Reportasje

Ein by bada i bilete – og sol

I ei tid da vi druknar i bilete, er det kanskje nokon som lurer på kva ein treng ein fotofestival til. Kanskje er det så enkelt som at dei gode fotografane ser meir enn vi andre og kan nyttiggjere seg det dei ser, på ein betre måte.

I løpet av dei nesten tre månadene festivalen varer, blir byens gatevegger dekte med stadig fleire fotografi. Ei utstilling i seg sjølv.
I løpet av dei nesten tre månadene festivalen varer, blir byens gatevegger dekte med stadig fleire fotografi. Ei utstilling i seg sjølv.
Publisert

Det er i alle fall kjensla eg sit att med etter den første dagen på den store festivalen i den vakre sørfranske byen Arles, Les Rencontres de la photographie. Det er ikkje første gongen eg er her, og atter ein gong får eg stadfesta tidlegare røynsler: Det store mangfaldet av fotografar, i år 196 kunstnarar frå alle verdshjørne, gjer framleis inntrykk.

Dei overraskar, sjokkerer og innyndar seg, for så å vippe meg heilt av pinnen og dra meg ut av den mentale komfortsona mi. Denne festivalen er altfor spanande til å overlatast til spesialistane på feltet. Alle burde unne seg ein tur hit.

Eg køyrer inn i byen. Er alltid spent på årets opplevingar. Eg hentar kart og program på Place de la République og set meg ned på næraste kafé for å leggje ein slagplan. Kartet er oversiktleg med piler til alle utstillingar. Det gjeld å finne ein struktur, gjere unna dei ulike delane av byen etter tur. Det er alt varmt, men i svært mange av dei storslåtte gamle utstillingslokala er det kjølig. Arles er ein vakker by, og har ein spandert på seg eit hotellrom i sentrum, er det meste i gangavstand.

Eit hav av inntrykk

«Det er meininga at fotografia mine skal kile deg lett i venstre øyre», sa den store amerikanske fotografen Saul Leiter. Det var forsiktig uttrykt. Eg trur nesten eg kan garantere sterkare opplevingar dersom du gjestar denne fine gamle dama, som festivalen er blitt kalla.

I dag er ho femtifem år gammal, og arrangementet har utvilsamt utvikla seg til å bli ei av verdas viktigaste markeringar av fotokunst – og sikkert ei av dei mest sjarmerande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement