JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Jarndalen

NUMEDALSVASSDRAGET: Jarnet frå Hardangervidda vart selt i Kaupang og definerte dalen i stordomstida i jarnalderen. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Numedalslågen går rakt gjennom Kongsberg sentrum. Før sylvverksemda frå 1600-talet gav liv til Numedal, var jarnverksemd viktig for busetjinga i dalen.

Alle foto: Håvard Rem

11654
20210212

Numedal

Del 1 – Numedal

Håvard Rem skriv frå dalen i fortid og notid. 

Flatemål: 3513 km2

Folketal 2020: 6517

Folketalsframskriving, 2050

– Låg: 6191

– Middels: 6876 

– Høg: 7583

Kommunar: Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal (Viken, tidlegare Buskerud)

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal heiter dei tre kommunane som utgjer Numedal, eit område som i flatemål er om lag like stort som Østfold, men utan 300.000 innbyggjarar som det tidlegare fylket. I Numedal bur 6500 menneske, og om det lyder som eit lågt tal, er det historisk sett høgt. 

Jarnet

Men før eg rapporterer frå dei tre kommunane, må eg seia noko om vassdraget, for ein kan ikkje skjøna dalen utan å skjøna elva som har gjeve han liv. 

Numedalslågen er den tredje lengste elva i landet, etter Glomma og Pasvikelva. Er det ei verksemd, eit produkt og ei verdikjede som kan definera vassdraget, frå Hardangervidda til Skagerrak? Og som samstundes er eit hovudkapittel i den kulturelle opphavssoga til Numedal som ein stad med fast busetjing og rik kultur?

Er det skogbruket, tømmerfløytinga og sagbruks- og trevareindustrien? Er det jordbruket og stølsdrifta? Eller jakta på villrein og fisket etter laks og aure? Er det kraftverka og straumproduksjonen? Turismen og hyttefolket?

Alt saman har vore og/eller er viktige næringsvegar i Numedal, sogene deira er kjende, men no ynskjer me å sjå på ei mindre kjend verksemd, og ei vel så omfattande, historisk og geografisk, frå folkevandringstid til svartedauden, frå Hardangervidda til Skagerrak: produksjon og sal av jarn.

Fjellet 

Lat oss fyrst fylgja elva og vassdraget frå høgfjellet til havet. Ein kan dela det i tre om lag like lange strekk, rekna frå nordvest: fjellet, Numedal og Lågendal. 

Den øvste delen, som renn frå om lag 1200 til 700 moh., byrjar langt inne på Hardangervidda, ikkje så langt frå Haugastøl og Bergensbanen, attmed fylkesveg 7, der vasskiljet mellom vest og aust går ved Dyranut i Eidfjord kommune i Vestland fylke. Der ligg eit vatn med avlaup mot Numedalslågen – Vetle Skiftessjø (1222 moh.), kan henda med namn etter vasskiljet der vêret skiftar.

Vidda sjølv hadde i gamal tid namn etter eit av fjellvatna som Numedalslågen har som kjelde, Halnefjorden (1130 moh.). På 1600-talet vart Hardangervidda omtala som «Halnefjeld».

Derfrå går vassdraget mot aust og Tunhovdfjorden (736 moh.), før det midt i fjorden svingar frå aust mot sør. Det gjer mange av dei norske dalane. I fjellet fell dei mot aust, i lågare høgd vender dei mot sør, som om dei vart gravne ut av brear styrte av tyngdekrafta. Øvst i Valdres, i Vang, går alt i austleg retning, dalane, elvane, vatna, men kring Slidre fell dalføret mot sør. Hallingdal svingar kring Gol. 

Dal og flatbygder 

Knekken i Tunhovdfjorden har i 100 år enda i Tunfjorddammen, som endar som røyrgater i Nore kraftverk i administrasjonssenteret Rødberg (373 moh.) i Nore og Uvdal kommune.

Der går vassdraget frå fjell til dal. Der byrjar sivilisasjonen og busetjinga, Nav-kontora og vinmonopolutsala, den midtre delen av vassdraget og det eigenlege Numedal – som strekkjer seg sørover gjennom kommunane Rollag og Flesberg mot Kongsberg. Der heiter vassdraget Numedalslågen og dalføret Numedal.

Den nedste delen går gjennom flatbygdene frå Kongsberg til Larvik, og no heiter vassdraget Lågen og dalføret Lågendal, som – til liks med Numedal – har vore tre kommunar: Kongsberg i nord, Larvik i sør og mellom dei Lardal, som i 2018 vart innlemma i Larvik.

Men for å lata jarnet definera vassdraget frå høgfjell til hav treng me ei opphavssoge. 

Ei opphavssoge

Det var ein gong for usannsynleg lenge sidan at det i Noreg reiste seg himmelhøge fjell, høge som Himalaya, av di Grønland og Noreg støytte saman, om lag slik Himalaya reiste seg, lenge etter, då India dreiv nordover og støytte saman med Asia. 

Himalaya står der den dag i dag, men dei norske fjella forsvann. Tida slipte dei ned til nær null, null meter over havet, til Setesdalen låg under vatn og Skandinavia mest vart flatt. 

Men så hende det at Grønland og Noreg byrja å glida frå kvarandre, og då reiste det seg fjell att, rett nok ikkje så høge som sist. Hardangervidda reiste seg, til meir enn tusen meter over havet, og havet som ho reiste seg over, var eit nytt hav, Norskehavet, som fylte gapet som opna seg mellom Noreg og Grønland.

Kvifor Hardangervidda og fjellheimen reiste seg, nei, det veit ein ikkje heilt, men forskarane freistar å finna det ut, og hypotesane er fleire. Éin ting veit ein: Landhevinga den gongen for lenge sidan var ikkje som når landet har reist seg att i nyare tid, og enno held fram med å heva seg, etter å ha vore trykt ned av vekta frå store brear. 

Høgfjellsplatået 

Nei, det var nok rørsler i det indre av jorda som fekk kontinentalplatene til å røra på seg, så Grønland og Skandinavia gleid frå kvarandre, medan høgfjellsvidder reiste seg – på kvar side. Det rimar at dei fyrste som gjekk på ski over Grønland, fyrst turr­trena med skiferder over Hardangervidda.

Dei gamle elvane som ein gong hadde snigla seg av garde i eit flatt Noreg, fekk no heilt nye fallhøgder, på meir enn tusen meter, og dei fann nye og villare far.

Om lag slik vart det til, det største høgfjellsplatået i Europa, og om lag slik vart ho slik me kjenner henne i dag, ei av dei lengste norske elvane, vassdraget som fekk namnet Nauma, eit namn ein ikkje heilt kjenner kjeldene til. Men kjeldene til elva kjenner me, for dei ligg som fjellvatn på Hardangervidda, høgt over Norskehavet.

Men det er ikkje i Norskehavet han renn ut, Numedalslågen, for kjeldene på vidda ligg like aust for det store vasskiljet. Vassdraget tømmer seg i Skagerrak, på ein stad der det i dag finst ein by som har fått namnet sitt av at han ligg der lågen endar. Larvik kjem av norrøne Lagarvik, vika ved Lågen. Lardal har òg namn etter elva. Namna kan ein lesa som Lågenvik og Lågendal.

Kaupang og Danmark 

Ved austbreidda av utlaupet finst ein av dei finaste symjestadene eg minnest frå barndomsåra i Larvik, Hvittensand, fleire kilometer med kritkvit og finkorna sand som Numedalslågen legg frå seg. Dit drog me ofte.

Men ein dag tok far min med seg bror min og meg i bilen den halve mila frå huset vårt i Larvik for å sjå dei arkeologiske utgravingane av den eldste kjende byen i Norden, nær tusen år eldre enn Larvik, Kaupang, kjøpefjorden eller kjøpevika, eit namn om lag som København.

Vika ligg berre ein kort gåtur frå Hvittensand og utlaupet av Numedalsvassdraget, men i le av Malmøya. Staden vart skipa kring år 800, med ei stordomstid på kring 150 år, før handel og marknad flytta seg til Tønsberg og sidan til Viken.

I dag ligg Kaupang eit lite stykke frå havet, men den gongen låg byen i sjøkanten, og funna fortel at den største samferdsla var med Danmark, naturleg nok, vatnet var den snøggaste vegen. Ja, Kaupang var gjerne dansk politisk og kulturelt, om det geografisk sett var norsk. Med vatnet som veg var vestfoldkysten og Danmark grannelag. Dansk påverknad på austnorsk mål skriv seg ikkje berre frå dansketida (1536–1814), men frå 800-talet òg. Norsk snakka ein på Vestlandet og i innlandet.  

Kaupang og jarnet

Kaupang-impulsar nådde dit òg, for byen vende ikkje berre mot sør, men mot innlandet og naturressursane der. Og kva ressurs var særleg ettertrakta? Svaret har omgrepsstatus som sjølve namnet på den historiske perioden. Me er i jarnalderen. 

Jarn var av det viktigaste som fanst. Ein trong det til alt. For å driva jordbruk og produsera mat. For å driva skogbruk. For å laga våpen og forsvara seg. Jarn var kapital òg. På 800-talet hadde ein framleis byteøkonomi i Noreg, myntane kom seinare, og eit viktig betalingsmiddel var jarn. I Kaupang er det funne jarnbarrar. Å dra heim frå marknaden til garden med eit tungt knippe jarnbarrar opna nye dører, bokstavleg talt. Smeden kunne smi lykel, lås og slå, hakke, øks og sverd.

Men smeden heime kunne ikkje laga jarn. Så kvar kom jarnet frå? Det korte svaret er: frå Hardangervidda og øvste delen av Numedal. 

Jønndalen

Mykje av jarnet finst i myrane, som myrmalm. Før grøftinga på 1800-talet var ein tidel av Noregs areal myr, og ein tredel av myrane ligg over skoggrensa. Numedal, med helvta av flatemålet på 900 moh. eller høgare, er rik på myr og myrmalm. 

«Det er estimert at det vart produsert 60 000 tonn jern i bygdene omkring Hardangervidda i perioden 950–1300 e.Kr.», skriv Kjetil Loftsgarden i «Ferd og frakt over fjell og vidde» i arkeologitidsskriftet Primitive tider (21/2019), og meiner produksjonen låg på kring 170.000 kilo jarn i året, eit halvt tonn kvar dag.  

Eit slikt volum kravde omfattande organisering: «Bøndene i innlandet kunne ikkje risikere å bruke tid og ressursar på å gå i gang med overskotsproduksjon av jern utan allereie å ha på plass stabile økonomiske nettverk, etablerte ferdselsårer og pålitelege metodar for frakt.»

Truleg var dette hovudinntektskjelda øvst i Numedal, viktigare enn jakt og fiske. I Norges oldtid (1984) utelukkar ikkje Anders Hagen at den omfattande jakta på Hardangervidda var eit resultat av jarnverksemda, at «behovet for kjøtt [kan] ha vært så stort hos kullbrennere og jernvinnefolk, at dette måtte føre til intensivert villreinjakt».

Til vassdraget og tilsigsfelta høyrer sidedalar og -elvar. I Uvdal, mot Hardangervidda, ligg Jønndalen og Jønndalsåa, med namn som minner om jarnutvinninga som sytte for livsgrunnlag og vokster i tida fram til svartedauden. 

Så viktig var jarnproduksjonen øvst i Numedalsvassdraget at han rett og slett kan ha vore med på å avgjera kvar Nordens fyrste kjende by kom til å liggja. «I den første delen av vikingtida låg tyngdepunktet på kysten av Vestfold sørover til utløpet av Numedalslågen», skriv Kåre Olav Solhjell i Bygdehistorie for Nore og Uvdal. Band 1 (1992), og held fram: «Ein av føresetnadene for denne tidlege handelsverksemda i Vestfold kan ha vore at vegen var kort både sørover til Danmark og nordover til dei jernproduserande bygdene på sør- og austsida av Hardangervidda.» 

Jarnbarrane 

Numedal er ikkje rik på oldtidsfunn, men ein gong under den fyrste verdskrigen, i 1916, fann Olav Bakke på Teigen gard i Uvdal nokre metallgjenstandar i jorda. Det synte seg å vera tolv jarnbarrar, av det slaget ein har funne i Kaupang. Kvar barre hadde form som ei langstrekt øks, flata ut som ein egg nedst, og øvst med eit hòl. Lengda var om lag tjue centimeter, og vekta kring ein halv kilo. 

Kva tid er Uvdal-jarnbarrane frå? Jarn er vanskeleg å tidfesta, og ein kan ikkje utelukka at dei er frå 800-talet og var meinte for handel i Kaupang. 

Med svartedauden og avfolkinga døyr jarnutvinninga og dimed store delar av dalen. Folketalet går kraftig ned, og dalen får ikkje nytt liv før vel 300 år etter, med sylvverket på Kongsberg, skipa på 1600-talet. 

Slik Valdres definerer seg som hyttedalen, har Numedal definert seg som mellomalderdalen. Ein kunne òg ha kalla han jarnalderdalen. 

Som me skal sjå ei anna veke, hadde Numedal ei stordomstid i sein jarnalder og i hundreåra fram mot svartedauden. Stolte minne frå den tida ser ein heile tida når ein køyrer fylkesveg 40 gjennom dalen. Ikkje noko område i Noreg er så rikt på bygg frå tida før reformasjonen, ja, frå før svartedauden òg, både stavkyrkjer og profane bygg som loft og stover frå 1100- og 1200-talet. 

Forbløffande mange av bygga står framleis attmed fylkesvegen og fortel om den fyrste gullalderen i dalen, ein gullalder av jarn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Numedalslågen er den tredje lengste elva i landet, etter Glomma og Pasvikelva.

Etter jarntida fekk ikkje dalen nytt liv før med sylvverket på Kongsberg frå 1600-talet. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis