JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Ikkje berre ein hund

Eit tolv år gamalt hundeliv kostar i snitt 180.000 kroner. Men kva kostar ein hundedød?

Ronja i fotostudio i 2015.

Ronja i fotostudio i 2015.

Foto: Eric Clement

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10284
20230421
10284
20230421

Så kom dagen då mor måtte ta farvel med den nære vennen sin, Ronja, ein tolv år gamal goldendoodle.

Det var ikkje avliving som stod på kalenderen då mor og bror min tok hunden med til veterinærklinikken AniCura i Bergen. Ho skulle eigentleg berre fjerna ein liten klump under halsen. Før dyrlegen gjorde noko med klumpen, ville ho ta røntgen av hunden.

Røntgenbileta viste ein svulst som dekte nesten halve magen. Han må ha både kome og vakse fort, for det er ikkje meir enn to år sidan Ronja var på same klinikk og vart kreftoperert. Då kom ho heim att med to jur mindre. Operasjonen hadde ein sluttsum på 22.328 kroner, men alt inntil 20.000 kroner vart dekt av forsikringa.

Sist eg var heime, i vinterferien, var eg i forsikringsprishumør. Medan eg, i ein heim med to vaksne og to born betalte 1657 i månaden, betalte mor og far, som berre er to personar, 2384 i månaden. Mor henta fram laptopen sin og bank-ID-brikka til far, og me sette oss ved kjøkenbordet. No skulle ho ta eit oppgjer med det grådige forsikringsselskapet.

Ho logga fyrst inn og såg kva som var forsikra. Dei hadde nokre køyretøy fleire enn meg, men det som trekte mest opp, var hundeforsikringa, på 346 kroner i månaden, 4152 i året.

Eg såg ned på Ronja som låg og pusta tungt ved føtene mine under kjøkenbordet.

– Det er vel ikkje så lenge til du kan droppa den forsikringa, sa eg til mor, som heva hovudet på andre sida av bordet.

Etter at me gjekk på ein forsikringssmell med Luna, ein fem år gammal flat-coated retriever, er eg for hundeforsikring. Det flat-ane gjer, er å sluka i seg boss og drit dei finn langs vegen. Jo eklare noko er for menneske, jo betre verkar det å vera for hunden.

Luna vart brått sjuk i mai 2008, det bar i veg til dyresjukehuset, og røntgen viste sanitetsprodukt og søppel som hadde samla seg i tarmane. Ho vart operert pinsedagen (som skulle visa seg å vera ein ekstra kostesam operasjonsdag), bitar av truseinnlegg og sjokoladepapir vart tekne ut, ho vart sydd att og send heim med krage og smertelindrande medisin.

Fem dagar og rundt 25.000 kroner seinare døydde Luna. Utan forsikring, men med verdas finaste pels.

Men berre fem dagar etter det igjen, fekk mor eit stort, bjeffande plaster på såret. Naboen kjende nokon som kjende nokon som hadde ein flat dei ikkje ville ha lenger. Slik kom åtte år gamle Chessy inn i familien, og trur du ikkje ho hadde same oldefar som Luna?

Som Luna, slukte Chessy det meste ho kom over som lukta vondt. Ein gong forsvann eine pulsvarmaren min frå stovebordet, og eg må vel vedgå at eg på fleire år aldri hadde vaska dei. Mor kunne åtte dagar seinare melda om at pulsvarmaren var dukka opp att, ferdigtova i tarmane til Chessy.

Det vart mor si hjartesak å gje Chessy ein god alderdom. Ho var 12­–13 år då vinninga gjekk opp i spinninga: Det var meir hunde­urin på golva enn glede over «ikkje ta!» og «ver så god!», og Chessy fekk ein siste tur til veterinæren.

Så var det Ronja, eit to år gamalt skilsmissebarn frå Odda-området. Mor og Ronja har vore eitt sidan, og dei har utfylt kvarandre godt. Borna mine seier «mormor og Ronja», ikkje «mormor og morfar».

Ronja fekk ikkje lov å tigga ved middagsbordet, men mor kunne sitja med eit tiggande blikk når me andre var ferdige med å eta: Var det meir igjen? Kunne Ronja få restane?

Når ho ikkje åt restar, fekk Ronja hundemat av merket Royal Canin, som kostar rundt 900 kroner for ein sekk på 15 kilo. Ein sekk held i inntil to månader, som betyr minst 5400 kroner i året.

Forståinga for hundens syklus og kjønnsdrift vart ope diskutert, stikk motsett til menneskeleg syklus og kjønnsdrift, som aldri har vore eit tema. Eg trur ikkje nokon gong ordet eggløysing har vore sagt i barndomsheimen min, men løpetid og vasking av blodflekkar er heilt normalt.

Eg ser at dette er ein hund som har kunna mykje, sa dyrlegen som skulle setja den såkalla humane giftsprøyta i Ronja, og mor brast saman.

– Ja, ho kunne henta både avisa og kaffien.

Sanninga er at Ronja henta det du til kvar tid plasserte ved ytterdøra, for så å seia: «Ronja, kan du he...». Så fauk ho ut så det small i dørene og kom inn att med ei avis eller ein kaffipose full av hundeslev.

Mor les og tolkar hundar inn i si eiga verd, og ho vert tiltrekt av alt som har med hund å gjera. Difor var påskeferien med nettavisene ekstra hektisk for henne.

Det byrja med ein føljetong i norske medium om ein hund som sat fast på ei fjellhylle i Hovden. Då redningsmannskapet måtte avbryta redningsaksjonen på grunn av skredfare, tok mannen i gata affære. Etter to timar på Spleis var det samla inn over 300.000 kroner til å leiga helikopter, og tidlegare handballspelar og Skal vi danse-deltakar Frank Løke ville bli fira ned og henta hunden. Men før han rakk det, klarte to ikkje-kjendisar å få hunden ned.

«Påskens helter er de to karene der», sa Løke til Nettavisen.

Innan hunden var redda, var det ei ny hundesak å fylgja med på. Leo (14) hadde falle ned i ei snøhole og vart funnen av ein annan hund, Buster, som tilfeldigvis var av same rase. «Buster ble påskens helt», skreiv NRK.no, som same dagen kunne fortelja at det er lurt å ta med solkrem og solbriller på påskefjellet – til hunden, altså.

Menneskeleggjering av dyr er god butikk. Ved å kalla ein sjuk fugl ein pasient og kle seg likt som på menneskesjukehus har talet på kjedetilknytte dyresjukehus og -klinikkar eskalert dei siste ti åra. Ta til dømes AniCura. Kjeda vart etablert i Sverige i 2011 og finst i 14 land, og «selskapets 11.000 dedikerte medarbeidere tar hvert år hånd om over 3,6 millioner pasienter». I 2018 vart AniCura seld til amerikanske Mars, Incorporated, eigd av Mars-familien, som med alt frå sjokolade og tyggegummi til dyrefôr og veterinærtenester er vortne blant dei rikaste familiane i USA.

Berre i Noreg har AniCura 42 dyreklinikkar, dyresjukehus og dyrehospital. Ut frå dei fire avdelingane i bergensregionen å døma er dette ein kvinnetung bransje. Der mor går med Ronja, er det 36 kvinner og tre menn tilsett.

Eg vert fengsla av nettsida deira. Ho er rein og steril og minner om nettsidene til Volvat og Aleris.

Her kan du lett bestilla time til koloskopi, celleprøve og nevrologisk utgreiing av katten din. Om du har ein frisk og rask hund, kan han bli blodgivar, for «behovet for blod er like stort hos hunder som hos mennesker, og blodoverføring kan utgjøre forskjellen mellom liv og død». Om du får Mummi-skål til hunden som takk, veit eg ikkje.

I bloggdelen på nettsida kjem dei mellom anna med tips til valentinsgåver til Fido og Mons, to namn som går att på sida når det er snakk om høvesvis hund og katt. Som folk flest set kjæledyra mest pris på ekstra tid saman med «mennesket sitt».

«Hva med en hundefilm sammen med din pelskling på sofaen?»

Vil du heller gå for å laga eit måltid saman med hunden din, må du vera obs på diverse allergiar, skriv dei, og legg ved oppskrift på ein «deilig, hundevennlig is».

Alt du treng til kjæledyra, frå klede og leiker til fôr og godbitar, finn du i butikken deira. Og som i alle andre butikkar kan du verta medlem og få gode rabattar tilpassa dyret og 10 prosent avslag på dyrefôr frå Mars Petcare.

Etter at Ronja hadde drege etter pusten for siste gong og bror min hadde fotografert mor saman med kadaveret og vice versa, vart dei viste inn til eit anna rom for å drikka kaffi og snakka om vegen vidare.

Gravlegging eller kremasjon? Separat eller felleskremering?

Ei dame opna ein perm med bilete av ulike urner, i fall mor ville at Ronja skulle brennast for seg. Alternativet låg på over 3000 kroner, så kom urna i tillegg.

Dei rimelegaste er urnene i materiale som kan brystast ned, slike du anten kan gravleggja eller søkkja i havet. Vil du ha urna utstilt i stova, kan du til dømes gå for ei krystallurne laga av tsjekkiske glasblåsarar. Eller kanskje vil du bera hunden meg deg i smykkeformat? Ingen problem. Det finst både små kapslar du kan ha litt oske i, elles kan ei teskei av oska støypast inn i ei glasperle av ein dansk kunstnar.

Eg har etter kvart vore med på nokre kiste- og gravsteinsutval, og visste at tida etter døden var kostesam og full av alternativ for menneske. Men kommersialiseringa av døde dyr var ny for meg. Eg tenkjer at kapitalismens siste hundedagar er komne.

Ein snakkar ikkje lenge om avliving av eit kjæledyr anno 2023 før ein kjem inn på korleis dyr vart drepne før i tida. Alt frå drukning i bøtter og slag i hovud til kveling og skot var heilt vanleg for generasjonen over meg, og eg har inntrykk av at dette var noko folk klarte å gjera sjølve, born så vel som vaksne. Her kjem eg til kort. Eg er ein racer på å lada musefeller og klippa brunsniglar, men hadde du gjeve meg ein katt og ein hammar hadde eg ikkje visst kor eg skulle begynna. Kor skal slaget setjast? Er dette noko eg kan læra på YouTube?

Før kalla dei det ikkje avliving heller. Dei drukna, kakka, kvelte og skaut. Dei tok knekken på, eller dei berre tok dyra. «Han var så gamal, me måtte ta han.» «Kjetta fekk ti ungar, me måtte ta dei alle saman.»

Avliving er eit snilt ord, eit humant ord, det er det motsette av å gje liv. Nett som sprøyta Ronja fekk med ein dødeleg overdose narkosemiddel – det vert kalla ein human, altså menneskevennleg, måte å døy på.

Ronja vart send til massekremering saman med andre dyr, og mor send heim med ei lita glasflaske Ronja-hår og eit kondolansekort frå AniCura med drypande ferskt poteavtrykk av Ronja.

Sluttsum for konsultasjon, røntgen, to blodprøvar, sedering, avliving, kremering og handtering: 11.888 kroner.

– Håret og poteavtrykket skulle eg få gratis, seier mor.

Så var det å melda frå til forsikringsselskapet i von om å få noko att. Når me trekkjer frå eigendelen på 2500, den høge alderen til Ronja på 2000 og kremeringskostnaden utover 2000, altså 540, er me nede i 6847 kroner.

Men så skal me snu, og plussa på litt. Det som er det tristaste, skal visa seg å bli det mest inntektsgjevande. For Ronja døydde som fylgje av avlivinga, og hundedød gjev ei erstatning på 7000 kroner.

– Så eg får 13.847 kroner att på forsikringa, seier mor.

Ein liten, inhuman del av meg ynskjer å få hund, berre for å forsikra han.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis