JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Frå bre til brosme

HOVEN: Eg står ytst på eit stup, tusen meter over fjorden. I dagsljos var det merkeleg, men no, i mørkeret, er det trolsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsyn frå Hoven mot Jostedalsbreen. Til venstre i biletet ser ein Lobukta og Lovatnet, til høgre Oldebukta og Oldevatnet.

Alle foto: Håvard Rem

11530
20211126

Nordfjord

Del 4 – Frå bre til brosme

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål: 4174 km2*

Folketal 2020: 32.020*

Folketal 2050: 29.980*

Fylke: Vestland

Kommunar: Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn

5. november: Del 1. Våtedalen

12. november: Del 2. Fjorden
19. november: Del 3. Bokbåten

26. november: Del 4. Frå bre til brosme

* For Kinn omfattar folketal og flatemål den delen av kommunen som ligg i Nordfjord, tidlegare Vågsøy kommune.

DISTRIKT

havard@dagogtid.no

Kalde vindar blæs. Vêrvarselet er ikkje godt. Å stå her ytst og øvst på Hoven liknar flygetanken som kjem når eg ser Jostedalsbreen frå flyet: Kva om eg brått hadde kome til meg sjølve på ein bre? Hadde eg overlevd?

Om ikkje hadde eg fått mi siste stund med eit utsyn ingen gløymer. Frå Hoven ser ein rakt ned på to dalføre som et seg inn i Jostedalsbreen: Loen og Olden.

Hornelen

Eg står på eit stup inst i Nordfjord. Ytst ligg den høgste havklippen i Europa, Hornelen. Dei to loddrette fjella står vakt kring den ti mil lange fjorden.

Om me skal tru Snorre Sturlason vart Hornelen kliven alt for tusen år sidan. Olav Tryggvason (ca. 960–ca. 999), fortel Allkunne, klatra Hornelen og «festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned. Då skulle Olav Tryggvason ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned». Korleis skal eg koma meg ned til fjorden?

Men så veit ein ikkje at folk tok seg opp på Hornelen dei neste 900 åra, før fjellklatrarpioneren Kristian Bing i 1897. Så fortel leksikon. Men skal ein tru norske rettsprotokollar, vart det etter reformasjonen folksamt på Hornelen.

I ei gravferd nyleg spurde eg nokre sunnfjordingar om kva som skil dei frå nordfjordingane. Løynsk lydde svaret då: «Nordfjordingane brende langt fleire trollkjerringar.»

Av di dei er meir overtruiske? At det kan gå troll i ord, var eit munnhell eg merka meg det året eg budde i Breim. Ein dag bonden og eg heldt på med eit særs einsformig arbeid, kommenterte eg: «Det her kunne du gjera i blinde.»

Då stogga arbeidet. Nei, det ville han ikkje ha sitjande på seg, at han skulle verta blind. Truleg hadde det vore betre om eg hadde sagt at «ein kunne gjera det». Nordfjordingar likar ikkje den amerikanske varianten av ubestemt pronomen. Du og eg er sterke ord ein ikkje nyttar i blinde.

Den kvite kjeppen

Kvifor vart fleire kvinner brende på bålet i Nordfjord enn i Sunnfjord? Ja, ikkje berre kvinner: «I Nordfjord vart jamvel karar skulda for ’trolldóm’», les eg i Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Kan henda kom det av det villare landskapet her så nær brehjarta. Nordfjord har fleire Bloksberg, som Vora (1435 moh.) i Breim og nemnde Hornelen (860 moh.) i Bremanger.

Ei jonsoknatt for 360 år sidan skal Brite Mordsdotter Veitebergje frå Stardalen ha vore på Vora. Ho var utpeikt av Ragnhilde Myklebost, som hevda at ho «hadde lagt svart hestemon på ein kvit kjepp, og på den reid dei til fjells. Hinn karen var komen, klædd i lang svart prestekjole», og «kløne stod ut gjønom skone hans, og han hadde klør på hendene au», og «langt svart ’Spedz Skegh’». Ho vart brend på Anda, der det no er ferjeleie og eit minnesmerke over dei brende. Då flammane tok tak i kroppen hennar, var ho alt hugsprengd av det lange fangenskapet.

Hoven til Sleipner

Fleire av dei som vert rekna som Nordfjords største diktarar gjennom tidene, har skrive om Hornelen, frå Claus Frimanns «Fjeldet Horneelen i Norge» (1776) til Jon Tolaas’ «Til Hornelen. Mitt første fjell» (1967). Henrik Wergeland skreiv om skodda kring sjølve tinden (1833), og i debutsamlinga til sunnfjorddiktaren Jakob Sande, Svarte Næter (1929), står «Hornelen».

Soger har gått om Hoven. Der eg står og ser billjos på Olden-vegen tusen meter lenger nede mellom folk, kjenner eg at fjellet er meir enn loddrett. Under meg skrånar Hoven innover, som om ein del av fjellet har rast ut. Eg står på den ytste delen av Skredfjellet. Sogene fortel at då Odin reid over Jostedalsbreen, kom Sleipner, den åttebeinte hesten hans, borti fjellet med hóven.

Mindre trolsk vert det ikkje her oppe av vissa om at eg no står på ein av dei siste stadene på jorda der det var mogeleg å busetja seg. Så det er sett opp hus på stupet? Ja, eg lid inga naud her. Heilt ytst ligg ein framifrå restaurant som lenar seg ut i lufta. Veggene er av glas, så utsynet frå restaurantbordet er storveges, men i mørkeret kjem refleksane, med betre utsyn utandørs.

Sist busett

Sist busett? Der breen minka, kom folk. Dei siste stadene som vart busette, var dei som låg nærast hjarta av breen. Og av di fjordar er noko som per definisjon ligg att etter dei store breane, dei kontinentale isskjolda, er dei inste delane av fjordane av dei sist busette områda på jorda. For 12.000 år sidan låg framleis isen over Loen der nede, medan Måløy var isfritt.

Åleine i mørkeret i månelandskapet på Hoven slår det meg at dei same breane som gjorde fjordane folketomme, sytte for det motsette i andre folketomme område: busetjing. Korleis? Med breane sokk havnivået kring 100 meter. Landbruer opna seg til Australia, Filippinane og Amerika. Ikkje før Jostedalsbreen var så stor som Australia, vart Australia busett.

Indre Nordfjord var ikkje berre seint busett, men seint kristna òg. I katolsk tid ser folketrua ut til å ha vore tolerert. Heksejakta tok til med lutherdomen og eineveldet. Ei anna nordfjordkvinne vart dømd for eit vers om Jesus og Maria, tilsynelatande uskuldig, men med kjettersk moral: kvinna, mora, lækte mannen, sonen.

Gamal bre

Her frå Hoven kan eg i sør skimta Briksdalsbreen som ei bleik måneskive. Kor gamal er breen? Eg tenkjer på noko eg tidlegare i dag las på nettsida jostedalsbre.no: «Mange tror at Jostedalsbreen er igjen etter den siste istiden vi hadde på jordkloden, men breen som tidligere lå der smeltet helt vekk i den påfølgende varme perioden for rundt 7000 år siden. Undersøkelsene som er gjort nå viser at breen mest sannsynlig ikke er mer enn toppen 2000 år gammel.»

Hm. Vert ikkje det som å seia at ei elv som turkar ut, ikkje er den same elva når elveleiet vert fylt med vatn att? Kor gamal er ei elv? Kor gamalt er vatnet i elva? Is er vatn. Kvifor tenkjer me annleis om vatn og frose vatn? Av di is er meir handfast? Om ei elv turkar ut ei tid, og så kjem att, seier me ikkje at elva berre er to år gamal. Om elva ikkje har vorte heilt borte, som elvane på Mars, er det elveleiet me tenkjer på når me tenkjer på alderen til elva. Slik er det med breane òg. Breane er flytande, dei òg. Det er berre det rørlege og flytande som grev ut dalar. Og det er breleiet som avgjer alderen til breen. Breleiet? Ja, eller for å nytta eit vanlegare ord: dalen.

Norskerenna

Men den største dalen eller fjorden kring Nordfjord er korkje ein dal eller fjord, men ei undersjøisk renne.

Ei renne? Me har saltvassfjordar – dei me fyrst og fremst tenkjer på som fjordar. Me har ferskvassfjordar – dei som ein gong var fylte av hav, men som landheving og lågare havnivå har gjort om til innsjøar. Og me har turrfjordar ­–?dalar, som me kallar dei, gjerne ikkje heilt turre, for i botnen går ei elv, som ein rest av breen.

Men me har òg undersjøiske fjordar, ein dal heilt under vatn, gjerne kalla ei renne. Den mest kjende undersjøiske fjorden er Norskerenna, som fylgjer landet i ein boge heilt frå Oslofjorden og hit til Nordfjord. Renna synte seg som ein vanleg –?om enn uvanleg stor –?fjord etter siste istid, før havet steig og drukna det store Doggerlandet, landfast med England, Danmark og Nederland, men ikkje med Noreg. For mellom Doggerlandet og Noreg gjekk Norskerenna som ein fjord – med munningen mot Stadhavet.

Korleis vart fjordane så lange og djupe? Gravinga har halde på lenge. Istidene byrja for drygt to millionar år sidan, om lag samstundes med framvoksteren av det me kallar menneske. I drygt to millionar år har jorda hatt eit kjøligare klima, kjøligast kring polane, og i desse to millionar åra har klimaet med nokså jamne mellomrom kjølna ytterlegare, og me har fått det me kallar istider. Strengt teke har me hatt konstant istid i dei to millionar åra. Ligg det heilårsis på jorda, ved polane eller i fjella som her, då er det per definisjon istid.

Var det ein samanheng mellom det som hende for kring to millionar år sidan – byrjinga på isalderen og byrjinga på mennesket? Var det i eit kjøligare klima dei utvikla seg, dei kognitive evnene til homo erectus, evnene til logistikk og planlegging, for dei som tilpassa seg? Stiller eit kjøligare klima større krav til planlegging og samarbeid for dei som vil overleva vinteren?

Brosme

No står eg på stupet i mørkeret og nyt ein sigarett etter ein betre middag på Hoven restaurant. Eg har ete torsk. På Aske, restauranten på Nordfjordeid, fekk eg lange. Steinbit har eg fått. Og på marknadsdagane i Stryn ein dag åt eg fire variantar av sild, for der var Sildakongen frå Haugalandet.

Men eg saknar brosme. Då eg var dreng inst i Nordfjord, hende det at brosme kom på bordet – i lag med ei nesten andaktsfull stemning. Då var det sundag. Det var rett før me falda hendene og bad bordbøn. Eg hugsar tonelaget til kona på garden når ho fortalde at det vart brosme til middag.

Lesaren veit gjerne korleis det er med ein tjueåring. Framleis var middagsmat meir eit slag drivstoff, naudsynt for å stilla svolten, men frå Sørlandet var eg vand med og glad i fisk. Favoritten var torsk, og eg har nett hatt torsk no òg, men det visste eg: Denne fisken er om mogeleg betre enn torsk – fastare og kvitare i kjøtet, som skaldyr, ja, i smaken òg. Skaldyr er visst hovudnæringa til brosme.

Ein siste freistnad på å få brosme gjorde eg på fiskerestauranten i Måløy.

– Nei, brosme har me ikkje på menyen, forklårte ho som serverte.

– Aldri som «dagens kvite fisk», spurde eg.

– Nei, det er gjerne lange eller steinbit, men aldri brosme. Brosme hiv me ut att. Brosme er ufisk, full av småbein.

– Men i Breim... byrja eg.

– Ja, langt frå fjorden er det bryllaupsmat.

– Kvifor skilnaden?

– Nei, langt frå fjorden kan dei ikkje velta seg i fersk fisk som her. Dei må ha han salta eller fryst, og brosme er nok den fisken som held best på smak og konsistens.

No for tida får ein fersk fisk ikkje berre langt frå fjordane, men øvst på Hoven òg. Har ein sagt fjord, lyt ein seia fisk. Har ein sagt bre, lyt ein seia brosme ­– båe orda kjem visst av det same: ljosande, glitrande, reflekterande, bright.

Himmelheisen

Nei, eg veit ikkje om eg hadde kome meg ned herfrå i mørkeret tidleg om vinteren. Korleis kom eg meg opp? Til toppen av Hoven vart det for ti år sidan opna ein jarnstig, ein iron road (engelsk), ein klettersteig (tysk), ein via ferrata (italiensk), ei klatrerute med stålvaierar og bøylar, stigar og bruer. Og no planlegg dei ein jarnstig til toppen av Hornelen òg.

Men det eg nytta for å nå toppen av Hoven, likna meir på eit flygande kosteskaft. Eg fór opp fjellet i ein av verdas brattaste gondolbanar, med ei stiging på tidvis 60 grader, i lag med to paragliderar som kasta seg utfor medan det framleis var ljost.

Sjølv vel eg å taka himmelheisen ned att òg, den siste heisen for kvelden.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då flammane tok tak i kroppen hennar, var ho alt hugsprengd av det lange fangenskapet.

Var det i eit kjøligare klima dei utvikla seg, dei kognitive evnene til homo erectus?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis