JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ikkje stein att på stein

JERUSALEM: Tre spørsmål tek eg med heim att: Kvifor går Israel så brutalt fram? Kvifor gjekk Hamas så brutalt til åtak? Er fred ein normaltilstand?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.

Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.

Alle foto: Håvard Rem

Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.

Vestmuren i gamlebyen i Jerusalem.

Alle foto: Håvard Rem

12713
20240223

Israel–Hamas-krigen. Del 5

Håvard Rem skriv frå Tel Aviv og Jerusalem, Libanon-grensa og Vestbreidda.

Nord–sør-grensa

havard@dagogtid.no

Eg kjem til Ben Gurion-lufthamna med mange spørsmål, men færre enn sist er spørsmåla i den israelske tryggingskontrollen. I krig ville eg venta ei minst like grundig utspørjing. Kvifor går det snøggare no? Av di utlendingane er få? Mange av dei få skal til USA. Høgortodokse reisande til New York lyt skunda seg. Frå høgtalarane lyder det: JFK! JFK!

Går det snøgt av di eg svarar så overtydande energisk og glad på spørsmåla, som denne gongen ikkje krinsar om folk eg har møtt på Vestbreidda, men om borna og barneborna heime? Når dei saumfer passet i innsjekkinga, kjem eit ekstraspørsmål frå ei væpna tryggingsvakt:

– Kva er rett uttale, Haland eller Håland?

Spørsmålet er retorisk, han har fått med seg at å-ljod er rett, og er stolt av det.

Der bombene ikkje fell, vert krig kvardag. Åtte mil frå der me drøftar uttale av dobbel a, ikkje lenger enn frå Oslo lufthamn til Drammen, skal meir enn 12.000 born, kring hundre om dagen, ha døydd sidan oktober, i eit sundbomba Gaza der stein ikkje ligg att på stein.

Unge ortodokse søv på bussen.

Unge ortodokse søv på bussen.

Foto: Håvard Rem

Brutalitet 1

Kvifor går Israel så brutalt fram?

Eg har drøfta spørsmålet med ekspertane her, men di mektigare dei er, di mindre kan dei meina ope, så me gjorde ein avtale. Mot at dei vart anonymiserte, prata dei fritt. Her kjem eit konsentrat av tankane, deira og mine.

For å knusa Hamas? Militært, ja. Ideologisk, tja. Idear lèt seg ikkje bomba.

For å avskrekka? Ja, land i verdsdelen vert avskrekka. Israel set seg i respekt. Respekt? Ikkje respekt på norsk, men på arabisk. Sterkare enn folkeretten står den sterkastes rett, ikkje minst til å forsvara seg.

Avskrekkar det palestinarane? Både og. Dei integrerte hatar krigen. Mellom dei råka finst dei som hatar Hamas, og dei som vil leva og døy for å hemna seg på Israel.

Speglar brutaliteten 7. oktober-sjokket? For ein del, ja. Heime skjønar me ikkje 7. oktober-traumet. Sjå på kartet. Slik den vesle Gazastripa ligg kringsett av fiendar, ligg Israel som ei større Gazastripe kringsett av fiendar. Er det reelt? Frykta er reell. I botnen har dei ein martyrideologi, dei òg. Den militære eiden til israelske soldatar handlar om det jødiske massesjølvmordet på Masada mot slutten av krigen mot romarane.

Kva med vestleg fordøming? Overleving trumfar anerkjenning. Storregionen er viktig for dei, men der er fordøminga blanda med respekt. USA er viktig. Europa tel ikkje. Dei har aldri kunna lita på Europa, ikkje på kyrkja, ikkje på høgre- eller venstresida.

Kva med mediepresset og dei brutale bileta? Analytikarane deira ser kan henda at mediedynamikken no er brutal, han òg. Konsumentane trøytnar.

Dei internasjonale domstolane? Dei fremste unge juristane deira vert overførte til forsvaret, og plukkar frå kvarandre klagemåla, teknisk sett, men om det held andsynes FN og det internasjonale samfunnet, er ei anna sak. Dei lit ikkje på FN.

Er det ein plan med brutaliteten? Kan henda har ei så samansett regjering ingen overordna plan anna enn å reagera på refleks. Men i krigar gjeld gjerne at dei som sigrar mest brutalt, kjem sterkast til forhandlingsbordet.

Gate i gamlebyen i Jerusalem.

Gate i gamlebyen i Jerusalem.

Aust-Jerusalem

Kansellerte fly, ikkje på grunn av krig her, men uvêr heime, gjev meg ein ekstra dag i Jerusalem. På Rav-Kav-kortet som ein kan nytta på all kollektivtransport i Israel, er det nokre shekel att.

Eg sit på ein gamal buss innover i Aust-Jerusalem. Bussen er overfylt av unge palestinarar. Her som på Vestbreidda er eg einaste framande om bord. Det kan indikera at eg gjer noko uklokt, eller at det er få framande her no.

Eg skal til Oljeberget. Som namnet fortel, er det eit fjell. Eit fuglefjell, tett i tett med bustadblokker. Bratt til alle kantar. Gamlebyen ligg langt der nede. Eg går av nokre stopp før, i Betfage, for å sjå og gå litt. Det likar ikkje sjåføren. Han ropar meg attende til bussen. Han vil vita kvar eg skal. Oljeberget? Eg veit ikkje kvifor han bed meg om bord att.

Kyrkja på Oljeberget er stengd kvar onsdag, les eg vonbroten på eit skilt. I dag er det onsdag. Men nei, kyrkja har vore stengd sidan oktober, fortel kvinna i kiosken på hi sida av gata. Ho sel klede, suvenirar og kaffi. Det er dårleg butikk. Ingen kundar. Ingen å sjå.

Etter 7. oktober fekk ambassadørar til Israel pansra utgåver av dei svarte bilane med sota vindauge. Eit par slike står utanfor kyrkja, ser eg over kaffikoppen. I nyhenda om kvelden kjem eit opptak frå kyrkja der ein europeisk biskop står og manar til fred.

– Kor langt er det å gå ned til gamlebyen? spør eg kvinna i kiosken.

– Ein halvtime.

–?Det er heilt greitt å gå? spør eg.

–?Vel, svarar ho og dreg på det, før ho legg til:

– Det går mest nedover.

Brutalitet 2

Det andre spørsmålet som vert med på flyet, er: Kvifor gjekk Hamas så brutalt til åtak?

At brutalitet kan koma utan ein plan, går att i refleksjonane ekspertane gjer seg kring Gaza-bombinga, men kring 7. oktober-åtaket òg.

Hamas misoppfatta situasjonen i Israel før åtaket, seier ein. Hamas-leiarar trudde at Israel var så politisk splitta og svekt at åtaket ville knusa dei. Slik kan ein tenkja i ei boble.

Dei handla i ei boble, seier ein annan. Iran fekk ikkje vita om åtaket før same morgon, eit par timar før. Iran er gode på realpolitikk og varsame i grannelaget, og vart rasande.

Kven visste? Ein fortel: I Gaza, to veker før åtaket, drøfta eg framtida med to Hamas-toppar. Dei gav ikkje inntrykk av at noko ville henda. Lurte dei meg? Det får eg aldri vita. Båe er drepne no.

Var mediemerksemda viktig? Andre konfliktar marginaliserte Palestina-spørsmålet, jamvel i Abraham-avtale-forhandlingane mellom Israel og arabarstatane. Hamas vinn mediekrigen, men kor lenge? Mediesigeren har ikkje hjelpt dei militært. Sett bort frå houthiane er lite støtte mobilisert eksternt.

Og internt? Krigen har vore meir samlande i Israel. Politisk er nok Hamas ferdig. Dei agerer i ei boble som truleg har sprokke.

Alle vaktlaga vitnar om styrken til dei som styrer, og til dei som ikkje styrer.

Oljeberget

Betfage og Oljeberget ligg utanfor dei gamle bymurane. Tok ein denne høgda, vart ho ein base for eit åtak på byen, slik ein kriga i romersk tid. Skal ein tru dei samtidige historieskrivarane, kom åtaka mot Tempelhøgda der nede under høgtida om våren, i påska.

Eg legg ut på den bratte vegen frå Betfage og Oljeberget, via Getsemane-hagen og Kedron-dalen, mot Tempelhøgda og al-Aqsa-moskeen langt der nede. Det er ei av dei mest kjende vandringane i verda. Soga er like tvitydig som alt elles her, som orda til ekspertane eller bussjåføren.

Gravstad under Oljeberget.

Gravstad under Oljeberget.

Foto: Håvard Rem

Frå høgda her såg rabbi Yeshua ned mot tempelet og sa: «Det skal ikkje liggja att stein på stein.» Og slik vart det, brutalt som på Gaza no. Berre éin mur står att av det store tempelanlegget, Vestmuren, Klagemuren. Eg har aldri sett plassen så folketom. Stemninga er rar, her som for nokre kilometer sidan, då eg på aude vegar passerte verdskjende heilagdomar og reisemål, som Getsemane-kyrkja. Alt var stengt. Jødiske gravstader ligg attgrodde og forsøpla.

Demografi

Eg fer heim med spørsmål, men med svar òg, oppfatningar eg har endra under opphaldet: Då eg kom, venta eg at israelarane stod mindre samla enn dei gjer. Det er vel krigen som samlar dei? Jau, men då eg kom, venta eg at palestinarane stod meir samla enn dei gjer.

Levantiseringa eller orientaliseringa av israelarane vart drøfta i ein tidlegare episode. Kva med israeliseringa av palestinarane? Eit par millionar av dei bur i Israel. Nokre hundretusen arbeider der. Dei veit kor gale det har gått med levetilhøva i granneland som Syria og Libanon. Dei veit kor lite reell støtte Hamas får frå arabarane her og i Vesten. Papir og slagord, fordømingar og demonstrasjonar, men i praksis? Dei veit dei er del av den israelske økonomien fleire og fleire arabiske land vil ha med seg i utviklinga av storregionen.

Dei veit òg at det største trugsmålet mot israelarane til sjuande og sist er dei sjølve – om dei ikkje lenger reknar seg som israelarar. Jødiske israelarar eg pratar med, sekulære som ortodokse, seier at dei lit på dei og ikkje trur at terror vil gripa om seg mellom dei talrike arabiske israelarane.

Dei ortodokse gjev samstundes inntrykk av at dei sjølve er komne til Israel for å døy, helst i fred, men i krig om så det gjeld. Eg møter dei overalt, på buss, tog og torg. Dei vert fleire. Mange er unge. Fleire flyttar hit, og dei får mange born.

Det demografiske overskotet kjem elles frå dei arabiske israelarane. Kan henda er det dei som på sikt vil vera del av ein modererande faktor i folkesetnaden.

Gate i gamlebyen i Jerusalem.

Gate i gamlebyen i Jerusalem.

Foto: Håvard Rem

Høgtida

Eit steinkast unna Vestmuren ligg al-Aqsa, moskeen, som somme nyttar som namn på heile høgda, og som Hamas nytta som namn på 7. oktober-åtaket. Planane om åtaket, meiner fleire, tok til etter at israelarane to år før brutalt slo ned den tradisjonelle ramadanmarkeringa kring al-Aqsa, som vart til opptøyar. Al-Aqsa gav òg namn til den andre intifadaen, frå 2000 til 2005, etter at dåverande statsminister Ariel Sharon vitja plassen.

Før eg kjem fram, møter eg ein kontrollpost.

– Where you from? spør ein av fire tungt væpna vakter.

– Norway.

– Muslims only. Bye.

Om to veker er det ramadan att. Medan ein kvart million muslimar kjem hit for å be på ein dag under høgtida, vil Netanyahu-regjeringa i år avgrensa talet til nokre få tusen. Somme fryktar at restriksjonane vert gneisten til eit bål av krigssmerte.

Jamvel no som det er stille og folketomt, er det vaktlag overalt i gamlebyen. Det er gjerne fire stridande i kvart lag, alle tungt væpna. Dei vitnar om styrken til dei som styrer, og til dei som ikkje styrer.

Ung ortodoks i regnvêr.

Ung ortodoks i regnvêr.

Foto: Håvard Rem

Nord–sør-grenser

140 dagar ut i krigen har det vore særs lite terror, her som i Vesten, trass i israelsk brutalitet. Er det stille før stormen eller stille før sigeren? Vil det syna seg at internasjonale forhandlingar og rettsprosessar, i ein realpolitisk balanse med den sterkastes rett, verkar jamvel under så brutale omstende?

Kva er tidsvindauget? Ekspertane er opptekne av det. Om nye 250 dagar er det presidentval i USA. Vert Trump vald, vil han fylgja sine eigne spelereglar, utan diplomatisk finesse. Det er ikkje anna semje om han enn at han er forretningsmann, slik Abraham-avtalane hans har vore forretningsavtalar, som då Marokko fekk anerkjend suverenitet over okkuperte Vest-Sahara mot å normalisera tilhøvet til Israel. Kva er slikt? Eit vegkart for fred? Peace in our time?

Ekspertane som har mest imot Trump, finn likevel von i at Abraham-avtalane vert tekne opp att. Dei kan gje Netanyahu påskotet han treng til å gje våpena pause eller kvile, og seia til israelarane: Me vil ikkje, men me er tvinga.

Kar i kippa kuttar shawarma.

Kar i kippa kuttar shawarma.

Foto: Håvard Rem

Kva er med og avgjer det amerikanske presidentvalet? Ein annan sør–nord-konflikt, langt frå Midtausten, langs grensa mellom USA og Mexico. Jamvel mellom veljarar i statar langt frå grensa står migrasjonen mot nord høgt på dagsordenen.

Dei som tapte krigen, men lét seg integrera, vann riket.

Vest-Jerusalem

Toget til Ben Gurion-lufthamna tek eg frå Vest-Jerusalem. Der er alt annleis. Her går ikkje gamle bussar, men moderne trikkar, ikkje tronge basargater, men avenyar med kjøpesenter i glas og stål. Skilnaden speglar privilegia og rettane til ulike samfunnsgrupper.

Men noko er sams. På eit torg spelar ein gatemusikant hissige trommer til eit høgtalaranlegg med kjende og sterkt patriotiske songar. Ljoden av krigsmusikk lokkar folk til seg. Dei likar det, men smiler samstundes litt overberande, som om dei ikkje tek det heilt på alvor eller overlèt alt til lagnaden.

Smila liknar smila til palestinarane når dei snakkar om houthiane, jemenittane som har synt dei støtte, ei einsleg støtte, ved å skyta rakettar ut i Raudehavet.

Er fred eigenleg ein normaltilstand? Idealpolitisk er spørsmålet smaklaust, men realpolitisk? Når og kvar var fred normaltilstanden? I det hjørnet av verda eg no fer heim til, har me hatt fred i åtti år, men heller ikkje der er fred normaltilstanden, historisk sett. På eit verdskart over kjende historiske krigar står slaga tettare i nord enn i sør, i Vest-Europa enn i Midtausten.

Den romersk-jødiske krigen for snart to tusen år sidan var ein krig mellom nord og sør, Europa og Midtausten. Korleis enda han? Romarane vann krigen, men dei av taparane som lét seg integrera, vann riket.

Gatemusikant i Vest-Jerusalem.

Gatemusikant i Vest-Jerusalem.

Les også: Israel-Hamas-krigen. Del 1: Frose fast i 7 oktober, Del 2: Sabbat i Safed, Del 3: Frelsaren frå nord. Del 4: – Ja, eg elskar dette landet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis