JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Kampen mot straumrekninga

Det kostar mykje å sjå så billeg ut, sa Dolly Parton om seg sjølv med glimt
i auget. Det same kan seiast om straumrekninga til foreldra mine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10481
20220318
10481
20220318

Det går ein underleg gråsprengd ein rundt og smiler for tida, i ei snørik bygd på Vestlandet. Han har blå kjeledress med eit brunt skinnbelte om livet. Dette er far min. På nettbrettet har han fått ein app som viser straumrekninga i år samanlikna med same tid i fjor. Bruken er meir enn halvvert.

At det skulle verta ein kald og dyr vinter, var han førebudd på.

Somme av lesarane hugsar kanskje at eg skifta taket på huset i fjor. Det eg ikkje skreiv i artikkelen i haust, var at då dei gamle lektene vart tekne av og lempa ned frå taket, gjekk det ein mann i blå kjeledress og luka i materialet som skulle kastast.

Der og då irriterte han meg. Fleire gongar bad eg han om å halda seg vekke frå boset mitt.

Men han hadde ein plan, og i dag imponerer han meg. Å fyrst betala for å kasta reint, tørt treverk for så å kjøpa rå, fuktig ved, er ein definisjon på dumskap.

Mor har fortalt meg at far har palleavtalar med fleire verksemder i lokalsamfunnet der dei bur. Det vil seia at ser han pallar utanfor – eingongspallar, ikkje europallar – kan han henta dei med seg heim. Der sagar han opp pallane til oppfyringsved.

– Han tek ikkje ein køyretur utan å koma heim att med taket fullt av pallar, seier ho.

Men det er ikkje brukte pallar og dei gamle lektene som åleine har fått straumrekninga ned på historisk lågt nivå. Løysinga finn du i kjellaren.

I november 2021 fekk han i hus ein vedomn med vasskappe. Dette er ein vanleg vedomn, men med ei avdeling for vatn over sjølve fyringsrommet. Når du fyrer, vert vatnet kokande varmt og kan nyttast til oppvarming av andre ting.

– Dette er langt frå ei ny oppfinning, seier han, og samanliknar det med elbilen.

Nokre av dei fyrste bilane på 1800-talet var elbilar. Likeins hadde folk vedomn med vasskappe for over hundre år sidan. Heime hos onkelen og tanta hans hadde dei ikkje anna varmekjelde, og det var på New Zealand i 1950-åra.

– Eg har ynskt meg ein slik lenge, men har ikkje fått tak i ein i Noreg.

I fjor spurde han i ei lokal forretning som sel omnar, om dei hadde vedomn med vasskappe. Dei hadde ikkje eingong høyrt om det.

– No er det råd å få kjøpt slike omnar i Noreg òg, men dei er for dyre, seier meisteren av gratis oppfyringsved.

– Du må fort ut med over 40.000 kroner berre for omnen. Den eg har kjøpt på eBay frå Bulgaria, kosta 9000 kroner inkludert frakt.

– Og frakta gjekk fint?

– Mja. Transportfirmaet kunne ikkje levera til privatpersonar, berre til verksemder, så dei laga berre eit firmanamn på meg: Mission Food. Det vert med denne eine importen på firmaet. Eg er gjenbrukar, ikkje ein svindlar.

Han vil ikkje spikra pallar, berre saga dei i sund.

No skal eg freista å forklara korleis dette systemet, denne symbiosen av kaldt og varmt vatn, fungerer. Frå kommunen kjem det kaldt vatn inn i huset og til ein varmtvasstank. Slik er det hos dei fleste. Men i staden for at vatnet går rett til varmtvasstanken, har far kopla det til ein ny tank, ein såkalla akkumulatortank. Det kalde vatnet kjem inn midt på tanken og vert ført gjennom ein spiral, eller varmevekslar, før det går ut att oppe på tanken. Fyrst herfrå går turen til varmtvasstanken, med ein liten avstikkar til vaskemaskina.

Den 400 liter store akkumulatortanken kan seiast å vera hjernen i konstruksjonen. Nedst på tanken går det eit koparrøyr med kaldt vatn ut. Dette fylgjer veggen, sniglar seg langs taket, går gjennom eit hol til naborommet, vidare langs taket, heilt til det kjem til vedomnen med vasskappe – hjarta i konstruksjonen. Her går røyret med kaldt vatn inn nede på omnen, gjennom vasskappa, altså ein liten tank, før det går ut att med oppvarma vatn og attende til akkumulatortanken.

Det er verkeleg akkumulatortanken som tel. Her vert det varme vatnet lagra på mellom 40 og 50 grader, og herfrå kan vedfyrt varmt vatn distribuerast til, ja, kor du vil – så lenge du når fram med røyr.

Til no er to viftekonvektorar i tillegg til varmtvasstanken kopla til akkumulatortanken. Den eine konvektoren er i kjellaren, medan den andre er i etasjen over, i eit rom der far sit og sorterer i papira sine, ein aktivitet han har halde på med så lenge eg kan hugsa.

I akkumulatortanken kan vatnet som kjem frå det kommunale vassverket, førevarmast. Det betyr at når det når varmtvasstanken, er det alt varma opp. Temperaturen på det førevarma vatnet varierer alt etter kor mykje fyring det er i omnen. Her eg står og ser på apparatet, held vatnet 30 grader.

– Det betyr at me ikkje betalar straum for å varma vatnet opp til 30 grader, seier far.

– Men alle kopparrøyra kostar vel noko?

– Ja, til no har eg kjøpt koparrøyr for 18.000 kroner, og monteringa har eg gjort sjølv. Skulle ein røyrleggjar gjort det, ville det minst kosta det doble.

Far står på kne ved omnen og held på å flisa opp nokre pinnar med ei øks. Han har eit smil om den litt opne munnen, klar til å snakka, og eit blikk som nesten tryglar: Spør meg kva eg driv med, då! Eg har eit godt og morosamt svar, ver så snill og spør meg kva eg driv med!

Eg veit ikkje kvifor, men når han har dette uttrykket, lét eg vera å spørja kva han driv med. Det har berre blitt sånn. Før eller sidan klarar han ikkje halda seg lenger, og svaret kjem utan at eg spør.

– Eg driv på med tinder. Mine eigne born har ikkje vist så stor lærevilje, men eg vil at barneborna mine skal læra om tinder. Eg har sett at eldstemann på ti år alt har interesse for det.

Far kneggar for seg sjølv. Han er nøgd med denne samanlikninga mellom det han held på med og den verdskjende datingappen.

I likskap med elbilen og vedomnen med vasskappe er ikkje tinder noko nytt. Bestefar hans hadde alltid tinder med seg i lomma, i ein tinderbox. Med eit stykke flint, litt fyrstål og ei remse tørr dongeri eller anna lett tenneleg materiale, altså tinder, kunne han tenna gneistar kor som helst.

Til og med Ötzi, ismannen, det mumifiserte mennesket som vart funne i Alpane i 1991 og er rekna å vera rundt 5200 år gamal, vart funnen med tinderreiskapar.

– Vert det ikkje frykteleg mykje sagflis liggjande rundt i eit hus med så stort fokus på oppfyringsved og tinder?

– Jo, men me har sentralstøvsugar, så det går fint.

Han hadde alle mot seg då han byrja å skru ned hyller, bora hol i veggar og golv og demontera den gamle, fine vedomnen i kjellaren før vinteren kom.

– Kvifor øydeleggja noko som fungerer, spurte mor då etasjeomnen, der ho i alle år hadde sett frå seg kaffikoppen, vart boren ut frå kjellaren.

Ho himla med augo, men til inga nytte. Han skulle ha vassboren varme, ikkje som den einaste varmekjelda, men som eit alternativ.

– På sikt er planen at ein tredjedel av varmen i huset kjem frå varmepumpa, ein tredjedel er vassboren og resten via solfangarar, sa han og påstod at han i det lengste hadde prøvt å utføra denne operasjonen utifrå WAF – Wife Acceptance Factor.

Dette går ut på å få smurt kona nok til at ho tillèt sjenerande og ruvande utstyr inn i heimen. Termen WAF vart fyrst nytta i magasinet Stereophile i 1983 i samband med svære lydanlegg og heimekinoar, men som mykje anna er smørjing av kona i heimen noko folk har drive med i mange, mange tiår. Faktisk heilt sidan 1920-åra, ifylgje Wikipedia, då radioprodusentar sleit med å få selt radioar til heimar med ei vanskeleg kone.

WAF har tidvis vore ei mangelvare heime hos oss, der far mellom anna har laga sin eigen biodiesel av gamal frityrolje henta på McDonalds. I dag er prosjektet avslutta, og berre ein bråte med oppskrifter i form av papir som skal ryddast i, minner oss om tida då det lukta gatekjøken då far kom køyrande.

Far set i gang prosjekt, og mor ristar på hovudet tidleg i fasen, men så byrjar ho litt etter litt å sjå verdien i det han balar med, og slik er det denne gongen òg.

Ein dag sender ho meg bilete av eit fulltappa badekar og skriv at no skal ho bada i vatn varma på vedfyring.

Det neste er å vaska klede i vatn varma på vedfyring. Etterpå vert kleda hengde opp framføre ein viftekonvektor som blæs varm luft driven av, yes, vatn varma på vedfyring.

Når ho ser godt etter, er ikkje vedomnen med vasskappe så stygg som ho fyrst syntest. Og koparrøyr langs tak og veggar er jo eigentleg ganske stilig.

Det nærmar seg middagstid, ein kald dag tidleg i mars. Svinekotelettar, ein av mors spesialitetar. Eg vert nesten nostalgisk – men det er før mor tek på seg jakke, hue og vottar, opnar stovedøra mot plattingen og går ut og hentar inn maten.

Er du òg slik, at når snøen dalar ned, gradestokken har sokke til minus fem og det ikkje er levande å vera ute, så tenkjer du: No hadde det vore kjekt å grilla litt? Ikkje rundt eit bål bygd av oppfyringsved, der ein sit og stirer inn i flammane skapt av tinder, slik menneske har gjort så lenge me har eksistert, men på ein Weber gassgrill kjøpt brukt på Finn om vinteren. Den beste tida å kjøpa grill på, seier dei.

– Så de lagar middag på gassgrill om vinteren. Er det for å sleppa å bruka den elektriske komfyren på kjøkenet?

– Nei, slår mor kontant fast og ler.

Det hadde ho ikkje tenkt på, eingong. Det er berre det at ho nyleg har begynt å lika å grilla. Ho lyg openbert.

– Dessutan slepp det verta så sterk fiskelukt i huset når du lagar maten ute, legg far til.

Han har visst ikkje fått med seg kva som står på menyen.

– Men det er jo svinekotelettar, det luktar ikkje fisk av dei?

– Nei, det er det eg seier, svarar han og fiskar fram nettbrettet og opnar den nye appen.

Appen kan fortelja at i januar 2021 brukte dei 1998 kilowattimar, medan dei i januar 2022 landa på 919. I februar i fjor var forbruket på 1615, og i år var det heilt nede i 774. Halvvegs inn i mars har dei 339 kilowattimar på samvitet.

Eg ser på dei to, foreldra mine. Han sit der i kjeledressen med nettbrettet lysande mot andletet, og ho står støtt og smiler like bak han, iført ein boblevest med oppladbare varmeelement, sendt som gåve frå USA. Eg tenkjer at vegen er målet. Straumsparinga har vorte ein livsstil, ikkje berre ei løysing på ein kald vinter med dyr straum. Og bak kvar ein vellukka straumsparande mann står ei endå strengare straumsparande kvinne.

Frå den dag av rekna både mannen og kona på kilowattimane, i ei snørik bygd på Vestlandet.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis