Reportasje
Austanfor Austlandet
ELVERUM: Som sekstenåring i heimbygda song ho «Menuett i mai» av og for Vidar Sandbeck. I dag er ho tilsett som Vidar Sandbeck-ansvarleg på Glomdalsmuseet.
Frå Glomdalsmuseet på vestsida av Glomma gjennom Elverum går ei gangbru over til Norsk skogmuseum på austsida.
I dag tidleg, ein måndag morgon i mars, vart adressa tasta inn i kartlesaren i bilen: Glomdalsmuseet, Museumsvegen 15, 2406 Elverum – ein naturleg stad å byrja ferda inn i Østerdalen når ein kjem sørfrå. Frå høgtalarane i bilen, på vegen dit, kjem ulike versjonar ulike artistar har spela inn av «Menuett i mai», ein av dei mest kjende songane til østerdølen Vidar Sandbeck.
Vil du bli med i menuetten
i de grogrønne mainetten’
når det våres, når det våres
utmed gangsti og vegg
Vil du leke og gle’ deg,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.