JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Krigssafari ved verdsens yttergrense

Krig har sett Falklandsøyane på kartet. Terrenget der er prega av krigsminnes­merke og soldatgraver. Og britiske krigsveteranar alle stader.

Paul Moore anno 2023.

Paul Moore anno 2023.

Foto: Jo Heinum

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12838
20230324
12838
20230324

Det er mogleg å reisa til Falklandsøyane med rutefly via både Chile og Brasil. Det militærindustrielle komplekset produserer meir rettlina samferdsletenester. Etter Falklandskrigen i 1982 går det no britiske militærfly sørover til øyane to gonger i veka.

Frå Heathrow tek eg tog til Oxford. Dinest raud, toetasjes buss ein og ein halv time vestover. Det er tidleg vinterkveld og mørkt då eg går av på ein haldeplass ein liten kilometer unna militærlægeret Brize Norton.

Snart går det raskt slag i slag. Militærpoliti kontrollerer pass og papir. Eg vert fotografert og registrert. Ein buss køyrer meg og andre sivile falklandsfararar til ein avgangshall ein stad inne på det ovstore baseområdet.

Det kryr av militært mannskap. Fleire titals britiske soldatar er klare for opphald på Falklandsøyane. Fyrst midt på natta tek det digre flyet vårt av med kurs for Kapp Verde vestanfor Afrika. Der fyller dei på bensin før ferda held fram i ti timar i strak line ned til militærlægeret Mount Pleasant nokre mil utanfor hovudstaden (Port) Stanley. Attmed rullebanene er det flust av kamuflerte hangarar for krigsfly.

Etter nesten eit døgn i lufta får eg stempel i passet og handskrive løyve til å vera ei veke på Falklandsøyane.

Likna Falklandskrigen mest på ein krangel mellom to skalla menn om ein kam? Kva kan ein læra om fenomenet krig så å seia ved enden av verdskartet? Korleis ter atterljomen av allslags våpenbruk og ung daude seg?

Nokre svar viser seg å liggja i dagen. På flyet frå Brize Norton reiser eg tilfeldigvis i lag med ein skokk krigsveteranar. I Stanley ser eg desse halvgamle krigarane og fleire til igjen og igjen på museum, restaurantar og skjenkjestover.

Ein av dei reiser attende til Falklandsøyane for fyrste gong sidan krigen. I 1982 var han 17 år og gjorde teneste på fregatten HMS «Ardent». Argentinske jagarfly gjekk til åtak på skipet gong etter gong. Til sist gjekk det ned og tok med seg over tjue unge britar i djupet.

Ein mannsalder seinare fer den snart seksti år gamle engelskmannen attende til åstaden. Eg ser han atter om kvelden den dagen. Han seier at det vart i meste laget, og at han har gråte som eit barn.

Ein annan krigsveteran heiter Paul Moore. Han verva seg då han var 16 år gamal. Etter fem år med hardtrening går han 21. mai 1982 i land ved Port San Carlos nordvest på Aust-Falkland. Dinest kjem han og dei andre fotsoldatane i fallskjermjegerbataljonen 3 Para seg tungt lasta austetter til fots i retning av hovudstaden.

Så langt sør er det vinter om som­maren. Regnfullt og vindalt. I vekevis er dei aldri turre på beina og søv alltid under open himmel. På tampen av Falklandskrigen midt i juni er Moore med i det blodigaste slaget ved Mount Longdon.

Eg spør kva han visste om Falklands­øyane før krigen braut ut i 1982. Moore svarer at han i oppveksten var oppteken av geografi og særleg Antarktis og bragdene til Ernest Shackleton og Scott og Amundsen òg. Såleis var både Falklandsøyane og Sør-Georgia ein del av barnelærdomen hans.

Vi sit ein heil kveld på The Globe Tavern attmed hamna i Stanley. På veggene der heng det ei rad skytevåpen som britane brukte i 1982. Moore fortel at dei hadde same type (belgiske) automatgevær som argentinarane. Ein god del av dei argentinske soldatane var derimot vernepliktige, medan britane var av eit anna kaliber.

– Heilt sidan 1960-åra har den britiske hæren vore ein profesjonell armé. Falklandskrigen var ein del av jobben min som soldat. Eg tenestegjorde i hæren i 34 år og gjekk ut med majors grad. Eg var med inn i Irak i 2003 òg. Då trudde eg ikkje på forteljinga vi høyrde om kvifor vi skulle invadera landet. Men i 1982 hadde eg ei sterk kjensle av å gjera det som var rett, seier Moore.

Falklandsøyane har vore 100 prosent britiske i snart to hundre år, sidan 1833. Den fyrste britiske guvernøren lydde namnet Richard Clement Moody og byrja tenesta si her i 1842. Då var folketalet 62. Dei tre fyrste månadene brukte guvernøren til å skriva ein rapport om landskapet, vêrlaget og ikkje minst dei moglege framtidsutsiktene for den britiske kolonien.

Til styresmaktene i London skreiv han òg at dei måtte ta sikte på å få hardføre folk frå Shetland og Orknøyane til å busetja seg på Falklandsøyane, sidan desse likna slik på dei nemnde skotske. Men desse søratlantiske øyane har heile tida vore nokså folkefattige. Mest folksamt var det i 1982, då den fascistiske juntaen i Argentina gav ordren om å invadera Falklandsøyane. Den konservative regjeringa i Storbritannia svarte på tiltale med å senda ein armada og om lag 30.000 mann ned til den sørlege utkanten av samveldet.

Mount Longdon i dag: Krossar, kransar og ymse helsingar vitnar om det blodigaste slaget i Falklandskrigen.

Foto: Morten Søberg

Året før var Paul Moore med på ei militærøving i Skottland som i ettertid viste seg å vera ei slags generalprøve. Dei gjekk i land frå skip på vestkysten vinterstid og marsjerte dinest austover. Moore seier at det likevel er uråd å bu seg på det han kallar «krigens røyndom».

Slaget på Mount Longdon byrja i mørkeret 11. juni med frammarsj gjennom eit minefelt. Åtaket skulle vera såkalla stilt: Fyrst etter kvart var det meininga at britiske krigsskip i havet utanfor skulle hjelpa til med bombardement mot argentinske stillingar oppe på fjellet.

Men kamphandlingane byrja «føre tida» etter at ein britisk fallskjermjeger gjekk på ei mine og dei rundt rekna 300 argentinarane med eitt skjøna kva som var i gang. Då braka det laus. Moore fortel om eit inferno av larm, sporlys, fælske og vald som varte til morgongry.

– Vi var 450 mann alt i alt fordelte på tre kompani. Eitt skulle vera i reserve. A- og B-kompania gjekk til åtak frå ulike sider av fjellet. Eg minnest særleg lyden av handgranatar som vart kasta ned, trefte steinar og så eksploderte rundt oss. På veg opp fjellsida ålte eg meg gjennom ein argentinsk latrine. Etter kvart kom det til nærkampar mann mot mann, seier Moore.

Det var minusgrader den juninatta. Dei britiske soldatane hadde montert bajonettar på automatgeværa sine før slaget byrja.

– Argentinarane hadde mange lag med ytterklede. Det gjorde det vanskeleg å bruka bajonett mot overkroppen. Difor gjekk vi etter hovudet.

– Du òg, spør eg.

– Ja. Det høyrest «mellomaldersk» ut. Og det endrar deg for livet.

Britane skaut med maskingevær etter argentinske soldatar som flykta frå Mount Longdon og inn mot Stanley. To dagar seinare kapitulerte argentinarane vilkårslaust.

Kort tid etter drog Paul Moore og resten av 3 Para heim sjøvegen til basen sin i Storbritannia etter utført arbeid.

– Eg kom attende til Mount Longdon fyrst etter fjorten år. Attersynet med fjellet var ikkje bra for den mentale helsa mi. Eg hadde lenge prøvd å gløyma og gravleggja minna frå 1982 med vekslande hell. Men i 1996 vart eg stasjonert på Falklandsøyane ei tid. Og alle innfødde som eg møtte, ville berre snakka om krigen. Seinare har eg både studert psykologi og engasjert meg aktivt i ymse former for psykisk støttearbeid for veteranar.

Falklandskrigen vart utkjempa med hangarskip, ubåtar, fly, slagskip, helikopter, bomber og granatar og fleire titusen mann. Til sist var tapstala relativt låge. 225 britar døydde. Det argentinske tapstalet var nær tre gonger så høgt. Ein tredel av dei drepne argentinske soldatane ligg gravlagde attmed busetjinga Darwin vest på Aust-Falkland. Hit kom Charles Darwin på hesteryggen ein gong i 1833.

Eg fer dit i ein raud jeep i lag med ein godt vaksen mann frå Vest-Falkland. Han lyder førenamnet Ken, arbeider på kraftverket i Stanley og driv med krigsturisme på fritida. Vi går i lag og ser på dei kvite krossane og seier ikkje så mykje.

Eg ser at brorparten av dei falne er identifiserte og har fått namna sine skrivne på svarte steinplater. På somme av dei står det skrive «Argentinsk soldat. Berre kjend av Gud», les eg på spansk. Ei anna grav inneheld beinrestar frå fleire ukjende argentinske soldatar. Her og der ser eg spor etter vitjingar i form av kransar i plast, billege halssmykke og fotballskjorter. Ken nemner at fetteren til Osvaldo Ardiles, ein av verdsmeistrane i fotball i 1978, òg vart drepen under krigen.

Ein britisk gravstad ved San Carlos om lag 30 kilometer lenger nord er òg fredfull. Eit britisk flagg vaiar i vinden over gravene til dei som fall her under landgangen i 1982. I tillegg inneheld ei stor steintavle skrift som heidrar dei falne som «have no grave but the sea».

Eg kjem hit rett etter at fyrsteministeren i Wales har vore her og lagt att ei helsing på walisisk og engelsk. Ken, for sin del, møtte statsminister Thatcher då ho på nyåret i 1983 var på signingsferd på Falklandsøyane. På den tida budde han enno i Fox Bay på Vest-Falkland.

– Der flaut det med mjølk og honning, flirer Ken ironisk.

Han gjekk lite på skule i oppveksten. Før krigen hadde ingen fjernsyn; alle på Vest-Falkland levde nokså isolerte på sauegardar for det meste eigde av engelskmenn. Diverre minnest han heller lite frå samtalen med Thatcher av di han i førevegen hadde drukke meir enn jubelbrus.

Annleis med sjølve krigen. I time etter time får eg ei kjensle av å høyra på ei lydbok om nedskyting av fiendslege jagarfly, britiske krigsskip som bombarderte fjella kring Stanley, argentinske soldatar som tok seg til rette på sauegarden Ken arbeidde på den gongen, og brukte alle rom i våningshuset til toalett. Eg spør han kva slags plan for Falklandsøyane han meiner eller minnest at argentinarane hadde. Han svarer at det framleis ikkje er godt å vita.

Paul Moore (med kulebelte rundt halsen) dagen etter slaget ved Mount Longdon.

Foto: Derek Broadbent

I Stanley bur eg på Malvina House Hotel. I baren på hotellet sel dei lokalt øl frå Falkland Beerworks. Ein av ølsortane heiter Iron Lady. Ein kveld der kjem eg i prat med ein skotte frå Glasgow som tenestegjorde i Scots Guards under Falklandskrigen. Då tok han del i det avgjerande slaget ved Mount Tumbledown 13.–14. juni 1982 saman med både walisiske soldatar og nepalske gurkhaer.

Dagen etter ser eg det fjellet rett nordom Mount Longdon. Alle fjella her liknar mest på åsar, på høgdedrag eit par hundre meter over havet. Eg har fått skyss til vestenden av Longdon og fylgjer i dei usynlege fotefara til 3 Para opp og over «fjellet». Eg går i sterk vind og ser talrike krossar og helsingar frå ektefellar, kjærastar, foreldre, sysken, krigsveteranar. Meldingane om sorg og saknad er trist lesnad.

Eg passerer spor etter skyttargraver og andre militære installasjonar. Ein rusten argentinsk kanon har fått liggja i fred på toppen. Mellom Tumbledown og Longdon ser eg far etter minefelt.

Ned og inn til Stanley er det om lag ei mil å gå. På vegen attende til hotellet går eg med kvart framom fleire monument til minne om sjøslaget ved Falklandsøyane 8. desember 1914. Winston Churchill var marineminister då. Han hevda seinare at slaget var eit av dei viktigaste under fyrste verdskrigen. Den gongen var det tyske krigsskip som kom på ubeden vitjing til Falklandsøyane. Alle skipa vart søkkte. Framimot 4000 tyskarar døydde. Dei største britiske slagkryssarane hadde dei talande namna HMS «Invisible» og HMS «Inflexible».

Framleis er 8. desember offentleg fridag på Falklandsøyane, og «Battle Day» vert feira med parade, gudsteneste og britiske krigsfly som flyg over Stanley. Etter 1914 har det òg vorte laga ei rad frimerke med sjøslaget som motiv. Før i tida var sal av slike bruks- og samleobjekt ei monaleg inntektskjelde. Så seint som i 1982 stod filateli for kring 10 prosent av bruttonasjonalproduktet til Falklandsøyane.

Inne på butikken Falkland Collectibles kjøper eg med meg nokre slike ferdaminne: frimerke frå både Falklandsøyane og Sør-­Georgia. Ein av veggene der er tapetsert med framsidene til ymse britiske tabloidaviser frå våren og sommaren 1982. The Sun-overskrifta «Stick it up your junta!» (ein kommentar til eit argentinsk «fredsframlegg») er den mest... kreative overskrifta på veggen.

I april 1982 vassa dei fyrste argentinske soldatane i land i Yorke Bay ei halv mil austanfor Stanley. No vil eg dit for å sjå pingvinar i fred og ro. Ein argentinsk turist på hotellet slår fylgje. Ho bur i Buenos Aires mest for skuld alt kaoset der (sitat slutt). Til Falklandsøyane har ho reist for å slappa av ei vekes tid.

Drosjesjåføren vår kjem frå Zimbabwe. Mannen hennar kom til Stanley for å grava opp miner frå krigens dagar. Eg lærer at Yorke Bay vart minefri så seint som i fjor. Underleg kor lenge krigar «varer».

Denne soldagen er bukta fredsæl. Den einaste lyden er det bylgjer som lagar. Heilt nedst på globusen vert vi ståande på stranda ei fin stund saman med ein flokk stoiske kongepingvinar og berre sjå ut mot sjøen nordetter.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis