Reportasje

Jevnaker i røyk og is

KISTEFOS: Kvifor er så mange av dei kjende personane frå Jevnaker anten skeiselauparar eller arbeidarpartipolitikarar?

På Kistefos har Marc Quinn attskapt irisen til Christen Sveaas i bronse, med tverrmålet forstørra frå ti millimeter til ti meter.
På Kistefos har Marc Quinn attskapt irisen til Christen Sveaas i bronse, med tverrmålet forstørra frå ti millimeter til ti meter.
Publisert

Når ein om vinteren kjem over heia frå Gran og Lunner mot Jevnaker i vest og byrjar på nedstiginga mot tettstaden og kommunesenteret Nesbakken, møter ein synet av is og røyk – isen på Randsfjorden og røyken frå Randselva, frå fossar og stryk, i moderne tid frå fabrikkpiper òg.

Av isen og røyken skjønar ein at så mange av dei kjende personane frå Jevnaker er anten skeiselauparar eller arbeidarpartipolitikarar.

På den islagde Randsfjorden har skeiser vore framkomstmiddel og idrett. I hundre år har dei vendt heim med laurbærkransar og vinterolympisk heider, frå Hadelandstrioen i mellomkrigstida og Sverre Haugli med OL-bronse i 1952, til barnebarna hans i 2010-OL. Somme hugsar Jørn Didriksens OL-sylv på 1000 meter i 1976. Størst er Ivar Ballangrud. Statuen av han vert i desse dagar flytta frå torget til stadionet på Jevnaker.

Noregs raude vogge

I røyken frå fossar og fabrikkar vart Jevnaker kring 1850 «Noregs raude vogge», som Jens Stoltenberg ein gong sa det i ein tale på Kistefos. I Opplands røde hjørne. Arbeiderbevegelsens historie på Jevnaker (1999) skriv Inger Bjørnhaug: «Det som først og fremst skilte Jevnaker ut fra de andre hadelandskommunene – og den viktigste enkeltårsaken til at arbeiderbevegelsens gjennombrudd kom her – var konsentrasjonen av industriarbeidere.» Hjørnesteinsverksemder har vore Hadeland Glassverk, Randsfjord Papir- og Tremassefabrikk og Kistefos Træsliberi.

Jevnaker vart i 1908 den fyrste kommunen i landet med ein ordførar frå Arbeidarpartiet. I nyare tid har jevnaker­sokningane Gry Larsen og Marianne Marthinsen vore høvesvis AUF-leiar og AUF-nestleiar og profilert stortingsrepresentant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement