JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Hekta på islandshest

ISLAND: Når Islands beste ryttar tek med seg den beste islandshesten til verdsmeisterskapen i utlandet,
får ho ikkje lov å ta han med seg heim att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mette Camilla Moe Mannseth frå Oslo er hovudridelærar på universitetet og blant dei beste ryttarane på Island.

Foto: Harald Hognerud

12048
20190215

Mette Camilla Moe Mannseth

Vaks opp på Holmen i Oslo

Islandshestekspert

Trenar, ryttar, ridelærar og oppdrettar

Busett på Nord-Island

Driv Islands beste avlsgard for islandshest

Hovudlærar på hestestudiet på Háskólinn á Hólum

ottar@dagogtid.no

Mette Camilla Moe Mannseth har funne draumelandet, og der handlar det om islandshestar heile dagen. Ho er både trenar, ryttar, ridelærar og oppdrettar.

Det fanst ikkje mange hestar der ho vaks opp – på Holmen på Oslos vestkant. Men no bur ho på den flotte garden Tufur ikkje så langt frå hestehovudstaden Saudarkrókur langt nord på Island, og det har ho gjort i nærare 20 år. Historisk har området vore eit hestemekka. Her er det mange som har islandshest, og det er mange konkurransar.

Frå garden er det fin utsikt mot Skagafjördur, og eit tital hestar beitar på markene. Om islandshesten er det sagt mange godord. Han er roleg, han verken sparkar eller bit. Han er sjarmerande, snill, tøff og seig, og kringom i verda har han fleire hundre venelag. I Tyskland er det over 170, medan det er 34 lag med i Norsk Islandshestforening.

Islandshesten likar å ha folk rundt seg, og han vert omtalt som eit flokkdyr. Han ruvar slett ikkje i landskapet, men kan bera tung last og tek seg stødig fram i vanskeleg terreng. Han er både vakker og fotogen, og ofte dukkar han opp i islandske filmar. Der har me sett islendingen ridande på kvit hest gjennom bølgjene på stranda, eller på vill flukt frå politiet oppe i fjellet, eller på bilvegen til Reykjavik for å gjera revolusjon.

For nokre år sidan fekk Benedikt Erlingsson Nordisk råds filmpris for Om hester og menn. Den gongen uttalte han at blant anna er filmen ei hyllest til alle dei utanlandske hestejentene som kjem til Island for å arbeida. I filmen er ei svensk hestejente den einaste helten. Ho kunne like gjerne vore norsk, dansk eller tysk, for på Island er det mange slike jenter.

– Dei er som nonner; dei er gifte med hesten, har regissøren uttalt.

Mette har vorte omtalt som den beste kvinnelege ryttaren på Island. Ho har vunne islandsmeisterskapen fleire gonger og motteke ei rekkje prisar for god riding. I to år har ho vore trenar for det norske islandshestlandslaget, og når dei største konkurransane på Island har vorte fjernsynsoverførte, har ho vore kommentator. Frå januar er det konkurransar ein gong i veka, og Mette deltek i mange av dei. Hausten er den rolegaste tida på garden, og då temmer ho unghestar.

Ho inviterer oss inn i kaffistova i ridehuset, der store pokalar prydar hyllene. Som femåring leika Mette at ho hadde både hest og stall, og kvar jul stod hest øvst på ønskelista og ponni på andreplass. Foreldra var akademikarar og uinteresserte i hest, men Mette gav ikkje opp. For å få sjansen til å ri, reiste ho den timelange turen opp i Sørkedalen, og som avisbod fekk ho råd til å leiga hest. Det var stas!

No bur ho på eigen gard med stall til meir enn 40 hestar og arbeider fulltid med hest.

– Hadde nokon sagt at det var mogleg i oppveksten, hadde eg berre ledd og sagt at det er ingen som kan leva av hest, seier ho i dag.

Heime i Oslo hadde alle i familien studert ved universitetet, og Mette hadde planar om å gjera det same, men etter gymnaset satsa ho på eit friår på Island. Etterpå valde ho å ta islandsk grunnfag i Oslo, men fekk fullføra i Reykjavik, og vart verande der. Ho tok ridelærarutdanning på høgskulen på Hólar og vart tilsett som ridelærar ved Háskólinn á Hólum. No har ho vore hovudridelærar der i seks år.

På Hólar er det tre hovudutdanningar. Det finst liner for hest, fiskeoppdrett og turisme. På hestelina kan ein ta bachelor i riding og rideundervisning, og mykje dreiar seg om det praktiske.

– Studiet er populært, og berre halvparten av søkjarane kjem inn. Det vil seia at me kvart år tek inn mellom 20 og 24 på eit studium som tek tre år. To tredelar er jenter. Om lag halvparten av studentane kjem frå utlandet. Dei må læra islandsk først og har gjerne vore på Island ei stund. Bygdene Hólar og Saudarkrókur vert rekna som ridemekka. På Hólar finst det stall til 300 hestar, og det er tre ridehus og store utebaner.

Det er fem andre ridelærarar på Hólar, men som hovudridelærar har Mette ansvar for den faglege oppbygginga av rideundervisninga. Berre flinke ryttarar vert tekne opp på studiet, og dei må gjennom ein inntaksprøve før dei beste får studieplass.

– Får studentane jobb?

– Å, ja, lenge før studiet er slutt. Dei er etterspurde. Nokre av utlendingane dreg heim, medan andre vert verande, som eg. På tre islandske gymnas finst det hesteline, og nokre av studentane vert lærarar der. Som ridelærar får du ganske god løn, men som hestetrenar er timebetalinga heller dårleg. Eg trøystar meg med at viss eg hadde arbeidd i bank og vore veldig rik, hadde truleg alle pengane mine gått med til å byggja stall, kjøpa mange hestar og skaffa meg så mykje fri at eg kunne ri så mykje som mogleg. No har eg hestar, og eg kan ri når eg vil. Det har vorte ei blanding av hobby, livsstil og jobb. Av og til kan det vera vanskeleg å vita kva tid ein er på jobb, og kva tid ein har fri.

Når Mette er ferdig med dagen på universitetet, reiser ho heim for å ri.

– Det er det eg eigentleg lever for!

Ho har arbeidd på universitetet i Hólar sidan 2000. Undervegs møtte ho ein hesteinteressert islending, Gísli Gíslason. Etter tre år kjøpte dei garden på Tufur, og dei starta med få hestar.

– Den vinteren eg jobba her, fekk eg Lygna frá Stangarholti i løn, og ho viste seg å vera ei fantastisk god avlshoppe. Eg selde det første følet då me flytta hit, og det hjelpte oss økonomisk. Dessutan kjøpte Gísli nokre unghestar ganske billeg, og ein av dei, Hródur frá Refsstödum, vart ein av Islands beste avlshingstar. Dei to hestane gjorde oss i stand til å kjøpa garden til ein grei pris på eit gunstig tidspunkt. Like etter skaut prisane i vêret, og dei heldt seg der fram til 2007. Då me tok over, var det svinefjøs på garden, men me bygde om til stall. Ved hjelp av hardt arbeid og litt arv greidde me i tillegg å byggja ridehus.

På garden driv Mette og Gísli både med avl og trening av andre sine hestar. Fire år på rad er garden nominert til den beste avlsgarden i landet.

På verdsbasis skal det finnast kring 250.000 islandshestar. På Island er det kring 80.000 og i Noreg om lag 8000. I dag vert islandshesten hovudsakleg brukt til riding, men framleis vert han nytta i sauesankinga på Island.

Det følgjer status med å avla gode hestar, og det er vanleg å avla hest utan å ri sjølv. På Island er det status å møta opp på ridestemne for å sjå andre ri hesten du eig.

Det finst ein stor database, Worldfengur.com, der ein finn alle islandshestane, alle dommane og opplysingane om kven som eig dei ulike hestane. Der kan ein para hestar i teorien og finna ut kor sannsynleg det er at dei får den eine eller den andre fargen. Ein avlsindeks fortel om dei sannsynlege eigenskapane til avkommet. Det vert forska mykje, og det eksisterer eit særs utvikla system.

Det var vikingane som hadde med seg islandshesten til Island på 800-talet, og sidan har islendingane lagt vinn på å ta vare på han slik han var. I dag er det svært strenge reglar for import av husdyr til Island, og islandshesten er rekna blant dei reinaste rasane i verda. Kraft, vilje og evne til å halda ut er typisk, og det er ikkje utan grunn at islandshesten har pynta både frimerke og pengesetlar på Island.

Mette meiner at forbodet mot å importera hestar gjer hestehaldet mykje lettare for hesteeigarane på Island, og at det har ført til færre sjukdomar.

– Me treng ikkje å vaksinera hestane og sparar mykje pengar på det. Etter at eg kom til Island, er det oppdaga to sjukdommar her. Dei er ikkje så alvorlege for hestar i Europa, men dei er farlege her, ettersom dei islandske hestane ikkje har godt immunforsvar. Begge sjukdommane førte til at fleire hestar døydde. Det gjekk lang tid før dei fann ut kva som var gale, men til slutt slo dei fast at det var streptokokkar. Hadde me ikkje hatt strenge reglar, kunne det fått alvorlege følgjer.

Då ein av dei beste islandshestane på garden var fem år, vart Mette og eigaren samde om at dei skulle ta han med til verdsmeisterskapen. Men når ein tek med ein hest frå Island, får han ikkje koma tilbake. Difor måtte dei selja han til utlandet før dei reiste.

– Det var veldig sårt å levera hesten etter meisterskapen, men sjølv har eg hestar som eg ikkje vil ta med til utlandet. Dei skal berre vera her og vera mine. Men eg har planar om å ta med meg ein bestemt hest til VM, og selja han. Eg håpar å få godt betalt. Det er snakk om ein avlshingst, som kjøparen også kan konkurrera med.

– Når prisane på islandshestane er godt over ein million norske kroner, vert de vel rike?

– Det er ikkje mange gonger i livet du kan selja ein hest til ein slik pris, og det er lagt ned mykje arbeid i ein så dyr hest. Reknar ein ut timebetalinga, løner det seg neppe. Sjølvsagt finst det hestar som ikkje vert konkurransehestar, men berre vanlege ridehestar, og dei kostar mindre. Berre få gonger i året sel me hestar til utlandet. Nyleg selde me ein til California, der dei har både kurs og konkurransar for islandshestar.

Den siste helga i september hentar islendingane hestane sine ned frå fjellbeitet, og 600 hestar samlast i nærleiken av Tufur-garden. Det er eit flott syn, og fleire hundre turistar møter opp for å sjå og ri.

– Det er ei både kulturell og morosam helg, slår Mette fast.

Den internasjonale dagen for islandshesten vert feira 1. mai kvart år, og mange islendingar rir gjennom gatene i Reykjavik. Det er eit flott syn når ryttarane stiller med hestar i mange fargar, med islandske flagg og vakre bunader utanfor den store Hallgrimskyrkja, medan eit kor syng nasjonale songar.

Men den største arrangementet er likevel landshestestemnet, Landsmót, som er ein konkurranse som går av stabelen annakvart år og varer ei heil veke.

– Islandshesten er ein stor del av folkesjela på Island. Nesten alle islendingar har ridd, og nesten alle elskar islandshesten. Når det kjem utanlandske politikarar på statsbesøk, har det vore vanleg med ridetur på programmet, og viss dei kan, rir dei gjerne til talarstolen, fortel Mette.

I bydelen Árbær i Reykjavik finst det kring 4000 hestar, og det ligg mange små stallar her. Her finst det ei lita kaffistove og ein liten paddock der hestane vert plasserte. Etter arbeid og i helgene dreg islendingane dit, og der steller dei hestane og tek seg ein ridetur, eller går på ridekurs. Det er søndagsturen deira, og i dette området, med flotte ridevegar, finst det ein eigen kultur med islandshesten i sentrum.

Mette er overtydd om at menneske har stort behov for kontakt med både dyr og natur.

– Det hender nok at eg får eit spesielt forhold til somme hestar som eg har kjent lenge, men eg ser ikkje på dei som menneske. Dei er svært forskjellige og tenkjer på heilt anna vis. Hestane krev at du er til stades, og dei er på mange vis reinare i sjela enn mennesket. Dei har ingen baktankar, og dei angrar aldri på noko. Dei er elendige skodespelarar, men prøver heller ikkje å vera det. Dei er berre hestar, og det fascinerer meg. Eg trur hestane kan hjelpa folk til å verta betre menneske. Å omgåast dyr som ikkje har baktankar, er reinsande. Hestane er i utgangspunktet alltid venlege, og dei har gode intensjonar. Dei kan gjera ting enklare for folk.

– Er islandshestane kloke?

– Det vert sagt om somme at det er ein klok eller intelligent hest, men etter vår målestokk er dei ikkje særleg intelligente.

Men sjølv om islendingane er svært glade i islandshesten, er dei ikkje redde for å setja gaffelen i han. Fleire islandske restaurantar serverer hestekjøt, men ikkje alle likar det. Sjølv om Mette er svært glad i islandshestane, forsikrar ho oss om at kjøt av føl er mørare enn kalvekjøt, og at det er noko av det beste ein kan få.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur hestane kan hjelpa folk til å verta betre menneske.

Mette Camilla Moe Mannseth, ekspert på islandshest

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis