Hugnadheim i Hallingdal
TORPO: Éin sundag i månaden er det kvedarkveld i det raudmåla laftehuset Hugnadheim på Torpo, ei lita bygd i Hallingdal.
Hallingdal med Geilo, Ål stasjon og Gol stavkyrkje. Etter istida nådde havet om lag like høgt i dalen som eit osloprega mål når i dag. Frå venstre: Dialektdiktarane Ivar Aasen, Stein Torleif Bjella, Henrik Wergeland og Arne Moslåtten.
Dialektferda. Del 5.
Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket fer i Ivar Aasens fotefar for å granska korleis norske dialektar lever i litteratur, vitskap og kvardagsprat, og for å møta songpoetar frå mange stader i landet.
26. april: Vennesla
3. mai: Bergen
16. mai: Oslo
24. mai: Vesterålen
Denne veka: Torpo
Teikning: May Linn Clement

havard@dagogtid.no
Lytt til artikkelen
På Torpo bur 400 sjeler, ei mil frå Ål stasjon (436 moh.) på Bergensbanen, men språkleg er avstanden meir enn ei mil. Kvedarkveldane har vakse ut av praktboka Folkesong i Hallingdal (2015), samla av Gunnlaug Lien Myhr, kvedar og kursleiar. Når dei femten kring langbordet kved i lag, vert Hugnadheim fylt av hugnad. Hugnad er i nær slekt med eitt av dei mest populære lånorda i engelsk dei siste åra, hygge, av gamalnorske hugr – velvære, kos, glede.
Myhr fortel:
– Einkvan laut halda kvedinga i hevd. Eg kjem frå Gol, der far min spela fele og dreiv med folkedans. Som jentunge lærte eg springar og laus (halling), fele og langeleik. Men å læra seg kveding var vanskeleg.
– Kvifor?
– Det fanst ikkje lærarar. Førebileta heldt til i Telemark og Setesdalen. Men då eg var 16 år, byrja eg å kveda, og året etter drog eg på kappleik i kveding. Sidan har eg samla dei songane frå dalen som i 2015 vart eit verk.
– Kva er kveding?
– Ein musikkstil, som rock og jazz. Éin skilnad er at kveding vart lite nytta til scenebruk og meir i arbeid, i gjeremål som for ein del er borte: kulokk og hardt kroppsarbeid.
«E ska syngji ein liten bådnsull som ein gamal mann søng åt uss med me voro små», lyder merknaden til «So sko me sulle vesleguten vår». Det syner seg at bånsullane gjerne vart sungne av karfolk. Kunnskapsnivået kring bordet er høgt. Éin kvedar arbeidde i mange år med tolvbandsverket Norsk ordbok. Ein annan driv lokalforlaget Boksmia forlag som har gjeve ut Ivar Aasen-boka Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres.
Havet stod til Nesbyen
For ti tusen år sidan, etter den store istida, då landet steig fram, «furet, værbitt over vannet», herja og trykt ned av tunge brear, stod havet høgare. I byrjinga steig både havet og landet, men då tilsiget av smeltevatn stogga, heldt landet fram med å heva seg. Kan du sjå føre deg at kystlina gjekk om lag ved Nesbyen stasjon (168 moh), kan du sjå føre deg kor langt vikværsk har gått opp i dalen dei siste tiåra. Om lag så høgt som Oslofjorden nådde opp i Hallingdal, når oslomålet i dag.
Namnet på dalen og folket kjem truleg av haddingane og den langhåra småkongen Hadding, som styrte dalen før Noreg på 800-talet vart samla til eitt rike av ein annen langhåring, Harald Hårfagre. Hadding (av haddr, langt hår) endra seg kring 1500 til halling. Men tradisjonen held seg: Dei nye småkongane av Hallingdal, spelemennene i orkesteret Hellbillies, er – eller har vore, helst –?langhåra, dei òg. Ein av dei har me avtalt å møta på Hugnadheim i kveld.
I flatemål er dalen om lag like stor som Vestfold og Østfold til saman, 6000 kvadratkilometer, rett nok ikkje med ein halv million menneske, som dei to fylka, men med 20.000 dølar. I 1845 kom Ivar Aasen til ein dal delt i berre tre kommunar – Nes, Gol og Ål – som no er seks, utvida med Hol, Flå og Hemsedal, om lag slik det hadde vore i gamal tid, før Svartedauden og den vesle istida avfolka dalen, så ein slo område saman. Ein dag vert dei kan henda slegne saman att.
Mellom aust og vest
Halling er ein austnorsk dialekt, med påverknad frå vestnorsk. Hallingdal og Valdres sokna i stor grad til Vestlandet, og høyrde frå 1100-talet til Gulatinget og Stavanger bispedøme. Påverknaden frå vest heldt seg til toget kom. Frå Lærdalsøyri, det store knutepunktet mellom Aust- og Vestlandet, skriv Ivar Aasen kring 1850 at mange austfrå, «især fra Valdres og Hallingdal, indfinde sig her for at omsætte adskillige Varer».
Då Bergensbanen kom i 1907, og så buss og bil, vart dalen opna for turisme, tilflytting og framande impulsar. Jarnbanestasjonane vart som hamner som bringa den gamle kystlina attende. «På Ål stasjon» (1996), heiter Hellbillies-songen der Arne Moslåtten nyttar ei barndomsoppleving til å setja ord på vendinga. Fyrste strofe:
Når togji kryssa va’ræ morot sjå
For engorn skull reise, og are skull tå
Der rek det ferdafolk ifrå land og by
Dit kom dæ folk frå Nesby’n
Ell endå lenger sy
Tidlege 1840-år
Tidlege 1840-år er ei fascinerande tid i norsk dikt- og målsoge. Då Ivar Aasen forlét Bergen i 1841, fekk han med seg Jørgen Moes Samling af Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter (1840), den fyrste norske folkeviseboka i prent, med to dialektviser av Henrik Wergeland. I 1842 kom både Wergeland og Aasen med samlingar av eigne dialektviser, på høvesvis halling og sunnmørsmål, Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog og Langeleiken. En Krands af Digtninger i Dølemaal. Om mottakinga av Langeleiken skreiv Torleiv Haanes åtti år etter: «Dei norske ordi sveid som salt i såre augo på danomanane, og Wergeland vart utskjeld for ‘sprogfordærver’ og mykje anna stygt. Men han tok ikkje tukt.»
Før Aasen kom til Hallingdal, møtte han presten og folkevisesamlaren Magnus Landstad: «Dette Møde var mig meget beleiligt, da jeg netop havde bestemt mig til en Tids Ophold i hans Præstegjeld Sillejord (Seljord)» der det fanst «en Række af gamle Kjæmpeviser, som dog nu ere saa sjeldne, at de snart vilde været forsvundne, hvis de ikke bleve opskrevne. En Jomfru Crøger har imidlertid foretaget sig at samle dem.»
Olea Crøger (1801–1855) frå Heddal i Telemark var kvedar og ein tidleg og særs viktig folkesongsamlar. Arbeidet resulterte mellom anna i Norske Fjeld-Melodier, som kom ut same år som den fyrste eventyrsamlinga til Asbjørnsen og Moe.
Året? 1841.
Me skal sjå at ei like dynamisk tid kom 150 år etter, i 1990–92.
Arne Moslåtten
Etter godt vaksen kveding på Hugnadheim vert det ikkje laus, men laus prat (svall på somme mål). Ikkje for det: Alder er inga hindring, ifylgje Ivar Aasen. Han skriv i dagboka frå dei seks vekene i Nesbyen i 1845 at «der blev gjort mangt et forsvarligt Hallingkast, endogsaa af gamle Folk».
Ein høg, stram 70-åring frå bygda kjem og tek del i praten, Arne Moslåtten, folkemusikar og landskappleikvinnar, for mange kjend som songpoeten – og fram til 2013 fløytisten – i Ål-bandet Hellbillies.
Men det byrja med attdikting. Hellbillies var eit engelskspråkleg orkester, men éin haust dikta Moslåtten tekstane om til hallingmål. I Allkunne fortel Ottar Grepstad at Moslåtten var «med i Kådnbandet som i 1990 blei til Hellbillies. Draumen var å gi ut ei plate med amerikansk countryrock og engelske tekstar. Då hadde gruppa enno ikkje spelt utanfor Hallingdal. På kort tid omsette Moslåtten tekstane til hallingdialekt, og seinsommaren 1992 gav Hellbillies ut første plata si, Sylvspente boots.»
For det meste skriv Moslåtten eigne vers, men han har halde fram med attdikting, eller omskriving, til dømes av Mick Hanlys «Past the Point of Rescue», som på hallingmål vart «Ei krasafaren steinbu» (Pela stein, 1993). For tida er han oppteken med det same, men no frå norsk, til eit prosjekt med framføring av songar skrivne av andre songpoetar i landet.
Institusjonalisering
Og det er meir. Dialektferda kjem i september til Rogaland, om Gud vil, der innhald i musikk og samtale er eit riksmålsdikt på rim frå 1951 av Inger Hagerup. 21 år seinare vart diktet tonesett av ein Grorud-visesongar, og no, 47 år seinare, vert det framført på jærsk av eit lokalt, landskjent hardrockband.
Dramatikaren og lyrikaren Jon Fosse er attdikta frå nynorsk til fleire enn tretti språk, og vert no attdikta til dialekt. Hålogaland Teater turnerer i haust Troms og Finnmark med Sønnen, etter Fosses Sonen (1997), i Ragnar Olsens attdikting til nordnorsk.
Når ein litterær tekst vert omsett mellom språk med brukarar som forstår kvarandre seg imellom, kjem det kritikk, gjerne med rette, og helst frå dei som nyttar kjeldespråket, språket det vert omsett frå, ikkje målspråket, som det vert omsett til. Kritiserte vart nynorskomsetjarane då dei ikkje lenger nøgde seg med å attdikta Shakespeare, men byrja med Ibsen òg.
Lyt ein omsetja frå mål nordmenn skjønar? Sett bort frå lesarlatskap er det to omsyn som kan gjera det naudsynt: auka status for det uetablerte språket og meir talemålnærleik for songar og skodespelar.
På dialektferda mot språkstatus syter institusjonsteater no for at Ibsen vert framført på målføre, og at nynorsk dramatikk vert omsett til målføre. Ein tidleg, men altfor lang arbeidstittel på denne serien vert eg stundom mint om: «Av dialekt er du komen. Til dialekt skal du bli.»
Hallingdal står ikkje utanfor institusjonaliseringa av dialektane. I 2017 gav den høgt skatta songpoeten og hallingdølen Stein Torleif Bjella ut ei sterkt kritikarrost og bestseljande bok, Jordsjukantologien nr. 1, ikkje med songtekstar, men med dikt, skriftlyrikk – stendig på hallingmål.
Dialekt med språkstatus
Eit kjenneteikn ved språk i etableringsfasen er attdiktingar frå etablerte språk – som tidleg var viktig i nynorsk. Aasens Prøver af Landsmaalet i Norge (1853) har tekstdøme på tjue dialektar, men òg på ei komande skriftnorm, og då attdiktingar frå tysk og engelsk òg. Lord Byron («Childish Recollection»), «er temmelig frit oversat», nok av omsyn til rima, nett som i attdiktinga frå tysk av Friedrich Schiller («Das Lied von der Glocke») der rimet tvingar fram eit ord frå heimedialekten («Brugeligt i Søndfjord»).
Henrik Wergeland dreiv med omsetting, han òg – frå dansk. Då han byrja å dikta på målføre, hende det at han tok viser han hadde skrive på dansk og attdikta dei til dialekt.
Å gjera verdslitteratur tilgjengeleg på eit uetablert språk verkar med til å institusjonalisera målet. Vert dei norske dialektane no – som nynorsk og bokmål i si tid –?institusjonaliserte? Nærmar dialektane seg språkstatus? Og kvifor no?
Metrisk dikting er gjerne meint for framføring, og i ein signaturvokal er dialekten ein av dei viktigaste markørane. Då er talemålnærleik naudsynt. Den tøyinga og bøyinga av normene som får målet til å høve med både daglegtale og melodi, har alt gått føre seg i generasjonar i dialektar og talemålnære språk.
Moslåtten fortel:
– Dei fire songpoetane i Noreg som eg set høgst, er Alf Prøysen og Vidar Sandbeck, Jacob Sande og Hartvig Kiran. Av nolevande kan du leggja til Hans Rotmo. Det dei har sams, er at dei skriv utan rytmiske feil. Rytmisk er dei i særklasse. Somme legg mindre vekt på det rytmiske av di innhaldet er så viktig for dei.
Ei mykje attdikta verseline er frå Shakespeares Hamlet: «To be, or no to be, that is the question.» Etter å ha samanlikna norske versjonar, meiner eg at Ivar Aasen står for den fremste: «Te vera elder ei, – d’er da her spyrst um.»
Talemålsnærleiken i nynorsken hans eigna seg. Eit munnleg basert mål med fleire samantrekningar og einstavingsord (kjem, ikkje kommer) er smidigare når versesmeden skal smi språket så det høver til dei ti–elleve stavingane i ei blankversline. Den store riksmålsattdiktaren André Bjerke skal ein kveld på kunstnarrestauranten Blom i Oslo ha bede Olav H. Hauge over til bordet og sagt: «Jeg misunner Dem Deres sprog.» Ikkje av di det er så «poetisk», men høveleg for metrisk handverk.
Dialekt som hovudmål
Dei siste åra har dialekt vorte hovudmål –
språk – for fleire. Eg kjenner songpoetar som nyttar dialekt i dei fleste høve: munnleg, sjølvsagt, dei knotar så å seia aldri; i songtekstane, sjølvsagt, både skriftleg, når dei skriv dei, og munnleg, når dei framførar dei, men òg når dei skriv brev og e-post, handleliste og tekstmelding. Kva for mål dei nyttar i korrespondanse med kemneren, veit eg ikkje, men det overraskar meg ikkje om det går i dialekt då òg.
At dialekt vert eit meir litterært språk, har nok samanheng med at litteratur i aukande grad er framført litteratur. Ikkje berre songteksten, men prosaforteljinga òg. I fyrste kvartal i år var omsetnaden av norsk skjønnlitteratur som ljod (via Fabel og Storytel) tre gongar høgare enn på papir. Plattformene er nye, men som fenomen er framført litteratur like gamalt som leirbålet.
Attdikting i Senkveld
Ein kan klaga over at poesien vert marginalisert i ålmenta, men det står ikkje på interessa. Fredag for ei veke sidan fekk nær ein halv million sjåarar av Senkveld med Helene og Stian ei attdiktarstund med Bjarne Brøndbo frå D.D.E. då han sat i sofaen og framførte den opphavlege teksten til «Rai Rai» (1993) frå debutalbumet med same namn.
– Vi’ dåkk hør koss «Rai Rai» va? I 1986 eller no’ sånn.
I took off from this town
(Endelig vart det helg)
This lonely morning in the pouring rain
(Har findressen klar og ei nyvaska skjort)
I had to reach Oslo city
(Her e inga tid å mest’)
Before the sun goes down and leave me stranded again
(Om uka går seint, så går helga altfor fort)
I know where you work and I know where you’re living
(En dram innfor vesten, litt godlukt bakom øret)
I know what it takes, but I don’t what it’s giving
(Slips og joggesko, og æ e kledd for alt slags føre)
Instrumentalovergangen frå strofe til refreng vart markert med luftlyrikken «tukke tukke tukk», armar som spela luftperkusjon og ein sidemann i sofaen på luftgitar.
And I believe too much
(Her bli det liv – rai rai)
in true true love
(når æ kjæm i varmen)
Dei tre bylgjene
At dialekt no når eit nytt nivå av status som språk, heng nok saman med at den dialektbylgja me no er inne i, er annleis enn dei to føregåande. Ho varar lenger og vert meir etablert.
Den fyrste dialektbylgja i nyare tid kom i 1945, med nemnde Prøysen og Sandbeck, og varte drygt femten år. Det gjorde òg den andre bylgja, med vise og folkrock på dialekt, mykje på trøndsk og nordnorsk, frå tidleg 1970-år.
Kring 1985 kom ei bylgje, ikkje på dialekt, men på anten bokmål eller engelsk. I bokmålsbylgja dominerte «dei fire store»: deLillos, Raga Rockers, Jokke og DumDum Boys. I engelskbylgja dominerte The Monroes frå 1983, med høgdepunkt i 1985, og sjølvsagt a-ha, som toppa Billboard.
Men den tredje dialektbylgja, som byrja tidleg i 1990-åra med Hellbillies, D.D.E. og Vamp, har no vara i meir enn eit kvart hundreår. Skulle ho ha døydd ut som dei to føregåande, etter om lag femten år, ville ho ha enda kring 2007.
Kvifor gjorde ho ikkje det? Det var då sosiale medium slo gjennom, med smarttelefonen som ein naudsynt plattform, og ein skal ikkje sjå bort frå at sosiale medium verka med til å gje den tredje dialektbylgja eit lenger liv av di dialektbruken då vart utvida frå daglegtale og songtekst til skrift.
Hausten 1991
Dei mange rørslene i språkutviklinga kring 1841 kom att 150 år seinare. Kva hende kring 1991?
Som nemnt var det då Arne Moslåtten attdikta Hellbillies-songar frå engelsk til hallingmål. Samstundes, på ein annan kant av landet, i Namsos, hende det same. Som Hellbillies byrja D.D.E. som eit engelskspråkleg band. Frå 1984 til 1991 var dei After Dark. I 1991 kom målskiftet og attdiktingane, og i januar 1992 den fyrste singelen, med Åge Aleksandersen som produsent, «Kvinnfolk, det é det beste æ veit».
I 1991 vart det skipa eit orkester i Haugesund, Vamp.
Samstundes, i Haugesund og i Bergen, gjekk to av dei viktigaste norske svartmetallaktørane frå engelske til norske tekstar, høvesvis Enslaved og Burzum. Dei fyrste norskspråklege svartmetallsongtekstane kan ein datera til desember 1991.
Kvifor alt saman nett då? 1841-rørslene vert gjerne sette i samanheng med ei nasjonalromantisk vekking, men kva med 1991-rørslene? Nei, sei det. Det vert spekulasjon.
Korleis byrja året? 17. januar 1991 døydde kong Olav, og teljosa vart tende, same dag som USA sette i verk åtak mot Irak og irakiske styrkar. I Midtausten har eg møtt mange muslimar som fortel meg at Golfkrigen auka identitetsmedvitet deira. Somme av dei, godt vaksne, drog for fyrste gong til Mekka.
Statistikk syner at dei særs norske gutenamna Ask, Brage, Trym og Odin, som nesten ikkje hadde vore nytta på hundre år, fekk ein renessanse i 1990-åra. Kan henda er dialektbylgja som byrja i 1991, og som framleis går føre seg, uttrykk for aukande identitetsmedvit.
Morsmålet set standarden
Praten kring langbordet på Hugnadheim går snart over til å handla om dialekt, som i tusen norske heimar. Mange har mykje å melda. Kva er stoda for målet i dalen?
Eg har høyrt med professor Helge Sandøy ved Universitetet i Bergen som snart legg siste hand på manuskriptet Gjensyn med Prøver af Landsmaalet av Ivar Aasen. Endringar i norske dialektar i 200 år. Hallingmål er ein av dei tjue dialektane Aasen granskar i boka si, og som Sandøy no har undersøkt for å måla endringane sidan. Han fortel om eit samansett bilete.
På somme småstader er endringstalet «utruleg lite», som på Levald («der har dei òg rett til å få dialektendringa si målt og kvantifisert»), medan «språkbruks-bildet er komplisert på jernbanesentrum» som Ål – eller Gol, der ei hovudoppgåve frå 2007 syner at «eine skulen er prega av tradisjonelle golingar, den andre av innflyttarborn».
Kring bordet vert tendensen i funna til Sandøy stadfesta. På den eine sida fortel dei om eit vaknande dialektmedvit:
– Mange av dei unge byrjar å nytta dialekten meir medvite når dei dreg ut, til dømes på folkehøgskule.
– Og kvar sumar vert det no halde dialektleir i Hemsedal, for born frå ti år og oppover. Der er det berre lov til å prata hallingmål.
– Det har òg ein verknad at fleire songpoetar nyttar hallingmål i tekstar som vert spela på radio, til dømes Tove Bøygard og Daniel Kvammen.
På den andre sida fortel dei om ei bylgje av vikværsk som når langt inn i dalen, og som verkar like vanskeleg å demma opp for som det er – for å nytta metaforen til ein norsk litteraturkritikar – «å stogga Golfstraumen med ein champagnekork».
– I barnehagen set språket seg, og mange stader vert lokale songar og stev aldri nytta, men foreldra vågar ikkje å diskutera det med dei tilsette.
– Mest tek borna etter andre born. Unge som har slekt herfrå, og foreldre som pratar dialekt, pratar like gjerne bokmål.
– Verst for dialekten er det om mora pratar austlandsk. Morsmålet sett standarden.
– Innflyttarforeldre går gjerne til aksjon for å få bokmål i skulen. Berre foreldre med born i skulealder får røysta, og nynorsken tapar.
– Butikktilsette pratar bokmål til meg til dei høyrer målet mitt. Då legg dei om.
– Butikkskilta er no for det meste på bokmål. Men på Facebook nyttar mange framleis nynorsk.
Facebook er for godt vaksne, kvelden har vorte gamal og det er langt heim. Ferda frå Torpo (326 moh.) til hovudstaden vert som ei reise på havbotnen, under eit vaksande djup av austlandsk og oslomål.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Plattformene er nye, men framført litteratur er som fenomen gamalt som leirbålet.
Like høgt i Hallingdal som Oslofjorden nådde, når oslomålet i dag.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement