JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Flukta frå jegerskogen

Det har aldri vore så mange jegerar i Noreg som no. Det har heller aldri vore så mange jegerar som ikkje jaktar, som no.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trass i fleire tiltak frå NJFF, som introjakt og jentejakt, er det berre halvparten av dei som tek jegerprøva, som kjem seg ut på jakt.

Foto: Peder Skjelten

13559
20221209

Bakgrunn

Aldri før har så mange nordmenn vore registrerte som jegerar i Jegerregisteret.

Talet på registrerte jegerar i Noreg gjekk opp frå 365.292 i jaktåret 2001–2002 til 528.399 i jaktåret 2021–2022.

Likevel er det få av dei nye jegerane som jaktar.

I 2001–2002 var det 188.646 norske jegerar som betalte jegeravgift, i 2021–2022 var talet 195.226.

redaksjonen@dagogtid.no

Det var ein gong eg sat omringa av våpen i ein dal på Vestlandet. Trass i at kalenderen viste oktober og det var hjortejakt, var det i grunn jegerane det blei drive jakt på. Då det nærma seg solnedgang, kom det ei hjortekolle opp frå skogen like ved. Bak seg hadde ho eit lag med lokale menn som jaga ho mot oss, leidd av ein bjeffande beagle.

På toppen av bakken gjekk tregrensa, og stien kolla følgde, førte inn til dalføret der eg sat. På kvar side av dalen sat åtte kvinner med ferske jaktløyve og sikta jaktvåpena sine mot dalføret.

Eg var journalist i ei lokalavis og laga reportasje om den store auken i talet på kvinner som hadde teke jegerprøva i fylket. På berre sju år var talet nesten dobla.

Likevel var det då og no eit stort steg frå å ta jegerprøva til å kome seg ut på jakt og bli der.

Skotet small

Jakta eg deltok i, var ei av fleire hundre som Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) har arrangert dei siste åra, og som blir kalla jentejakt. Til arrangementet blei nye kvinnelege jegerar tekne med på jakt av eit lokalt jaktlag. Saman med kvinnene møtte eg opp i ein skog. Vi blei køyrde opp i fjellet og fekk kvar vår post på kvar vår side av dalen. Medan eg intervjua dei lokale jegerane om kor mange generasjonar jakt det var i familien deira, fekk kvinnene råd om rørslene til hjorten i terrenget.

Etter det forlét dei lokale oss, og eg og kvinnene sette oss på tilviste postar. Medan vi låg på postane, skulle dei jage hjorten til oss. Vi la oss ned på post, i lyngen, og venta. Og vi venta lenge. Vi venta i fleire timar.

Lyngen var våt. Oktoberlufta var rå og kald, og det var regn i lufta. Eg låg i lyngen i nærare fire timar. Den fjerde timen høyrde vi den bjeffande beaglen og skjønte at noko nærma seg. Det gjekk likevel lang tid frå vi høyrde bjeffinga til vi såg kolla. Til slutt høyrde vi rasling av greiner og lette steg i lyngen.

Der er mange som har skrive om augeblikket då ein jeger får dyret i sikte etter lang tids venting. Mikkjel Fønhus er kanskje den mest kjende vi har i landet. I romanen Troll-elgen frå 1921 skreiv han det slik:

«Sist paa dagen ramler det i Rédalsfjeldene, langt og tungt. Bergkollene kaster lyden mellem sig; den flyter fra dalside til dalside, dunster saa bort i en skygget li ute i sør. Det er som selve stillheten har ristet paa sig og blir liggende og lye efter mer. Og utefter dalen slaar skræmte elgemuler op og veirer [...] Slik var det da skuddet smald.»

Berre at skotet ikkje small, enno. Kolla stod og såg inn dalføret, men snudde brått og forsvann bak nokre tre og var vekke for oss. Så gjekk det ein time til før vi høyrde skot. På walkietalkie fekk vi beskjed om at nokon lenger nede hadde skote kolla.

Vi reiste oss frå postane og møttest der skotet hadde falle og kolla låg daud. Dei lokale mennene viste partering av kolla, og den heldige jegeren som skaut kolla, fekk med seg kjøtet heim. Utanom ho var det eg som hadde best resultat frå jakta, for eg fekk overtid og helgetillegg av arbeidsgivaren for å vere der.

Seinare på kvelden, då jakta var over og eg køyrde heim igjen, tenkte eg over at dette truleg var første og siste jakt for fleire den dagen. Det var ikkje berre ei magekjensle eg fekk frå stemninga i dalføret i alle timane med venting, men tala i Jegerregisteret seier òg at dei fleste nye jegerar stort sett ikkje jaktar etter å ha teke jegerprøva.

– Dette har vore ei utfordring vi har hatt med jakt i mange år, seier Espen Farstad, informasjonssjef i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Jakt og sopp

Jegerregisteret er eit register over kor mange som er kvalifiserte til å drive jakt i Noreg. Der er det òg oversikt over kor mange som har greidd jegerprøva, og kor mange som har betalt jegeravgift.

I registeret står det at i jaktåret 2001­–2002 (eit jaktår går frå 1. april eitt år til 31. mars det neste) var det 365.292 registrerte jegerar i Noreg. I jaktåret 2021–2022 var talet 528.399, ein auke på 163.107 personar.

Ei haldningsendring i NJFF, fleire rollemodellar for kvinner og ei samfunnsendring som gjer at fleire vil ha kortreist mat, er nokre av grunnane til den store auken, meiner informasjonssjefen i NJFF.

– Nokre meiner industrielt dyrehald er ille, og blir veganarar for å protestere mot det. Andre ser det klimavenlege i kortreist mat dei jaktar på sjølv. Jegerar haustar av kortreist, emballasjefritt kjøt, og det får vi 22 millionar måltid av i Noreg. Norges sopp- og nytteveksforbund (NSNF) vil truleg fortelje deg det same, seier Farstad.

Og etter ein kort telefon til NSNF har eg fått stadfesta det.

Trass i fleire tiltak frå NJFF, som introjakt og jentejakt, er det berre halvparten av dei som tek jegerprøva, som kjem seg ut på jakt.

Trass i fleire tiltak frå NJFF, som introjakt og jentejakt, er det berre halvparten av dei som tek jegerprøva, som kjem seg ut på jakt.

Foto: Peder Skjelten

Urban auke

Så ser ein på talet på dei som betaler jegeravgift for kvart jaktår, ei årleg avgift pålagd av staten for dei som skal jakte i Noreg. I jaktåret 2001–2002 var det 188.646 jegerar som betalte jegeravgifta. Dei neste 20 åra har talet auka. Høgdepunktet var på 202.810 jegerar i jaktåret 2018–2019, men i 2021–2022 var talet 195.226, som er omtrent på medianen for dei siste 20 åra.

Medan talet på registrerte jegerar i Jegerregisteret har auka med 44,6 prosent frå 2001 til 2022, er auken i jegerar som betalar jegeravgift, på beskjedne 3,4 prosent.

Farstad seier at halvparten av dei som har teke jegerprøva dei siste åra, aldri har kome seg på jakt.

– Fleire er nok nysgjerrige på å jakte, men finn ut at dette ikkje var noko for dei, etter å ha prøvd det. Det er truleg ein stor reell terskel mellom ei teoretisk prøve og det å faktisk ta eit liv på jakt. Fleire opplever det som vanskelegare enn dei såg føre seg.

At befolkninga blir meir urban og fleire veks opp lenger vekke frå der jakta skjer, er òg ei forklaring.

NJFF har jobba i fleire år for å få opp talet på personar som tek jegerprøva. No jobbar dei òg med å få fleire av dei som har teke jegerprøva, til å kome seg på jakt.

– Det er ikkje eit skrikande behov for fleire jegerar i norske skogar. Kvifor er det viktig å ha fleire jegerar, når dei fleste av dei uansett ikkje kjem til å jakte?

– Jegerar har løyve til å gå med våpen og bruke naturen på ein måte som kan råke andre. For å ha løyve til det må vi ha tillit frå samfunnet. Den tilliten er knytt til at alle kjenner ein jeger og har smakt mat frå eit dyr som har blitt jakta på og drepe av ein jeger.

Éin fot i jaktmarka

Petter Bronsta er ein av dei som har blitt del av statistikken over nye jegerar i år. Han er 35 år, bur i Oslo og har lite jakterfaring, men han har drive med flugefiske.

Tanken om å ta jegerprøva hadde opphav i at han i tillegg til teltturar og fiske brukar naturen til avkopling. Kombinert med det sosiale ved jakt og at han blei oppmoda av andre vener som hadde teke jegerprøva før han, gjorde at han òg blei del av statistikken i Jegerregisteret.

Det har kosta. Bronsta reknar med at han har brukt over 25.000 kroner før han i det heile teke har delteke på jakt.

– Det er ein stor kostnad som inngangsbillett. I tillegg har eg brukt fleire titals timar i opplæring og lesing til jegerprøva. Tanken er at det skal vare livet ut, seier Bronsta når eg ringjer han i september.

På jaktkursa tenkte han over at dei var ein gjeng med forskjellige menneske som var samla for å lære seg å jakte for første gong.

– Der var unge og eldre, menn og kvinner. Alle hadde sine eigne grunnar til å bli jeger, men fleire hadde ikkje nokon jaktkamerat og melde seg inn i NJFF for å kunne jakte saman med andre.

Seks veker etter intervjuet med Petter Bronsta ringjer eg han igjen. På den tida har han vore på jakt to gongar. Begge gongane reiste han og ein ven ei helg til Telemark, og begge gongane enda det med at korkje han eller venen skaut noko.

I sin første jakthaust har Bronsta opplevd at jakt sluker mykje av fritida. Hytta til jaktkameraten ligg i Telemark, to og ein halv time frå Oslo. Så langt har Bronsta brukt ti timar på å reise til og frå jakt, i tillegg kjem sjølve jakta, som han i haust trur han har brukt tjue timar på.

Sidan sist vi prata, har han tenkt ein del på kvifor dei fleste som gjekk på jegerkurs saman med han, truleg aldri kjem seg på jakt. Han trur tidssluket kan vere ein av grunnane.

– Eg tenkjer òg at om ein ikkje har nokon å jakte saman med, søkjer ein fort til ein annan fritidssyssel som er meir sosial.

– Har jakta stemt overeins med det NJFF informerte om på jegerkursa?

– På jaktkurset blei det teke opp at det er mange jaktdagar som ikkje resulterer i noko. Eg har òg høyrt frå venar som jaktar, at «i dag blei det ikkje noko». Forventningane må styrast etter det.

Gaupa

Grunnen til at eg var på den jakta for nokre år sidan, var at eg skulle skrive om den store auken i nye jegerar og at det var så mange kvinner blant dei som har teke jegerprøva dei siste åra. Kvar haust blir det laga liknande saker i lokalaviser, regionaviser, riksdekkjande aviser og allmennkringkastaren.

Det kan då vere lett å sjå for seg at biletet av den typiske jegeren endrar seg. Før ville det vore ein som Gaupa, hovudpersonen i romanen til Fønhus:

«Karen er liten og rundvoksen, og folk kalder ham aldrig andet end G a u p a. Han har langt skjeg, mørkt og stridt som lav. Øinene har mest samme létten som skjegget; de er saa kvasse og kalde at de næsten svir, og saa smaa at det ser ut som holder de paa at gro ind

Mest truleg er det framleis denne jegeren du møter i norske skogar, og ikkje ein større del kvinnelege jegerar. For medan tendensen er den same for både kvinner og menn, at få som tek jegerprøva, kjem seg på jakt, er han spesielt stor for kvinner.

I 2001–2002 var det 29.467 registrerte kvinner i Jegerregisteret. Det talet har auka med 178 prosent til 82.157 i jaktåret 2021–2022. For menn er auken 32 prosent, frå 335.825 til 446.242.

Samstundes som det har vore ein auke i menn og kvinner registrerte i Jegerregisteret, er der ein liten nedgang i talet på menn som betaler jegeravgift. I 2001–2002 var det 178.909, i 2021–2022 176.528. For kvinner har det vore nær ei dobling. Frå 9737 i 2001–2002 til 18.698 i 2021–2022. Men ein auke på 50 prosent kvinner som betaler jegeravgift, blir liten når ein samanliknar med at auken i kvinner registrerte i Jegerregisteret er på 178,8 prosent.

Espen Farstad frå NJFF seier at terskelen for å ta liv blir høgare når ein ikkje har vakse opp med det.

– Dei kjem inn utan den same kulturelle tyngda. Menn som tradisjonelt tek jegerprøva som 14-åringar, har ikkje den same sperra som dei litt eldre mennene og kvinnene som byrjar å jakte i dag.

Han seier jegerforbundet har prøvd å møte utfordringa ved å ønskje særskilt kvinner velkomne til NJFF. Jentejakta eg deltok i, var eit slikt døme.

– Vi har bygd kvinnenettverk, skjerma enkelte kvinneaktivitetar frå menn og arrangert eigne aktivitetar for kvinner.

Men fråfallet gjeld ikkje berre kvinner.

– 12.000 menn og kvinner tek jegerprøva kvart år, og om lag halvparten av dei kjem seg ikkje på jakt.

Før intervjuet har eg skrive ned eit spørsmål som eg fryktar blir opplevd som «gubbete» eller «gammaldags». Når vi er inne på at fråfallet er jamt for kvinner og menn, føler eg det er så passande som det kan bli.

– Så det er ikkje noko primalt i oss som seier at menn er biologisk skapte for å jakte og drepe, medan kvinner er bærplukkarar og barnepassarar?

Farstad ler når han høyrer spørsmålet. Den debatten hadde dei mykje i NJFF for 15–20 år sidan, fortel han.

– Dei barrierane er brotne. Vi er ferdige med det. Det er ikkje lenger kjærasten til jegeren som tek jegerprøva for å bli med kjærasten på tur. Det er sjølvstendige og tøffe damer som jaktar på små- og storvilt på eiga hand. Du ville ikkje stilt det spørsmålet til Lise Klaveness.

Det kjedelege jaktlivet

På veg heim frå reportasjeoppdraget i 2019 tenkte eg over kor mykje eg hadde kjeda meg. Eg sat i ein av dei tusenvis av dalane på Vestlandet og stira på det same dalføret i fleire timar. Eg sat der utan bok, utan musikk og utan å prate med nokon, for det måtte vere stille for å ikkje skremme vekk dyr.

Jakt er for det meste venting og stille. Det tek òg mykje tid av livet ditt for kanskje å få sekund med spenning i det dyret eller fuglen er i sikte. Det veit eg ikkje om så mange nye jegerar er klare over.

Det gjer òg at fleire av dei nye jegerane deltek i jakt meir som turistar.

For trass i at unge, bynære kvinner og menn i større grad enn før har teke plass i Jegerregisteret, er det framleis jegerar som liknar meir på Gaupa som framleis står for det meste av jakta i Noreg.

«Hvor han gaar, læser han foran benene paa sig. En myr er et beskrevet blad, en liten fortælling, som dyrene selv har skrevet med klauver og klør. Der staar et elgefár; men det er nok gammelt; for det er faldt røsslauv ned i det, og graset har reist sig. Bjønn dytter næsen nedpaa, men letter den likegyldig igjen.

Og manden og hunden gaar og gaar.» (Frå Troll-elgen, side 5.)

Revansjen

Helga etter andregongsintervjuet får eg melding frå Bronsta. Han har vore på si tredje jakt, også denne gongen i Telemark, og skote sin første fugl, ei orrhøne på 1 kilo.

– Kjem du til å ta ut jaktlisens og jakte neste år?

– Ja, det er eg sikker på. Om ikkje noko drastisk skulle skje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er sjølvstendige og tøffe damer som jaktar på små- og storvilt på eiga hand.

Espen Farstad, NJJF

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis