Reportasje

Balladen om aust og vest

Oslo: Hovudstaden har gått frå to mål til eitt, i ei samansmelting der vest- og austkant gjev og tek, og der songtekstane både speglar og skapar endringar. Vestkantmålet har gått frå standard til dialekt.

Den delte byen med songpoetar frå vest og aust: Jan Erik Vold, Åse Kleveland, Lars Saabye Christensen, Ivar Aasen, Joachim Nielsen, Finn Kalvik og Kari Svendsen.
Den delte byen med songpoetar frå vest og aust: Jan Erik Vold, Åse Kleveland, Lars Saabye Christensen, Ivar Aasen, Joachim Nielsen, Finn Kalvik og Kari Svendsen.
Publisert

Saman med språkvitaren Karine Stjernholm og songpoetane Don Martin og Lars Lillo-Stenberg sit eg på bakrommet til Målstova i Nasjonalbiblioteket i Oslo. Når Stjernholm no skal nytta tekstane deira til å fortelja om stoda til oslomålet, høver det at den eine kjem frå Romsås og den andre frå Frogner.

Zoolog og løve

Dialektferda i folkemålpoesien er ikkje minst samtalane mellom dei som diktar og dei som analyserer. Spaninga er der. Kva tykkjer Don Martin om Stjernholms ferske analyse av rapteksten «Nilsen» (2013) i Norsk Lingvistisk Tidsskrift?

«Antagelig tar han det som en løve, som blir beskrevet av en zoologi-student», noterte Jens Bjørneboe då han i Aftenposten i 1953 melde ei diktsamling av Herman Wildenvey. Rapparen er vand med forskarblikk på tekstane:

– «Nilsen» har gjort ein betre akademisk karriere enn eg har gjort.

Songen, med Tommy Tee som gjesterappar, er ein hyllest til Grønlandsleiret og austkantpoetane Rudolf Nilsen (1901–1929), Lillebjørn Nilsen (f. 1950) og Joachim «Jokke» Nielsen (1964–2000): «Jeg er så Oslo du kan kalle meg for Nilsen.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement