JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit slag for avisteiknarane

Karikatur og satire var på agendaen i den mest omtala veka den siste veka, Arendalsveka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7576
20230825
7576
20230825

maylinnclement@hotmail.com

Endeleg er eg ferdig. Eg har nett teke eit bad, ligg i senga på hotellrommet og pustar letta ut. I nesten to månadar har eg gått og kverna på kva eg skulle seia på scena i dag.

Det var i slutten av juni eg fekk e-post med spørsmål om eg ville vera med i ei panelsamtale i hovudprogrammet til Arendalsveka. Det skulle dreia seg om karikatur og satire, og redaktøren i Charlie Hebdo, Gérard Biard, skulle vera med.

Dette ville vera eit arrangement med høg sikring, stod det. Alle publikummarane ville verta kontrollerte.

På den andre sida skulle arrangementet filmast og leggjast ut på internett. Det var såleis fritt fram for alle potensielle drapsmenn som sat heime, å høyra kva som vart sagt på scena, for så å gå til angrep seinare.

Vel, det var ein sjanse eg var villig til å ta.

Eg forstod på den alt etablerte e-post­tråden at eg fekk ein «seinvitasjon». Det var ifylgje prosjektleiaren ikkje berre fullt, det var overfylt i hamnebyen då eg kom inn i biletet. Der var ikkje ein ledig stall, men eg slapp å skriva meg inn i Mandal.

Medan dei andre er innkvarterte på hotell i Arendal, bur eg i Kristiansand, ein time unna med buss.

Men det gjer ikkje noko, det var godt å koma seg vekk då det gjekk mot kveld.

Dessutan har eg badekar på rommet. Det gløymde eg å spørja om dei andre fekk.

No er det fem timar sidan eg stod der fremst i salen, like ved redaktør Biard, som er gjest på Arendalsveka for andre gong. Han var her i 2015 òg, åtte månadar etter at to terroristar tok seg inn i redaksjonslokala og drap tolv tilsette i satireavisa fordi dei hadde karikert profeten Muhammed.

Resten av panelet bestod av tidlegare politisk kommentator, no taleskrivar, Hege Ulstein, sjef for underhaldingsavdelinga i NRK, Charlo Halvorsen, Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk og VG-teiknar Roar Hagen. Ordstyrar var Kjersti Løken Stavrum.

Berre litt om Arendalsveka: Frå utsida kan det sjå ut som ein festival der kjende politikarar og mediefolk minglar og er sosiale, og frå innsida kan eg slå fast at det er rett. Ordet mingling, som i ordlista betyr å gå rundt og småsnakka med folk ved ein selskapeleg samankomst, er nytta i 86 ulike programpostar denne veka.

Du kan til dømes vera med på «Grønn teknologi-mingling», «Rehabiliteringsmingel» og «Klimaprat og mingling med Barth Eide».

På framsida av A-magasinet tidlegare i månaden vart eg gjord merksam på fenomenet kosesirkel. Der møtest vaksne menneske i eit husvære på Oslo vest for å ligga inntil kvarandre og kosa, hud mot hud, men ikkje seksuelt. Arendalsveka minner om ein slik sirkel. Her er vennskapleg omgang på tvers av partiliner og meiningar gjengs.

Ikkje at det gjer noko, folk må gjerne kosa for min del, men eg stiller meg spørjande til om politikarar, næringslivet og mediefolk bør ha ein så tett relasjon. Kva gjer det med maktstrukturen, undrar eg, og med avisteiknarbrillene på bestemmer eg meg for ikkje å kosa med nokon.

– Dette er ein demokratifest, sa ein eg møtte.

Eg ser det heller som ein fest der maktpersonar diskuterer demokrati. Ein vesentleg skilnad.

Eg hadde sett meg ut ein programpost med tittelen «Nå er det jeg som snakker! – Hvordan bør man snakke sammen når man er grunnleggende uenige?». Ved inngangen var eit bord fullt av smoothiar, og eg spurde, for syns skuld, om dei var gratis. Ja, dei var gratis til publikum på arrangementet, sa dama bak bordet.

Så eg tok meg ein smoothie, sette meg ned og la hatten på bordet, før eg skjønte at dette var feil arrangement. Alle på scena var jo grunnleggjande einige. Eg sjekka arendalsvekeappen min og såg det var to parallelle programpostar med same inngang. Eller faktisk tre, om ein tel med utstillinga til Laila B. Den hadde òg same inngang.

No hadde eg alt fått smoothie, det ville ha vore feil å ta min hatt og gå. Så eg vart sitjande og høyra om European Sustainability Reporting Standard, ESRS, som altså er «EUs nye standard for bærekraftsrapportering og en viktig byggekloss i Europas bærekraftspolitikk». Etterpå var det «mat og mingling!», men eg hadde ein lunsj å rekkja.

Eg var nemleg invitert på lunsj med leiinga av hovudprogramkomiteen, ordføraren i Arendal, Biard og resten av panelet.

Korleis er eigentleg kutymen for å helsa på væpna livvakter? Lunsjen er i det gamle rådhuset, som er kjent for to ting: Det er eit av dei finaste husa i Noreg, og det husar eit av dei styggaste portretta av kong Harald V. I gangen står tre svartkledde, muskuløse menn med våpen. Livvaktene til Gérard Biard.

Skal eg seia hei, rekkja fram handa, neia, smila? Eller skal eg oversjå dei totalt, slik ein skal gjera med førarhundar? Dei er på jobb, du skal ikkje avbryta dei i tenesta.

Eg gjer som Roar Hagen, han går inn like før meg, og eg diltar etter, nikkar, som han, blidt til alle eg møter, og går rett mot serveringspersonalet som står med rak rygg og ynskjer velkommen. Fyrst då rekkjer Hagen ut handa og presenterer seg, så eg gjer det same.

– Servitørar, de er dei viktigaste her i dag. Utan dykk, ingen mat, seier han

Det er Hagen og eg som representerer norske satireteiknarar i panelet. Han med ein over førti år lang karriere bak seg og eg med over førti år framfor meg.

Hagen kunne fortelja meg om presselivet på 1970- og 1980-talet, om korleis han sjølv vart teken under vengjene til dei som gjekk føre. Då han som 24-åring i 1978 byrja som teiknar i Stavanger Aftenblad, fekk han fylgjande læresetning frå forgjengaren Henry Imsland: Du må kunna alt!

Etter lunsjen, som bestod av fisk, gjev han meg ei smørbrødsliste vidare i yrket:

– Lær deg alt om norsk politikk, alle småpartia, alle ministrane.

– Ja, seier eg, som om han er ferdig å snakka, men oppdagar at han berre dreg inn pusten før han held fram.

– Les deg opp. Kings Bay-saka... innføringa av parlamentarismen..., og du må kunna det meste om norsk og europeisk kunsthistorie. Les om religionar, du må vita skilnaden på sjia- og sunnimuslimar, ortodokse og liberale jødar. Du må vita minst like mykje som journalistane og fotografane, helst meir. Jo meir du veit, jo fleire referansar kan du bruka i teikningane dine. Det er ikkje meininga å formana deg, eg formidlar berre det eg sjølv fekk høyra, og det eg vonar du vil formidla når den tid kjem.

Eg nikkar lære- og formidlingsviljug og tenker meg med sjølv at det var no heldigvis ikkje like omfattande pensum som det Hagen fekk av Imsland.

Så til sjølve panelsamtala. Det starta med at Biard heldt eit førti minutt langt innlegg om posisjonen satiren har i dag, resten av panelet kom så inn til ei tjue minutt lang samtale.

Eg hadde eit mål for dagen, eller rettare sagt Dagen, og det er at avisa skal tilsetja ein avisteiknar. Redaktør Vebjørn Selbekk er trass alt den redaktøren i landet som er mest kjend for å trykka karikaturar, så eg utfordra han i plenum.

– Mr. Selbekk, når eg ser på deg tenkjer eg på karikaturar. Men har de eigentleg avisteiknar?

– Nei, svara han, og la til at dei berre er kjende for å trykkja karikaturar frå andre aviser.

– Satire er ferskvare. Du treng nye karikaturar i avisa di, seier eg.

Han seier at eg har eit poeng, og eg er ikkje usamd i det. Heller ein dag i avisteiknarens teneste enn ein Dagen utan avisteiknar.

 Eg må avrunda. Eg får gjera som eg gjorde i Arendal, då Kjersti Løken Stavrum gav meg det siste ordet, og eg fritt siterte standupkomikar Lenny Bruce.

– Om du ikkje kan seia ordet fuck, korleis kan du då seia fuck the government?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis er eigentleg kutymen for å helsa på væpna livvakter?

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis