skulebygga til andre formål. Resultatet er at øya er full av skular, med idrettsanlegg og det heile, som står tomme, medan altfor mange barn har for lang skuleveg og blir heime.

Både Rosselló og Keleher, som er korrupsjonssikta, måtte gå av. Men som Jonathan M. Katz skreiv i New York Times Magazine i september 2019: «Nokre få må gå, medan altfor mange barn og familiar står skadelidande igjen.»

Carpe diem

Inntil vidare hjelper folk kvarandre. I Rincon, til dømes, på vestkysten, er alt frå utdanning til hjelpearbeid dugnadsdrive, ofte via Facebook-gruppa Friends of Rincon, der talet på medlemmer, 17.550, overgår talet på innbyggarar. Mange er gringos som har emigrert «andre vegen» for å surfe og leve enkelt, og her bur det òg ein norsk familie: Felicia Wik, Søren Rodriguez og Fia, Leo og Bella. Søren er rett nok halvt puertoricansk, og far hans eig ein liten finca oppi fjellet, men der er det innfløkt å bu, særleg når dei har ein bil som stadig bryt saman. Dei leiger eit rimeleg hus – 13.000 kroner månaden – og lever av å leige ut sitt eige hus heime på Nesodden.

– Det går ikkje rundt, seier Rodriguez. – Men det gjer det vel ikkje heime heller.

Ofte drøymer dei om å selje, bli gjeldfrie og bli verande. Dei snakkar spansk. Samhaldet er sterkt. Søren, som til vanleg er brannmeister, har reparert tak, sikra bruer og levert naudhjelp til dei jordskjelvråka litt lenger sør. Samtidig stig bustadprisane, paradoksalt nok, fordi dei rike stadig kjøper og bygger hus til utleige. Og eit viktig spørsmål er kva ungane ønsker. Ikkje minst treng dei skulegang. Familien bur eit steinkast frå ein stor skule som står og forfell bak piggtråd. Det finst ein privatskule eit stykke unna, men han er dyr. Så då blir det heimeundervisning. Men det er ikkje lett å ha faste rutinar i eit naturkatastroferåka område.

Og kva skal ein leve av når kjøpekrafta er låg og marknaden metta?

– Fattige puertoricanarar har ikkje ein sjanse, seier Wik.

Lovendringar må til

Éin grunn til at Puerto Rico slit, er The Jones Act, ei lov frå 1920 som regulerer transporten i og utanfor USA, og som i praksis gjer det dyrare å frakte drivstoff, mat og materiell frå fastlandet til øya – ja, dobbelt så dyrt som frå resten av verda. Prisane blir dermed høge, samtidig som USA har einerett.

Mange Wik og Rodriguez kjenner, ønsker ikkje at øya skal bli ein 51. stat, men uavhengig, fri frå USAs grep. Ein lokal venn av dei som stemmer for, Alexis Lorenzo, seier dette:

– Etter mitt syn er økonomien, basert på turisme, service, teknologi og produksjon, sterk nok til at vi greier oss sjølve, utan USA. Samtidig blir økonomien neppe dårlegare om vi blir ein stat, så sant avgjerande lover og reglar blir endra.

At Trump nekta å legge lover og reglar til sides etter Maria, slik at andre land ikkje fekk levere naudhjelp, er omstridt. Paul Krugman, blant andre, har peika på at den største katastrofen var den utilstrekkelege responsen. Som samfunnsøkonomen Mark J. Perry skreiv i The Hill: «Dei alvorlege skadane The Jones Act har påført Puerto Rico, gir grunn til å seie at det er på tide, og vel så det, å oppheve lova.»

Etter jordskjelva i år skreiv Ed Morales dette i The Hill: «Eg har alltid hatt stor tru på at det puertoricanske folket er sta og sjølvstendige og endringsvillige nok. Men øya er i så elendig forfatning – frå infrastruktur til helsevesen til utdanning til strukturell fattigdom – at Washington må gjere noko for å ta tak i skadane styresmaktene har påført henne. Puerto Rico må få sletta gjeld og ein sjanse til å vekse økonomisk. Dette inneber ein gjennomgang av statusen landet har som koloni og ansvaret USA har for å bidra til at det kjem dit det ønsker.»

Inntil vidare er Puerto Rico i eit limbo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I mai 2017, midt i ein zikaepidemi, var Puerto Rico konkurs – den
største konkursen i
USAs historie.

«Det er vanleg at USA neglisjerer øya dei kontrollerer, men når øya treng hjelp, er presidenten beint fram fiendtleg innstilt.»

Pedro Reina-Pérez
i The Atlantic 16. januar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis