JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Gråt og lått i New York

MANHATTAN: På Gerald Schoenfeld Theater i Midtown, hundre meter frå Times Square, har ein musikal om 11. september gått i fem år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leonard Cohen (t.v.) og John Hammond bak scenen under Newport Folk Festival på Rhode Island i juli 1967, eit halvt år før Cohen albumdebuterte. Med ryggen til står visekunstnaren Judy Collins, som nett hadde gjort songskrivaren Cohen kjend.

Foto: David Gahr / Getty Images

12172
20220107

Manhattan

Håvard Rem vitja New York i november i fjor og fortel soga om byen gjennom tre songarar og poetar som alle vart oppdaga på Manhattan av talentspeidaren og produsenten, newyorkaren og rikmannssonen John Hammond (1910–1987).

Del 1, 10. desember: Billie Holiday 

Del 2, 24. desember: Bob Dylan 

Del 3, 7. januar: 
Leonard Cohen

havard@dagogtid.no

I den fullsette salen sit me og ler i dei svarte andletsmaskene som ved inngangen vert delte ut til dei som kan prova at dei er fullvaksinerte. Maska held ein på under heile framsyninga, «sett bort frå når ein et eller drikk», om lag som om bord i eit fly. 

Dei er om bord i eit fly på scenen òg, eit av dei som vart omdirigerte 11. september 2001. Låtten i salen er ikkje sjølvsagd. Dei pandemiske omstenda er alvorlege. Omstenda i stykket er alvorlege: hendingane då New York kom under åtak og tvillingtårna fall. Om lag 3000 newyorkarar vart drepne den dagen for drygt tjue år sidan. Og no ler dei av det heile. Kan me om nye ti år, i 2031, sitja på Oslo Nye Teater og le under ein musikal med handling frå 22. juli 2011?

Åra har gått, men på fleire gatehjørne passerer eg minnevegger der born og vaksne hengjer opp helsingar til dei drepne, til ein onkel som var brannmann, og på fortauskanten står ein buss der forbipasserande som treng einkvan å prata med, kan gå inn. 

Historia til Hammond

I 2001 var det 218 år sidan sist New York var under åtak, i 1783, då amerikanarane sigra i det siste slaget mot den britiske kolonimakta. Ein av dei få newyorkarane med så lang familiesoge i byen var talentspeidaren og musikkprodusenten, overklasseguten og menneskerettsaktivisten John Hammond (1910–87). 

Medan artistar han oppdaga, som Billie Holiday, Bob Dylan og Leonard Cohen, voks opp i distrikta, i Maryland, Midtvesten og Montreal, var John Hammond newyorkar gjennom mange generasjonar. Dei nederlandske forfedrane hans kom til Amerika for 400 år sidan, om lag samstundes med Mayflower.

Ein forfar i rak line kom alt i 1630 til den nederlandske kolonien New Netherlands, no New York, Anthony Janszoon (1607–76), omtala som «mulatten» av di han var son av illgjetne Jan Janszoon frå Haarlem, ikkje i New York, men i Nederland, som vart teken til slave av algeriarar, vart muslim og slavehaldar sjølv, mellom anna på Island, der han tok eit kvart tusen islendingar som slavar til Algerie i 1627, på den tida son hans kom til New York og Mayflower til Massachusetts. 

Ein annan forfar, Jan Aertson, kom til New Amsterdam på lærlingkontrakt i 1650, frå ein stad i Utrecht i Nederland, De Bilt, som gav opphav til slektsnamnet Vanderbilt, mest kjend gjennom shipping- og jarnbanemagnaten som vart Amerikas rikaste mann og John Hammonds tippoldefar, Cornelius Vanderbilt (1794–1877), fødd ti år etter sjølvstendekrigen mot britane. 

I 1805, berre elleve år gamal, slutta han på skulen for å arbeida for far sin, som dreiv ei ferje i hamna i New York, ei hamn som gjorde New York til ein verdsby då den 60 mil lange Erie-kanalen – frå New York og Atlanterhavet til Chicago og Dei store sjøane – stod ferdig i 1825. Vanderbilt vart ein hovudaktør i den neste samferdslerevolusjonen òg, då jarnbanen la under seg landjorda og dei innfødde. 

Cohen i New York

Dei vart førte til Amerika som slavar og flyktningar, forfedrane til artistane Hammond oppdaga. Eit slaveskip flytta røtene til Billie Holiday. Besteforeldra til Leonard Cohen og Bob Dylan flykta frå jødeforfølgingane i Europa, ikkje under Hitler, men under tsaren, ikkje til New York, men til Dei store sjøane. 

Lengst New York-soge av dei har montrealaren Leonard Cohen (1934–2016). Frå heimbyen hans er det berre 60 mil og ti timar med direktetog til verdsbyen. Eit pust av New York fekk han alt i 1952, 17 år gamal, då morfaren flytta inn i villaen i Montreal. Han hadde arbeidd i The Forward, ei jiddisk New York-avis, i lag med romanforfattaren og nobelprisvinnaren Isaac Bashevis Singer. 

Hausten 1956 skipa Cohen sjølv eit tidsskrift i New York, The Phoenix, berre 22 år gamal. Han hadde flytta dit som student ved Columbia University på Upper West Side, men fór stadig sør til Greenwich Village og bohemane der. Han fekk oppleva Jack Kerouac resitera til musikk på Village Vanguard, kort før gjennombrotet med generasjonsromanen On the Road (1957). Men den borgarlege og britisk orienterte kanadiaren vart ikkje ein del av bohem- og beatmiljøet i the Village og forlét New York og overklassekjærasten sin der etter eit år.

Cohen i Greenwich Village

Ti år etter kom Cohen attende til New York. Hausten 1966 vart han nok ein gong trekt mot Greenwich Village. No var han 32 år og hadde om våren gjeve ut sin freistnad på ein generasjonsroman, Beautiful Losers (1966; Skjønne tapere, omsett av Kaj Skagen, 1973). To år og helsa vart investert i ei bok som var for eksperimentell til å selja. Korleis skulle han no brødfø seg sjølv og den norske kjærasten og son hennar?

Same sumar vart den blakke sjarmøren tilboden jobb som programleiar i CBC, Canadas NRK. Var det ein veg? Ved sida av romanen hadde han dei siste par åra skrive ein del songar. Var det ein veg? Hausten 1966 lånte han pengar av ein ven for å fara til musikkbyen Nashville med songane sine. På veg dit drog han innom New York og Greenwich Village. 

Der var ikkje beatforfattarane, men visesongarane i vinden. Bob Dylan hadde flytta på landet, men var prov på at det voks verdsstjerner i kafeane John Hammond overvakte. Ein Dylan-song opna Judy Collins-albumet In My Life, som kom seint i 1966 og selde særs godt. Heilt på tampen hadde Cohen, via Village-kontaktar, fått med to songar på In My Life, og den eine vart ein generasjonssong for hippiane, «Suzanne». 

Den ukjende forfattaren vart lagd merke til som songskrivar – i Noreg òg. Judy Collins hadde midt i 1960-åra eit ungt publikum her i landet, og somme merka seg ein Cohen som skreiv på In My Life og Wildflowers (1967).

I New York vart John Hammond interessert. Kven hadde skrive tekst og musikk til «Suzanne»? Ein vaksen kar frå ein møblert heim, nett som Hammond sjølv. Cohen sende Hammond eit heimeopptak. Hammond tok Cohen ut på lunsj. Så drog dei til Chelsea Hotel, der Cohen spela for Hammond på hotellrommet sitt. Men plateselskapet likte ikkje at Hammond ville skriva kontrakt: «Ein 32 år gamal poet? Har du gått frå vitet?» Men våren 1967 vart det tinga tid i studio, der musikarane lo bak ryggen på den vaksne forfattaren som ville verta popstjerne.

Uventa vart det John Hammond-produserte debutalbumet Songs of Leonard Cohen ein suksess, ikkje minst i England. Det opna dørene for andre lågmælte, melankolske og ikkje-politiske visekunstnarar. På kort tid debuterte Nick Drake, Joni Mitchell og James Taylor. 

Svaberga i Central Park

Ein tidleg Cohen-song som handlar om den fyrste tida i New York i 1966–67, er «Famous Blue Raincoat» (1971) med opningslinene: 

Det er fire om morgonen

seint i desember

Eg skriv for å spørja deg

om det går betre

Det er kulde i New York

men eg likar å bu her

På Clinton Street høyrest

musikk heile kvelden

Kva er det med New York og kulda? Mange som diktar om byen, skriv om vinteren. Kvifor er New York ein vinterby? Han ligg ikkje lenger nord enn Madrid, men kald luft frå det nordamerikanske kontinentet gjev årleg vinter – og stundom istid. 

Då europearane kom, fekk Manhattan halda på det opphavlege namnet, gjeve øya av lenapeane som opphavleg budde der, og som på 1800-talet vart deporterte til Oklahoma. Etymologien er omstridd, men ei topografisk tolking fekk tidleg fotfeste, truleg av di ho samsvarte med den opphavlege topografien på Manhattan: «øya med dei mange haugane.»

På 1800-talet vart ikkje berre eit rutenett av gater lagt over øya, men Manhattan vart valsa flat òg. Ei og anna høgd får ein auga på. Når ein går Femte aveny nordover mot Central Park, og har nådd 37. gate, mellom Empire State-bygget og New York Public Library i Bryant Park, står ein på restane av ei høgd og kan sjå svakt nedover til alle sider, mot East River i aust og Hudson-elva i vest.

Men ein skal gå eit par kilometer til før ein får eit inntrykk av den opphavlege topografien. Då når ein Central Park. Her kjem terrenget til syne. Kløfter og haugar ligg att etter breen som for meir enn 10.000 år sidan nådde sørgrensa si her. Dei blankskurte svaberga i parken fortel at her grov isen seg ned til grunnfjellet. Difor kan ein byggja hus her som er nær ein halv kilometer høge, som nye Central Park Tower. Andre stader på øya lét isen etter seg morenar, og der er grunnen mjukare og husa lågare. Manhattan skyline speglar avsetningane og åtferda til det nordamerikanske isskjoldet. 

Fyrst tek me Manhattan

I 1987 var Cohen gløymd i USA og John Hammond død. Men slik Judy Collins hadde hjelpt han med det fyrste gjennombrotet, fekk han no hjelp av Jennifer Warnes til ei nytt. Den tidlegare koristen og kjærasten hans hadde sjølv fått eit gjennombrot med songen «Up Where We Belong» (1983) og gav no ut eit album med gamle og nye Cohen-songar, Famous Blue Raincoat (1987).

Ein av dei, «First We Take Manhattan», vart lagd merke til att tretten år seinare, i september 2001. Forteljaren i songen er ein ung kar som finn meining i livet gjennom radikalisering til terror, noko Cohen var oppteken av i 1980-åra og skreiv ein upublisert roman om. «Det er ein terroristsong», sa han om «First We Take Manhattan».

På Warnes-albumet opnar songen med ei radiorøyst som i ei tysk nyhendesending rapporterer om ei terrorhending i Berlin i 1986, som nokre arabarar vart dømde for. Dommen fall ikkje før i 2001, og då vart songen lagd merke til att, ikkje på grunn av Berlin-terroren, men på grunn av eit terroråtak på Manhattan, 11. september same år. 

Eg vert styrt av ein bodskap frå det høge

Av fødselsmerket her på kroppen min

Eg vert styrt av dei vene våpena våre 

Fyrst tek me Manhattan, så tek me Berlin

Ein annan artist som John Hammond oppdaga, musikaren og gitaristen Stevie Ray Vaughan, spelar på Warnes-versjonen av «First We Take Manhattan», og i videoen, spela inn i New York. 

Då New York vart skadd

Etter terroråtaka i 2001 skreiv Leonard Cohen songen «On That Day» (Dear Heather, 2004). 

Dei sa me fortente

ei straff så stor

for vår synd mot Gud

for vår uferd på jord

Eg veit ’kje, eg berre

held våpenet ladd

sidan den dagen

New York vart skadd

Ikkje alle likar det dei les som ei oss og dei-polarisering i teksten, og vil ikkje vera ein del av Cohens «oss», men songen er ei kjærleikserklæring til byen og kontinentet som tok imot slektningane hans då dei var flyktningar. Og den stutte songen endar med eit kritisk spørsmål til «oss», newyorkarane:

Dei seier dei hatar

vår soge og skuld,

våre berrhovda kvinner

våre slavar, vårt gull

Eg veit ’kje, eg berre

held våpenet ladd

Men svar meg på dette

Eg tek ’kje på veg

Mista du vitet

eller melde du deg 

den dagen

den dagen

New York vart skadd

Langvegsfarande

Låtten sit laust bak munnbinda i Gerald Schoenfeld Theater på Broadway. Come From Away skal eg attdikta for ei norsk oppsetjing til hausten. Stykket nærmar seg det vonde temaet gjennom ei sidehending. Det går ikkje føre seg på Manhattan, men på Newfoundland, i småbyen Gander, som med eitt fekk folketalet dobla då det amerikanske luftrommet vart stengt, og 38 fly med 7000 passasjerar vart dirigerte ned til lufthamna i småbyen.

Mykje av komikken oppstår i møtet mellom dei godhjarta småbymenneska og dei stranda newyorkarane, urbane og blaserte, men òg skaka av nyhenda om terroråtaket mot heimbyen. Hannah, ei av dei stranda, er mor til ein brannmann på Manhattan, og medan ho ventar på å høyra om sonen er i live, kan ho gråta og le i lag med Beulah, eldsjel i ein lokal hjelpeorganisasjon, og mor til ein brannmann, ho òg. 

I mars går Come From Away inn i det sjette året sitt på Broadway. Newyorkarane kan ikkje få nok. Som Hannah og Beulah på scenen sit dei i salen og ler og græt før dei lyftar på munnbindet for å nippa til raudvinen i Gerald Schoenfeld-kruset. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I salen ler me i dei svarte andlets­maskene av 11. september.

«Det er ein terroristsong», sa Cohen om «First We Take
Manhattan».

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis