Reportasje

Der sjakk er religion

Det eldste kristne landet i verda er òg eit land med ein unik sjakkultur. «Sjakk i Armenia er som fotball i Latin-Amerika», seier sjakklegenda Garri Kasparov, som har armensk mor.

Sjakkens dag, 20. juli, vart markert i parlamentet i Jerevan med sjakkfest for inviterte born.
Sjakkens dag, 20. juli, vart markert i parlamentet i Jerevan med sjakkfest for inviterte born.
Publisert

Vi kjem til hovudstaden Jerevan om morgonen den 20. juli, den internasjonale sjakkdagen, som eg knappast har høyrt om. Datoen er ikkje nokon merkedag i Noreg, men kva med Armenia? Med litt flaks og Google Translate skjønar vi teksten som er skriven med eksotiske bokstavar på heimesida til det armenske sjakkforbundet. Vi må kasta oss i ein taxi og dra til parlamentet.

Sjakk er politikk i Armenia. Lenge var Serzj Sargsjan president både i landet og i sjakkforbundet. Etter ti år hadde folket fått meir enn nok av mannen. Då Sargsjan i fjor gjekk av som president for å verta statsminister, sa folket nei. Under fløyelsrevolusjonen i april–mai 2018 møtte på det meste 150.000 armenarar opp på Republikkplassen i millionbyen Jerevan med krav om at den ferske statsministeren måtte gå. Ja, Sargsjan var kan henda udugeleg og korrupt, men det seier likevel noko om sjakkinteressa at éin person ville og kunne ha dei øvste maktposisjonane samstundes i politikk og sjakk. Sargsjan er framleis president i sjakkforbundet.

Men vi kjem ikkje inn til nasjonalforsamlinga. Det gjer heller ikkje foreldre, trenarar og armenske sjakkprofilar. Dei står bak sperringane rundt den vakre plassen framfor parlamentsbygningen. Innanfor sperringane er sjakkfesten i full gang. Nokre få tryggingstiltak må ein rekna med i eit land med fiendar både i aust (Aserbajdsjan) og vest (Tyrkia), men dei inviterte sjakkborna slepp inn. Det er då vi får auge på Asjot Vardapetjan, hovuddomaren frå VM-kampane til mellom andre Viswanathan Anand og Magnus Carlsen. Vardapetjan har heller ikkje tilgang, men eg dreg «Magnus-kortet», som alltid fungerer i slike høve. Den kjende sjakkdomaren nyttar kontaktane sine til å få «utsendingane frå landet til verdsmeisteren» gjennom tryggingskontrollen og over til borna og parlamentarikarane.

Identitet

Arrangøren Artak Manukjan tek imot oss på vegner av dei folkevalde.

– Noreg og Armenia er vel dei to mest sjakkgalne landa i verda, seier eg som ei opningsfrase i småpraten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement