JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Freden som vart gull verd

Etter Falklandskrigen gjennomførte Thatcher-regjeringa ein politikk som gjorde Falklandsøyane søkkrike. Førearbeidet vart utført av Labour-politikaren (lord) Edward Shackleton.

«The Iron Lady» minnepolitisk korrekt framstilt i metall.

Foto: Morten Søberg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10101
20230331
10101
20230331

Eg står framføre ei byste av Margaret Thatcher rett attmed gata Thatcher Drive i Stanley. Andletsuttrykket hennar er målmedvite og tydeleg å sjå til. På sokkelen under bysta står det skrive eit sitat frå ein tale ho heldt i Underhuset 3. april 1982 – dagen etter den argentinske invasjonen: «Dei er ikkje mange, men dei fortener å leva i fred, velja sin måte å leva på og sjølve avgjera kva land dei skal høyra til.»

I slutten av mai tok ho kontakt med lord Shackleton. Då hadde britiske troppar gått i land på Falklandsøyane. Thatcher sa til Shackleton at den militære sigeren var eit spørsmål om kort tid. Og ho spurde om Shackleton kunne oppdatera Falkland-rapporten sin frå mai 1976 så snøgt som råd. I september same året fekk Thatcher overlevert 140 sider med tekst, tal, figurar, kart, referansar og tabellar. Og politikktilrådingar frå a til z.

Eg møter guvernør Alison Blake til avtala tid i den offisielle guvernørbygningen på Falklandsøyane. På ein av veggene i korridoren utanfor kontoret hennar heng det to portrett av far og son Shackleton. Fyrstnemnde var sjølvsagt den anglo-irske polgranskaren sir Ernest Henry (1874–1922). Som kjent kom han aldri fram til Sørpolen. Likevel har orda om han vorte synonyme med djervskap og leiarskap i særklasse. Sonen Edward gjorde statsrådskarriere under statsminister Harold Wilson òg av di sistnemnde kjende slik age for far hans. Og det er polgranskaren som guvernøren byrjar tala om når eg spør henne kva ho har lese av Shackleton. Dinest fortel ho at sonen heldt hus i fyrste høgda i guvernørbygningen då han og medarbeidarane hans oppheldt seg på Falklandsøyane i seks veker tidleg i 1976 og gjorde grunnarbeid både her og på Sør-Georgia.

Eg seier til guvernøren at det var litt på slump at eg som nordmann kom over og byrja å lesa Falkland-rapportane til lord Shackleton. Særleg var det metoden hans som gjorde meg både nyfiken og inspirert. I 1976 vitja han og medarbeidarane hans alle dei digre 36 sauegardane på Falklandsøyane. Dei heldt folkemøte. Dei las alt som før hadde vore skrive om øyane. Dei samla inn tal som fortel. Dei hadde samtalar med eit fleirtal av innbyggjarane for å kartleggja den sosioøkonomiske stoda, læra, få politikkrelevante idear.

I 1982 hadde dei ikkje tid til å fara nedover på nytt. Men Shackleton-rapportane er eit mønstergildt døme på politikkutvikling tufta på sunn fornuft, statistikk og mange års røynsle med politiske reformer av ymist slag.

Hard valuta: Falklandsøyane har eigne setlar og myntar. Dei er alltid like mykje verde som britiske pund. Og aldri før har det vore tent så mange pengar på øyane.

Guvernøren tenkjer like eins. Ho seier at lord Shackleton framleis lever på folkemunne på Falklandsøyane. Ho meiner at rapportane hans tvillaust la grunnlaget for den radikale samfunnsomforminga her etter 1982.

For det fyrste tilrådde Shackleton ei omfemnande landreform. Før krigen mot Argentina kom 99 prosent av eksportinnkomene frå sal av ull. Mange av dei drustelege eigedomane var eigde av «landlords» busette i Storbritannia. Dit gjekk òg overskotet. Shackleton tok til orde for at lokale styresmakter skulle setjast i stand til å kjøpa sauegardar, dela dei opp og selja dei til lokale innbyggjarar til subsidierte prisar. Han såg i det heile føre seg at staten skulle ta ei meir aktiv rolle innanfor næringsutviklinga. Shackleton meinte at det burde skipast eit offentleg selskap som kunne både finansiera og subsidiera nyskaping og reformer. Også dette vart fylgt opp av Thatcher-
regjeringa.

For det andre var samferdsle alfa og omega. Shackleton meinte at hamnene, vegane og lufthamna måtte vølast og betrast. Han var sjølv til stades då den militære lufthamna ved Mount Pleasant vart opna i 1985 som eit beinveges resultat av krigen.

– Det mest visjonære framlegget i 1982-rapporten var rådet om å etablera ei økonomisk sone rundt øyane og krevja avgifter i form av havleige frå dei internasjonale trålarane som alltid hadde drive med fiske der, seier guvernør Alison Blake.

– Delvis var slike reformer sjølvsagde i tida. Etter Falklandskrigen var det også opplagt at vi hadde rett til å føra ein slik politikk.

Shackleton ville ikkje at Falklandsøyane skulle verta som Caymanøyane. Han såg føre seg ærleg arbeid og rimelege skatteprosentar. Men rett etter Falklandskrigen var det sannsynlegvis uråd å spå at inntektene frå internasjonalt fiske skulle omforma dei perifere og nokså fattigslege Falklandsøyane til eit av dei rikaste områda i verda.

No kjem over helvta av skatteinntektene frå havleige. Bruttonasjonalproduktet per innbyggjar er på norsk nivå. Arbeidsløyse er eit framandord. Offisiell statistikk syner at yrkesdeltakinga for kvinner og menn mellom 20 og 60 år er tilnærma 100 prosent. I tillegg er utvandring avløyst av innvandring. I skrivande stund bur og arbeider det menneske frå 68 andre land enn Storbritannia på Falklandsøyane. Og folketalet – inkludert det militære personellet på militærlægeret Mount Pleasant sentralt plassert på Aust-Falkland – er sidan krigen dobla til rundt rekna 4000 sjeler.

Endringane pa° Falklandsøyane er ba°de gjennomgripande og strukturelle. Slik sett liknar dei litt på Panamakanalen, over Panamaeidet, fra° Colo´n ved Atlanterhavet til Panama´ ved Stillehavet. Opninga av den kanalen i 1914 omforma derimot Falklandsøyene til skir periferi. Før den tid kom skip på veg rundt Kapp Horn innom Falklandsøyane av di dei anten ville søkja livd, skulle reparerast eller skulle lasta kol, proviant og vatn. Etter Falklandskrigen har øyane atter vorte relativt sentrale – i minsto økonomisk: Fisk liknar meir på gull enn ull.

– Samfunnsutviklinga her dei siste tiåra er ei økonomisk solskinshistorie. Det avgjerande er å hindra at det som hende i 1982, tek seg opp att, seier guvernøren.

– Det ideelle hadde vore å ha eit godt tilhøve til Argentina. Men argentinarane og det noverande regimet ser ut til å leva i ei fantasiverd. Dei har grunnlovfest suverenitet over Falklandsøyane. På offisielle kart er både Falklandsøyane og Sør-Georgia framstilte som argentinske. Då er det på grensa til umogleg å ha konstruktivt samarbeid.

Litle lord Shackleton i lag med sir Ernest.

Foto via Wikipedia

Eg lærer at Sør-Georgia var «underlagd» Falklandsøyane fram til 1986. I dag er øya definert som ein del av eit eige utanskjers britisk territorium og administrert frå guvernørbygningen i Stanley. Alison Blake fortel at ho er guvernør på Falklandsøyane og kommissær for Sør-
Georgia. Seinare syner ho meg rommet der den sørgeorgiske administrasjonen går føre seg ved hjelp av fem årsverk.

Eg dreg faktisk kjensel på eit fotografi av vestfoldingen Carl Anton Larsen på veggen. Han var det som grunnla kvalfangststasjonen Grytvika hausten 1904. Heilt fram til 1960-åra dreiv nordmenn og tente store pengar i form av hard valuta der. Ein geografisk periferi var eit økonomisk sentrum. På ein annan vegg heng ein norsk Sør-
Georgia-kalender for i år.

Eg skriv at det var nett Sør-Georgia som synbert gjorde sterkast inntrykk på lord Shackleton då han arbeidde med den fyrste Falkland-rapporten. I ein tale til Royal Geographic Society i London 15. november 1976 fortel han at han siglde dit på «Endurance» – oppkalla etter skipet til faren, det som vart bygt i Sandefjord i 1912 og knust i isen attmed Antarktis rett før jul i 1915. Vel framme på Sør-Georgia prøvde han å fly med helikopter til King Haakon Bay – han ville sjå kvar Ernest Shackleton hadde kome seg i land på veg etter hjelp til det forliste mannskapet sitt. Dårleg vêr gjorde at det ikkje gjekk. Derimot arrangerte kapteinen på «Endurance» «a rather moving little ceremony» ved grava til polgranskaren i Grytvika. Fotografi frå gravferda til Ernest Shackleton i 1922 viser forresten eit stort norsk flagg inne i kyrkja. Der vart det sunge norske salmar. Medan menn frå Shetland bar kista.

Eg nemner nokre av desse norske «referansane» under møtet med Alison Blake. På veg til synfaring i residensen hennar går vi attpåtil framom eit gamalt vakkert kart som heng på veggen attmed kontordøra hennar. Det syner Deceptionøya – ei ringforma øy mellom Sør-Shetlandsøyane i Vest-Antarktis. Ruinane etter ein norsk kvalfangststasjon er avmerkte på kartet. Stadnamnet Låvebrua Island ved innseglinga til laguna «inne i» Deceptionøya talar òg sitt tydelege språk.

Eg seier til Alison Blake at andre land enn Argentina også kunne ha tenkt kjetterske suverenitetstankar rundt somme øyar i Sør-Atlanteren.

– No går vi vidare, smiler den britiske guvernøren diplomatisk.

Government House i Stanley: Sidan 1846 har den britiske guvernøren budd og arbeidd her. I vinterhagen vert det dyrka druer òg.

Government House i Stanley: Sidan 1846 har den britiske guvernøren budd og arbeidd her. I vinterhagen vert det dyrka druer òg.

Foto: Morten Søberg

Eg vitjar Christ Church-katedralen i Stanley seinare same dagen. Der ser eg det siste ynsket til lord Shackleton med eigne augo. Han vart fødd i 1911 og døydde i 1994. Alt i 1958 vart han adla. I samsvar med skikk og bruk fekk han då tildelt eit våpenbanner av dronninga. Det ynskte han til sist skulle henga i katedralen her.

Banneret liknar på eit kvadratisk flagg i gult og raudt. Og heraldisk noko kryptisk for underskrivne. Det same kan seiast om den brennande interessa til lord Shackleton for Falklandsøyane òg. Fyrst og fremst var han til sjuande og sist levande oppteken av landkunne og granskingar av kvite flekkar på karet. I 1959 gav han ut boka Nansen – the explorer om Nansens ferder over Grønland og med «Fram» gjennom Arktis midt i 1890-åra. (I ein fotnote på side 201 lyt han bruka ropeteikn når han merkar seg at «Another of Nansen’s most valuable co-workers was Major Quisling!».) Og Shackleton var president for Royal Geographic Society frå 1971 til 1974.

I føredraget om den fyrste Falkland-rapporten i det forumet i 1976 nemnde han òg Shetland. Shackleton let vel om det lokale styresettet der. Og han tilrådde ei liknande institusjonell reform på Falklandsøyane. Det sentrale her var evna til å trekkja vekslar på geografisk perifere røynsler og jamføringar. Og dinest teikna kart som takk vere krigersk vågespel og vilje til politikk endra terreng.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis