Reportasje
Ferd gjennom delt dal
FOLLDAL: Sju mil lange Folldal bind alt saman – Østerdalen i aust og Gudbrandsdalen i vest, Dovre i nord og Rondane i sør. Men dalen sjølv er delt.
BP-stasjonen på Grimsbu er i dag museum. Han erstatta i 1955 bensinpumpa frå 1927, sett opp av Olaf Rønning, farfar til Tove Rønning ved motellet.
Alle foto: Håvard Rem
Kvifor har ein så tett og liten dal som Folldal vore delt mellom ulike landsdelar?
Landkrabbane er ein utdøyande rase, erstatta av landharar som flyg av garde i bilar, tog og fly. I landkrabbe ligg at transport på land gjekk langt saktare enn på vatn. Eit topografisk definert område, som eit dalføre eller ei halvøy, vart difor ikkje alltid ei kulturell, språkleg og administrativ eining.
Den tettvove Skagerrak-triangelen er eit godt døme på at ikkje landeveg, men vassveg batt folk saman. I luftline frå Grimstad ligg Skagen like langt borte som Hovden, men Terje Vigen hadde nytta ti gonger så lang tid på å frakta kornet frå øvre Setesdal.
Folldal ligg i eit innland utan viktige vassvegar. Rett nok er dalføret godt definert, av elva Folla og to fjellmassiv, Dovre i nord og Rondane i sør, men den topografiske eininga førte ikkje til kulturell, språkleg og administrativ eining. Tvert om – den øvre, nordvestlege delen av dalen har høyrt til Gudbrandsdalen, den nedre, søraustlege til Østerdalen.
Seint busett
Svartedauden i seg sjølve råka ikkje Noreg hardare enn grannelanda, som fekk folketalet halvert, dei òg. Men Noreg gjekk i oppløysing etter pesten, og me nytta fleire hundreår meir enn grannelanda på å få same folketal som før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.