JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Der folk treng fly og ferje og ferje og fly treng folk

STORNOWAY: Eg byrjar ferda gjennom dei skotske øyrika lengst borte, på Ytre Hebridane, som var norsk i berre 500 år. Di nærare eg kjem Vestlandet, di meir medvitne er øybuarane om den norske kontakten, meir enn vi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: Mirjam Clement

Teikning: Mirjam Clement

11315
20220304

Øyrike i vest

Del 1 – Ytre Hebridane

Håvard Rem fer i vesterveg, til øyrika Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland, ein gong norske, no skotske.

havard@dagogtid.no

Vêret riv i propellflyet som går ned mot Stornoway. I vest er det ope hav til Amerika. I sør står snøkvite fjell. Under meg her i nord ser eg eit flatt landskap med sauer, som Jæren, men våtare, brunt av torvmyr og svart av tjern. Av dei 27.000 innbyggjarane på Ytre Hebridane har 21.000 samla seg nord i øyriket.

Busskuret utanfor lufthamna er ein lukka glasboks mot vêr og vind. For å koma rakt inn i kvardagen og det offentlege rommet nyttar eg helst offentleg transport, men i dag går ingen flybuss. Eg ringjer etter drosje. Nei. Eg ringjer eit anna drosjeselskap. Nei. Og eit tredje.

Det er sundag. På Ytre Hebridane i 2022 er kviledagen heilagare enn han var på Sørlandet i 1962. Alt er stengt i Stornoway, den største, i røynda den einaste byen på Ytre Hebridane, øyriket som skottane kallar Vestøyane av di det ligg lengst i vest, og som norske erobrarar kalla Sørøyane ­av di det ligg sør for andre øyrike me erobra, Orknøyane og Shetland. Dit fer eg etter Ytre Hebridane, som ei ferd heimover ­­– geografisk, klimatisk, historisk, kulturelt, språkleg. Ytre Hebridane heldt me i berre 500 år, til 1266, Orknøyane og Shetland i et par hundreår til og vel så det.

– Det kjem ikkje mykje folk hit på denne tida av året, fortel den pensjonerte sjåføren som valde å bryta sundagsfreden for å henta meg i lufthamna.

Folketal og flatemål

Er det noko i Noreg å samanlikna øyrika med? Ja, dei tre øyrika svarar til tre norske øyrike, både i flatemål og i folketal. På Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland bur i alt kring 75.000 menneske, og det gjer det òg i øyrika Lofoten, Vesterålen og på Ytre Troms-øyane Senja og Kvaløya. Ikkje berre det: Den samla geografiske distansen over land frå sør til nord er om lag den same, kring 60 landmil, rett nok med meir hav mellom dei skotske øyrika enn mellom dei norske. Og ikkje berre det: Dei tre skotske øyrika og dei tre nemnde norske øyrika har sams samla flatemål, kring 5500 kvadratkilometer ­– som Vänern, Palestina og Bali, om ein treng andre referansar.

Med andre ord: Ferda frå Barra sør på Ytre Hebridane via Orknøyane til Unst nord på Shetland er som ei ferd frå Røst sør i Lofoten via Vesterålen til Finnes nord på Kvaløya. Men på Kvaløya høyrer den demografiske likskapen opp, for frå Finnes ser du over til ein verkeleg by, Tromsø, med om lag like mange menneske som i øyrika totalt. Dei skotske øyrika har berre éin by kvar, og det er ein småby. Stornoway på Ytre Hebridane, Kirkwall på Orknøyane og Lerwick på Shetland har kring 8000 innbyggjarar. Nokså sams er det samla folketalet på kvart av øyrika, kring 25.000.

Likskapen gjeld ikkje berre flatemål og folketal, men folketalsutviklinga òg. For dei tre skotske øyrika er han svakt stigande og sterkt aldrande ­–?som vil seia at folketalet på lengre sikt ikkje er svakt stigande, men fallande.

Offentleg transport

Demografien på dei skotske øyrika er om mogeleg endå meir kritisk enn på dei norske. Kvifor? Stikkordet er offentleg transport.

Og no kjem me til det som ikkje er sams, men som skil dei skotske øyrika frå dei norske. Ikkje berre er det større avstand mellom øyrika, og mellom dei fleste øyane i kvart øyrike, men fyrst og fremst er det større avstand frå øyrika til fastlandet.

Éi sak folk i alle tre øyrika ville diskutera med ein nordmann, var tunellar. Tunellar? tenkte eg, dei har jo ikkje fjell. Medan dei tre nemnde norske øyrika alle har fjell høgare enn tusen meter, når dei her sjeldan høgare enn 400 meter over havet. Havet. Fjelltunellar var sjølvsagt ikkje det dei sikta til. Det var ikkje ein 24 kilometer lang Lærdalstunell dei ynskte seg, men ein nær 27 kilometer lang Boknafjordtunell ­–?som etter planen opnar om fem år, med ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Haugalandet.

I og for seg er eg imponert over transporten mellom øyane, øyrika og fastlandet. Det er mange avgangar for så få folk. Frå Edinburgh og Inverness går direktefly til alle tre øyrika. Loganair – skotske Widerøe ­– tek deg til elleve lufthamner her ute i Vesterhavet. Orknøyane har sju lufthamner, Vesterålen har to. Prisane er låge. Frå Kirkwall til den ytste øya Papa Westrey ­–?ein direktetur på ein halvtime, om lag som Svolvær­­–Røst, sett bort frå at Røst har 550 innbyggjarar medan Papay berre har 90 – får du billett til hundre kroner kvar veg.

Og når du fyrst har kome deg til ei øy, er det eit godt og oversiktleg bussrutenett. Frå Stornoway til Tarbert, ein landsby seks mil i sør, er det seks daglege avgangar. Turen tek ein time og kostar 45 kroner.

Tarbert og Stornoway er to av mange hamnebyar. Ferjene er mange mellom øyane og mellom øyriket og fastlandet. Men om tilbodet imponerer, er det teikn til forfall. Ferjetilbodet forsvinn sjølvsagt frå avfolka øyar, men er truga elles òg. Busskura vert ikkje oppdaterte med nye rutetabellar, ikkje eingong på rutebilstasjonen i Stornoway. Med både låge prisar og låge passasjertal ­­– kven betaler?

Norsk og gælisk

Eg spør Alasdair Allan, som representerer Ytre Hebridane i det skotske parlamentet og er medlem av SNP (Scottish National Party). Dei tre øyrika er representerte med kvar sin medlem i parlamentet i Edinburgh. Svaret til Allen gjekk eg i fyrste omgang glipp av av di han svara meg på norsk.

– Kan me ikkje ta heile samtalen på norsk, spør han.

Av di dei skotske øyrika i mange hundre år var norske, er øybuarane langt meir merksame på Noreg enn nordmenn er på Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland. Men representanten Allan er ikkje representativ, aller minst for Ytre Hebridane, der vikingarven står langt svakare enn på Orknøyane og Shetland. Medan verda har sett ei internasjonal vikingbylgje dei siste åra, i film og bøker, har Orknøyane og Shetland ei permanent vikingbylgje. På Ytre Hebridane er det ikkje vikingfortida dei dyrkar, men den gæliske. Allan snakkar flytande gælisk òg.

– Ein gong snakka mest heile Skottland gælisk, men eg voks opp på fastlandet, der gælisk forsvann lenge før mi tid, så gælisk har eg lært meg her ute. På fastlandet er det no berre kring 1 prosent som snakkar gælisk, men her ute er det helvta av folka.

­– Kvifor har du lært deg norsk?

­– Nei, Noreg har alltid interessert meg. Eg har vore mange gonger i Bergen, seier han skarrande.

Få folk og dyre hus

–?Men altså ­– kven betalar for den offentlege transporten her ute?

– Nei, det er korkje Stornoway, London eller Brussel som subsiderer offentleg transport på Ytre Hebridane, det er det nok Edinburgh som gjer, fortel Allan og forklarar korleis transporttilbod og demografi heng saman i ein skjør balanse.

– Eller i ein vond sirkel, spør eg.

– Dårlegare transporttilbod gjev lågare folketal, lågare folketal gjev dårlegare transporttilbod. Difor er tilflytting naudsynt.

Allan er tilflyttar frå fastlandet. Det er Jessica òg. Ho er tilsett ved Visit Scotland-kontoret på Ytre Hebridane og stadfestar uroa til politikaren:

– Diverre er det altfor få hus til sals, og dei som kjem på marknaden, vert gjerne for dyre for unge i etableringsfasen.

Forlis

Inne i Stornoway er alt sundagsstengt, hotellet òg, men det kjem einkvan og låser opp. Kvartala ligg aude. Midt i hovudgata har nokre gutar vorte flinke til å sykla på berre bakhjulet. Dei få kafeane og pubane, restaurantane og butikkane i Stornoway er stengde. Men halv sju opnar to av dei største bygningane i byen dei tunge dørene sine, konservative Church of Scotland og meir konservative Free Church of Scotland. Dei ligg eit steinkast frå kvarandre i Kenneth Street. Mellom dei ligg Stornoway Christian Bookshop. I det eine vindauget ligg tolv ulike bøker om vegen til eit lukkeleg ekteskap.

Om gatene elles ligg aude, er det folksamt utanfor Church of Scotland når eg passerer på veg til Free Church, der minst like mange har kome. Eg sit på galleriet, bak dei som filmar og kringkastar kveldsgudstenesta på YouTube. I ein aldrande folkesetnad kjem ikkje alle seg til kyrkje.

– Om flyet du sit i, styrtar, om ferja du fer med, søkk, lyder den bydande røysta til James Maciver frå preikestolen.

– Veit du då kor du kjem? held han fram med heva armar, men ikkje eit augnelok hevar seg i forsamlinga, heller ikkje når han nyttar det lokale for å gjera æva levande for lyden.

Ferje og fly nyttar hebridarane jamleg, men dei gjev lite uttrykk for kjensler. Dei tenkjer sitt, men ­– som me seier på Sørlandet – lesst som ingenting, i kyrkja som i kassa på Coop. At dei ytre hebridarane i det indre er like lukka som busskura, gjekk ikkje ordentleg opp for meg før eg hadde møtt opne orknøyingar og shetlendingar i nordvest. Her har dei internalisert ei i verste høve-forventing om dårleg vêr og ulukker.

Like før nedstenginga hadde Dag og Tid (20. desember 2019) ein reportasje om eit forlis utanfor Stornoway. Hundre år før, i 1919, omkom drygt 200 soldatar, på veg heim frå den fyrste verdskrigen, då skipet gjekk på eit skjer her ute. Dagleg går eg forbi minnesmerket på torget.

– Det forliset snakkar me framleis ikkje om, fortel George meg under ein køyretur på Lewis.

Han har vore politimann på øya i tretti år, og me vert betre kjende med han i neste veke.

Donald

Vind, vêr og vekking. Somme kystsamfunn er kjende for å vera ustabile. Folk og fisk kjem og vert borte. Stormane herjar på sjøen og i sjela. Røtene finn ikkje feste i dei trelause myrane. Kva kan forklåra den djupe religiøsiteten på Ytre Hebridane? På dei to andre øyrika er trua bytt ut med ein like djup sans for andre abstrakte verder, på Orknøyane for bøker og litteratur, på Shetland for finans og pengar.

Skilnaden speglar seg i alt frå livskjensle til lukkingsvedtekter. På godt og vondt er Orknøyane 2022, Shetland er 1992 og Ytre Hebridane er 1962 – året eg fekk det fyrste sundagsskulediplomet mitt. I Stornoway kjenner eg at eg har sakna sundagsstilla frå oppveksten.

Kven er hebridaren? På øyrika i nordvest seier dei om kvarandre at ein orknøying er ein bonde med eit liten båt, medan ein shetlending er ein fiskar med ein liten åkerlapp. Og hebridaren? Ein sauesmåbrukar med eit forlis i horisonten? Ein fryktsam, men uredd los og marinesoldat?

Dette er ein stad

som meir enn andre stader

sende sine unge karar

i store tal over havet

for å forsvara landet,

for her er det ein skikk

å reisa seg mot rasande fiendar:

Dette er ein stad

som aldri syner svik

og alltid sigrar

Det les eg i diktet «Hebridane» av den gæliskspråklege poeten Donald John MacDonald (1918–1986) frå Sør-Uist. Donald er eit kjært namn her. Om hebridarane ikkje fortel om forlis, høyrer eg stadig at det var ei mil utanfor Stornoway ho voks opp, Mary Anne MacLeon, ho som gifta seg Trump og fekk ein gut ho kalla Donald.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om flyet du sit i, styrtar, veit du då kor du kjem?»

James Maciver, prest i
Stornoway

«Kan me ikkje ta heile samtalen på norsk?»

Alasdair Allan, medlem av
det skotske parlamentet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis