Reportasje

Bokbåt på siste ferd

SANDANE: Onsdag legg bokbåten til kai for siste gong. I 65 år har han fare i fjordane som eit flytande bibliotek. No er det slutt. Noreg har ikkje lenger råd til slikt.

Svein Ivar Vinnes, skipper og eigar av bokbåten, no Det flytande litteraturhuset, MS «Epos», ynskjer born på Sandane velkomne om bord.
Svein Ivar Vinnes, skipper og eigar av bokbåten, no Det flytande litteraturhuset, MS «Epos», ynskjer born på Sandane velkomne om bord.
Publisert

I dag går ferda ned til Sandane, administrasjonssentrum i Gloppen kommune, ein tettstad som ligg der Gloppeelva frå Breimsvatnet munnar ut i Gloppefjorden. I dag ligg bokbåten MS «Epos» til kai, og eg skal møta skipper og eigar Svein Ivar Vinnes.

I Nordfjord skal ein leggja inn marginar. Dei fuktige månadane, når dag og natt spelar temperaturpingpong med frysepunktet som nett, leitar på vegane djupt i fjellet. I nær ein halvtime står eg på raudt ljos ved den eine enden av tunellen før ein leiebil tek oss i kolonne gjennom mørkeret til den andre, der Gloppefjorden brått kjem til syne som eit fatamorgana under meg.

Vel framme rekk eg ein kopp på Lauget kaffi & kultur i Sandane før eg skal om bord i «Epos». Kafeen ligg som ei triveleg lesestove midt i sentrum. Her har dei teke attende i-en i kaffi, sandensarane, som dei heiter her, eller glopparane, helst, slik dei frå Eid, rakt over fjorden, heiter eidarar, ikkje eidar, som eg skreiv førre veke ­–?takk for dei mange meldingane. Båe stader verkar dei meir medvitne om tradisjonane sine no enn då eg støtt gjekk på kafé her kring 1980.

Då skreiv eg diktet «Sandane» (1981) som byrja: «Jeg sleper meg gjennom gatene i den lille vestlandsbyen, gjennom sneslaps og søle.» Før vernetankane rakk å melda seg, hadde betra økonomi rokke å fylla tettstaden med brutalistiske betongbygg. Eg noterte at «nå er det plassmangel og ekspansjonstrang i avgrunnen, hvor ellers kommer de fra, disse betongbyggene, i beste fall sluppet ned fra himmelen som avfall». Eg kom frå Sørlandet, der me kjempa mot politikarar som ville riva trehus frå 1700-talet.

Den danna, doble espressoen eg får i lesestova Lauget i 2021, er ein krutsterk kontrast til slutten av det 40 år gamle diktet: «Innerst i melkebaren sitter de eneste her i Sandane som ennå tør utfordre skjebnen: tre eldre menn, fordypet i tippekuponger.»

MS «Epos»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement