Reportasje
Den mjuke kroppen
På Brattøya bygger menneske hus til ærfuglane. Det tar mykje tid. Tilbake får dei ettertrakta dun.
På Vegaøyane steller rundt 30 fuglevaktarar godt med ærfuglen.
Alle foto: Arve Nilsen
Det er tidleg morgon på kjøkkentrappa utanfor huset på Brattøya, første veka i mai. Nordvesten har tatt seg fri nokre dagar, og den venlege vikaren hans, sørausten, stryk mildt innover dei gulbrune holmane og øyane som til saman utgjer Hysvær, eit av dei største øyværa i Vega, ein kystkommune lengst sør i Nordland fylke. Sola er oppe, det er kaffi i koppen, det er halvflødd sjø, og lufta er full av godlyd frå våryr fugl; grågås, storspove, tjeld, svartbak, fiskemåke og blåstrupe er nokre av artane som er først i gang her på øya. Hannfugl av enkeltbekkasin stupbombar oss jamt og trutt med ein jamrande lyd som her omkring har gitt han namnet «hummarhest». Men det er ærfuglen som er stjerna i framsyninga no. «A-ooh, a-ooh», læt det frå dei svarte og kvite hannane, ekallane, optimistisk og litt vemodig på same tid. «Gåkk-gåkk» kjem det litt meir pragmatisk frå ea sjølv. Dei svømmer i små eller større flokkar inne i sunda og gjer seg klare til årets landnåm.
Livsgrunnlag og kultur
Ærfuglen er ei marin dukkand som det finst mykje av på heile Nordkalotten. Egg, kjøt, fjær og dun frå ærfugl har i lang tid vore ein viktig del av livsgrunnlag og kulturarv til folk i kystområde frå Sibir og Austersjøen via Noreg, Island, Færøyane og Canada. Fuglane sjølv nyt ein variert buffé; blåskjel, sniglar og andre blautdyr er favorittmat.
På Vegaøyane hekkar det mykje ærfugl. At det er eit rikt mangfald av etelege artar i dei grunne havområda i nærleiken av hekkeplassane, er nok ei viktig årsak til den stabile ærfuglbestanden. Og på desse øyane har det vore ein lang tradisjon for røkting av dei ville fuglane. Mange generasjonar med menneske og endå fleire generasjonar med fugl har etablert eit tett samarbeid som har vore til nytte for båe partar. Å bygge hus til fuglane og få dei til å hekke der krev erfaring og innsats over mange år. Det har truleg utvikla seg som ein metode for å sikra ei tørr og lettreinska dun når fuglen går av reiret, kanskje har det også vore lettare å verne dei verdifulle husfuglane mot rovfugl.
På Island, som er den største produsenten av ærfugldun i verda, gjer dei det på ein annan måte. Der røktar dei store område med vilt hekkande fugl, såkalla varp. Varpa blir verna mot predatorar som polarrev, mink og rovfugl, og duna kan også bli samla inn før egga er klekte, då byter dei gjerne ut duna med halm. Samarbeidet mellom menneske og fugl er i alle høve nært, og det er ein viktig del av jobben, både i Noreg og på Island, å gå faste rundar mellom reira for å venne fuglane til folk og halde rovdyr og rovfugl unna.
Reirvisning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.