JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Det gode kajakkfriluftslivet i nord

«Det er jo fantastisk å vere turist i eige fylke – og samstundes sjå noko heilt nytt!» Vegard Ulvang er oppglødd. Me er på padletur heilt vest i Finnmark. Me har dei fjellrike fjordane bak oss – og Lopphavet framfor oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Loppa har det meste turinteresserte folk kan ønskje seg, skriv Harald Dag Jølle. Her padlar han saman med Vegard Ulvang og Stein P. Aasheim i godt driv over Langfjorden, på veg mot Sør-Tverrfjord.

Foto: Vegard Ulvang

10569
20210108
10569
20210108

Lytt til artikkelen:

Det stod ein sur vind inn sundet då me sette kajakkane i vatnet ved Øksfjord. Motivasjonen var sånn passe. Det er store avstandar og breie fjordar her lengst nord i landet – og hurtigbåten, frå det som ein gong heitte Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap (FFR), såg ut som ei lita jolle der han spratt innover mot oss.

Den røynde eventyraren Stein P. Aasheim spurde nok ein gong om dette var ein god idé. Han likar betre fjell enn hav. Men Vegard høyrde ikkje etter. No skulle han endeleg gjennomføre ein gamal plan. Han ville rundt Øksfjordhalvøya – frå Loppa til Kvænangen – eit veglaust, men busett stykke Noreg. Eit perfekt vågestykke for ein historieinteressert finnmarking. Det nytta ikkje å trekkje seg no. Det var berre å følgje etter skiløparen ut i dei spinkle farkostane, krumme nakken og padle mot nordausten – og hurtigbåten, som hadde fått nye klistremerke på skutesida.

Men eg har ikkje tatt turen til Loppa for å kritisere at FFR har fått det uforståelege namnet Snelandia. Eg skal heller ikkje raljere over kommunikasjonsavdelinga i Finnmark fylkeskommune, som påstod at ordet kjem «fra latin og betyr arktis eller is-land» – og at det nettopp difor var eit høveleg namn på landets nordlegaste bussar og båtar. Nei, me har kome for å oppleve eit område med noko av det villaste og flottaste landet vårt har å by på. Høge fjell og djupe dalar. Isbrear. Fjordar og øyar. Og sjølvsagt eit usannsynleg godt fiske. For ikkje å gløyme dei mange småstadene der det framleis bur folk.

Ein særeigen fjellheim

Eg fornærmar knapt nokon når eg påstår at Loppa ikkje er ein sentral plass i dagens infrastruktur. Rett nok har kommunesenteret Øksfjord både hurtigruteanløp og hurtigbåtsamband med Alta og Hammerfest. Det går buss til Alta ein gong om dagen, og ein køyrer til Tromsø på gode fem timar. Men berre 483 av kommunens 858 registrerte innbyggjarar bur i tettstaden Øksfjord. Resten har folkeregistrerte adresser spreidde omkring i det store fjordriket. Dei bur på stader det aldri kjem verken tunellar, bruer eller vegar, på stader der nerven i busetjinga er Snelandias ferje- og hurtigbåttilbod – så lenge sistnemnde har ein budsjettpost att hjå den nye fylkeskommunen.

Fjella i Loppen og Øksfjord herad, med sine «spidse horn og tinder», var ifølgje Amund Helland så skarpe og dristige «at det overgaar de vildeste former i Alperne». Han kunne samstundes fortelje, i sitt store verk Norges land og folk frå 1905, at dei «betegnes som ubestigelige af finnerne». Og det var ikkje berre samane som tvilte på om fjella kunne klatrast i. Norges Geografiske Oppmåling skreiv i 1904: «På flere steder danner disse tinder skarpe, fine spidser, slanke og steile, absolutt ubestigelige.»

I dag er det nettopp desse tindane som får nokon til å satse på fjell- og skiturisme. «Bak oss ruver fjellene og nedenfor ruller havet inn», skriv Bergsfjord Lodge, for å lokke skihungrige folk til sitt rike. Her må du gløyme bilen, minner dei samstundes om, og lovar å setje deg av ved botnen av fjellet med den hurtiggåande båten sin. «Loppa er det nye hotte», skal me tru ein entusiast me trefte på kaia i Bergsfjord. Han meinte Lyngen og Lofoten har vorte for folksamt for dei mest dedikerte skituristane.

Campingfriluftsliv

Men me skal ikkje gå i fjella, sjølv om Stein aldri så mykje masar om det. Me skal følgje den naturlege ferdselsåra – me skal padle frå bygd til bygd, inn og ut fjordar, over sund og berykta havstrekk. Me har god tid til strandhogg – og til å snakke med folk me treffer.

Kajakk er ei perfekt oppfinning for det late friluftslivet. Det er nesten på grensa til campingturisme, meiner Odd Nordstoga. Og han har litt rett i det. Ein kan fylle dei tilsynelatande små farkostane med utruleg mykje, om ein er tolmodig og systematisk når ein pakkar. Telt, sovepose, underlag, kokeutstyr, feltstol og det ein treng av varme klede – alt forsvinn ned i dei små lastelukene på kajakkdekket. Og då har eg korkje nemnt alle nyttige og unyttige friluftslivsdippeduttar ein har skaffa seg dei siste åra, eller all mat og drikke ein kan få med deg. Vekt spelar dessutan inga rolle for ein kajakkpadlar – som sjeldan lir noka naud på tur.

Me padlar i kvar vår havkajakk i glasfiber, såkalla britisk stil. Det vil seie at dei har lågt dekk og eit skrog med bananform. Det gjer han lett å manøvrere, sjølv om han ikkje har ror, men han er ikkje så rask. Min båt er 5 meter og 33 centimeter lang. Han er 54 centimeter brei ved hofta og har eit totalvolum på 313,5 liter. Det er stort nok til at folk har nytta ein tilsvarande båt på ein månads ekspedisjon i Antarktis.

Kjakken har tvillaust gode sjøeigenskapar, sjølv om han kan kjennast litt rank ut for ein som ikkje er van med å padle kajakk. Men du kan ikkje skulde på denne farkosten om du tippar. Det er vanskeleg å tenkje seg tilhøve han ikkje toler – om berre padlaren er dyktig nok. Men, for all del, du bør ha røynsle før du legg ut på tur.

Bølgjer og straum kan kome overraskande og snu deg opp ned. Du må vite korleis du kjem attende i båten – anten ved eiga hjelp eller med hjelp frå kameraten din. Og i farvatn som desse nyttar me tørrdrakt. Då har me, trass alt, litt tid på oss om me er uheldige og må ut og symje.

Ein helt hjå sine eigne

«Vegard Ulvang – ka farsken gjer du i Nuvsvåg!?» Nokre få minutt seinare var kaffibordet på Snarkjøp fylt av vaksne karar som ville treffe den gamle skikongen. Eg skjønar ikkje heilt kor dei kom frå, men praten gjekk lett, stemninga var god – og det vart overtid på guten i butikken den ettermiddagen.

Etter ei natt i telt utanfor Bergsfjord – med høg stemning og låg kveldsol – heldt me fram med god bør over Langfjorden. Du verda kor godt det er å vere kajakkpadlar i medvind. Vêret letta midtfjords, og sola kasta varme strålar på svarte fjell og kvite jøklar. Finnmarkingen ropar ut ei lovprising. Eventyraren byrjar å plystre og verka endeleg nøgd med å vere på havet.

Ryktet gjekk fortare enn våre tre knop. Samtalen på Nærbutikken i Sør-Tverrfjord dreidde seg mykje om olympiske medaljar. Men etter kvart fekk me historier frå den gong fiskarar frå store delar av kysten kom hit for å levere rekefangst. Bygda hadde frå 1967 ein rekefabrikk som sysselsette 20 kvinnelege sesongpelarar. «Den gong var det liv her», fortalde ein kar med innleving. Det var den gong dei måtte importere arbeidskraft frå nabobygdene for å halde fabrikken i gang. Men det har ikkje kome ei reke på land i Sør-Tverrfjord sidan slutten av 1980-talet. Og knapt ein fisk. I dag er det ikkje allverda med arbeidsplassar å velje i for dei elleve fastbuande innbyggjarane i bygda.

Skulen her vest i Loppa ligg på Sandland, ei bygd med om lag 40 personar, 14 kilometer lenger ut i fjorden. Ut dit går den særs rasutsette fylkesveg 8014 – som blir treft av opptil 40 snøskred i året. Og sommaren kjem seint her nord. I år gjekk det siste, og største, skredet over vegen 27. mai.

Storfiskturisme

Me tok uansett den rassikre sjøvegen til Sandland – der me vart tekne imot med opne armar og nyplukka jordbær.

Stina og Steinar Halvorsen inviterte inn til storstua si – det nedlagde fiskebruket i bygda, som dei med tolmod har bygd om til eit imponerande turistanlegg.

Tipptippoldefar til Steinar tok til å handle med tørrfisk i 1874. Verksemda voks, og på byrjinga av 1900-talet var ho ei av dei største i Finnmark. Etter 100 år var det derimot slutt på denne familiesoga. I 1974 selde bestefar til Steinar anlegget i Sandland ut av familien. Men Steinar kjøpte det attende i 2010. Ikkje for å handle fisk i tradisjonell forstand. Han og Stina hadde sett ei ny tid kome – dei ville satse på fiskehungrige utlendingar som var villige til å reise langt og betale mykje for å fange fisken sjølv.

Steinar er politikar. Han har vore ordførar i Loppa. Han er veltalande og forklarar forretningsfilosofien til Sandland Brygge. Dei vil ikkje ha den stereotype europeiske fisketuristen hit; han som tømmer havet og fyller frysaren – og knapt legg att ei krone til lokalsamfunnet. Difor har dei retta marknadsføringa si mot britane. Hjå dei er det ein sterk tradisjon for sportsfiske. Når dei landar på flyplassen i Alta, har dei berre ein trillekoffert med seg. Og når dei reiser heim att, er det med same trillekoffert – utan fisk i. Dessutan kjøper britane mykje øl på butikken i Sør-Tverrfjord.

Sandland Brygge har om lag 40 sengeplassar og tolv båtar som turistane kan leige. Steinar fortel ivrig om dei nye båtane. Han hadde mange søvnlause netter før han fekk desse, innrømmer han. Han fann nemleg ingen båtar på marknaden som han meinte heldt mål for Lopphavet. Men løysinga fanst nærare enn han trudde. Cornelis og Patricia De Wilde, som driv mekanisk verkstad i Bergsfjord, kunne lage skikkelege fartøy, meinte dei. Og etter ei skisse på ein serviett bygde dei aluminiumsbåtar på 22 og 25 fot – med høgt fribord og plass til fisketuristane inne i styrehuset. Det hjelpte godt på nattesøvnen.

Det har openbert vore utfordrande å byggje om eit gamalt, stinkande fiskebruk til moderne leilegheiter for internasjonal turistverksemd. På kaia møter me sleivkjefta engelskmenn. Dei fortel villig om den store fangsten på desse breiddegradene. Det gjævaste byttet er tvillaust kveita.

Stina innrømmer at turistane ikkje slepper ut all fisken dei tek. Noko et dei medan dei er her. Noko gir dei bort til folk i bygda. Ei gong forklarte Stina ei gruppe turistar kor glade dei eldre vart om dei fekk litt fersk fisk til middag. Etter nokre timar kom britane attende – med 42 kveiter i båten!

Turist i eige fylke

«Det er eit vanvitig fylke eg kjem frå!» Vegard slår ut med åra. Han inkluderer på ingen måtar Troms i den nemninga. Han snakkar om dei store kontrastane i Finnmark. Frå dei alpine fjella her vest til den flate vidda, som han kjenner så mykje betre, lenger aust.

Fisken bit. Me fyller kajakkane med småsei på nokre minutt. På styrbord side har me Marholmen. Kajakkane glir i god fart gjennom den kraftige tidevasstraumen. Eg festar blikket på ein flekk langt der ute – Loppa øy. Sjøen ligg blank framfor oss og ser innbydande ut. Hurtigruta er på veg sørover i kveldsola – i det me sig ut på det illgjetne Lopphavet.

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø og fast skribent i Dag og Tid.

Framhald

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vegard Ulvang – ka farsken gjer du i Nuvsvåg!?»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis