Reportasje
Hurtig ferd mot nord
Aller lengst nord går vegen på havet.
Eitt stykk Mercedes vert levert på kaia på Måsøya. Alle foto: Siri Helle
Det er berre å innrømme det med ein gong: Surt vêr her, i Havøysund, i Måsøy kommune, øvst oppe i Finnmark, er noko annan enn surt dei fleste andre stadar. Ja, det er berre å slå fast at det er verre.
Og det er heller ikkje til å kome frå at det er surt her i dag. Vinden kjem nordfrå. Frå Arktis. Og litt vestfrå. Frå havet. Offisielt sett Norskehavet, sidan grensa for Barentshavet går ved Nordkapp, som ligg eit sund aust for Havøysund, men det trur eg ikkje vinden har fått beskjed om. Han er like kald. Snøen ligg, mørket ligg. Bilete av eit vêr som ikkje er særleg freistande å gå ut i. Særleg ikkje no, før klokka fem om morgonen.
Men hurtigbåten MS «Årøy» har ei rute å halde, og ei bestilling på tur til Rolvsøy der det mest truleg står både folk og bilar og ventar, og då er det inga bøn.
Fire krevjande stopp
Kva er det mest utfordrande du kan finne på som sjømann? Er det dei store, opne hava – fulle av historier, mytar og tatoveringar? Kryssar du Atlanterhavet, kan du tatovere eit anker på kroppen. Kvar tur over ekvator gjev rett til eit skjelpaddeskal. Rundar du Kapp Horn, kan du blekke på deg ein fullriggar.
Det er ikkje noka tatovering knytt til å legge til og gå frå stoppestadane i øyriket kring Havøysund ein vintermorgon. Eg skal heller ikkje påstå det kan samanliknast med turen kring det berykta Hornet, men det er på ingen måte ein tur for kven som helst. Her nyttar det ikkje å lene seg attende på autopiloten, og dei dagelange strekka på same kurs kan ein sjå langt etter. Sjølv GPS-en vert til tider for treg i desse farvatna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.