Reportasje
Kaldt er høgt
SAVALEN: Når eg vil finna ein diktarheim i fjella, og køyrer bilen i ei snøgrøft på ein seterveg, vert det tid til å tenkja på vinterferdsle utan hjul.
Toini Berg Brynhildsvoll ved Dalsbygda samfunnshus.
Eg har køyrt bilen i grøfta. På ferda kring innsjøen Savalen, delt mellom Tynset og Alvdal kommune, på ein smal privatveg, opphavleg ein seterveg frå Alvdal til Røros, utan brøytestikker, sklei høgre framhjul ned i ei usynleg grøft, som ei fangstgrop under eit kvitt, svikefullt dekke av snø.
Hjul
Næraste bergingsbil står på Tynset. Før eg rekk å ringja, kjem ein Land Rover, og snøgt er eg på vegen att. Eit par kilometer seinare er det eg som hjelper ein annan bil opp på vegen.
Hjultransport endra verda. Då indoeuropearane tok over Europa, skal det ha vore med hjul som våpen. Skip erobra verdshava, hjulvogner landjorda. Er vegen vatn, nyttar ein skrog. Er han land, nyttar ein hjul. Men kva når ein fer på noko midt mellom fast og flytande, på snø og is? Og kvifor har Nord-Østerdalen ein så rik kultur for ferdsle på is og snø?
Fjellregionen
Med kulde tenkjer me nord, men Nord-Østerdalen har ikkje vinter halve året av di regionen ligg så langt nord, men av di han ligg så høgt. Kulde handlar ikkje om himmelretninga, men om himmelen. Det er 50 minusgrader utanfor vindauget i eit fly over Rwanda, eit land som ikkje er brunsvidd, men av dei grønaste eg har sett, av di det ligg meir enn 1000 meter over havet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.