JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Soga om
Stine og Jacob

KVALBEIN (kvælbæi): Sør-Jæren står sterkt i gamal dialektdikting ­– og i ny. Spora etter Brita-visa har ført meg til Hå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helge Torvund

Helge Torvund

Foto: Håvard Rem

Helge Torvund

Helge Torvund

Foto: Håvard Rem

15819
20190823

Dialektferda. Del 7.

Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket fer i Ivar Aasens fotefar for å granska korleis norske dialektar lever i litteratur, vitskap og kvardagsprat, og for å møta songpoetar frå mange stader i landet.

26. april: Vennesla

3. mai: Bergen

16. mai: Oslo

24. mai: Vesterålen

31. mai: Torpo

16. august: Stavanger

23. august: Hå

Teikning:
May Linn Clement

havard@dagogtid.no

Viseteksten «Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå» er eit smykke i norsk målsoge, verdsett av Ivar Aasen og Gustav Indrebø, men kva for dialekt er visa skriven på, stavangersk bymål eller sørjærsk? Og kven dikta henne, organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger eller ordsamlaren Jacob Rasch (1669–1737) frå Kvalbein?

Frå spora etter Stine Lund i Stavanger – «den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt» (Allkunne) ­– dreg eg mot Sør-Jæren og Kvalbein, der Jacob Rasch budde til han var 13 år.

Skulepsykologen

Eg går av toget på Brusand, ein liten stasjon på Jærbanen mellom Stavanger og Egersund, tre kilometer frå jærgarden Kvalbein. Der finst ikkje hotell eller pensjonat, men eg får leigd ei hytte vend mot havet.

Utleigaren er mistenksam. Hit kjem tyske familiar i bubil, ikkje ein einsleg sørlending på sykkel. Det hjelper ikkje at eg syner han artikkelen som konkluderer med at Brita-visa vart skriven på dialekten hans. Slikt dreg ikkje utanlandske turistar.

– Jau, det var borte på Kvalbein nynorsken oppstod. Me har den eldste dialekten, avgrensa av Håelva og Ognaelva, seier han, framleis på vakt mot framandkaren.

– Eg kjenner ein som voks opp ved Håelva, og som no bur ved Ognaelva, fortel eg medan eg peikar i aust og vest.

Utleigaren vil vita kven det er.

– Helge Torvund.

Namnet er ein døropnar og isbrytar. Han smiler breitt:

– Kjenner du Helge? Det er ein god mann. Han har hjelpt så mange av borna i bygda.

Ved sida å vera ein kjend diktar var Torvund i mange år skulepsykolog i krinsen. Utleigaren tek opp mobiltelefonen.

– Eg ringjer Livar no. Men det vert inga vitjing om eg seier du er journalist. Eg kallar deg forskar.

Slik får eg audiens. Livar Kvalbein er gamlebonden på garden, nær 90 år no, fødd der i 1931, med eit minne så godt at han nyleg skreiv ei sogebok om garden, heilt attende til tida då Jacob Rasch budde der:

«Rasch utarbeidde ei samling av norske ord. Og han omsette fyrste kapittelet av Romarbrevet til norsk. I båe høve er det jærdialekten som er det språklege grunnlaget hans, slik han lærte dialekten å kjenna under oppveksten på garden Kvalbein i Hå. Raschs omsetjingsarbeid frå ca. 1698 vert rekna som den første omsetjing av ein bibeltekst til moderne norsk språk. Det er dessutan ein svært tidleg tekst på det som i språkhistorisk samanheng vert kalla nynorsk språk.»

Men skreiv han Brita-visa òg? Og kva vert då att av Stine Lund?

Trur du på lyng?

Den fyrste som gjorde visa kjend, var etter det me veit, Ivar Aasen. Kan henda kom han over det anonyme viseprentet då han hausten 1844 heldt til ein dryg månad på Jæren. «Jæderen (eller Jær’n efter Almuens Udtale) er et mærkverdigt Landskab», noterte han, «overalt overgroet med Lyng, hvorved det faar et meget mørkt og eensformigt Udseende. Foruden dette Lyng...» held han fram, «Jæderen seer saaledes ud som en Havbund, der er kommen til at ligge for høit oppe.»

Naturen kjem an på aogo som ser. Eg veit ikkje om spørsmålet var retta til Aasen, men Trur du på lyng? heiter ei diktbok av Helge Torvund.

Langt venare enn det jærske landskapet fann Ivar Aasen dei jærske kvinnene: «Man roser Stavangers Omegn for at have de smukkeste Kvinder i det Vestenfjeldske, og virkelig seer man her ogsaa adskillige ret vakre Ansigter.» Venleiken kom for ein del av kleda og pyntinga: «Imidlertid maa det tages i Betragtning, at ogsaa den herskende pyntelige Klædedragt gjør noget til Sagen, og at Kvindfolkene i denne Egn gjøre sig megen Umage for at være smukke.»

Han fann eit paradoks: At jærbuane kledde seg moderne og urbant, medan målet deira «er temmelig norsk og gammeldags».

Talemålsnærleik

Sett bort frå den fullenda Brita-visa har me to ufullenda verk på dialekt etter Rasch, ei bibelomsetjing og ei ordsamling med nokre småvers. Kva fortel dei om målet hans?

Heile livet, som ung ordsamlar og som vaksen skulemann, var drivkrafta talemålsnærleik i skrift. Kvifor? Éin: folkeopplysing. Som med Aasen 150 år seinare, for at born av vanlege folk kunne læra seg å lesa og skriva. To: dikting. Europeisk litteratur på 1600-talet var prega av ei morsmålsbylgje.

Då han omsette Romarbrev-kapittelet frå gresk til jærsk, omsette han det til dansk òg, eit radikalt annleis, langt «norskare» dansk. Slik han fekk innført morsmål i latinskulen i Noreg, ynskte han ei talemålsnær reform av dansk rettskriving.

Slik tenkjer ein skulemann. Slik tenkjer ein diktar. Talemålsnærleik har styrt målvala til forfattarar i hundreår. Romanforfattaren Carl Frode Tiller fortalde her i bladet i juni: «Nynorsk valde eg av di eg kunne skriva dialektnært.»

Nynorsk syntaks

Talemålsnærleik handlar om meir enn uttale. Nynorskkjennarar fortel meg at vassmerket til språket er syntaksen. Om bibelomsetjinga skriv språkforskar og prorektor Inge Særheim (frå Klepp): «Syntaksen hjå Rasch er langt enklare og meir talemålsnær og folkeleg.» Frå 1698-teksten gjev han døme henta frå sjela til nynorsken:

Rasch nyttar verb i staden for substantiv («Troens Lydighed» vert «Å tru å lyæ Gud»). Han unngår refleksive verb («Guds Rætfærdighed aabenbares derudi» vert «i dæ æ obenbæræ den rætfærigheid»). Han nyttar etterstilt pronomen («hans Navn» vert «nabnæ hans»). Han unngår s-genitiv («det er en Guds Kraft til Saliggjørelse» vert «dæ hæ krabt a Gud å gjære dei salig»). Han nyttar konkret, ikkje abstrakt uttrykksmåte, og han nyttar munnlege svarord. Og så bortetter.

Med andre ord: Dei fleste viktigaste nynorskmarkørane var til stades i ei bibelomsetjing frå gresk til jærsk på 1600-talet.

Sjalusiskåla

I ordsamlinga nemner Rasch lokale namn (nabn) på nokre fuglar. At hane heiter ottefugl, skjønar me, for hanen gjel i otta (grålysinga), men kvifor har fuglen som i ordsamlinga heiter ørn på dansk, og aquila på latin, det lokale namnet mungotsfugl? Mungot er i ordsamlinga og hjå Ivar Aasen øl. I Egersund ligg Mungåt Ølbar. Ordet tyder ikkje munngodt, men gledeføde. Men kvifor har jærbuane kalla ørn og hauk for ølfugl?

Livar Kvalbein har vore jeger heile livet, og på terrassen har han ein hauk som nyt same utsyn som Kitty Kielland måla frå same stad: havet og Kvalbein-raumen (holmen). Livar fortel:

– Eg skaut han på 1960-talet, så han var ikkje lenger så fin. Då småfugl byrja å skita ned terrassen, sette eg han ut, og sidan har eg ikkje sett dei.

Ølfugl er elles eit drikkekar eller ei ause av tre, forma som ein fugl, og då ikkje ørn, men gås og and, eller ein pelikan med romsleg nebb.

Rasch skriv om ei anna skål, åbryskål. Åbry, forklarar han, er å vera jaloux,og i Aasens Norsk Ordbog «å mistænke for Utroskab, plage med Skinsyge eller Jalousie». Så kva er då ei sjalusiskål? Jau, ei rund treskål med eit stort hòl, så «når bønderne til fjelds drikker, da kan de se igjennem om nogen rører deris hustruer». Slik kan Rasch læra oss om sed og skikk på 1600-talet. For å vri på folkevisa: Eg ser deg gjennom gluggen. Karen drakk frå ei stor skål som dekte heile andletet når han med båe hender lyfta henne til munnen, og av di han drakk lenge, laut han ha eit hòl i skåla så han kunne halda aoge med kånå.

Rasch valde å byrja bibelomsetjinga si med Romarbrevet og eit kapittel som inneheld den skarpaste fordøminga av lesbiske og homofile i Bibelen: «Kvinnfolkje vente den naturligje bron [brunst] te ein unaturlig. Mannfolkje fór ligeleis a sta å forlede konene å fingje lust te kveråndre, den eine man dreiv scham me de åndre.»

Diftongbeltet

Fleire av versa og ordsamlingane på norsk i dansketida kjem frå stroket kjent som bibelbeltet, men som ein kan kalla diftongbeltet òg. Kjende er Jørgen Thomassøns vers og grammatikk frå tidleg på 1600-talet, truleg på kvindølsk. Og frå seint på 1600-talet få mil i vest: Jacob Raschs ordsamling og omsetjing (og viser?) på ognamål. Ei utfordring for Thomassøn og Rasch var å finna dei rette bokstavane for diftongane.

I bygdemål er det gjerne fleire tviljodar (diftongar) enn i bymål og dansk: stein –?sten, skau – skog, øy –?ø. Diftongen ao har forsvunne frå mange dialektar, men ikkje frå jærsk. Tankane gjekk til Jæren då eg var i Laos. Der held dei òg på ao-diftongen. Laotane seier ikkje La-os i to stavingar, men i éi, med stum s: Lao.

Torvund gav i 1978 ut diktboka Til dine auge, men han les aoge. Janove Ottesen skriv aldri om auge i songtekstane sine av di ao er ein ljod han ikkje får til å syngja. I 1620 skreiv Jørgen Thomassøn ouga (auge) og lous (laus). Og Rasch sytti år etter? I ordlista og bibelomsetjinga nyttar han ordet louslebne eller louslibnæ (lausliva; i nyare bibelutgåver omsett som vanart og umoral). Torvund fortel:

– Diftongane er styrte av finmotoriske presisjonsmusklar. Ein skrivekollega freistar å uttala jærske tviljodar, men det er umogeleg for han.

Ein føregangsdialekt

I ei komande bok vil professor Helge Sandøy jamføra dialektane i Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet i Norge (1853) med dialektane i dag for å måla endringane gjennom 200 år. Utgangspunkt på Jæren er Mossige (Time), der Aasen budde, fire mil frå Stavanger, to mil frå Kvalbein, og Sandøy meiner at «endringsgraden ser ut til å vere nokså normal, for nettopp så lite er det mangstad der samfunnet ikkje er blitt eit nært og direkte oppland til ein stor by». Han merkjer seg endringane frå bad’n til barn, frå kadla sæg til kalle sæg, frå ikkje til isje. Sandøy fortel vidare frå arbeidet sitt:

– Det litt interessante med Jæren er at dialekten har vore nokså «moderne» i lang tid. Aasen noterer seg for eksempel verken dativ eller talbøying av verb, og vokalsystemet var alt på hans tid vorte nokså enkelt, slik det er i dag òg. Dei store endringane i dialekten her har altså skjedd før Aasen si tid, og ikkje berre det: Ser ein på oppskriftene til Rasch – frå nettopp Kvalbein –?kan ein flytte dei store endringane til før 1700 òg. På sin måte altså ein tidleg «føregangsdialekt»!

Noreg utan språkstrid

Livar Kvalbein og eg sit i gamlestova på garden. Han syner sjølvsagt interesse for skulemannen Sigleif Engens artikkel frå 1968, som lokaliserer Brita-visa til garden hans og målet hans. Synet til Engen har i seinare år fått stønad frå språkforskarar som Kåre Dreyer-Dybdahl og Inge Særheim, men Engen går lenger og meiner at Jacob Rasch, ikkje Stine Lund, har skrive diktet.

I Engens tekst er diktet «omsett til moderne ognamål etter ein ung lærar, Roald Bergsaker, som er fødd på same garden som Jacob Rasch».

– Roald, ja, det er syskenbarnet mitt. Han voks opp her, humrar Livar.

Bergsaker, som no bur i Sandnes, vart seinare fylkesordførar i Rogaland i åtte år og sytte for at fylket tok del i skipinga av Ivar Aasen-museet i Ørsta. Han har gode minne frå arbeidet med Raschs tekstar og Brita-visa:

–?Det var overraskande at kvalbeinmålet hadde endra seg så lite frå Raschs tid til mi. I lag med målfolk plar eg spøkja med at om Rasch hadde fått fullført planen sin, ville me ikkje hatt språkstrid i Noreg, men eit sams skriftspråk tufta på Brusand-dialekten.

Okka herre

Grensene for Hå kommune er frå 1964, då kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna vart slegne saman. I kveld skal eg møta Helge Torvund ved yndlingssteinen der han plar sitja og sjå på havet.

– Du kan sykla til Svingen Grill, så møter eg deg der, fortel han i telefonen.

Fyrst kjem eg til Brusand. Rogaland er kjent for å vera ein religiøs landsdel. Aasen merkte seg det i 1844: «Her gives et stort Antal af de saakaldte Læsere», registrerte han i Skånevik, som rett nok ligg i Hordaland, men påverknaden kom frå Stavanger: «Nyere gudelige Bøger og Tidsskrifter, især fra Stavanger, forefindes i flere Huse.» Aasen vart rett som det var, teken for å vera ein lesar sjølv når han som framandkar kom til fjerne bygder – ein alvorleg mann med bøker i ferdaskrinet.

Rogaland er framleis religiøst. Eit lokalt nett som kjem opp på telefonen min i Brusand, heiter «Jesus elsker deg» – på bokmål, ikkje på den lokale dialekten som Rasch nytta då han for 320 år sidan omsette bibelvers: «Jesus Kristus, okka Herræ».

– Ja, det seier æg ao, svarar Torvund frå yndlingssteinen. Utsynet liknar ikkje havbotn. I vest ligg Kvalbein-raumen utanfor garden til Livar. Torvund skriv i eit dikt:

Eg sykla ut til sanddynene, solnedgangen

Den fredelege kvelden der kveldssolstrålene

lyste opp toppen av alle lange tynne strå

bortover sanddynene medan graset og tiriltunge

og sand og gullbasser låg i skygge

Bak Svingen Grill

Torvund er så synleg i bokheim og sosiale medium at somme ikkje veit at han er songpoet òg. Kjend er «Nede for telling» som han skreiv saman med Bjørn Eidsvåg. I oktober gjev Randi Tytingvåg Trio ut eit nytt album, The Light You Need Exists, med ein tittel teke frå eit av Torvunds kortaste dikt, frå samlinga Alabama? (2011), eit dikt folk har nytta som hustavle på veggen og tatovering på armen: «Lyset/ du treng/ finst».

Til våren kjem ei ny diktbok, Liljevilje, og alt i neste veke kjem Vamp med eit nytt album, Brev, der Torvund har skrive tekst til tittelsongen. Han flettar saman saknet etter ein kjærast med saknet etter artar som vert borte frå naturen:

Du ser verden gli bort i ei skumring,

som ein fjellrev så liste seg vekk.?

Du hørre ei bia som summe mot lyng,?

og sangen fra barndommens bekk.?

Alt som va glir over i minne,

og vår stund komme aldri igjen.?

Vil ein tårnseilar finnast te neste vår?

Kan du huska det kysset, min venn??

Kan me møtas igjen?

Ljodsporet til Jæren-ferda er røysta og dialekten til Helge Torvund – ein dialekt som han tilsynelatande ikkje nyttar, korkje i skriftdikt eller i songtekstar. Men han nyttar henne i tale og diktopplesing. Han fortel i ei bok om moderne jærmusikk, me putla å synge (2016): «Då eg kom til Oslo [som ung student], skreiv eg ein del av dikta mine på bokmål. Ein Oslogut [kom] bort til meg og sa: Jeg synes du skal skrive på nynorsk og lese mer slik du snakker, Helge. Det er mye bedre at du skriver ’eg’ og leser ’æg’. Det høres så merkelig ut når du leser ’jai’. Der og då gjekk eg over til nynorsk.» Han legg til:

– Lyrikaren og songpoeten Gunnar Roalkvam oppmoda meg til å gå endå lenger og skriva dikta på dialekt.

– Kvifor gjorde du ikkje det? spør eg.

– For å vera ærleg: Eg ville ut av det lokale. Difor valde eg å skriva normert.

Strofa frå den komande Vamp-singelen «Brev» syner at ein Torvund-tekst kan verta dialekt òg –?på vegen frå penn og papir i Ogna til vokal og song i Haugesund.

Til Stavanger

Eg må attende til Stavanger. Medan leksikon peikar på Stine Lund som diktar av klenodiet Brita-visa, peikar fleire forskarar på Kvalbein-dialekten, og Engen på Jacob Rasch. Kvifor går tilfeldige ord og uttrykk i den stutte ordsamlinga til Rasch att i Brita-visa? Men kan skulemannen, bibelomsetjaren og ordsamlaren ha skrive poesi? I ordsamlinga si syner han sans for poesi, og han har teke med nokre vers og stubbar (men vers finst i dei fleste norske ordsamlingar frå dansketida).

Mysteriet Stine Lund vil eg finna ut meir om i Stavanger. Men ein veit aldri. Brita-visa finst, eller fanst, som eit prent og eit handskrift. Prentet syner seg å vera forsvunne. Ingen har sett det på tretti år. Og handskriftet – kvar har det teke vegen? Det vart sist sett i 2005, etter det eg veit. Er det forsvunne, det òg?

Me snakkar om det tidlegaste diktet skrive på norsk mål av ei kvinne me veit namnet på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heile livet arbeidde Jacob Rasch for ei talemålsnær skriftnorm.

Dei viktigaste nynorsk­markørane finst i ei ­omsetjing til jærsk frå 1600-talet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis