JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

🎧 Songar av ei præriejente

PRÆRIEN: Då den nasjonale kringkastinga tinga ein song til Canadas 100-årsmarkering i 1967, vart det sjølvsagt ein togsong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsyn frå observasjonsdekket ved Bradwell, ein landsby fem mil aust for Saskatoon.

Alle foto: Håvard Rem

10461
20191129

Canada med tog. Del 3 av 5

Håvard Rem tek toget frå Vancouver og Stillehavet i vest mot Atlanterhavet i aust, frå Britisk Columbia og fjellheimen, via prærien og Toronto, til Montreal. I 2009 gav han ut boka Togreiser. Seks reiseruter i Norden, Europa og Asia.

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Ved solnedgang den andre dagen stoggar me ein time i Edmonton (668 moh.), på veg ned frå fjellheimen, inn mot den endelause kanadiske prærien, kornkammeret som dei kallar brødkorga.

Skjenesongen

Det eg tidleg merka meg med dette landet, var at så mange av songpoetane eg set høgst, kjem herfrå: Joni Mitchell, Neil Young, Buffy Sainte-Marie og Leonard Cohen. Men har det noko å gjera i ei jarnbanesak?

Songar kan vera ljodspor til ei togferd. Gjennom Australia fór eg i spora til Henry Lawson, nasjonalskalden med far frå Arendal og eit liv på stader attmed ruta ­frå Perth til Sydney. Indian Pacific driv eigen radio om bord, med balladane og novellene hans som ein del av sendinga.

Dei fire nemnde kanadiske songpoetane ­– går toget i heimtraktene til nokon av dei? Det er ikkje sjølvsagt, skjenegangen er berre ei tynn line gjennom eit enormt land, verdas nest største i flatemål. Men jau, det syner seg at dei i oppvekst og ungdom har budd attmed jarnbanen, alle fire: Joni Mitchell i Saskatoon, Neil Young i Winnipeg, Buffy Sainte-Marie i Toronto og Leonard Cohen i Montreal. Men det er lenge sidan.

Samantreffet

Ei ny overrasking: Songpoetane som er lyfta fram i musikkapittelet i ei av Canada-bøkene mine, ei fersk Penguin-bok med kapittel om kanadisk vin, kjøken, film, biletkunst og musikk, er dei fire eg har fylgt i meir enn førti år (k. d. lang er den femte, men ho er for ung for meg).

Ikkje nok med det. Songane, fleire av dei femti år gamle, høyrer til i 2019. Dei er del av det sparsame utvalet av musikk på flyferda over Atlanterhavet. Laurdag kveld song trubaduren på puben i Vancouver songar av tre av dei. På høgtalaranlegget i West Coast Railway Heritage Park i Squamish, der det sundag føremiddag berre var unge folk på vakt, vart Neil Youngs «Old Man» (1972) fylgd av Joni Mitchells «A Case of You» (1971):

On the back of a cartoon coaster

In the blue TV screen light

I drew a map of Canada

Oh, Canada

With your face sketched on it twice

Eg vandra reint rørt mellom damplokomotiva, takksam overfor henne som ein gong introduserte meg for Joni Mitchell, den gongen me ikkje visste at Oh, Canada-lina var lånt frå tittelen til den kanadiske nasjonalsongen, og at Mitchell skreiv songen til kjærasten Leonard Cohen.

Edmonton

Kanskje skulle eg skriva litt om dei fire likevel. I så høve var tanken sjølvsagt å venta med Cohen til endestasjonen og heimbyen hans Montreal, men alt i Edmonton møter eg ei historie. I 1966, i omskiftet frå utfordrande lyrikar og romanforfattar til verdskjend songpoet, vart han invitert nokre veker til universitetet i vinterbyen. Ein omsverma 32-åring fekk ei natt tid til å skriva eit dikt, eit lite fragment av kjærleikssoga om han og Marianne Ihlen, ei soge som har vore kjend i snart 60 år, og som dei tre siste åra, etter at båe døydde i 2016, har vorte meir kjend, sist no i haust med Nick Broomfields kinodokumentar Marianne & Leonard – Words of Love ute og Torgrim Eggens Axel Jensen-biografi her heime. Diktet heiter «Edmonton, Alberta, desember 1966, fire om morgonen»:

Edmonton, Alberta, desember 1966, fire om morgonen

Når stogga eg å skriva til deg?

Sandeltre brenn i det vesle hotellet i Jasper Street.

Hundre gonger har du kome inn i rommet

forkledd i sari og rustning og olabukser

og sete i lag med meg i timevis

som ei kvinne åleine i eit godt rom.

Eg har sunge for tusen menneske

og eg har skrive ein ny liten song.

Eg overlèt omsuta for sjela mi til meg sjølv no.

Eg vonar du har pengar for vinteren.

Eg sender deg ein sum så snart eg får løn. 

Gras og honning, den syngjande radiatoren,

skuggen frå bruene på isen

over North Saskatchewan River,

himmelen som eit kaldt og blått sjukehus –

alt held oss med så godt selskap.

Jarnbanehotell

Det Cohen kalla «ein ny liten song», er kjende «Sisters of Mercy» (Miskunnsame systrer) frå debutalbumet, ein song han skreiv ei natt han vart kasta ut av det staselege jarnbanehotellet Macdonald i Edmonton, på grunn av for mange gjester, høglydte festar, røykjelse (sandeltre) og røyking (gras) på rommet. Han gjekk gatelangs og fraus då to studentar miskunna seg og tok inn på det mindre staselege Alberta Hotel på Jasper Street saman med han.

Men kven hadde han «stogga å skriva til»? Jau, den norske åleinemora, skild frå Axel Jensen, ho som i 1967 fekk heile musikkbransjen kasta mellom seg og Cohen.

North Saskatchewan River får eg sjå, frå togvindauget, men ikkje jarnbanehotellet i sentrum, oppkalla etter John A. Macdonald (18­15–1891), den fyrste statsministeren i det som vert kalla verdas fyrste transkontinentale, tokulturelle parlamentariske statsforbund. At nasjonen strekkjer seg frå verdshav til verdshav, kom ikkje minst av at Macdonald arbeidde for å byggja ein transkontinental jarnbane.

Men Macdonald er ikkje lenger jarnbanehotell. Ein god ting med tog er gjerne at stasjonane ligg midt i byen, men her på prærien er dei flytta ut, så bysentrum slepp støyande godstog og togselskapa slepp omvegen om bysentrum. Amerikansk og kanadisk jarnbane fraktar i dag meir gods enn menneske.

Freakarlandet

Kvifor høyrer unge kanadiarar i dag på så mange av dei same songane som me spelte? På ungdomsskulen nytta den langhåra musikklæraren eit klassesett av Visesangboka (1971), der tre av dei fire var med: «The Universal Soldier» (1963) av Buffy Sainte-Marie, «Both Sides Now» (1967) av Joni Mitchell og «Suzanne» (1967) av Leonard Cohen. Hadde boka kome to år seinare, etter After the Gold Rush (1970) og Harvest (1972), hadde ein Neil Young-song vore med òg.

Kva er det med åra mellom 1965 og 1975, tida for motkultur og ungdomsopprør, hippiar og freakarar? Var det ein gullalder av eit slag, formativ for dei unge i dag òg?

Freakar er stikkordet, for Canada og dei fire store, for 1970-åra og i dag. Ml-arane var nordvesteuropeisk postprotestantisme. Hippierørsla var ei kort bløming. Leonard Cohen var Gud forby aldri hippie. Den breie og varige rørsla var freakarane, som heldt seg i 1980- og 1990-åra, då hippiar og ml-arar forsvann. Neil Young var freak, tidvis speedfreak. Det urbanliberale Canada er freakarlandet, for somme skakkøyrde amerikanarar meir freistande enn Mexico. Medan lågkyrkjelege USA er ein mosaikk av strenge og mjuke cannabislover, er katolsk-heidenske Canada gjennomliberalisert på freakarfelt som rus, seksualitet og etnisitet.

Det multietniske Canada syner seg hjå dei fire store òg. Joni Mitchell har samiske og norske røter. Leonard Cohen er jødisk med slekt frå Litauen. Røtene til Neil Young er skotske og irske. Buffy Sainte-Marie er cree.

Saskatoon

Me kjem til Saskatoon i soloppgangen tredje dag. Det er om lag ei mil frå stasjon til by her òg. Togsongane til Joni Mitchell skriv seg frå ei tid då stasjonane låg i sentrum:

I’m always running behind the time

Just like this train

Shaking into town

With the brakes complaining

Togmetaforikken i «Just Like This Train» (Court and Spark, 1974) held fram i neste strofe: «I used to count lovers like railroad cars.»

Med eit stogg på éin time er det ikkje råd å få sett Saskatoon. Rett nok tilbyr ViaRail etappebillettar, men med berre to tog i veka vert alternativet til éin time eit opphald på tre døger.

Men prærien får me sjå. Songs of a Prairie Girl heiter samlealbumet Joni Mitchell gav ut i 2005, som hennar bidrag til hundreårsmarkeringa av Saskatchewan, skipa i 1905, den kanadiske provinsen med flest innbyggjarar av norsk opphav, og ho er ei av dei. 

Det smale vindauget

Er det tilfeldig at alle fire budde attmed jarnbanen? Ikkje i det heile teke. 

Medan det i grisgrendte Noreg bur fjorten menneske per kvadratkilometer, bur det i Canada berre tre. Dei nordlege områda er ikkje til å bu i. Dei fleste av verdas 35 millionar kanadiarar er samla sør i landet, i eit smalt vindauge frå aust til vest.

Og då var det sjølvsagt gjennom dette vindauget dei bygde jarnbanen?

Nei. Det var motsett. Jarnbanen vart ikkje lagd der det var busetjing. Busetjinga kom der jarnbanen vart lagd. 

Merk deg skilnaden. Det eksisterande folkesetnadsgrunnlaget kan vera avgjerande for eit vedtak om å byggja eller ikkje byggja jarnbane. Det vert nytta som eit moment i diskusjonen om tog til Tromsø.

I Canada såg dei det annleis. Jarnbanen vart bygd for å gjera busetjing mogeleg. 

Difor var det ikkje eit samantreff at dei fire store voks opp attmed jarnbanen. Temmeleg vilkårleg kunne eg ha valt ut fire andre, og dei ville hatt ein oppvekst nær skjenegangen, dei òg. Kanadiarar flest bur attmed den eine hovudbanen i landet.

Winnipeg

Den lengste sidebanen i landet, heilt nord til Hudson-bukta og Churchill – ein stad med 900 menneske og om lag like mange kvitbjørner, ei ferd på to døger – går frå Winnipeg. Hit kjem me i titida om kvelden den tredje dagen. I Winnipeg ligg stasjonen i sentrum. I Winnipeg er det vaktskifte om bord, så her har dei tilsette busett seg. Og Winnipeg var namnet på bikkja Neil Young står saman med på omslaget til solodebutalbumet Everybody Knows This Is Nowhere (1969), for her budde han i tenåra, her møtte han Joni Mitchell, og her spelte han dei fyrste konsertane sine. «My Canadian prairie home», kallar han staden i den livsoppsummerande songen «One of These Days» på Harvest Moon (1992). Men den store togsongen hans, «Southern Pacific», handlar om kystjarnbanen mellom San Francisco og Los Angeles.

Den største kanadiske togsongen, «Canadian Railroad Trilogy», vart skriven av storebror til dei fire store, no 81 år gamle Gordon Lightfoot, ein song CBC, den nasjonale kringkastinga, tinga av han til Canadas hundreårsmarkering i 1967. Songen om Canada laut sjølvsagt handla om den transkontinentale jarnbanen.

Buffy Sainte-Marie ventar til neste veke, ikkje berre av di me då kjem til Toronto, byen ho flytta til som ung, men av di me då skal sjå korleis den jarnbanedrivne koloniseringa av prærien endra livsvilkåra for urfolka og mestisane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jarnbanen vart ikkje lagd der det var busetjing. Busetjinga kom der jarnbanen vart lagd. 

Eg vandra rørt mellom damplokomotiva, takksam overfor henne som eit heilt år spelte Joni Mitchell for meg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis