JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Då traktorane byrja å verpa

Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk. Lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rundballar på heimegarden til Dag og Tid-redaktøren på Voss.

Foto: Håvard Rem

8851
20190719

Bakgrunn

Rundballe

Ein rundballe er ein sylinderforma balle av pressa gras eller halm til surfôr.

Rundballane vert pressa og pakka. Til vanleg vert dei pakka i kvit plast, difor aukenamnet traktoregg.

Vanleg storleik er rundt 1,2 meter i diameter og 1,2 meter i breidd.

Legging av rundballar har dei siste åra vorte ein av dei mest utbreidde metodane for konservering av fôrmiddel (ensilering).

Kjelde: Wikipedia

Alle har vi sett dei, desse runde ballane i kvit plast som ligg på jorde etter jorde i landet vårt. Sjølv dei som knapt rører seg utanfor Grünerløkka eller Nydalen, må ha fått med seg traktoregga som er stappa med silofôr. Om ikkje anna har dei det som eit vagt minne frå turen heim til ho mor, eller som ein glimt gjennom vindauget susande av garde på flytoget.

Ja, vi har nok alle sett dei, skulle vi tru. Dei er blitt ein del av det norske kulturlandskapet. Men ikkje berre det. Utan at me har merka det, har traktoregga klekt ut ein stille revolusjon i jordbruket. Og til skilnad frå dei kvite vindmøllene som no skapar stor debatt, har dei kvite rundballane knapt skapa debatt medan dei stille og sakte har fylt landskapet.

Dyre siloar

Traktorane i Noreg byrja å leggja egg tidleg i 1980-åra. Ein viktig grunn til dette var kostnaden med å halda dei gamle betongsiloane – desse borgliknande grå tårna som spratt opp i landskapet på 1960- og 1970-talet. Det vart dyrt å sertifisera siloheisane, og endå dyrare å sørgja for at siloane heldt tett – at ikkje syre rann ut i vassdrag og det som verre er.

«Du har sett alle siloane som står rundt i landet? Dei fleste av desse er tomme no. Det vart for dyrt å halda dei tette. Det kunne kosta opp mot 120.000 kroner å leggja fiberglas i ein 6 meter silo.» Dette seier ein tidlegare bonde og noverande rundballeentreprenør.

Det var òg mykje arbeid med å leggja gras i silo. Slåtten på ein vanleg gard tok vekevis med fôrhaustar, ein trong mykje folk til å jamna i siloen, og helst minst éin person med traktor og lessevogn som kunne køyra lasset inn. Då eg var liten, hadde me på heimgarden om lag 140 mål som me hausta. Det tok eit par veker med fôrhaustar. I dag har far min over dobbelt så mykje jord å hausta, men no, med rundballing, er dette gjort på under ein dag.

Dessutan slepp ein å klatra ned i dei djupe siloane, med fare for å detta ned og med allslags farlege gassar. Eg hugsar godt korleis eg som gut grudde meg til den dagen eg vart stor nok til å klatra ned i siloen.

Ein gryande problematikk kring lagerplass gjorde òg at rundballane vann fram. Alt tidleg byrja bøndene å supplera silolagera med rundballar til det som ikkje gjekk i siloane. Ein bonde seier at han ikkje fekk alt graset opp i siloen. Ein annan formulerer det slik i eit intervju med fagbladet Bondevennen på slutten av 1980-talet: «Hadde jeg hatt større silokapasitet, kunne jeg velge kalvingstidspunkt mer fritt.» Bladet kunngjer så: «Han har tenkt på å anskaffe rundballepresse og ensilere på denne måten.» På mange vis vart rundballepressa ei førebels løysing på vedvarande veksesmerter i jordbruket.

Stadig større areal

Arealet som bøndene hausta, vart stadig større utetter i 1980- og 1990-åra, og det same gjaldt talet på dyr på gardane. Å byggja ny silo til dette var ikkje formålstenleg. Det var ei stor investering i ei usikker framtid. Ein person frå rådgjevingsapparatet i landbruket seier det slik: «Mykje satsing har vore kortsiktig i norsk jordbruk. Det var derfor betre å investera i rundballe enn å byggja nytt.» Han held fram: «Det var ei stadig utviding av produksjonen, men også ei stadig nøling med å byggja nye driftsbygningar. Då vart rundballepressa optimal.»

Men rundballane er sjølvsagt ikkje gratis. På slutten av 1980-åra kunne det kosta bonden 110 kroner per rundballe frå entreprenøren, og i dag kan han kosta mellom 160 og 200 kroner. Ein stor del av kostnadene ved rundballar er utgifter til plasten som ein pakkar dei i. Her kan ein snakka om 50 kroner per balle. Totalt går det med om lag 1,3 kilo plast per rundballe dersom ein brukar seks lag. Det er ikkje råd å vita kor mange rundballar som blir laga her til lands kvart år, men det må vera mange titusen. Det blir nokre titals tusen kilo plast òg, det.

Skal ein kjøpe rundballepresse i dag, ligg prisen på 750.000–850.000 kroner. Dei første enkle pressene kosta mellom 80.000 og 100.000 kroner i 1980-åra. «Dersom ein ser totale utgifter med balling mot det å ha silo, så er nok silo det som løner seg i det lange løpet. Men saka er at det er så mange med gamle siloar, i tillegg til mykje leigejord. Slik sett blir det meir praktisk med rundballar.» Dette seier rundballeentreprenøren. Det er mange slike rundballeentreprenørar som køyrer rundt i bygdene om somrane no, og dei pressar ofte meir 7000 rundballar kvar i løpet av ein sesong.

I dag blir over 80 prosent av graset ensilert i rundballar. Ein utilsikta effekt av dette var at leigejord vart mykje lettare å ta i bruk, gardane fekk rett og slett større geografisk rekkjevidd. Så mykje som 40 prosent av jorda i drift er i dag leigd. «Leigejord var viktig for at rundballepressa vart populær», seier rundballeentreprenøren vi har snakka med.

Praktisk teknologi

Rundballane har medverka til at garden i stor grad ikkje lenger er lokal og stadbunden, men ei slags kolonimakt som hentar ressursar langvegsfrå inn til gardstunet. Med rundballar kunne bøndene svært effektivt hausta jord som låg langt borte frå sjølve gardsbruket. Det var ikkje naudsynt å køyra silofôret heim til garden. Det kunne plasserast i nærleiken av der det var hausta, for å bli henta ved eit høveleg tidspunkt.

Det var sjølvsagt ikkje noko lagnadsbestemt over at nett rundballepressa skulle koma inn og bli dominerande i norsk jordbruk i løpet av 1990- og 2000-åra. Rundballepressa kom faktisk heile vegen inn som initiativ nedanfrå, frå bøndene sjølve. Dei tok denne teknologien i bruk fordi han var praktisk og eit relativt rimeleg alternativ for å utvida eigen produksjon.

Norsk jordbruk har sjølvsagt vore inne i ein rasjonaliseringsprosess heilt sidan den sosialdemokratiske ordenen vart etablert i 1950-åra. Aldri har så mange bruk forsvunne, og aldri før har mekanisering endra jordbruket så mykje som i 1950- og 1960-åra. Det var òg i denne prosessen det moderne norske familiebruket med traktor og fôrhaustar vart etablert. Etter nokre dårlege år kom det til og med eit opptrappingsvedtak for jordbruket i 1976. Men då lovnadene frå opptrappingsvedtaket hadde runne ut i sanden i byrjinga av 1990-åra, og då dei norske bøndene vart kopla stadig sterkare opp mot internasjonale marknader via WTO og EØS, vart presset for å veksa forsterka, samstundes som inntektene stagnerte. I tillegg vart det stadig færre folk på bygdene generelt – dei flytta inn til byane og vart urbane – men jordbruksressursane som låg i bygdene, måtte likevel nyttast av dei som var att.

I kombinasjon med dei mange gamle fjøsa rundt om i bygdene gjorde dette at bondesamfunnet var klart for rundballepressa. Her var ein teknologi som lét gardane auka fôrgrunnlaget utan å byggja nye fjøs, og som gjorde det mogleg å nytta alle areala som var tilgjengelege i bygda, sjølv det vesle stykket på det keitute gardsbruket langt oppe i dalen. At det ikkje budde nokon på denne garden, gjorde heller ikkje noko, for ein trong berre éin mann og éin traktor til å hausta alt saman. Med eitt var familiebruka muterte til jordbruksføretak med gigafjøs og robot, mata av rundballar frå alle hjørne av bygda.

Nye horisontar

Når ein kjenner historia om kva som skjedde, ser ein òg at denne teknologien var særs snedig for dei tilhøva som utvikla seg. Som eit svar på større og overgripande strukturelle drivarar vart rundballepressa kanskje ein av dei utløysande teknologiane som gjorde utviklinga mot den jordbruksstrukturen vi har no, mogeleg.

Ja, rundballepressa har vore med på å gje oss eit anna jordbruk. Handmølla gav oss samfunnet med føydalherren, dampmølla gav oss samfunnet med industrikapitalisten. Så seier Karl Marx. Fôrhaustaren gav oss landbruket med småbruk, rundballepressa gjev oss landbruket med storbruk og leigejord. Det kan vi hevda.

Historia om rundballepressa er eit klart døme på korleis ny teknologi kjem inn og skapar nye horisontar for kva produksjon som er mogeleg, og som dermed endrar både landskap og driftsformer. Historia viser òg korleis samspel mellom ulike samfunnsfaktorar bur grunnen for ny teknologi. Det store spørsmålet blir no: Kva skjer når robotane og dronane kjem inn i jordbruket for fullt?

Eirik Magnus Fuglestad

Eirik Magnus Fuglestad er odelsgut og forskar ved Ruralis, Institutt for rural- og
regionalforsking.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rundballepressa kom faktisk heile vegen inn som initiativ nedanfrå, frå bøndene sjølve.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis