JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Forpost i havet

UTSIRA: Sidan slutten av istida har øya vore det fyrste møtet med kysten når fuglar, tankar og menneske har kome over havet frå andre, stundom tapte kontinent. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Siradalen ligg bedehuset Bethel, åstad for kvinnekuppet i 1925, verna av ei løn som audmjukt fylgjer mønet, utan å skugga for krossen. Bak knausen til venstre ser ein toppen av gamlefyret frå 1844.

Alle foto: Håvard Rem

12618
20210528

Haugalandet

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål:
1 400 km2

Folketal, 2020: 100 372

Folketal, 2050:
106 591

Fylke: Rogaland

Kommunar: Utsira, Karmøy, Haugesund, Bokn, Tysvær og Vindafjord

DEL 1 – UTSIRA

Distrikt

havard@dagogtid.no

Haugalandet er ei halvøy nordvest i Rogaland. Når ein kjem austfrå over Haukelifjell, byrjar ho med Vindafjord kommune, fem mil frå Folgefonna, og endar langt til havs på Utsira. Sirabuane er vande med å verta definerte frå fastlandet. Froskeperspektivet syner seg alt i namnet. At Utsira ligg ytst, nær to landmil frå fastlandet, er gjerne det fyrste ein høyrer om øya.

Ferda mi går motsett veg, med Utsira som utgangspunkt. I fugleperspektiv er det ikkje øya som ligg langt ute, men Fastlands-Noreg som ligg langt inne. Nye artar og tankar, menneske og livssyn har for det meste ikkje kome frå Hardangervidda, men over havet. Som ei avantgarde-utgåve av det norskaste – kysten – er øya stundom den fyrste staden dei har kome til. Utsira er ikkje ein utpost, men ein forpost.

Overfarten

Eg trivst på øyer, små nok til å gå kring, store nok til å hysa eit samfunn, og har budd på fleire – Île du Levant, Vestre Sandøya, Boracay, Bunaken. Frå Garpaskjær ferjekai i Haugesund tek båtturen ein dryg time. Eg finn ro med havet som vindaugsramme. 

Andre vert urolege. Då ein offentleg etat la eit seminar til Utsira og båten heim låg landfast, vart ein av deltakarane nær psykotisk. Ho kjende seg fanga på eit skjer. Helikopter kan landa, men då lyt det stå om liv. Utsira hadde vore ei seminar­øy om det ikkje var for havet. Framlegg om å leggja kurs til Utsira vert alltid torpedert av ein sjøsvak tilsett.

Då det budde 400 menneske på øya, ikkje helvta som i dag, og dei mønstra eit fotballag, nedst i seriesystemet, tok dei berre poeng i uvêr når bortelaget sjangla båtsjuke i land i Sørevågen.

Somme vomerer no òg, ikkje av di sjøen er stor – i dag kan me gå til Nordevågen, Sørevågen ligg meir i le og vert nytta i høg sjø – men av di båten er liten. Bilferja «Utsira» på 160 fot ligg i dokk, og «Fjordøy» på 78 fot er sett inn. Større enn brottsjøane er vonbrotet over at spyposane – samlinga mi tel hundrevis frå heile verda – er utan logo. Vonleg har MS «Utsira»-posane logo. Eg dreg til øya for fyrste, men ikkje siste gong. MS «Utsira» kjem att òg. Då det var på tale å selja ferga til Fiji, melde mange haugalendingar seg som mannskap til langferda, men no vil Rogaland fylkeskommune nytta 60 millionar kroner til å byggja henne om til elferje. Nytt rådhus har dei òg, og ny skule med symjehall. Det offentlege satsar på Utsira, jamvel om øya no har færre fastbuande enn fugleartar.

Somme av fuglane er sjeldan eller aldri sette elles i Noreg. Det gjeld fastbuande òg. På kaia i Nordevågen ventar Torstein Hansen, som det siste året har vore på fastlandet éin gong, hjå tannlækjaren i Haugesund. På Utsira budde han til han som 16-åring laut flytta for å ta meir skule, og etter studium i Bergen og arbeid i Fiskeridepartementet vende han heim.

No er han herr Utsira. Eg skal møta fleire slike på Haugalandet – eldsjeler som mot eit usikkert levebrød gjev øysamfunn liv med overnattings- og restaurantdrift, somtid skyssbåt òg. Hansen driv Bølgen, der eg skal bu, råflott og rakt på kaia. Sokkeletasjen er eit næringslokale tenkt som kontor til IT-arbeidarane som skulle bu her, men verksemda kom aldri, og Hansen tok over buet. Det ligg ved ferjekaia slik Finse Mountain Lodge ligg ved jarnbanestasjonen. Bygga liknar. Fire meter under taket, med ein raus balkong ut over kaia, i ein salt bris frå havet og klippfisken som tørkar på brygga, med utsyn og ope hav til Alaska om Nordpolen er isfri.  

Fuglane

Det er enkelt å finna fram. Dei fire viktigaste stadnamna speglar himmelretningane: Vestramarka og Austramarka, Nordevågen og Sørevågen. Frå aust til vest har den nær sirkulære øya eit tverrmål på tre kilometer. Frå nord til sør, frå Bølgen til den sjø- og lokalmatrause Joker-butikken, gjennom den grøne Siradalen, er det kortare, for øvst på den lindebladforma øya skjer havet djupt inn i Nordevågen.

Det skar djupare inn før. Då Noregs fyrste statleg bygde moloanlegg vart reist her i 1860-åra, av di havet bogna av vårgytande sild, hindra fiskarane at den inste, fiskerike pollen vart fylt, men i 1950-åra vart vatnet sauebeite, kryssa av ein veg som nyleg vart døypt Nynorskvegen, til minne om målstriden som delte øya i to. På kyrkjegarden vekslar innskriftene mellom «Elsket og savnet» og «Elska og sakna».

­­– Etter to folkerøystingar vart det bokmål, fortel Hansen, no soge- og kunnskapsrik Utsira-los. I lag med bustad på Bølgen kan ein tinga omvising og sykkel.

På to hjul kjem ein kar med langt skjegg og endå lengre kikkert. Geir Mobakken frå Fredrikstad er ikkje den einaste som har busett seg her for å leva fuglelivet, utan fjernsyn og mobiltelefon, med ei halv stilling i eldreomsorga. No har han budd her i 27 år. 

– Men eg har trappa ned dei siste åra. Eg nyttar ikkje lenger atten timar i døgeret til fuglekiking, fortel Mobakken. 

Utsira er ein akta fuglestasjon. På ei stolrad i båten frå Haugesund låg ein nederlendar med augo att og ei bok i fanget. Brått sette han seg opp og konsulterte boka, feltguiden Collins Bird Guide. Tankane vert fuglar her ute. 315 artar er observerte. Mobakken seier:

– Tjukknebbsongar og sibirsk rubinstrupe er sjeldan eller aldri sett på fastlandet. Og somme artar har kome attende. Då eg flytta hit, gjekk alarmen om einkvan fekk auge på ein kongeørn. I dag ensar eg dei knapt. Dei har vorte så vanlege.

Utsynet

I Siradalen er døra til ein liten verkstad fylt av fuglar, forma som ein hijab i oppløysing. Biletet, signert to iranske gatekunstnarar, busette i USA, heiter «Lat henne vera fri». Bygg på heile øya er dekorerte av gatekunstnarar som kvart år vitjar Utsira. Til den gamle fyrvaktarbustaden kjem forfattarar og biletkunstnarar. Etter avtale med Kystverket leiger Torstein Hansen ut bygga på fyret. Kunstnarar får opphald som stipend eller til halv pris. Slik gatekunst kler vegger overalt på øya, står kunstinstallasjonar i det aude, vêrharde landskapet mellom fyret og havet. 

Forfattaren og hordalendingen Tor Arve Røssland kjem hit ofte. For sju år sidan skreiv han Utsira-romanen Soledad – «ungdomsangst på maks volum», ifylgje Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv – om ei fargeblind jente som fer hit med kunstmålarfar sin. Når han og alle andre ein dag vert borte, er 14 år gamle Soledad åleine på øya. Røssland er her med familie og vener, i lag kring eit langbord under fyret, på Utsiras høgste punkt. 71 meter over havet ser me mykje hav. Frå lykta øvst i fyret, det høgstliggjande i landet, ser me berre hav.

Frå høgste punktet på austsida ser ein Karmøy og Bømlo, Boknafjellet og Folgefonna. 65 moh. ligg den siste av dei tre hyttene der Utsira-losane kniva om inntektsgjevande havaristar. Herfrå speida sirabuane i den urolege folkevandringstida òg, ikkje for å berga andre, men for å berga seg sjølve. Der loshytta no står, stod bygdeborga Børgje. Dei 1500 år gamle jarnaldertuftene på Utsira er mange, men mindre enn på fastlandet. Her var vikene og havet viktigaste inn- og utmark. 

Tankane

Utsira representerer haugalandskysten som eit fyrste møte med Noreg for både fuglar og tankar. Her slo kristendomen inn over strendene lenge før han nådde Finnskogen. 

Kyrkja er den eldste i prostiet, teken i bruk alt i 1785, men midt på øya, mellom kyrkja og rådhuset, som ei blanding av dei to institusjonane, ligg Bethel, vigsla i 1889, nytta som bede- og kulturhus. Her har det vore kommunestyremøte, fylkesting og leserom for fiskarar. I 1925 var Bethel vallokale ved kommunevalet som gav Noreg vår fyrste kvinnelege ordførar, Aasa Helgesen (1877–1968), som utanom politikken var jordmor på øya og tok imot 400 born. 

Sirabuane gjer ting på eige, ofte nytt vis. I utmarka på øya ligg kring 60 tufter etter dei ti–tolv kvadratmeter små måsehusa der dei langt inn i førre hundreåret la ut åte, fanga måsar og hausta fjør – til puter og dyner – og somtid mat. 

Eit steinkast frå Bethel, utanfor rådhuset, står bysta av Helgesen, laga av kunstnaren Svein Magnus Håvardstein, avduka 8. mars 1994. På eit skilt står namna på dei tolv som vart valde til Utsira heradsstyre under kvinnekuppet i 1925. Elleve kvinner og ein Gustav Hansen. Torstein Hansen fortel:

– Dei skulle ha vore tolv kvinner, men ei av dei var feil registrert, så då kom det inn ein mann.

– Kven var Gustav Hansen, spør eg.

– Farfar min.

– Kor langt attende går slekta di på Utsira? 

– Den eine sida kjem inne frå fastlandet, frå Karmsund og Harald Hårfagre. Den andre sida kjem frå nokre nederlendarar som slo seg ned her på 1600-talet. 

Menneska

Nokre av dei fyrste menneska som kom til landet, kom til Utsira, ikkje i hollendartida, men i istida, sist i den siste. Kvar kunne dei ha kome frå? Kom dei frå sør og Danmark, ville dei ha nådd agderkysten lenge før Utsira langt i vest. Og kom dei frå vest, ville sjøvegen frå Skottland ha vore for lang. Men då dei kom, for 10.000 år sidan, var sjøvegen til Utsira stutt, frå eit digert kontinent ute i Nordsjøen, eit Atlantis kjent som Doggerland eller Nordsjølandet.

Endå 10.000 år før, då det nordeuropeiske isskjoldet var som størst, samla det i seg så mykje vatn at havnivået sokk til drygt hundre meter under nivået i dag. Grunne fiskebankar no var fastland. Doggerbank, eller berre Dogger, kalla opp etter ei nederlandsk fiskeskøyte, har same flatemål som Vestfold og Telemark og ligg på berre tjue meters djup. Rett som det er, får fiskarar steinaldergjenstandar i trålen etter dei som budde der.

Og kring Doggerbank er djupna berre 40 meter, så Doggerlandet var landfast med dagens Danmark, Nederland, Tyskland og England – men ikkje med Noreg, for mellom det nordaustlege Doggerlandet og Noreg går den brådjupe Norskerenna, ein undersjøisk kjempefjord, danna i tidlegare istider, med djup på meir enn 700 meter.

I tusenvis av år, før breane minka og havet steig att, før Doggerland sokk og doggerane drukna eller vart klima­flyktningar, var det derfrå til Utsira få havmil, som i kalde vintrar fraus til is. Så ja, på kartet og i teorien gjev soga meining, men i terrenget og i røynda? Lét ho etter seg spor?

Austramarka

Ja, i Austramarka. Der avdekkjer arkeologane unike buplassar. I artikkelen «Utsira – en boplass fra slutten av den vestnorske pionértiden» (Viking, Norsk arkeologisk årbok, 2015, gjeven ut av Norsk Arkeologisk Selskap) skriv Arne Johan Nærøy: «Hellelegningen [...] tok oss med overraskelse da vi fjernet torvdekket og undersøkte utgravningsfeltet på Utsira i 2003. Boplassen Austrheim er fra omkring 8000 f.Kr. Det var ikke tidligere avdekket boliger med en slik hellelegning fra denne perioden på Vestlandet. Hellelegningen og steinpakningen har vært grunnflaten i en bolig, og det har mest sannsynlig vært tak over hele eller deler av den. De fint tillagte hellene på boplassen har vært en fin arbeidsplattform. På boplasser fra de tidligste delene av eldre steinalder er det ofte begrenset med funn av rester av ildsted, ryddede bostedflater og boliger, og derfor var funnet spesielt. Boplassen er også fra en del av eldre steinalder der mange boplasser langs Vestlandskysten senere ble ødelagt av den senere havstigningen [...] etter siste istid.»

Alt tyder på fast, langvarig busetjing: Fråstanden frå stranda og høgda over havet, funna av økser og pilspissar, mange av dei laga på staden. Og ikkje minst: dei forseggjorde tuftene på 20 kvadratmeter, tre gonger større enn vanleg for tida. Langt meir arbeid enn vanleg vart lagt ned i bu- og arbeidsflatene. Andre stader danna jegerane og sankarane meir bufaste miljø fyrst seinare. På Utsira for 10.000 år sidan budde me lenger enn me pla. Kvifor? Truleg av di Utsira ligg så avsides. Det kosta å bryta opp. Har ein fyrst kome hit, er det ikkje gjort i ei handvending å dra. 

Ikkje no for tida heller. Skal ein tru Statistisk sentralbyrå, vil folketalet i Noregs minste kommune auka dei neste tretti åra, til kring 250. Dels kjem det av aldring. Øya er ein god stad for folk med fritid. Jordbruk, fiske og sauehald er sjeldan hovudnæring. Men dei yngre er glade i øya, dei òg, så glade at dei pendlar. Kvar? Dei kryssar Norskerenna og finn arbeid der dei kom frå, på plattformer på Nordsjølandet og ringnotbåtar på Doggerlandet. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bygg på heile øya er utstyrte med kunstverk av gatekunstnarar.

Då Nordsjølandet sokk, var det få havmil til Utsira. 

Han kom i 1990-åra for å sjå fuglar og bur her framleis. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis